Tidenes Bergsøykamper

Beste Bergsøy A-kamper i historien

Vi tek en kikk på nokre av tidenes Bergsøy A-kampar. Dei store øyeblikka, og kvifor desse kampane er blant milepælane i klubbens historie.

Listen nedanfor er rangert etter nyaste først.



2018: Bergsøy - Kristiansund 0-6 (Cupkamp)

Enkelte kampar handlar kanskje ikkje om prestasjonen, men rett og slett om å nyte øyeblikket. Å møte et Eliteserielag på heimebane skjer ikkje kvart år. Omtrent 1150 tillskuerar hadde møtt opp for å få med seg god stemning på tribuna, og forhåpentligvis kunne en sjølvsagt håpe på eit nytt cupmirakel.

Bergsøy holdt Kristiansund i sjakk lenge. Men så gikk det raskt nedover etter at Kristiansund fekk 0-1 målet etter 26 minutt. Fire minutt seinare rota Bergsøy det til for seg sjølv, og bortelaget fekk satt inn 0-2. Med tilslutt tre mål i kvar omgang og 0-6 som sluttresultat var det ikkje tvil om kvar seieren skulle gå denne gang. Men vi tek med oss opplevelsen, og ønsker flere slike dager på stadion.

Les meir om kampen i kampreferatet




2018: Bergsøy - Ålesund 2-1 (Cupkamp)

18.april 2018 står kanskje skrevet i historieboka som tidenes prestasjon av Bergsøy sitt A-lag. 1029 tillskuerar var møtt opp for å sjå NM.1.runde kampen mot sjølvaste storebror Ålesund med Lars Bohinen som trenar. Ålesund kjempa i toppen av 1.divisjon og var på jakt etter opprykk til Eliteserien, nokre divisjonar lengre oppe enn Bergsøy sitt daglige 4.divisjonsnivå. Alt må klaffe i ein slik kamp, om en skal få resultat.

Ålesund gikk oppskriftsmessig opp til 0-1 ledelse til pause, men etterkvart som kampen varte og Bergsøy kjempa så blei trua på en sensasjon større. Idet Tepuric stanga inn 1-1 etter 75 minutt var laga like langt. Og Bergsøy var på offansiven. Et frispark inn via tverleggeren fra Craig Rodgers i det 87.speleminutt løfta taket på stadion. Bergsøy holdt ut i lange overtidsminutt, og var klare for NM andre runde. Den største skalpen Bergsøy nokongong har tatt, og Bergsøy var klare for Nm 2.runde for første gang på 30 år.

Les meir om kampen i kampreferatet




2011: Bergsøy - Surnadal 9-2 (Seriekamp)

Nokre kampar går inn i historien som målrike sigrar, og det er berre seks gangar i historien at Bergsøy har scåra 9 mål eller meir. Tre av gangane var på 1950-tallet, en gang var i 1966 og rekorden var i 1985 borte mot VRF. Idet Bergsøy tok imot Surnadal til seriekamp var det dermed nesten 30 år sidan sist en hadde klart denne prestasjonen.

Men like imponerande var det at Frank Sverre Skorpen sto for fem av måla. Bergsøy si spisslegende har mange rekordar og er ikkje ukjent for å sette inn mange mål, men fem mål i ein og samme kamp er det ikkje mange som kopierar.

Les meir om kampen i kampreferatet




2009: Blindheim - Bergsøy 1-8 (Seriekamp)

Det er totalt 7 gangar Bergsøy har opplevd opprykk, og i 2009 var den hittil siste gangen. Ikkje sidan 1995 hadde Bergsøy opplevd det samme. Det blei ikkje seriemesterskap, Stranda kneip den plasseringa, men det blei likevel jubel etter ein imponerande avsluttning på sesongen. Det var ikkje i tvil om at Bergsøy ønskte seg opp ein divisjon etter at Blindheim blei knust 8-1 på si eiga heimebane.

Med seks forskjellige målscårerar viste Bergsøy litt av styrken sin i denne kampen. Frank Sverre Skorpen var einaste spelar med fleire mål, han satte inn tre av dei.

Les meir om kampen i kampreferatet




2007: Bergsøy - Ha/No 3-1 (Seriekamp)

12.mai 2007 gikk Bergsøy inn i ei ny epoke: Kunstgrasepoka. Det hadde vore ein lang vei med planlegging og arbeid fram til denne første A-kampen på kunstgras, og Ha/no var motstander. Alt låg til rette for ein fin opplevelse med sol og fint vær.

Nok engang var det spissveteran Frank Sverre Skorpen som sto fram. Bergsøy sin goalgetter sørga ikkje berre for kunstgrasbana sitt første mål, men også bana sin første hattrick. Med tre mål bak Ha/No sin keeper og berre eitt mål den andre vegen så var 3-1 sigeren sikra.

Les meir om kampen i kampreferatet




2002: Bergsøy - Averøykameratane 1-1 (Kvalifisering til 2.divisjon)

Bergsøy presterte det uslåelige i 2002-sesongen, nemlig å spele alle 22 seriekampane uten å tape. Med 18 sigerar og 4 uavgjort var det duka for kvalifiseringskampar mot opprykk til 2.divisjon. Motstandaren kom ifrå nordmøre og var Averøykameratane, eit godt teknisk lag. Bergsøy fekk heimekamp fyrst, og ville gjerne prøve å få eit godt utgangspunkt fram mot returoppgjøret.

Med 490 tillskuerar så var det meir liv på tribuna enn laget var vande med, men på sjølve grasmatta var det ikkje det samme sprudlande spelet som i dei beste kampane. Den einaste egenskapen Bergsøy hadde i behold var eigenskapen å unngå tap. Kampen endte 1-1, og håpet om opprykk var fortsatt til stede. På bortebane var det satt opp supporterbussar, men ei tidlig utvisning førte til at den kampen endte med 0-5. Ein strålande sesong endte uten opprykk.

Les meir om kampen i kampreferatet




1995: Vartdal - Bergsøy 1-5 (Seriekamp)

Bergsøy hadde mange gode sigrar i 1995 sesongen i kampen om opprykk til 3.divisjon. Herøylaget hadde ein god tropp med mange tekniske og raske spelarar som kunne skjære seg gjennom dei fleste forsvar. Ein av dei mest imponerande kampane som gjorde opprykket mulig var borte mot Vartdal. Den blei omtalt som kanskje Bergsøy sin beste kamp på 10 år. Spenninga var bygt opp rundt kampen fordi dette var eit skikkelig toppoppgjør mellom dei to største opprykkskandidatane, og Bergsøy gjennomførte ei skikkelig oppvisning.

Med 4-0 til pause kontrollerte Bergsøy inn ein 5-1 siger på bortebane mot den største opprykksmotstandaren. Vidare i sesongen sikra Bergsøy seg kretsmesterskapet ved å slå Hovdebygda 6-1 og Hasundgot 4-1. Bergsøy hadde eit storlag på gang.

Les meir om kampen i kampreferatet




1981: Bergsøy - Molde 2-0 (Seriekamp)

Det er ikkje sikkert mange unge Bergsøysupporterar idag veit at Bergsøy har slått Molde i serien, men det var nettopp det som skjedde i 1981. Molde var storfavorittar, og den store stjerna på laget var Åge Hareide som skulle ha sin siste kamp i landet før han skulle bli Englandsproff for Manchester City. Han hadde nok ikkje rekna med å få såpass hard kamp av Gullik Kjellstadli og Knut Igesund. Molde kjempa om opprykk og hadde akkurat slått serieleder Sogndal før denne kampen. 1000 tillskuerar skulle sjå at en ikkje kunne ta lett på botnlaget Bergsøy i 2.divisjon.

Fred Frantzen og Trond Paulsen scåra eitt mål i kvar omgang, og fleire blei det ikkje. Bergsøy kjempa hardt gjennom heile kampen og fekk to velfortjente poeng for siger.

Les meir om kampen i kampreferatet




1981: Bergsøy - Tromsø 4-1 (Seriekamp)

Bergsøy hadde ikkje så mange sigrar i 2.divisjon i 1981, men å slå Tromsø med 4-1 er ein prestasjon som er verdt å mimre over. Bana var glatt og gjørmette, og etter fleire skuffande resultat var "berre" 600 tillskuerar møtt opp. Og det starta heller ikkje på den beste måten idet Tromsø gikk opp i ledelsen. Faktisk ein ledelse 1-0 som holdt til pause.

Etter pausen vakna imidlertid Bergsøy og Trond Paulsen. Trond skulle få balanse i regnskapet før Knut Igesund sendte Bergsøy i leiinga. Og på dei fem siste minutta skaut Trond ytterligare to mål bak Tromsø sin keeper. Hattrick på Trond Paulsen, og fire mål til Bergsøy. Tromsø fekk seg ein skikkelig støkk denne dagen.

Les meir om kampen i kampreferatet




1981: Bergsøy - Bodø/Glimt 2-3 (Seriekamp)

Bergsøy sin andre heimekamp på det nest høgste nivået i Norge. Året er 1981, datoen er fotballens festdag 16.mai. Været er fint, og motstanderen er Bodø/glimt. En motstander som berre 6 år tidligere blei NM-mester i Norge i 1975, og kom på andre plass i toppserien i 1977. På laget fra nordnorge spelte også landslagskeeper Jon Abrahamsen, mens den 39 årige midtbanespelaren Harald Berg var ein enorm spelar. At slike spelarar rusla rundt i Fosnavåg før kampstart fekk mange auge til å sperre opp. 2302 tillskuerar er nr 2 på Bergsøy si tillskuer-rekordliste.

Og kampen skulle også inneholde Bergsøy sine to første mål i daværande 2.divisjon, begge satt inn av Fred Frantzen. Det første eit langt innkast som Knut Teige stussa vidare, og som Fred kunne enkelt banke i nota frå kort hald. Det andre målet var ikkje landslagskeeperen særlig heldig på. Men det var Harald Berg som styrte det meste, og Bodø/Glimt styrte kampen inn til en 3-2 seier.

Les meir om kampen i kampreferatet




1980: Sverre - Bergsøy 1-3 (Seriekamp)

Den siste serierunda i 1980 blei av det dramatiske slaget. Bergsøy måtte vinne for å sikre seg eit historisk opprykk til 2.divisjon, den tids nest høgste nivå i fotballnorge. Men alt gikk ikkje etter planen. Fred Frantzen hadde ikkje dagen, og ville bli bytta ut. Skulle alt rakne? Han blei overtalt til å fortsette. Når Frode Wilhelsem sitt ledarmål blei utlikna til 1-1 et kvartet før full slutt så blei det hektisk. Verre var det at Sverre gikk opp til 2-1 minuttet etterpå. Hadde ikkje det målet blitt annulert kunne alt sett annaleis ut.

Bergsøy klarte å samle krefter til en sluttspurt, og Fred Frantzen skulle avgjere med to mål. Den siste spikeren i kista til 3-1 kom i det 87.speleminuttet, og det var spissens 22 mål denne sesongen. Opprykket var sikra, og jubelen var stor i eit samla Fosnavåg som møtte heltane sine i sentrum når dei kom med spelarbussen. Opprykket betydde også at Bergsøy blei storebror i området, ettersom Hødd gikk den andre vegen ned fra 2.divisjon og til 3.divisjon.

Les meir om kampen i kampreferatet




1980: Bergsøy - Tornado 2-0 (Seriekamp)

Mens Bergsøy kjempa for å skaffe seg eit etterlengta opprykk i 1980 var spenninga til å ta å føle på idet Tornado var siste hinder på heimebane. Publikumsrekord på Bergsøy Stadion med omtrent 2500 tillskuerar møtte opp for å sjå en tilnærma seriefinale mot eit av divisjonens beste lag. Ein annan stad har vi registrert at det var 2346 betalande tilskuarar. Dette står som klubbrekord. Haugen bak tribuna arta seg som et fuglefjell på Runde i hekketida - Bergsøysupportere i Rødt og kvitt.

Eit anna spenningsmoment var kven som skulle scåre måla. Fred Frantzen hadde ikkje stått over en kamp sidan 1974, men var no suspandert for tre gule kort. Det var duka for Trond Paulsen som spiss, og han skuffa ikkje. Trond satte inn begge måla i ein 2-0 seier. Det betydde at Bergsøy berre var ein siger unna opprykk - siste hinder var Sverre på bortebane i seriens siste kamp.

Les meir om kampen i kampreferatet




1980: Bergsøy - Ålesund 3-1 (Seriekamp)

Bergsøy har møtt Ålesund nokre gongar i seriespel, men berre ein gong har det endt i seier og det var heime i opprykkssesongen 1980. Faktisk hadde Bergsøy hatt fem strake serietap mot Ålesund før denne kampen. Og det var det beste laget som vann, idet Bergsøy hadde ålesundarane i kne utover i ei periode i den andre omgangen. 1200 tillskuerar fekk sjå ein spennande kamp der Bergsøy gikk til pause 1-0 etter scåring av Fred Frantzen.

Etter pausen økte Trond Paulsen til 2-0 før Ålesund reduserte og fekk ei god periode i kampen. Men Bergsøy viste kontringsstyrke, og Fred Frantzen ordna 3-1. Målet ordna eit kraftig gledesutbrudd på tribuna, og eit ÅFK kompleks var endelig over.

Les meir om kampen i kampreferatet




1979: Bergsøy - Rosenborg 1-3 (Cupkamp)

Spør en mange av dei som har følgt med Bergsøy i ei årrekke, så minnast fleire om den gang Rosenborg var på besøk i Fosnavåg med Nils Arne Eggen som trenar. 1500 tillskuerar var samla på Bergsøy Stadion 25.juli 1979 i eit flott vær. Dette er den einaste gongen hittil at Bergsøy har spelt ein 3.rundekamp i NM på heimebane, og den hittil andre og siste gangen at Bergsøy har kome så langt i norgesmesterskapet.

Sjølve kampen gjekk nok som forventa mot eit bedre lag. Det tok berre 2 minutt før Rosenborg hadde 1-0 ledelse som følge av eit sjølvmål. Viggo Sandmoen økte til 2-0 til RBK etter omtrent halvtimen spelt. Så skulle det bli litt meir heimejubel idet Fred Frantzen bruke sine velkjente kroppsfinter, og innlegget til Asbjørn Myklebust blei tatt på direkten inn til eit flott 2-1 mål. Det blei då liv i publikum, men det skulle vare berre i ti minutt. Rosenborg punkterte kampen ved Jørgen Sørlie med sin 3-1 scåring før pause. Og dette blei også sluttresultatet.

Les meir om kampen i kampreferatet




1979: Bergsøy - Rollon 3-3 (Cupkamp)

Det er berre ein gong i Bergsøyhistoria at det har måttet bli omkamp til i NM for å avgjere kven som skulle gå vidare til neste runde. Dette skjedde med Bergsøy i 1979. Og kampen var begivenhetsrik også på andre måtar. Lege Aasen, tannlege Blindheim og Norsk Folkehjelp var på plass for omgåande behandling ved ulike høve under kampen. Først idet Asbjørn Myklebust ofrar seg for å få stange inn 1-0. I den duellen mista Myklebust to tenner, og måtte bli bytta ut. Seinare var det ein Rollonspelar som braut foten.

Med 6 mål og tre til kvart av laga var regelen slik at det måtte omkamp til. Borte mot Rollon i omkampen skulle det også bli spennande, og også den kampen måtte ut i ekstraomgangar. Totalt måtte Bergsøy og Rollon spele over 4 timar over desse to cupkampane før vinnaren tilslutt blei kåra. Klokka nærma seg 22:00 på kvelden før Bergsøy kunne juble for 2-1 siger og avansement i cuppen.

Les meir om kampen i kampreferatet




1977: Bergsøy - Ørsta 0-1 (Seriekamp)

Bergsøy har spelt endel større kampar mot Ørsta opp igjennom tidene, og det er bare rettferdig at en av desse kampene kjem på vår liste over store Bergsøykampar. Fleire gongar tidligare hadde det møtt opp bortimot 2000 tillskuerar eller meir når laga tidligare hadde møttest på Ørsta Stadion. I bortekampen mot Ørsta i 1978 var det rapportert alt ifra 1600 til 2400 tillskuerar tross dårlig vær.

I heimekampen mot Ørsta var Bergsøy på topp på tabellen, og det kom 1300 tillskuerar. Bergsøy måtte fortsette å vinne skulle dei jakte på opprykket. Det blei ein dramatisk kamp med høgt tempo og annulerte scåringar. Desverre for Bergsøy endte det 0-1 og nok en sesong uten å klare å nå tak i opprykket dei så lenge hadde jakta på. Men avisa skreiv at sjølve kampen var blant topp fem beste kampar gjennom 20 år i 3.divisjon.



1976: Bergsøy - Hødd 2-0 (Cupkamp)

Det er kanskje merkelig at Bergsøy og Hødd aldri har møttest i seriespel, men laga har hatt nokre gode bataljer i cupsammenheng. Den einaste gongen Bergsøy derimot har slått Hødd, var i cuppens andre runde i 1976. Hødd var favoritt og hadde fortsatt storscårar Kjetil Hasund i sine rekker, men Bergsøy hadde også sine angrepsvåpen på plass. Knut Teige hadde sjølv ei fortid som Hødd spelar, og blei den avgjerande brikken i denne kampen. Knut stanga inn to mål med hovudet, begge etter corner, og Bergsøy vann 2-0.

Et ekstra notis å merke seg er at Knut Teige neppe hadde spelt denne kampen om ikkje Teigenes hadde reve nota og måtte iland for å bøte. Eit godt eksempel på tilfeldighetene som må til ute i havgapet for at Bergsøy skal kjempe mot dei store fiskane.

Les meir om kampen i kampreferatet




1975: Bergsøy - Clausenenga 1-1 (Seriekamp)

Fra og med 1974 var Bergsøy kvart år med i opprykkskampen til 2.divisjon heilt fram til laget endelig klarte opprykk i 1980. I 1975 hadde Bergsøy Stadion ein av storkampane i denne perioda. Den nest siste seriekampen i 1975 var mot opprykksmotstander Clausenenga, og vinnaren ville omtrent sikre seg opprykket. Det var forventa omtrent 1500 tillskuerar til kampen, og det kom hundre meir enn det. Ny publikumsrekord på Bergsøy Stadion. Betydninga av kampen kan understrekast med at det også blei skrevet ein kampsang til akkurat denne kampen.

Det hadde vore regn i fleire dagar, og stor dugnadsinnsats måtte til for å få bana speleklar. Regnvær også på kampdagen gjorde ikkje bana bedre. CFK tok ledelsen, og Fred Frantzen utlikna. Laga var like gode og kampen endte 1-1. Desverre var ikkje dette nok til opprykk for Bergsøy.





1974: Åndalsnes - Bergsøy 2-3 (Seriekamp)

Bergsøy blei på 1970 tallet i nokre år kjent som den evige toer, for laget var år etter år nærme på å kapre opprykk til 2.divisjon uten å heilt klare å nå målstreken. I 1974 sto det om berre eitt simpelt plussmål som var forskjellen på Sunndal og Bergsøy på toppen av tabellen. Og den avgjerande siste runda blei spelt borte mot Åndalsnes.

Bussar fulle med folk fra Fosnavåg tok vegen for å heie fram sine egne. Og Bergsøy hadde opprykkssjansane inne på stillinga 3-1, men Åndalsnes si redusering til 3-2 endra alt. Mot slutten pøste Bergsøy på for å få fleire mål, men det endte med skudd i nettvegg eller redning av keeper. Mindre marginar enn dette er det vanskelig å tape eit opprykk på. Sunndal trudde på sin side lenge at Bergsøy hadde blitt mester, og det tok si tid før dei fekk rettelse på resultatet og kunne juble som seriemester.

Les meir om kampen i kampreferatet




1972: Bergsøy - Åndalsnes 1-2 (Seriekamp)

Etter 20 år med å spele gruskampar i Huldalen var det klart for ei ny epoke i Bergsøy: Grasbane. Den første kampen på Bergsøy Stadion blei spelt 20.august 1972 og motstandaren var Åndalsnes. Fred Frantzen fekk æra av å scåre det første målet på bana etter fint forarbeid av Knut Teige, men det var Åndalsnes fekk æra av å vinne den første kampen med 1-2. Bergsøy hadde skudd både i stang og tverrlegger, og burde nok ikkje tapt denne kampen.

Dommar var legendariske Robert Iversen, mens en artig notis var at linjedommar var Åndalsnes og Bergsøypatriot Bjørn Prytz.

Les meir om kampen i kampreferatet




1971: Hødd - Bergsøy 5-2 (2-2 ordinær tid) (Cupkamp)

Hødd var storebror, men denne gangen viste Bergsøy at det var mulig å spele jamnt mot laget frå Ulsteinvik. Og det tilogmed på bortebane. Bergsøy tok kommandoen tidlig i cuppens første runde, og Hødd hadde nok ikkje forventa at Jack Pettersen og Asbjørn Myklebust skulle sende Bergsøy til 2-1 ledelse ved pause.

Høddlaget hadde likevel litt å by på, og Kjetil Hasund redda inn 2-2 slik at det blei ekstraomgangar. Og det var her kampen blei avgjort. Kjetil Hasund scåra ytterligare to mål i ekstraomgangane, mens stortalentet Svein Inge Urke satte inn det siste målet for Hødd.

Les meir om kampen i kampreferatet




1970: Bergsøy - Molde 1-1 (Seriekamp)

En ny epoke for Bergsøy. No var det duka for 3.divisjonsspel, og den første motstandaren på dette nivået skulle bli Molde i Huldalen. Det var feststemning og festspel med Bergshorn som spelte musikk før kampstart. I Huldalen var det møtt opp over 1100 mennesker.

Molde sjokkopna og tok leiinga allereie etter 4 minutt, men Bergsøy slo tilbake ved Sveinung Frøystad. Bjørn Prytz gjorde sin debut både som keeper på Bergsøy og som trenar for laget, men det var Kjartan Fagerlund og Molde si spelar Erik Brakstad som var dei to beste på bana denne dagen.

Les meir om kampen i kampreferatet




1969: Sunndal - Bergsøy 0-1 (Kvalifisering til 3.divisjon)

Det hadde lenge vært et mål for Bergsøy å komme seg litt oppover i systemet, og i 1969 kom muligheta idet laget hadde kjempa seg fram til å spele kvalifiseringskampar til 3.divisjon. To av tre lag kunne rykke opp, og Sunndal, Bryn og Bergsøy måtte dermed spele mot kvarandre. Og det var i kampen mot Sunndal at Bergsøy tok det store steget mot opprykk, med ein 1-0 siger på bortebane. Kjartan Fagerlund blei kampens helt med sitt eine mål.

Det var tillskuerrekord på Sande stadion med over 1000 tilskuerar. Deriblant mange tilreisande frå Herøy. Blant dei som sto på sidelinja var Høddkeeper Bjørn Prytz som var spent på om Bergsøy kunne klare å ta steget opp til 3.divisjon. Han hadde planar om å bli den nye Bergsøytrenaren.

Les meir om kampen i kampreferatet




1952: Bergsøy - Heid 5-4 (Seriekamp)

I 1952 var det klart for Bergsøy sin første sesong med seriefotball. Den første kampen var på bortebane mot Brattvåg 3.august og blei tapt 2-1, mens lagets første heimekamp nokongong var 10.august 1952 mot Heid i Huldalen. At motstandaren var Heid var også spessielt, dette vart eit skikkelig lokaloppgjør. Rundt 600 tillskuerar fekk med seg skikkelig underholdning denne dagen.

Etter ein høgtidlig åpningsseremoni var det klart for fotball, og Heid kom raskt igang med å sette inn 2-0. Men Bergsøy kom til hektene i en hektisk omgang, og til pause var stillinga 4-4. Petter J Pettersen ordna jubelen ut i den andre omgangen idet han satte inn vinnarmålet 5-4 til Bergsøy. Tidenes første Bergsøysiger.








758 Kampreferat

















Kampreferat info


Veldig fyldig kampreferat


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat





:: HISTORIKK.com ::