Hødd scoret målene


NM 1.runde; Bergsøy - Hødd 3-4 (1-2)

; Jack Pettersen, Knut Teige og Fred Frantzen.
; Dagfinn Ruud Olsen, Aafk.
Ukjent antall tillskuere.

Onsdag 29.mai 1974 var det klart for cupkamp mellom Bergsøy og Hødd på sentralidrettbana i Fosnavågen. Det blei en av dei bedre kampane som har vore spela i Fosnavåg. Den blei spela på ei våt bane, men som nesten ikkje hadde overvatn etter det kraftige regnværet som var i løpet av dagen og under kampen. Det var mange gode skot, godt spel og framfor alt mange mål, noko som gjorde kampen spennande heilt til slutt. Hødd kom best igang, og enda ein gong såg det ut som at respekta for dei rutinerte Høddarane sat i BIL-spelarane. Og alt etter 6 minutt sto det 1-0 til gjestane fra Ulsteinvik. Roar Breivik forfylgde eit tilbakespel fra ein bergsøybeck, og ballen kunne han sette bak John Nørvåg i bergsøymålet. En annan verson av målet er at Breivik fekk et gjennomspel fra Kjell Hasund, og at Roar Breivik si tå blei den lengste i kampen mot forsvararane.Ballen gikk via begge stolperøttene og i mål Bergsøy vakna av dette og tilreiv seg meir av spelet og et lite initiativ. Etter et frispark headda Knut teige mot keeper Egil Åkervik som redda fint. Bergsøy kom tilbake, og etter ei forsering av Fred Frantzen med et knallande skudd fra omlag 16 meter kunne keeper bare halvklarere. Jack Pettersen dundret returen imål til 1-1.

Bergsøy fortsatte med å ha initiativet, og Jack Pettersen var framme med et lumpsk skot som en Hødd forsvarar skifta retning på, og keeper fekk store problem. Like etter var det Fred Frantzen sin tur med et skudd keeper hadde vanskar med. Mot slutten av omgangen kom Hødd tilbake, og Otto Sundgot spelte seg fri på høgresida og la inn til Kjell Hasund som rolig satte ballen imål. Samme Hasund hadde like etter en stor sjanse til, men satte ballen høgt over mål fra straffemerket. Stillingen var 1-2 til pausen.

Etter pausen gjekk Bergsøy meir offansivt til verks. Vingane kom meir med i spelet, og ei forsering av Sveinung Frøystad og påfølgjande innlegg måtte keeper Vidar Ulstein stupe i beina på en BIL-angripar for å avverge. Ulstein kom inn fra start etter pausen i staden for Åkervik. Like etter vart en nydelig kombinasjon mellom Fred Frantzen og Knut Teige krona med mål. Frantzen førte opp og spla ut Høddforsvaret slik at Knut Teige fekk stå aleine i straffefeltet. Han hadde berre å sette foten på innlegget, som dermed utgjorde 2-2. Det skulle heller ikkje gå lenge før Bergsøy gikk opp i tet. Fred Frantzen gjorde et raid på midtbana og førte innover til 18-meter hold, der knalla han ballen i mål uten sjanse for keeper. Sjølv om Bergsøy no leda kampen med 3-2 så fortsatte laget å skape sjansar. Et frispark fra Jack Petteren blei slått til corner. Cornerinnlegget headda Knut Teige mot mål, men Martin Raold sto på målstreken og avverga. Ballen datt imidlertid på tverrleggeren og ut på bana, men forsvaret greidde å avverge. Bergsøy spelte godt i dene perioda, og Hødd kom sjeldan til sjanser. I dei siste ti minutta av kampen kom imidlertid Hødd sterkare tilbake.

Kjetil Hasund vart felt på 16-meterstreken til venstre for BIL målet. Bergsøyspelarane venta innlegg til Otto Sundgot, men i staden var det Inge Gjerde som fekk ballen. Han dundra ballen imål fra 25 meters hald uten sjanse for John Nørvåg. Knut Teige var frampå att etter at Rune Vike la inn foran mål, men det direkte skuddet gikk over. Sekunda før slutt fekk Hødd frispark ved 16-meteren, denne gangen til høgre for mål. Kjetil Hasund skaut direkte, keeper greidde ikkje å halde ballen, og Per Dimmen var påpasslig framme og scåra. Med 4-3 enda kampen. Med tanke på den viktige kampen Bergsøy skal ha mot Skarbøvik komande helg så var det nok greitt at det ikkje blei ekstraomganger denne kampen. Gisle Vike og Kjell Vike kvilte seg denne kampen, inn hadde Agnar Vike og Eldar Zahl kome. Begge klarte seg godt, og vil nok være med på å kjempe om plasane i ettertid. Jack Pettersen gjorde nok en kjempekamp, medan Rune Vike ikkje var like heldig som mot Ellingsøy. Han jobba godt, men avleveringane var ikkje like heldige. Fred Frantzen var alt i alt best i angrepet, men hadde god hjelp. På Hødd var Åge Hareide og Halbjørn Hasund gode.




1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat