Kampreferat 2001:

Eit pinlig rekordtap

Langevåg - Bergsøy 13-0 (5-0)



Langevåg

Per Ola Utgård


Kampen

Ja så kom det ein historisk kamp også i 2001, men dette er noko som Bergsøy burde gløyme fort. Roy Magne Sunde scoret 5 mål, Glenn Sagdal 2, Svein A Sunde 2, Kim Bjørge scoret 1, Andor Albertsen scoret, og det gjorde også Andre Fylling som scoret alt etter 2 minutt på en feil av Christoffer Nilsen. La det vere sagt at Bergsøy manglet 7-8 spelere, deriblant begge keeperene. Og dette gjorde at debutanten i mål (Alexander Goksøyr) hadde en heller trist dag sjølv om han ikkje var blant de dårligste på Bergsøy. Også Flisa,Tommy, Martin, Arve, Steffen og Frank Sverre manglet. I tillegg måtte Roy og Geir forlate banen etterkvart.

Vestlandsnytt;
Dette var både pinleg og flaut. Aldri før har vel noko Bergsøylag vorte så audmjuka som det svært så resvervespeka BIL-laget opplevde på Langevåg Stadion laurdag ettermiddag. Tafatte, interesselause og direkte svake BIL-spelarar som sto med hua i handa vart regelrett rundspelt etter alle kunstens reglar. Ein skal være glad for at det stoppa på 13-0, og høgdepunktet for BIL-spelarane med bakoversveis var då det etterlangta sluttsignalet endelig kom. Dette var kattens leik med musa, eller men mot lilleputtar. Ja, mot slutten var BIL- laget så i oppløysing at LIL spelarane syntest synd på sine motspelarar. Vi har i farta ikkje funne ut om dette var tidenes største tap for BIL i A-lags sammanheng.

Også trenar Jørn Magnussen var ille berørt av forestillinga, og følte det var både pinleg og flaut, og var rask å komme seg inn i garderoben ilag med spelarane.

"Sjølv om vi mangla over halve laget og måtte på bygda for å skrape saman folk til å stille lag, er det likevel lov å vise innsats, prøve å bevege seg og i hvert fall forsøke å markere motspelarane," sa ein skuffa Jørn Magnussen.

Så spørs det om BIL greier å komme over dene sjokkopplevinga når dei skal ut i lokaloppgjer mot Åram i fosnavåg ikveld.
-"Problemet er no å få denne kampen ut av hovudet, og å nullstille oss. Denne kampen er historie, og vi tapte kun tre poeng. Derimot håper eg at denne audmjukinga fører til at karane vil reise kjerringa når våre gode naboar frå sør, ÅVK, kjem på besøk", sa Jørn Magnussen.






758 Kampreferat

















Kampreferat info


Veldig fyldig kampreferat


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat





:: HISTORIKK.com ::