NM CUP 2002:

Keeper matchvinnar i 2.ekstraomgang

VRF - Bergsøy 2-1 (0-0 til pause, 1-1 fulltid)


Roy Igesund


Torbjørn Krøvel, Ørsta

Frank Sverre Kopperstad Skorpen


Kampen


Kampreferat


VG Artikkel


Artikkel


Artikkel


Kampreferat


Så var det klart for årets første sobligatoriske kamp, og det på den vanskelige Dalemyra Stadion. Det hadde muligens ikkje vore berre bra treningskampar, men no var det alvor og full tenning. VRF er et rutinert lag, men også Bergsøy opptrådde ganske så . Heimelaget skulle slite med å skape sansar på et godt organisert Bergsøylag. Roy Igesund hadde den første omgangens aller beste målsjanse, men ballen spratt desverre litt feil. Det var en bra gjennomført omgang av Bergsøy.

Kampen var jamn det meste av tida, og det blei skapt lite av målsjansar begge veiar. Mykje av spelet gjekk gjennom dei mest profilerte på bana, for Bergsøy sin del Frank Sverre Skorpen og for VRF sin del var dette Robert Sogge og Eivind Fet. Frank Sverre var den som sto fram som den beste spelaren på bana i denne kampen. Og Bergsøy såg også ut til å vinne kampen, og dermed bryte sin dårlige statistikk på Dalemyra. Roy Igesund var mannen som skulle gi Bergsøy ledelsen etter 62 minutter, og den ledelsen blei tatt vare på heilt til det gjennsto ti minutter. VRF skapte lite frammover, så surt nok for Bergsøy var det et sjølvmål som ordna balanse i regnskapet. Debutant Lars Conradi Andersen som kom fra Hødd stussa et frispark vidare inn i mål. Det skal seiast at VRF aldri burde hatt det frisparket.




Ingen av laga greidde å avgjere kampen i løpet av ordinær tid, men sjansane var der. Steffen Kvalsund klarte nesten å putte ballen i mål, men frå liggande posisjon gjekk skuddet rett på keeper. I samme bevegelse fekk Steffen krampe og måtte erstattast av Mats Inge Teige. Knut Peter Sævik kom inn for Mons Arne Kvalsvik litt seinare, og Kristian Berge kom inn for Roy Igesund litt ut i den første ekstra omgangen. For det måtte ekstraomganger til, og Bergsøy var fortsatt det førande laget på bana og skapte mest. Christoffer D Nilsen var heilt igjennom og såg ut til å punktere kampen, men skaut utanfor. Frank Sverre Skorpen hadde også et bra frisparkforsøk som kunne fått en bedre skjebne. Avgjerelsen skulle kome frå nok et overraskande hold. VRF sleit som sagt offansivt, og det måtte et langt utspel av keeperen til for å lage mål. Keeper Stian Hole skulle sparke ballen langt opp på bana i det 114.speleminutt, men medvinden og den ekstra spretten i bana lurte trill rundt Bergsøykeeper Knut Erik Håheim som måtte sjå ballen gå over seg og inn i mål. Knut Erik rykte først ut, for deretter å konstantere at dette nok var en feilvurdering.

Bergsøyspelarane sank om på bana etter kampslutt etter godt gjennomførte 120 minutt på ei vanskelig bane, men måtte sjå seg slått av to lettkjøpte mål. Nyheta om at en keeper scåra på utspel nådde også VG.

Laget;
Knut Erik Håheim, Marvin Kopperstad, Karl Bjarte Vike, Lars Conradi Andersen, Børge Remøy, Roy Igesund, Christoffer D NIlsen, Jarl Åge Wågsholm, Frank Sverre K Skorpen, Steffen H Kvalsund og Mons Arne Kvalsvik.
Innbytte; Mats Inge teige, Kristian Berge, Knut Peter Sævik.







758 Kampreferat

















Kampreferat info


Veldig fyldig kampreferat


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat





:: HISTORIKK.com ::