Kampreferat 2005:

Effektive Ørsta hindra Bergsøy seier

Bergsøy - Ørsta 2-2 (0-1)


Preben Hestad, Per Ståle Nykrem

Fredag den 9.september 2005
Huldalen grus

Magne Havnen

Tor Ove Myrseth,

64 tillskuarar

: 3: Steffen Moltu : Steffen Moltu : Magne Havnen


Vedlegg til kampen


Kampbilde 1


Kampbilde 2


Kampbilde 3


Kampbilde 4


Foto: Daniel Kvalsvik


Foto: Daniel Kvalsvik


Foto: Daniel Kvalsvik


Foto: Daniel Kvalsvik


Foto: Daniel Kvalsvik

Kampreferat

Bergsøy klarte berre uavgjort mot Ørsta i Huldalen denne gangen, og grunnen til det var at Ørsta var dødelig effektive på dei få sjansane dei fekk underveis. Bergsøy klatra over Blindheim på tabellen med uavgjorten, men kunne klatra ytterligare to plassar med seier. Skuffelsen var altså stor når dommaren blåste av kampen, uavgjort føltest veldig unødvendig ut. Sjølv om det på mange måtar var en sjansefattig kamp, så kunne Bergsøy ha fått både ett og to mål til. Bakover virka det som at heimelaget hadde full kontroll, men det var før Frank Gjerde banka inn 2-2 målet frå 20 meter da det gjennsto 13 minutt av kampen.

-"Idag burde vi ha vunnet klart. Vi var det beste laget, og hadde langt fleire og større sjansar enn Ørsta."
(Bergsøy sin kaptein Frank Sverre Skorpen.)

(Bildet: Regnet braut seg gjennom solskinet kort tid før kampstart, og været var like uforutsigbart som det som skulle skje underveis i kampen.)

Som kampar ofte startar i Huldalen så var også opninga av denne kampen prega av uryddig spel og mange duellar. Ørsta fekk to gule, ett kvar til Henning Nygård og Marius Lianes, mens dagens Bergsøy-debutant Magne Havnen også fekk gult. Magne Havnen og Marius Lianes fekk gult kort i samme situasjonen, og fleire meinte Lianes burde fått det røde på bakgrunn av slag retta mot Bergsøy sin nye venstreback. I startfasen av kampen var det lite med målsjansar, og Toni Sandanger kunne enkelt plukke nokre langskudd frå Ørsta. Det var ikkje særlige Bergsøysjansar å snakke om heller, da både innlegg og skuddforsøk ofte var prega av ureine treff på ballen.

-"I dag var vi heldige som fekk med oss poeng. Bergsøy var best og hadde fortjent å vinne."
(Ørsta sin trenar Einar Arne Roth.)

(Bildet: Kjetil Paulsen prøvde å jage og stresse motstandaren sentralt på bana.)

Så kom det et mål etter 20 minutt, og det var Ørsta som benytta sjansen til å gå opp i føringa. Bergsøy var ukonsentrerte ved et kast da Ørsta sin venstreving fekk tatt ned ballen og lagt inn foran mål. Innlegget var bra, og Frank Gjerde sitt hodestøt førte ballen vidare inn i nettet frå kort avstand. Skulle Ørsta overraske? Bergsøy sleit med å skape store målsjansar og hadde lite med skudd mot mål i den første omgangen. Preben Hestad fekk lagets første gode målsjanse da han lukta på et tilbakespel. Preben kom først på ballen og fekk lobba over keeper, men lobben gjekk vidare over mål. Seinare i omgangen kombinerte Jarl Åge Wågsholm og Kjetil Paulsen fint på venstrekanten før Jarl Åge la inn til Frank Sverre. Skuddet blei hardt men suste desverre over og til sides. Jarl Åge skulle så få det som muligens var lagets største sjanse til å utligne før pausen - da Arve Leine flikka ballen vidare ut til venstre der Jarl Åge kom på løp. Dette skuddet gjekk rett på keeper. Laga gjekk derfor til pause med Ørsta i føringa.

(Bildet: Frank Sverre fekk her en scåringssjanse i 2.omgang, men Ørsta sin keeper var fint framme og avverga.)

Bergsøy måtte ut for å vinne 2.omgang, og fortsatte med å ha god kontroll bakover på bana. Den første halvtimen var det lite vi noterte oss av Ørsta overgongar som virkelig virka farlige. Bergsøy tok meir og meir over, og fekk tilslutt lønn for strevet i form av et straffespark i det 53.speleminutt. Jarl Åge Wågsholm vart hindra i feltet og fekk straffesparket han skulle få. Preben Hestad har ikkje bomma på straffespark, men var nære på denne gangen. Keeper fekk slengt seg og slått ballen i stolpen før den trilla tilbake på linja og skrudde seg i nettet. Jubel for Bergsøy og dei mange oppmøtte på Huldalens nye tribuner, og fortvilelse for Ørsta sin keeper som nok først trudde han skulle klare å forhindre målet. Bergsøy fekk enda meir krefter etter utlignelsen og dominerte kampen i øyblikket, og det var klart for 2-1 til heimelaget da det var spelt 67 minutt av kampen. Jarl Åge var mykje innvolvert i det Bergsøy skapte frammover, og var mannen som la et innlegg høgt på bakerste stolpe. Ballen såg ut til å ville gå utover sidelinja, men Per Ståle Nykrem fekk headda den inn i feltet til Frank Sverre. Skuddforsøket til Frank blei i første omgang avverga, men Per Ståle dukka opp og satte returen inn i målet. Med 2-1 til Bergsøy og stålkontroll defansivt så virka det som at heimelaget skulle ha full kontroll.

(Bildet: Per Ståle Nykrem får grattulasjonar etter å ha ført Bergsøy opp i en 2-1 ledelse.)

Idet Bergsøy hadde ledelsen 2-1 hadde laget også muligheter til fleire sjansar. Den beste sjansen i denne perioden var det Frank Sverre som fekk etter et flott kombinasjonsspel. Jarl Åge headda ballen mot Frank som måtte hoppe og dunke ballen, men ballen fauk desverre over. Det kunne blitt et skikkelig flott mål. Ti minutt etter at Bergsøy hadde gått opp i føringa kom likevel det vi føler var et direkte ran. Steffen Moltu var for en gangs skyld uheldig med ei klarering, og Ørsta sin farlige spiss Frank Gjerde knalla til frå 20 meter. Ballen gjekk via en spelar og oppe i krysset, og Ørsta hadde vore dødelig effektive. Dei siste ti minutta var prega av at ingen av laga var særlig fornøgde med 1 poeng, iallfall ikkje Bergsøy. Steffen Kvalsund kom innpå i håp om å ordne et seint vinnarmål, og samtidig hadde Ørsta nokre farlige skudd mot slutten. Det var også Steffen som skulle få Bergsøy sin siste store målsjanse etter å ha blitt flikka fint gjennom av Preben Hestad. Venstreslegga var nokre få millimeter feil innstillt idet ballen gjekk i tverleggaren og ut. Så nære var Bergsøy på å ta alle poenga mot slutten. Og mykje av det som vil huskast frå denne kampen er nettopp det at vi tapte to poeng.

-"Hadde vårte en heilt anna kveld om det skuddet hadde gått imål via tverleggar istadenfor ut til utspel."
(Innbyttar Steffen Kvalsund fekk ikkje til det han håpte på i sin kamp nummer 100 for Bergsøy.)

(Bildet: Siste jubelen for dagen var det Ørsta som sto for etter å ha fått sin 2-2 utlignelse.)

I vår mannskaps-oppsummering denne gangen gir vi nok mest skryt til midtstopparane Steffen Moltu og Arve Leine nok engang. Dei hadde en ny god kamp i midtforsvaret, og vann det meste både i lufta og langs bakken. Denne gangen stillte Bergsøy med to unge karar på backane, og Magne Havnen fekk sin Bergsøydebut. Magne har sidan treningsleiren i sommar vist seg fram som en tacklingssterk og flink fotballspelar, og fekk idag sin debut på venstrebacken. Gustav Pettersen har spelt høgreback dei siste kampane, og begge spelarane viser at Bergsøy har mykje bra på gang i dei yngre rekkene. Vi trekker spelarane dog litt i den offansive biten idag, der begge kunne våre tidligare oppe i bana og hindra motstandaren få kontroll på ballen, eller være som støtte til vingane. Bak forsvaret sto Toni Sandanger og hadde lite å gjære, så vi forstår godt frustrasjonen med to baklengs.

På midtbanen var Jarl Åge Wågsholm frisk og var med i det meste som blei skapt offansivt. Var mannen bak straffa til 1-1, innlegget bak 2-1 målet, og hadde elles nokre skuddforsøk. Det blei mindre avsluttnigar på Per Ståle på motsatt ving, men den eine han fekk sat godt i nota. Tidvis fokussvikt i 1.omgang, som i forkant av 1-0 målet, trekker litt ned sjølv om vi veit at det kjem som bakgrunn av at han ønsker å heve nivået. Sentralt sprang Kjetil og Rune Frantsen bra igjen, og blei bedre utover i kampen. Rune var flink med å vri spelet vekk ifrå dei trange posisjonane og ut til kanten med langpasningar, noko vi gjerne vil sjå meir av. Frank Sverre jobba og sleit hele kampen, og vann veldig mange luftduellar. Synd han ikkje fekk mål på nokon av sjansane sine. Også Preben Hestad kunne med mer hell hatt meir nettsus idag, men det blei meir jobbing enn målsjansar. Satte straffesparket bra, og spelte bra tross ei lengre sjukdomsperiode. Mot slutten kom også Mons Arne Kvalsvik inn, men tross hard jobbing var han aldri borti ballen.

Laget: Toni Sandanger, Gustav Pettersen, Steffen Moltu, Arve Leine, Magne Havnen, Per Ståle Nykrem, Kjetil Paulsen, Rune Frantsen, Jarl Åge Wågsholm, Frank Sverre Skorpen og Preben Hestad.
Innbytte: Steffen Kvalsund for Kjetil Paulsen, Mons Arne Kvalsvik for Per Ståle Nykrem.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat