1-1 i botnkampen

Måla
Rollon sitt skudd var bra.
Spenninga
Ville Bergsøy makte å vinne?
Underholdning
Lite velspelt kamp.
Totalt
Skuffande prestasjon mot dårlig lag.
Bergsøy - Rollon 1-1 (1-1)

: Steffen Kvalsund
: Magne Havnen, Terje Teige, Egzon Abazi.
: Ingen
100 tillskuarar
: Torbjørn Krøvel,
: .
: 2 poeng: Mons Arne Kvalsvik, 1 poeng: Steffen Moltu.
: Ingen
: Kjetil Paulsen (Ut tidlig 2.omgang)

Fredag den 23.juni 2006 på Bergsøy Stadion.


Pre-match omtale.

Vi kan nok ikkje lure oss unda "botnkamp"-stempelet denne gongen, da Bergsøy og Rollon er dei to neste laga på tabellen. Mens Bergsøy prøvar å være den beste klubben under Hødd på denne sida av fjordane, så prøver Rollon å være den beste klubben i Ålesund. Ingen av klubbane har heilt fått til det dei har ønskt hittil i sesongen, og dette var en kamp som ville være utrulig viktig å vinne for begge lag. Med tanke på avstanden opp til dei andre laga, og med håpet om at berre ett lag rykk ned til 4.divisjon, så var tap uaktuellt.

-"Eg meinar vi får dårlig betalt, denne kampen burde vi ha vunne." (Stig Johansen, trenar for Rollon.)


(Bildet: Kjell Alfred prøver et innlegg i retning Steffen Kvalsund, noko som skulle føre til mål seinare i omgangen.)

Den første omgangen.

Fotballspelet som blei prestert før pause imponerte ingen av dei som møtte opp. Dette var kampen Bergsøy måtte vinne, men der spel og tenning såg ut til å være ganske så fråværande dei første 45 minutta. Det var Rollon som etter sjansane burde ha hatt føringa med seg inn i garderoba til halvtid, men Bergsøy var effektive og scåra på sin einaste gode målsjanse.

Rollon fekk den første sjansen i kampen, og den var stor. Innlegget frå høgrekanten var bra, og inne foran mål fekk spissen headde uhindra. Han hadde nesten heile målet å sikte på, men ballen endte utanfor. Det var mykje rot og slurv med Bergsøy i opninga, med litt mangel på sikring. Det såg en også idet Rollon fekk si 1-0 leiing, og idet spelaren forserte forbi Kjell Alfred Otterlei på vei inn i bana - så var ingen andreforsvarar på plass. Skuddet som Kim Haagensen sende ivei frå 20 meter var godt, og gikk inn ved stolpen. Det hadde gått 18 minutt av kampen på dette tidsponktet, og ledelsen var ikkje så ufortjent. Det blei berre nesten for Bergsøy. Minuttet før Rollon scåra prøvde Steffen Kvalsund å finne Preben Hestad foran mål på ei kontring. Det var kontringane BIL prøvde seg på før pause, men det blei ikkje prestert skudd mot mål.


(Bildet: Kampens første store målsjanse blir headda utanfor.)

-"Vi er for tame i perioder. Dette er heilt klart et lag vi bør slå." (Bergsøy's trenar Svein Haukås.)

Preben Hestad nådde nesten et gjenomspel, men ballen gikk inn til keeper. Utligninga skulle så kome i det 27.speleminuttet. Steffen Kvalsund førte med seg ballen frå venstrekanten og sentra den ut til Kjell Alfred Otterlei som låg fri ute på høgrekanten. Kjell sitt komande innlegg gikk tilbake til Steffen sin venstrefot, og ballen blei breisida imål frå ei 7-9 meter. Etter dette var det imidlertid ikkje mykje meir som skjedde med Bergsøy frammover. Rollon hadde fleire initiativ enn heimelaget, og berre ei god redning av Toni Sandanger i buret hindra at bortelaget skulle ta føringa. Mons Arne Kvalsvik var uheldig ved ett tilfelle, og balltapet førte til at en Rollonspelar fekk kome aleine mot Toni i mål. Likevel klarte Bergsøy å halde nede målprotokollen imot, og 1-1 til pause var et greit utgangspunkt for den andre omgangen.


(Bildet: Det var fleire duellar framfor Bergsøy sitt mål enn det var foran Rollon sitt mål i den første omgangen.)

Den andre omgangen.

Det blei foretatt to bytter i pausa i håp om at laget ville forbedre seg. Ut gjekk Kjell Alfred Otterlei og Øyvind Paulsen, dei to spelarane som starta kamepn på BIL si høgreside. Kjetil Paulsen, som var usikker til denne kampen, måtte gi seg et stykke ut i omgangen. Inn kom Frantz Frantzen på topp for Bergsøy, og dermed gikk Steffen Kvalsund ned på venstrevingen. Det starta litt ruskette etter pause, men det skulle vise seg at Bergsøy meir og meir ville ta over i banespelet. Likevel var det lite av sjansar vi kunne notere oss, og Rollon sin einaste sjanse etter pause kom faktisk etter kommunikasjonsrot mellom Jonny Leikanger og Toni Sandanger. Jonny førte ballen mot eige mål, og tilbakespelet til eigen keeper var ikkje langt unna å bli snappa opp av en Rollonspiss. Det var først mot slutten av omgangen at Bergsøy starta å skape sjansar, og då skapte BIL også nok til at det var mulig å vinne kampen.

-"Vi manglar entusiasme, tæl og vilje til å vinne fotballkampar." (Bergsøy's keeper Toni Sandanger.)


(Bildet: Litt duellar må en regne med.)

Et langskudd som gjekk via en spelar på Rollon utmanøvrerte bortelages keeper, men ballen gikk til side for målet. Frantz Frantzen rakk igjen ballen før den trilla ut over sidelinja, men driba seg tilslutt over sidelinja. En stor sjanse til Bergsøy kom da Preben Hestad hadde ballen i midten, og sentra til Steffen Kvalsund som kom på løp frå sin venstrekant. Kvalsund tok tunell på en forsvarar før han skaut raskt med høgrefoten, men skotet gikk i stanga før ballen blei klarert til pause. Det var mest frå venstre at sjansane skulle kome, og Preben Hestad var ikkje langt unna et innlegg lagt mellom keeper og forsvaret av Kvalsund. Frantz Frantzen var også millimeter frå å kunne gi Bergsøy ledelsen etter et innlegg frå venstre. Jonny Leikanger prøvde seg på nokre skudd, men fekk ikkje god vinkel på sine forsøk. Steffen Kvalsund fekk god trøkk på et skudd, men dette blei blokkert før den fekk lov til å suse mot målet.


(Bildet: Steffen Kvalsund likar seg best med ballen langs bakken.)

Så skulle den mest omdiskuterte sjansen kome. Kvalsund tok seg forbi to spelarar på venstrekanten og la ut i feltet i retning Preben Hestad. Preben lot ballen gå vidare til Mats Inge Teige som fekk godt treff på sitt skuddforsøk, men skotet blei blokkert. Ballen gikk i en høg bue inn mot målet, og landa imellom spelarane i mølja før den spratt vekk. Spørsmålet var om ballen var over streken eller ikkje. Dommaren var etterkvart godt plassert, men var han på plass først etter at ballen var inne? Preben Hestad var ikkje i tvil om at ballen var innanfor, men linjedommaren vinka ikkje - og dommaren holdt hendene sine på ryggen. En utrulig målsjanse blei spolert, og dermed ente kampen 1-1.

-"Vil påstå at Bergsøy er det dårligste fotballaget jeg noen gang har sett. De presset for seier idag og fortjente 3 poeng. Jeg VET Sæbø hadde knust dette laget på en god dag. Så hvor gode er vi egentlig?" (PerryGroves på Rollon sitt forum.)

Ei slags oppsummering.

Terje Teige og Magne Havnen fekk begge sine tredje kort for sesongen, og er nok uaktuelle til neste kamp. Også Egzon Abazi fekk gult kort, det kom kort tid etter at han kom inn på bana. Bergsøy klarte aldri å kome opp på det nivået som en måtte ha for å vinne denne kampen, og det blei prestert for mykje unøyaktig spel. Rollon var peiste etter pause, og var ingen trussel, og det var skuffande at Bergsøy ikkje klarte å skape meir enn 4-5 sjansar i løpet av kampen. Når en ikkje vinn mot Rollon på heimebane, så veit en at en får en tøff sesong i 3.divisjon.

 Spillere
 Spiller  Posisjon  Terning  Mål
  Toni Sandanger    Keeper        -
  Øyvind Paulsen    Høgre Back        -
  Mons Arne Kvalsund    Midtstopper        -
  Teige Teige    Midtstopper        -
  Magne Havnen    Venstre Back        -
  Kjell Alfred Otterlei    Høgre Ving        -
  Steffen Moltu    Sentral Midtbane        -
  Jonny Leikanger    Sentral Midtbane        -
  Kjetil Paulsen    Venstre Ving        -
  Steffen Kvalsund    Angripar        -
  Preben Hestad    Angripar        -
 Bytter
 Spiller  Av banen  Spiller  På banen
 Kjell Alfred Otterlei  (46)    Egzon Abazi    (46)
 Øyvind Paulsen  (46)    Mats Inge Teige    (46)
 Kjetil Paulsen  (50)    Frantz Frantzen    (50)







Kampreferat

































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::