Kampreferat 2006:

Ydmyka på heimebane

Bergsøy - Skarbøvik 0-3 (0-3)


Fredag den 5.mai 2006
Huldalen grusbane

Kjell Heltne,

100 tillskuere

: Øyvind Paulsen, Bjørnar Gundersen
: Kjell Alfred Otterlei, ut på stillinga 2-0. (Beina ikkje 100%)
: Mons Arne Kvalsvik.


Kampen


SIF 1-0


Duell på midten


Målsjanse



Foran kampstart.

Bergsøy hadde tapt sine to første kampar, mens SIF hadde vunne sine to første uten å sleppe inn mål. Det var med andre ord duka for en kamp der topp mot bunn skulle møtast på ei knusktørr grusbane i Huldalen. Bana blei forsøkt vatna, men det tok ikkje mange minutter før sola gjorde sitt for å gjære grusen like hard igjen. Det positive med sola er sjølvsagt at mange møtte opp for å heie på Bergsøy, og dei håpte nok at laget ville slå tilbake etter sine to første tap. Enkelte odds på internet var dog ganske tydelige i sin dom, og en plass blei det også operert med sju i odds på Bergsøy. Skulle SIF sitt favorittstempel innfri, eller kunne Bergsøy få fram finspelet og få årets første poeng?

-"Vi har fått en vanskelig start, men med et såpass ungt lag så må vi rekne med en del svingningar i prestasjonane. Nivået er ikkje skremmande, difor meinar eg at vi kan ta full pott mot Skarbøvik på en god dag. Det krevst sjølvsagt 100% innsats over heile linja". (Trenar Svein Haukås til Vestlandsnytt foran kampen.)



(Bildet: Bergsøy og Skarbøvik på vei ut på et kokande grusdekke.)


Ingen god 1.omgang.

En må berre innrømme det, Skarbøvik fortjente å vinne denne kampen. Grunnlaget til seieren blei lagt dei første 45 minutta, og før pausen så var SIF det førande laget. Muligens skapte ikkje SIF så veldig mange sjansane, men både ett og to skuddforsøk frå tildels farlige posisjonar blei avfyrt tidlig i kampen. Bergsøy på si side klarte aldri å halde lenge på ballen, og klarte dermed heller ikkje å bygge opp eigne angrep. Det var ikkje ufortjent at det var SIF som skulle få det første målet, og det var heller ikkje uventa at det var en corner (etter 15 minutt) som skulle være årsaka til situasjonen. Ballen blei stussa vidare etter en duell frå fremste stolpe, og tilslutt er det Aksel Gjøsund som får æra av å putte ballen over streken. Det var faktisk linjedommeren som markerte at ballen var over streken ved dette tilfellet, og vi trur det var en rett avgjerdsle. Etter kampslutt viste linjemannen med armane at ballen var omtrent ei 70 cm innanfor stanga. Ikkje lenge etter ledarmålet kom det på ny ei scåring, og Trond Iversen sente ballen imål etter et innlegg frå høgresida. Det hadde gått berre 19 minutt da Iversen fekk stå nesten heilt åleine og dunke ballen imål.

-"Alle 50-50 situasjonane gikk i deira favør". (Kjetil Paulsen)



(Bildet: Det blir stussa frå fremste stolpe etter en corner, og ballen endar tilslutt imål til 0-1.)

-"Vi er like presise i pasningane som NSB er i avgongane". (Preben Hestad)

Kjell Alfred måtte gi tapt med skade på stillinga 0-2, og Steffen Kvalsund gikk opp på spissplassen. SIF styrte spelet vidare, og fekk etterkvart et frispark i området rundt 16-meter streken etter 33 minutt. Aksel Gjøsund sende ivei ei lompe av et skudd, men merkelig nok humpa ballen forbi både en og to spelarar og vidare bak Toni Sandanger i mål. Publikum likte ikkje det dei såg, og ropte ut at Bergsøy måtte være tøffare i duellane. Det hjelper heller ikkje å seie at SIF fekk seg tre lettkjøpte mål, for Bergsøy var såpass tafatte i denne kampen at laget ikkje engang makta å skape tre halvsjansar. For å vinne kampar så må en kome til motstandarens 16-meter, og SIF var heilt klart best til dette. Det var ikkje mykje glede i garderoba i pausen etter å ha blitt ydmyka med tre mål i sekken. Bergsøy hadde ei avsluttning før pause, og det var Preben Hestad som headda over tverleggaren. Resten av omgangen handla om SIF.

Parademarsj for SIF.

En kan seie at Bergsøy skjerpa seg den andre omgangen, men samtidig så var det fortsatt SIF som var mest konstruktive og som skapte mest målsjansar. SIF var faktisk nærmare både 4-0 og 5-0 enn Bergsøy var ei utligning, og det er det som er så trist å tenke på. Å bli ydmyka på eige "gress" er ikkje gøy, men slik føltest det denne kampen. Jonni Leikanger fann Steffen Kvalsund med ei flott pasning litt ut i omgangen, men mottaket gjorde at en god sjanse forsvann. Elles er det ikkje mykje av sjansar til Bergsøy en kan snakke om. Kjetil Paulsen prøvde seg på et frispark, men SIF sin sisteskanse virka å være en ganske så solid keeper både i felt og på strek.

-"I 1.omgang står vi og ventar på ballen. Fleire bør gjere som Gustav gjorde, han tok initiativ med en gong då han kom inn." (Trenar Svein Haukås)


(Bildet: Et lite bilde frå en situasjon i den første omgangen.)


Litt pjatt om enkelte prestasjonar.

Det er vanskelig å seie kven som spelar bra eller ikkje i en kamp der laget slit i fellesskap. Toni Sandanger fekk en ny vanskelig kamp, og fekk mot seg det vi kan kalle for "dritt mål". Men Toni har ikkje skylda for baklengsmåla aleine, og tapte duellar/slapt press i forkant av måla er ofte lik stor skyld i det endelige resultatet. I forsvaret er duellstyrka og farta til Mons Arne Kvalsvik god og ha, og det er en del av desse duellane som denne gangen gjer at han får den knepne lisjetåa si på dagens BB-pris. For også Mons hadde nokre bommertar til tider. Kjetil og Jonny spring og slit, men skulle kanskje hatt meir hjelp sentralt på midtbana. Begge to har typiske "indreløpar-ferdigheter" med sine ekstreme kondisjonar, og begge likar å være med i angrep og prøve skuddbeina. Det spørs om ikkje denne agressiviteten best kunne blitt utnytta med et mer typisk anker sentralt på midten. Med både Jonny og Kjetil på farta frammover så blir Bergsøy sårbare når motstandarane kontrar, noko vi avogtil får sjå eksempel på. Steffen Moltu blei mykje borte i denne kampen, og heller ikkje Daniel Hatløy fekk markere seg skikkelig på høgrekanten. Med Moltu og Hatløy jobbande på defansiven så blei det heller ikkje store greiene ut av Bergsøy sitt offansive spel. På topp viste Steffen Kvalsund nok en gang at han ikkje er heilt konfortabel med spissrolla, og er nok ikkje rette mannen å ha i enden av lange og høge oppspel. Preben Hestad fekk heller ikkje vist så mykje av sitt spisspotensiale, men arbeidsforholda er heller ikkje dei aller beste.


(Bildet: Preben Hestad i luftduell mot Ex-Bergsøyspelar Lars Conradi Andersen.)

-"Litt overraska over at Bergsøy var såpass puslette idag, men håper at laget klarer å klatre på tabellen." (Ex-BIL spelar Lars Conradi Andersen.)


Oppsummering.

Bergsøy har tapt 3-0 i Huldalen før, og sist det skjedde var i kampen mot Hareid i 2004. Også den gang blei BIL tatt på senga med 3 mål i sekken til pause. Sånn sett så har Bergsøy vore i en slik situasjon før, men lagmessig har ikkje Bergsøy klart å fungere dei første kampane. Bergsøy blei ikkje berre "tatt på senga" i denne kampen, men blei utspelt. Lagdelane finn ikkje rytma i samspelet, og pasningane sit dårlig. I kampreferatet mot Langevåg (sist kamp) blei det nemnt at Bergsøy slit med den offansive samhandlinga og det å skape målsjansar, og idag var det ennå mer tydelig. Fleire av fotballviterane har tru på at det bør et formasjonsskifte til for at Bergsøy skal fungere som ei heilhet. Andre meinar at laget vil blomstre når det blir graskampar, og at en ikkje må svartmale situasjonen etter tap mot nokre av favorittane i serien. Tross alt var dette Skarbøvik sin 12 siger på rad. Ifjor redda laget plassen i divisjonen mot slutten ved å satse meir kynisk og samle lagdelane ved å spele en slags 4-5-1, og en har nok litt å tenke på frammover om kva som skal til for å snu denne dårlige serieopninga. Dei neste to kampane (Valder borte, Ørsta heime) er to særs viktige kampar. Tilslutt må en rose publikum på bakgrunn av at dei ikkje stakk av etter halvspelt kamp.

Måla
Tre rotemål til SIF.
Spenninga
SIF styrte frå start til slutt.
Underholdning
Det var ikkje dette publikum kom for å sjå.
Totalt
En heiltrist Bergsøydag.

 Spillere
 Spiller  Posisjon  Terning  Mål
  Toni Sandanger    Keeper        -
  Magne Havnen    Høgre Back        -
  Mons Arne Kvalsvik    Midtstopper        -
  Terje Teige    Midtstopper        -
  Egzon Abazi    Venstre Back        -
  Kjell Alfred Otterlei    Høgre Ving        -
  Kjetil Paulsen    Sentral Midtbane        -
  Jonny Leikanger    Sentral Midtbane        -
  Steffen Moltu    Venstre Ving        -
  Daniel Hatløy    Angripar        -
  Preben Hestad    Angripar        -
 Bytter
 Spiller  Av banen  Spiller  På banen
 Kjell Alfred Otterlei  (xx)    Steffen H Kvalsund    (xx)
 Egzon Abazi  (xx)    Øyvind Paulsen    (xx)
 Daniel Hatløy  (xx)    Gustav Pettersen    (xx)
 Preben Hestad  (xx)    Bjørnar Gundersen    (xx)







758 Kampreferat

















Kampreferat info


Veldig fyldig kampreferat


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat





:: HISTORIKK.com ::