Bergsøy2 knuste topplaget

Måla
Mange okay mål.
Spenninga
Kampen var over på 2-0
Underholdning
Bergsøy knuste topplaget.
Totalt
Fint vær og god siger.
Bergsøy - Åheim/Åvk2 6-0 (3-0)

: Steffen Kvalsund 2, Daniel Scheldrup, Pål Andre Nerland, Andre Lima, Sjølvmål
20 tilskuarar?
: Ukjent,


Søndag den 24.september 2006 på Bergsøy Stadion.


Kampbilde

Pre-match omtale.

Det var 24.september og det var klart for toppkamp mot Åheimlaget. Dette var dagen då Karl Bjarte Vike skulle gjere comeback i BIL-drakta, Anders Hoff var kaptein, og det var på dagen 7 år sidan kystpartiet blei godkjent som politisk parti. Alt låg til rette for festfotball på ei hard grusbane. Jan Ove Hansen hadde pliktig merka bana etter beste augemål, og det var klart for en real battalje i Huldalen festning.

Den første omgangen.

Det var varmt, og sola steikte. En augestikkar blei observert, og det skal visstnok være et godt tegn. Et søk i Google bekrefta dette; En augestikkar flyg kjempefort og et andre insekt. Det var på tide at Bergsøy gjorde noko lignande. Idet kampen kom igang så gjekk ballen hurtig alle retningar. Bortelaget var med på leiken, men Bergsøy hadde dei farligaste sjansane i starten.


(Bildet: Kampen starta med litt "føle og ta på"- situasjonar..)

Endel ballar blei pumpa opp mot venstrespiss (ving) Kvalsund, og det burde stått 1-0 tidlig i kampen. Et sleivspark med venstrefoten gjekk utanfor. Seinare i omgangen var samme mann nok en gang igjennom. Han prøvde seg på en frekkis, og Åheim sin keeper var ikkje forberedt på tilbakespelet. Idet ballen gjekk gjennom keeper virka det som at målet var sikra, men en forsvarar tok fram superkreftene og avverga i siste sekund. Sjansesløseri. Men lat oss hoppe nokre minutt tilbake i tid igjen. Daniel Scheldrup sitt flotte 1-0 mål må vi ikkje hoppe over. Et angrep hurtigt i lengderetninga, et flott innlegg frå høgresida, og ei avsluttning som gjekk inn i det borterste hjørnet. Et flott mål.


(Bildet: Den heimvendte son Karl Bjarte Vike..)

Og kva med samarbeidslaget? Dei samarbeidde godt og gav ikkje opp. Vi observerte ei klar straffe inne i feltet, men dommaren hadde ikkje krefter til å blåse i fløyta - heldigvis. Seinare ville bortelaget ha nok ei straffe, den gangen var det nok berre ei lita syting. Det var litt sånn i starten, det vil seie før kampen blei avgjort. Seinare i kampen kom dei meir humoristiske kommentarane på plass, slik hyggelige spelarar ofte lirar av seg når dei møtast til hyggelige 6.divisjonskampar.

"-Du treng no ikkje blåse på alt dommar!"
(En Åheimar etter en ganske så tydelig hands)

Åheim sitt farligaste våpen kom til syne rett etter avsparka. Det nokså uventa og livsfarlige "frå avspark"-sparket. Skudda kom mot keeper Marius Vangen i kjempefart og frå store distansar. Marius hadde stort sett full kontroll, og viste dette ved å blant anna springe inn i eige mål. Litt kjepphøge måtte Bergsøy-proffane få lov til å være på heimebane, og då Anders Hoff hadde et dribleshow i forsvar så var det fritt fram for Åheim sin angripar å stjele ballen. Den påfølgande sjansen blei drust utanfor til fin lettelse.


(Bildet: Øyvind Paulsen gir alt i duellane.)

Før vi gløymer det: Bergsøy økte til både 2-0 og 3-0 før pause. Et smart tatt frispark tatt av Pål Andre Nerland fann fram til Steffen Kvalsund sin skalle, og headdinga gjekk over keeper og inn i nettet. Fin kombinasjon av Nerlandsøykarane, ei øy som forøvrig var sterkt representert under kampen. Publikum var i ekstase til pause over festfotballen dei fekk oppleve, og berre endel feilpasningar og dårlige innlegg gjorde at det ikkje blei fleire mål dei første 45 minutta. (Då er vi snille som ikkje nemner bortelaget sitt sjølvmål til 3-0, der keeper skyt inn i eigen forsvarar.)

Den andre omgangen.

Bergsøy var litt sløve i spelet etter pause, og brydde seg meir om å scåre mål. Pål Andre Nerland viste veien til nettmaskene då han frå 40 meter tok rennfart på frispark. Han såg luka ingen andre såg, og smetta ballen over keeper og inn i mål. En Pål-spesial til 4-0. No var det berre et spørsmål om kva Bergsøy orka frammover. Åheim gjorde det farlig for seg sjølv med korte utspel samtidig som Kristian Berge stort sett vann alt som var i lufta. Og fleire mål skulle det kome.


(Bildet: Prøv i gjett kva ball som er riktig :) )

Andre Lima spelte en del av den 2.omgangen, og var involvert i dei to siste måla. 5-0 var et innlegg frå Andre Lima til Kvalsund, og nok en gang fekk pannebrasken til kvalsundaren teste sine ferdigheter i upressa tilstand. Ballen fauk i nota til sides for en keeper som ikkje såg vitsen i å slenge seg. Seinare var rollene bytta idet Kvalsund forer Lima med en ball i bakrommet, og Lima sine avsluttaregenskapar viste seg med et smell. Pang sa det, og ballen fauk i motsatt hjørne til 6-0. Det var så hardt skudd at Andre blei liggande igjen med skade på bakken.


(Bildet: Kaptein Anders Hoff piskar sine slavar vidare inn i krigen.)

Sjølv om Åheim prøvde seg mot slutten så frykta Bergsøy aldri at sigeren skulle rakne. Kondisjonen holdt heile kampen hos samtlige spelarar. Men ikkje alle kunne være så fornøgde etter kampslutt. Sekunder etter bildet (under) skyt Kvalsund ballen utanfor på en 100% sjanse. Kristian Berge sto i et ledig åkerfelt på bakerste stolpe og tryggla etter ballen. Kampens ego-øyeblikk var et faktum. Åheim kunne juble idet dommaren blåste av kampen, vel vitande om at laget ungikk et 7-0 tap på bortebane.


(Bildet: Steffen Kvalsund smetter seg forbi et titals med Åmdalspelarar før han dryser ballen godt utanfor mål.)

Bergsøy har no en god sjanse til å stikke av med seriemsterskapet om dette er ønskelig. Forøvrig er det ball nummer 5 som er den riktige.


Info

På sommeren 1945 vaks fotballinteresse til, og det blei spelt mykje fotball på Myklebust skuleplass.



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::