Frustrerande kamp mot Stranda

Måla
Ei god straffe av Kjetil paulsen.
Spenninga
Skulle BIL få målet dei trengte?.
Underholdning
Ikkje finspel, men god nerve.
Totalt
Det skulle gjerne endt annaleis.
Bergsøy JR - Stranda JR 1-1 (1-1)

: Kjetil Paulsen
: Ingen.
: Gustav Pettersen.
20 tillskuarar
: Magne Havnen, Terje Teige.
: Øyvind Humberset

Søndag den 7.mai 2006 på Huldalen grusbane.


Rødt kort


Foran kampstart.

Dette var en kamp som Bergsøy sitt juniorlag på forhånd burde vinne. Etter en middels seriestart med 1-1 borte mot Hødd2, så trengte laget å slå tilbake med 3 poeng for å være på rett vei igjen.

-"Spelarane virkar litt sløve". (Terje Lima i ei rotete periode av den 1.omgangen.)

Den første omgangen.

Så var det altså duka for nok en kamp på Huldalens flotte sandpark. Sola gjorde sitt til å heite opp spelarane og bana, og dermed fekk vi også sjå at spelarane fekk nokre ekstra pauser av dommarane til å drikke midtveis i omgangane. Temperaturen var høg, og desverre var det tilfelle også for fleire av pasningane. En kunne med fordel fått roa ned meir spelet og heller trilla korte pasningar istadenfor å leite etter gjennombruddet. Dei første 15 minutta av kampen blei ikkje observert av bergsoy.com, men det ryktast at Andre Lima hadde en brukbar målsjanse som blei lobba utanfor stolpen. Det virka som at Bergsøy var det førande laget, og 21 minutt ut i omgangen fekk Håvard Remøy prøve skuddfoten to gangar uten å få skikkelig dreis. Håvard Remøy skulle få en ennå bedre mulighet etter 25 minutt etter å ha blitt fint spelt igjennom av Kjetil Paulsen, men volleyskuddet gikk utanfor.


(Bildet: 30 minutt ut i kampen får Bergsøy mange gode avsluttnings muligheter etter en corner.)

Bergsøy virka å være nærmast ledelsen da 27 minutt av kampen hadde passert, men det skulle ikkje bli særlig farlig da Bjørnar Gundersen forsøkte seg på et skudd frå 25 meter. Det var dermed mot spelets gang at Stranda skulle gå opp i ledelsen minuttet seinare, men vi skal ikkje bortforklare at Stranda sitt mål kom etter et godt angrep. Venstrekanten fekk lirka seg forbi etpar BIL-spelarar og spurta opp sidelinja før han sende en lav ball inn i feltet. Pasninga endte hos en Strandaspiss som aleine fekk god nok tid til å plassere ballen imål. Muligens litt markeringssvikt, men et godt angrep av Stranda langs bakken. To minutt seinare var det klart for svære Bergsøysjansar etter en corner, men Stranda fekk avverga alle forsøk. Et av desse forsøka blei avverga på streken. 34 minutt ut i kampen kunne Bergsøy virkelig fått seg en psykisk knekk da kommunikasjonssvikt mellom Terje Teige og Jørn Kvalsvik tilslutt ente i at Jørn gav ei fin pasning til en Strandaspiss, men spissen blei så overraska at han ikkje fekk kontroll på ballen aleine mot Arve Kvalsvik i målet.


(Bildet: Her kunne det raskt stått 2-0 til Stranda.)

Etter Stranda sitt mål så var det bortelaget som virka å ha mest gøts, og Bergsøy var ukonsentrerte og presterte fleire slurvepasningar. 38 minutt hadde passert da Stranda på ny fekk en brukbar sjanse til å putte, men avsluttninga (som kom som følge av et frispark frå høgre) endte over tverrleggaren. Dette var nok Bergsøy si dårligaste periode av kampen. 41 minutt ut i omgangen fekk Bergsøy en mulighet på frispark, men dette endte håplaust utanfor. Frustrasjonen starta å bre seg både ute på bana og oppe på tribuna no. Så skulle endelig Bergsøy få spele seg fram til en god mulighet minuttet seinare. Andre Lima tribla seg flott forbi en forsvarar og prøver å skyte ballen forbi keeper, men bortelagets sisteskanse var fint nede med ei beinparade. Og ikkje mange sekund seinare kom dagens første jubel frå tribuna da dommaren blåste straffespark etter en hands i feltet. Kjetil Paulsen satte den kalt og rolig nede i det høgre hjørnet. Meir skjedde ikkje før pausa.

-"Ikkje heilt fornøgd med straffesituasjonen i 1.omgang, men det går sikkert opp i opp. Handa er inntill kroppen, men det er jo opp til dommaren - en kan ikkje seie noke på det". (Stranda sin trenar etter kampen)


(Bildet: Støvet fauk etter kvar duell på midtbana.)

Bergsøy best etter pausen.

Verdt å legge merke til er at keeper Øyvind Humberset fekk sin debut i Begrsøytrøya denne kampen, og han sto heile den andre omgangen. Det skal være sagt at han slapp unna dei heilt store prøvene. Det var heilt klart Bergsøy som såg ut til å ønske vinnarmålet mest, mens Stranda meir eller mindre prøvde å halde på det eine poenget. Mindre enn 1 minutt etter at omgangen var blåst igang så var Gustav Pettersen framme aleine med keeper. Gustav kom seg også forbi keeperen, men kom i ubalanse og ramla etter at keeperen bomma på ballen. Skal en følge reglane så var dette nok straffe, men bortelaget slapp ifrå med skrekken. Det var meir eller mindre lite som skjedde dei neste sju minutta, før Gustav på ny blei felt 8 minutt ut i kampen. En tydelig frustrert Bergsøykaptein måtte bli roa ned av dommaren. Minuttet seinare såg vi den første antydninga til et Bergsøyskot, men trillaren blei fint tatt imot av keeperen. Så, i det 56 speleminuttet av kampen, var Gustav på ny framme i målposisjon aleine med keeper. Keepren såg ut til å kome først på ballen, men nølte et lite sekund. Det endte med at keeperen handsa utanfor 16-meteren, og at Bergsøy sine spelarar ropte etter det raude kortet. Dommaren valgte å gi keeperen det gule, og dermed hadde Stranda sin målvakt kome godt ut av begge situasjonane mot Gustav.


(Bildet: Ekzon Abazi var framme med nokre gode innlegg mot slutten av kampen.)

17 minutt ut i den andre omgangen fekk vi sjå et av kampens få glimt av fin teknikk da Bjørnar Gundersen framførte ei Zidanefinte på midtbana. Idyllen varte imidlertid berre et lite sekund før samme Bjørnar fekk frispark mot seg etter å ha dratt motspelaren ned i støvet. Bjørnar fekk også vise seg fram fleire gongar med tacklingar som fekk benken til å fryde seg. Bergsøy var ikkje spessielt gode dei første 20 minutta av omgangen, men skulle styre meir og meir av spelet. Det lukta mål 21 minutt ut i omgangen da Lars Henrik Hasund fekk ballen i bakrommet, men førstetøtchen gjorde at ballen endte rett i klypane til keeperen. I denne perioda merka vi oss også at Jørn Kvalsvik har hatt en god kamp. Sjølvom ikkje alle spelarane alltid var like heldige så var det enkelte som fekk vise seg fram. Terje Teige var stabil i det meste han foretok seg, og i det 69.speleminuttet var det Magne Havnen som fekk publikum til å tru på at det var mulig å vinne kampen. Magne var rolig og trilla ballen godt langs bakken, og tok seg fint frammpver i bana med konstruktivt spel.

72 minutt ut i kampen såg vi ballen halveis inne i mål, men Lars Henrik sitt skudd med venstrefoten gikk over tverrleggaren. To minutt seinare var Stranda sin keeper nok en gang litt ustødig i feltet, men den rotete klareringa blei ikkje snappa opp av nokon av Bergsøy sine spelarar. To minutt etter dette igjen så var Bergsøy nok en gang nære, men frisparket endte utanfor. Etter 79 minutt så lukta det nok en gang et Bergsøymål, denne gangen etter at dommaren noe strengt hadde dømt tilbakespel på keeper etter et sleivspark. Skuddforsøket til Bergsøy endte i muren. Vidare utover i kampen var det Ekzon som skulle servere det meste av det konstruktive offansive spelet med å kome til innlegg frå høgrekanten. Desverre var det ingen som førte innlegga vidare inn i målet. Frustrasjonen til Bergsøy var til å ta og føle på, og spelarane ropte stadig på at keeperen måtte spele ut ballen raskare. Ett minutt før full tid skulle endel av denne frustrasjonen kome opp på overflata da dommaren ikkje hadde anna valg enn å vise ut Gustav Pettersen.

-"Det er for mykje feilpasningar. Laget må nok inn på gras." (Knut Teige etter kampen)


(Bildet: Gustav Pettersen får det røde kortet av dommaren.)

Kva som skjedde foran at Gustav endte i bakken inne i feltet (sjå bildeserie) er ikkje heilt avklara. Ballen var ikkje i området, og mens Gustav nok kunne tenke seg straffe så sto Stranda sine spelarar og påpeikte at Gustav prøvde å filme. Gustav kom seg etterkvart på beina igjen, men gav deretter en liten albue i brøstet på en av Stranda sine spelarar. Dette såg linjedommaren tydelig, og etter en kort diskusjon mellom linjedommer og dommer så kom det røde kortet fram for usportslig oppførsel. Kortet var ikkje noko å seie på.

-"Egentlig er eg veldig veldig fornøgd, med tanke på laget vi stiller. Vi mangla ni spelarar frå A-stallen, og utifrå det så kan eg ikkje være anna en kjempeimponert over spelarane sin innsats. Bergsøy trykte litt på i 2.omgang, men skapte ikkje så kjempestore sjansar. Vi kom hit med frykt for å tape, men vi gjorde en god jobb". (Stranda sin trenar etter kampen)

Bergsøy har meir å gå på, og står no med berre 2 poeng etter dei to første kampane i Nordea serien.



Kampreferat































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::