Treningskamp 2007

Måla
Begge måla var gode mål.
Spenninga
Ikkje et fyrverkeri
Underholdning
Sjå punktet over.
Totalt
Grei gjennomkjøring med siger.
Bergsøy - Åram/Vankam 2-0 (1-0)

: Gustav Pettersen, Frank Sverre Skorpen
: Ingen
: Ingen
15 tilskuarar
: Ukjent,
: Vegard fekk en smell, Terje fekk migrene.

Onsdag den 14.februar 2006 på Hødd Kunstgrasbane.

Pre-match omtale.

Det var på dagen fire månadar sidan Bergsøy A-lag spelte sin siste kamp, 7-2 sigeren mot Hareid i serieavsluttninga 2006. Juniorspelarane til Bergsøy hadde på si side holdt kampforma ved like gjennom fleire kvalifiseringskampar i vinter, men spenninga denne kampen gjaldt korleis A-laget til Bergsøy skulle opptre ilag for første gang i 2007. Motstandaren Åram/Vankam hadde fleire kampar bak seg, og med positive resultat. Mens Åram/Vankam har forsterka laget fram mot 2007-sesongen så har Bergsøy blitt tynnare på rutine sidan forge sesong. Toni Sandanger, Preben Hestad, og Jonny Leikanger mangla. Frank Sverre Kopperstad Skorpen har kome inn som forsterkning.

Bergsøy har hatt mange mann på treningane i januar og februar, men dei siste ukene har også fleire vore uaktuelle med sjukdom. Til denne kampen hadde likevel trenar Tom Beddari bortimot full tropp å velge mellom, i det som en kan kalle hans første kamp som A-trenar sidan 2005. Mykje vekt kan en ikkje alltid legge i ein slik kamp resultatmessig, iogmed begge lag nok vil prøve å utforske nye spelarar. Spennande vil det være likevel, iogmed mange held Bergsøy som en av favorittane til å kjempe om ein av dei to plassane som gir opprykk til 3.divisjon i årets serie. Vil Bergsøy bevise seg verdig dette stempelet, eller vil Åram gi Herøyværingane en advarsel om at nivået i 4.divisjon ikkje er til å gjære narr av? Kampstart er klokken 2100 oppe på Hødd si kunstgrasbane, og knappe to timar seinare på kvelden vil endel svar kome på blokka.

Dagens Bergsøy oppstilling.

-"Idag skal vi spele med skjult keeper." Trenar Tom Beddari forveksla keeper og sweeper et øyeblikk i taktikktala foran kampen.

Arve og Jørn Kvalsvik var uaktuelle denne kampen, men flesteparten elles var tilgjengelige. Dette opna for at Øyvind Humberset skulle få spele en heil kamp, samt at Harald Haugen fekk prøve sine ferdigheter på venstrebacken. Magne Havnen blei testa på høgrekanten idet Andreas Konningen starta på høgrebacken. Martin Molnberg og Terje Teige danna et solidt midtforsvar, mens Vegard Sævik og Kjetil Paulsen skulle duellere frå start sentralt på midtbana. Steffen Kvalsund starta på venstrekanten, mens Frank Sverre Skorpen og Gustav Pettersen danna spissparet i en klassisk 4-4-2 formasjon.


(Bildet: Kjetil, Steffen og Bjørnar et lite stykke ut i den 2.omgangen.)


Kampen: Første omgang.

Åram viste seg å være et godt lag med tekniske ferdigheter, samtidig såg en nok at Åram sine spelarar var meir vande med underlaget. Åram trenar fast på Hødd si kunstgrasbane, og forholda kan en ikkje klage på. Ettersom kampstart var klokken 2100 så fekk spelarane oppleve en kamp under flomlys, noko som Bergsøy sine spelarar sto og beundra store delar av den første omgangen. Iallfall i starten så var Åram meir presise og leikne enn det Bergsøy var. Sjansar var det ikkje mykje av, men Bergsøy blei pressa bakover idet motstandaren var flinkare til å halde på ballen høgt oppe på bana. Herøylaget sine framspel blei prega av hektiske valg eller som en form for avklarering, og rosen for dette må nok gå til Åram som på sett og vis skremte Bergsøy med bedre skjerming av ball samt overstegsfinter.

Åram sine spelarar var komfortable med ballen i beina, og ikkje uredde for å utfordre eller skjerme ball. Samtidig var stilen, heldigvis for Bergsøy, ikkje så effektiv. Bergsøy sin spelestil går meir i lengderetninga, og sånn sett skapte Bergsøy like mange sjansar som det Åram gjorde. Gustav Pettersen var nære på å gi Bergsøy en tidlig ledelse, men ballen strauk utsida av den borterste stolpen. Seinare i omgangen hadde Bergsøy også nokre raske overgongar som med hell kunne utnyttast bedre. Det var BIL som skulle få det viktige førstemålet, og angrepet var et klassisk effektivt et. Kjetil Paulsen sin flotte stikkar førte til at Gustav Pettersen kom aleine mot keeper, og plasseringa av ballen førte til 1-0. Det var ikkje så mange fleire gongar Bergsøy hadde grunn til å juble, men defansivt fungerte det relativt bra.


(Bildet: Martin Molnberg er ein spelar som ruvar i forsvar og som også er eit farlig våpen oppe på døballar.)


Kampen: Andre omgang.

Det var ingen stor kamp for å seie det enkelt. Det var ingen store prestasjonar eller flotte klikk klakk spel som blir huska om en måneds tid. Bakover hadde Bergsøy kontroll, og forsåvidt hadde også Åram god kontroll. Men Bergsøy skapte likevel det som var å skape, og Frank Sverre Skorpen var irritert på seg sjølv da han ikkje økte til 2-0 frå god posisjon. Frank prøvde å lure keeper ved å plassere ballen i det nermaste hjørnet, men ballen gjekk på feil side av stolpen. Frank skulle få revansjert seg mot slutten av kampen etter god kriging av Lars Hasund på venstrekanten. Lars feilte i mottaket men fekk kjempa tilbake ballen for så å finne Frank Sverre inne i målfeltet. Frank plasserte ballen utagbart oppe i nettaket til 2-0. Så mange fleire sjansar er det ikkje å fortelle om, det var sjansefattigt og lite av langskudd. Et skudd traff rett nok tverrleggaren bak Åram sin keeper, men keeperen såg ut til å ha kontroll på at ballen ikkje gjekk på undersida av stolpen. Det er sjeldent det er så lite av høgdepunkt å skrive om. Vi kan ta med at ikkje alle var like fornøgde med alle dommaravgjerdslane som blei foretatt underveis i kampen, men det er heller ikkje unormalt.


(Bildet: Frank Sverre Skorpen var tilbake på plass i drakta han høyrer til i.)


Kampen: Oppsummering.

Som omtalt i teksta "Pre-match omtale" som blei skrevet før kampstart så var det viktig for Bergsøy å berre kome igang med sesongen på en brukbar måte. Resultatet ville ikkje være det viktigaste. Samtidig ville annledninga være god for å teste nye spelarar, eller eventuelt prøve spelarar ut på nye og ukjente posisjonar. Høgresida denne kampen var ny, med Andreas og Magne som fekk sjansen fra start. Åram angreip mest fra si venstreside, og dermed fekk både Magne og Andreas testa sine defansive oppgaver. Offansivt kom ikkje kantane eller backane på nokon av sidene med i spelet. Noko av det mest positive med kampen var nok nettopp det at laget holdt nullen, samtidig som en klarte å skape nok sjansar frammover til å avgjære kampen. I kampane som kjem får en håpe det løsnar ennå meir i det offansive spelet, samtidig som en beheld tryggheta i forsvar.

Øyvind Humberset i mål klarte seg bra. En retur i 1.omgang såg ut til å kunne være skummel, men Øyvind var raskt på plass for å få ballen i fast grep igjen før angriparane fekk flukta ballen inn i mål. Defansivt hadde forsvaret få problem, og det blei skapt svært få sjansar imot. Martin Molnberg var ruvande og styrte fint i par med Terje Teige. Terje måtte ut til pause med migrene. Inn kom Bjørnar Gundersen, mens Vegard Sævik blei flytta ned som midtstoppar. Harald Haugen viste fram fin ballkontroll, var rolig med ballen og hadde god kontroll defansivt. Andreas Konningen hadde noe startproblemer men kom bedre inn i det etterkvart. Kjetil Paulsen og Vegard Sævik er ikkje lette å spele imot, og med Bjørnar Gundersen som et ekstra alternativ har Bergsøy her en god taklingssterk trio å velge mellom på midtbanen. Frank Sverre Skorpen fekk vise fram at han blir en viktig brikke i lagets offansive oppbygning, og krona sin "heimvendte debut" med ei scoring på tampen av kampen. Gustav Pettersen fortsatte også der han slapp ifjor med å være en giftig målgjørar. Bergsøy ser ut til å ha på plass et spisspar som i kombinasjon har alle dei kvalitetane et spisspar treng, og dagens to mål blir neppe dei siste.

 Spillere
 Spiller  Posisjon  Terning  Mål
  Øyvind Humberset    Keeper        -
  Andreas Konningen    Høgre Back        -
  Martin Molnberg    Midtstopper        -
  Terje Teige    Midtstopper        -
  Harald Haugen    Venstre Back        -
  Magne Havnen    Høgre Ving        -
  Kjetil Paulsen    Sentral Midtbane        -
  Vegard Sævik    Sentral Midtbane        -
  Steffen Kvalsund    Venstre ving        -
  Gustav Pettersen    Angripar        
  Frank Sverre K Skorpen    Angripar        
 Bytter
 Spiller  Av banen  Spiller  På banen
 Terje Teige  (45)    Bjørnar Gundersen    (45)
 Andreas Konningen  (60)    Daniel Hatløy    (60)
 Steffen Kvalsund  (70)    Lars Hasund    (70)
 Frank Sverre K Skorpen  (xx)    Ukjent    (xx)
 Gustav Pettersen  (xx)    Per Arne Hjelmeseth    (xx)
 XX  (xx)    Anders Hoff    (xx)
 Ukjent  (xx)    Mats    (xx)





Kampreferat

































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::