Bergsøy Historikken År for år

2016
2014
2012
2011
2006
2005
2004
2003
2002
2001
2000
1999
1998
1997
1996
1995
1994
1993
1992
1991
1990
1989
1988
1987
1986
1985
1984
1983
1982
1981
1980
1979
1978
1977
1976
1975
1974
1973
1972
1971
1970
1969
1968
1967
1966
1963
1962
1961
1959

Sesongen 1994
#



Bergsøy sesongen 1994.
Bergsøy fekk en svak start på sesongen, og hadde problemer i forsvar. Etter åtte kampar fekk trenar Tor Meinseth nok, og trekte seg frå stillinga. Trenarduo Tom Beddari og Rolv Bakke tok så over treningane. Ivan Myklebust var også med utover i sesongen. Laget skulle etterkvart kome sterkt tilbake frå den dårlige starten, og etterkvart kom laget i ei skikkelig vinnarrytme som førte dei frå botnstriden til tetstriden. Det blei aldri heilt til topps, ettersom litt ujamne kampar mot slutten av sesongen førte til at laget endte på en 4.plass på tabellen. Laget var litt lite effektive foran mål i siste del av sesongen.

Klubb
Kampar
Seire
Uavgj.
Tap
Målfor.
Poeng
VRF
22
15
3
4
74-26
48
Vigra
22
13
6
3
69-31
45
Hundeidvik
22
12
3
7
46-46
39
Bergsøy
22
10
4
8
41-40
34
Vartdal
22
10
3
9
55-42
33
Hasundgot
22
8
6
8
33-34
30
Ellingsøy
22
7
7
8
38-41
28
Hovdebygda
22
7
6
9
31-37
27
Harøy
22
7
3
12
28-42
24
Ha/No
22
6
6
10
37-55
24
Herd
22
4
7
11
38-55
19
Fjørtovt
22
3
6
13
29-70
15


Lovar godt år for fotballgruppa

Sportslig leiar i Bergsøy fotballgruppa, Ivan Myklebust, håpar på et godt år for laget i sesongen 1994. Han fortel også at Bergsøy satsar for fullt i alle aldersgrupper iår.


Lagbildet 1994


At Ivan Myklebust er sportslig leiar betyr at han har ansvar for å sjå til at alle lag fungerar. Han må også være mellommann mellom trenarar, spelarar og styret. Det betyr at han skal bidra til den sportslige utviklinga i klubben, og samordne aktivitetane for dei ulike laga.

-"Dei aktive får tilbod som til dømes å spele fotball i organiserte former, med kvalifiserte trenarar, være med i cupar og seriespel. Dei yngste kan vi tilby lokale cupar. Medan dei eldre dreg på større cupar som Norway Cup og Danacup. Sosialt samvær er også en viktig del av fotballen."

Når det gjelder baneforholda i Huldalen i vinter, har vi hatt vår første skikkelige vinteren på mange år med lange kuldeperioder. Derfor har det vore vanskelig å spele fotball. For å halde den aktiviteten laga har, så treng dei minst ein trenar, gjerne to til tre. Dei treng oppmann, og to kontaktperonar, der eine har ansvar for banemerking og drakter m.v. Den andre har det økonomiske ansvaret, tek seg av basarar, bingoar og liknande.

-"Økonomien til fotballgruppa her eg ikkje mykje med å gjære. Men eg kan fortelle at økonomien er under kontroll. Den største inntektskilda er nok lossing, i tillegg kjem det basarar."

Ivan trur laget vi lkjempe heilt i toppen iår. Med god innsats frå karane er opprykk et realistisk mål. Laget er heilt klart forsterka sidan fjoråret. Det at Bergsøy stiller juniorlag betyr også at laget står sterkare rusta når sesongen startar, ettersom laget har større breidde på seniornivå. Vegard Fiksdal og Geir Sandnes har kome tilbake frå Hødd, og skal spele for Bergsøy. En ny og spennande spelar er Roger Vollan som spelte for KIL/Hemne ifjor. Vollaen er god både ute og imål. Andre spelarar er Stian Skogen og Dagfinn Vattøy frå Gurskøy, og Leif Inge Jøsok som spelte på Hødd sitt juniorlag i fjor.

-"Målet med sesongen er å utarbeide langsiktige planar for den sportslige utviklinga. Opprettholde ei god breidde for dei aldersbestemte laga, der en satsar på å være blant dei beste i seriane. Det blir jobba godt i heile fotballgruppa. Litt problem vil det alltid være med så mange aktive. Det kjem til å bli den beste sesongen på mange år. Håpar at alle foreldre, kjente og interesserte møter opp og heiar laga fram."

Treningskampar 1994

Bergsøy tapte 1-4 mot Tornado.

Endre Tjervåg

Bergsøy innleia sesongen med å tape 1-4 i Huldalen mot 3.divisjonslaget Tornado. Det var en svak sesongdebut for laget, og trenar Tor Meinseth er nok glad for at det ennå er nokre veker til seriestart. Særlig forsvarsarbeidet var under einkvar kritikk, og Tornado sine spelarar fekk mykje rom å springe i. Det var den tidligare Bergsøyspelaren Vidar Eikrem som førte gjestane i leiinga med ei headding etter corner, og økte til 2-0 før sidebytte. Endre Tjervåg viste så at også han kan headde ballen imål frå corner, men mot slutten tok gjestane komandoen igjen og scåra ytterligare to mål. Bergsøy sin prestasjon må likevel sjåast i sammenheng med at laget stilte et noe redusert mannskap grunna sjukdom og skader.

-"Vi har hatt elendige forhold i heile vinter, så det var verdifullt for oss å endelig få sjansen til å få en kamp. Det er mykje arbeid som står igjen foran oss. Idag mangla det kommunikasjon mellom lagdelane, og mange av spelarane var tydeligvis ikkje venn med ballen. Derfor vart det også mange feilpasningar." Sa trenar Tor Meinseth etter kampen.

Oppløftande med 7-3 over Hareid

Geir Sandnes 3, Stian Skogen 2, Nils Roger Paulsen, Kristian Berge.

Bergsøy overraska stort denne gangen og slo 3.divisjonslaget Hareid med heile 7-3. Denne gangen hadde trenar Tor Meinseth hatt Geir Sandnes opp som spiss, og dette viste seg å være et vellykka trekk. Geir skapte store problem for Hareidforsvaret med stor løpsstyrke og slepen teknikk. For Bergsøy var kampen en fin framgang frå Tornadokampen, og særlig den offansive delen fungerte bra. Bakover er det framleis litt å rette på, og vi registrerte klare markeringssvikt. Men uansett en god kamp, men Bergsøy møtte faktisk bedre motstand mot sitt eige B-lag på laurdagens kamp der A-laget vann 4-1.

Laget i kampen mot Hareid: Ronny Reite, Dagfinn Vattøy, Endre Tjervåg, Ronny Pål Kvalsvik, Frode Myrhol, Jarl Åge Wågsholm, Lars Ove Almestad, Nils Roger Paulsen, Stian Skogen, Kristian Berge og Geir Sandnes. I løpet av 2.omgang fekk også Leif Inge Jøsok, Lasse Myrhol, Henning Karlsen og "Hjallis" Hjelmeseth prøve seg. Roger Vollan var et intressant bekjentskap, som viste gode takter mellom stengrene.

Bergsøy slo Larsnes 5-2

Lasse Myrhol, Lars Ove Almestad, Jarl Åge Wågsholm, Leif Inge Jøsok.

I en ny treningskamp har Bergsøy slått Larsnes 5-2 på ei brukbar grusbane på Larsnes. Til pause var stillinga 1-1. I den første omgangen gjekk heimelaget aggressivt ut og kjørte til tider over laget frå divisjonen over. Aadne Sandanger laga mål, men det gjorde også Bergsøy.

Bergsøy mangla nokre sentrale spelarar, men kom sterkare tilbake i 2.omgang. Det blei stillt dette laget: Egil Rødskar(Ronny Reite), Frode Myrhol, Endre Tjervåg, Ronny Pål Kvalsvik, Dagfinn Kvalsvik, Lars Ove Almestad, Stian Skogen, Torbjørn Leikanger, Leif Inge Jøsok, Lasse Myrhol og Jarl Åge Wågsholm.

Bergsøy med ny siger over Hareid

Geir Sandnes, Kristian Berge, Stian Skogen, Jarl Åge Wågsholm.

Dette er andre gangen iår at Bergsøy slår Hareid som ligg en divisjon over. Denne gangen blei kampen spelt på ei glatt og vanskelig Huldalsbane, men Bergsøy tok kommando frå start. Midtveis i omgangen var stillinga 2-0, men like før pause reduserte Hareid etter frispark. Bergsøy auka ledelsen to gangar etter pausen før Hareid fekk ei ny redusering på slutten. Hareid sitt siste mål kom etter at Bergsøy sin keeper Ronny Reite var uheldig å skli på det glatte underlaget.

Dette laget spelte: Egil Rødskar, Frode Myrhol, Vegard Fiksdal, Endre Tjervåg, Dagfinn Vattøy, Lars Ove Almestad, Nils Roger Paulsen, Stian Skogen, Tittan Berge, Lasse Myrhol og Geir Sandnes. I tillegg kom Ronny Reite, Leif Inge Jøsok og Jarl Åge Wågsholm inn i 2.omgang.

Ytterligare treningskampar

Tre uker før seriestart svingar det for Bergsøy. Det blei et 2-6 tap for Vartdal og en 6-1 siger mot Hovdebygda. Kampen mot Vartdal låg lenge og bikka påstillinga 2-3, men i sin iger for å utligne så blotta laget seg bakover. Bergsøy sine mål blei i den kapen scåra av Lars Ove Almestad og Nils Roger Paulsen. Mot Hovdebygda styrte imidlertid Bergsøy heile kampen, og det sto 3-1 til pause. Endre Tjervåg, Lars Ove Almestad, og Nils Roger Paulsen putta dei tre måla. Etter pausen var det eit einsidig press mot Hovdebygda sitt mål, og Leif Inge Jøsok scåra 2 som spiss før innbyttar Arild Kvalsund putta det siste.

Laget mot Hovdebygda: Ronny Reite, Dagfinn Vattøy, Stian Skogen, Endre Tjervåg, Frode Myrhol, Kristian Berge, Lars Ove Almestad, Nils Roger Paulsen, Geir Sandnes, Lasse Myrhol og Leif Inge Jøsok. Innbyttere som kom inn var Arild Kvalsund, Jarl Åge Wågsholm. Laget håpar også at skada spelarar som Vegard Fiksdal, Rune Frantsen, Ronny Pål Kvalsvik og Tobben Leikanger vil ha et ord med i laget til seriestart.

Bergsøy hadde også en svak kamp mot Hasundgot, og tapte denne 1-0 med et reservespekka lag. Mange virka intereselause og orka ikkje kjempe om ballen. Dei som får godkjent denne kampen er Ronny Reite, høgreback Dagfinn Vattøy og midtbaneterrier Geir Sandnes.


Generalprøve mot Åram

Lars Ove Almestad.


Les pravda


3.divisjonslaget Åram vann 3-1 over Bergsøy i generalprøva for seriestart. Men på bakgrunn av det som har vore prestert i tidligare treningskampar så har Bergsøy mest grunn til å være fornøgde. Bergsøy mangla 3-4 sentrale spelarar som Kristian Berge, Nils Roger Paulsen, Endre Tjervåg og Frode Myrhol. Bergsøy tok initiativet i kampen, og virka mest spelesugne. Det hadde vore lite å sagt om Bergsøy hadde fått seg etpar mål i starten, og leda til pausen. Effektiviteten var ikkje god nok. Men det skulle ordne seg etter pausen, og Lars Ove Almestad ordnar 1-0 på et godt treff frå 16 meter like etter sidebytte.

Heimelaget Åram skjerpa seg etter dette målet, og Vidar Tunheim ordna ballanse i regnskapet. Det var en jamn kamp, men Åram viste seg å være mest effektive og scåra ytterligare to mål. Det eine på straffespark av Arne Runar Vik, og det andre på et uheldig sjølvmål etter innlegg frå Oddvin Kragseth.

-"Dette var en svak kamp frå vår side, og vi må nok heve oss fleire hakk når det blir kamp om poenga."
(Oddvin Kragseth etter kampen)

For Bergsøy sin del så var det godt at Vegard Fiksdal er tilbake etter skade. Han rydda opp i fin stil og var banens beste spelar. Også Stian Skogen gjorde en god jobb som markeringsstoppar. Tobben Leikanger overraska som defansiv midtbanespelar trass i minimal trening, og elles var det som vanlig mykje innom Lars Ove Almestad på si sentrale rolle medan Geir Sandnes skapte bra som spiss.

Svak seriestart av Bergsøy

Vartdal-Bergsøy 5-2 (2-1)

: Geir Sandnes, Nils Roger Paulsen
: Sindre Eikrem, Langevåg.


Lagbildet


Bergsøy kom skeivt ut når dei blei utklassa av Vartdal. Bergsøy var i høgste grad med inntill Vartdal gjekk opp i 3-1 ett kvarter ut i 2.omg. Då punkterte Bergsøy fullstendig, og enkelte såg ut til å gi "blaffen". Dermed fekk Vartdal lett spel etterkvart og vann 5-2. Pga den dårlige innstillingen vil nok Meinseth forandre litt på laget til neste kamp.
Vartdal opna sterkt, men Bergsøy rei av stormen. Og Bergsøy styrte siste halvtimen av første omgang. Men Vartdal tok likevel leiinga midtvegs i 1.omg. Like etter utligna Geir Sandnes då han flikka ein corner i nettet. Men berre to minutt før pause scora Vartdal på ei kontring.

Bergsøy prøvde også i 2.omg, men datt som et korthus når det blei 3-1. Og dei sto med "hua i handa" og såg på 4-1 og 5-1. Nils Roger pynta på resultatet når han scora et typisk jobbemål.
Keeper Ronny Reite får godkjent tross 5 baklengs, og Dagfinn Vattøy + Stian Skogen kom også godkjent frå det. På midten jobba Geir og Nils roger bra, men fekk for lite hjelp. Jarl-Åge på topp ilag med Leif-Inge Jøsok jobba også bra, men blei for lette mot det robuste Vartdal forsvaret.

Sumpen
Vartdal tok en høyst fortjent 5-2 siger over Bergsøy i sesongopninga på Vartdal. Bjarne Flåskjær åpnet scoringsballet midtvegs i første omgang. Geir Sandnes utlignet for Bergsøy fem minutter senere, men heimelagets Nils Jarle Sætre gav heimelaget på nytt ledelsen minuttet før pausen. Etter pausen scoret Vidar Vartdal, Elling Woldsund og Vidar Vartdal igjen for vertene før Nils Roger Paulsen reduserte for gjestene tolv minutter før slutt.

Laget; Ronny reite , Dagfinn Vattøy , Stian Skogen , Vegard Fiksdal , Geir Sandnes , Nils Roger Paulsen , Jarl Åge Wågsholm , Leif Inge Jøsok , Arild Kvalsund , Krisian Berge , Ronny Pål Kvalsvik .
Innbytte; Torbjørn Leikanger 45 min og Frode Myrhol i 25 min.

Bergsøy kom sterkt tilbake.

Bergsøy - Hasundgot 2-0

:Endre Tjervåg, Lars Ove Almestad
: Carl Petter Carlsen.
: Lars Ove Almestad
: Lars Ove Almestad


Les pravda


Bergsøy kom sterkt igjen etter den svake serieopningen mot Vartdal då dei i prestisjeoppgjæret mot Hasundgot sist torsdag sikra en overbevisande 2-0 siger. Kampen vart flytta frå Bergsøy Stadion til ei flott grusbane i Huldalen, og med tankte på den minimale treninga Bergsøy har hatt på gras denne våren, så var nok dette til fordel heimelaget.



Trass i hard motvind tok Bergsøy initiativet heilt frå start, og pressa Hasundgot over på defansiven. Det var tydelig at BIL-spelarane hadde bestemt seg for å slost og vinne duellane, og dette førerr til at ein skaffer seg betre tid og rom til meir kreativt angrepsspel. I motsetning til kampen mot Vartdal var Bergsøy langt flinkare til å kome rundt på kantane, og både Lars Ove Almestad og Vegard Fiksdal skapte problem for gjesteforsvaret med sine mange giftige raid på sidene. I tillegg jobba dei godt defansivt. Nils Roger Paulsen stabiliserte midtfeltet, medan banens beste Geir Sandnes spelte stort med sitt fine overblikk, gode teknikk og ikkje minst sine ange intelligente løp som opna gjesteforsvaret gang på gang. Og det var nettopp et slikt løp som danna grunnlaget for 1-0 målet. Geir finter seg fri til dølinja etter 13 minutter, og Lars Ove Almestad møter innlegge perfekt og sender ballen kontant imål. Ei fortjent ledelse.

Bergsøy heldt fram offansiven etter målet, og etter 20 minutt spelte Geir på nytt gjennom Lars Ove, men denne gangen small skotet i tverleggaren. Like etter var Vegard Fiksdal frampå med eit velplassert skot som keeper såvidt fekk fista til corner. Hasundgot hadde kun sporadiske forsøk, og kom litt for lett til på Bergsøy sin venstre forsvarsside. Men det som kom tok keeper Ronny Reite seg av. Sikker både på streken og i feltet, og ikkje minst fungerer han bra som sweeper med å avskjære lange gjennomløpningar. Bergsøy fekk fortjent trampeklapp då dei gjekk til pausen.

Også i 2.omgang opna Bergsøy med aggresivt spel, denne gangen i medvinden. Allereie etter 8 minutt var det klart for 2-0 til heimelaget. Kaptein Stian Skogen braut eit angrep på midtstreken. Han finta seg elegant forbi ei tre mann før han stakk en presis ball gjennom til veteranen Endre Tjervåg. Edre styrte ballen beherska forbi keeper frå 16-meters hald. Flott scåring. Etter dete gav Bergsøy frå seg initiativet, og vi frykta det verste då Lars Ove Almestad fekk sitt andre gule kort for dagen. Det første etter viljehands og det andre etter ei uheldig tackling. Men tiltross for undertallet så hadde Bergsøy god kontroll på gjestane. Vi registrerte kun en stor sjanse til Hasundgot, men keeper Rnny Reite var på plass med ei fin reaksjonsredning. Mot slutten fekk også Stian Skogen en smell, og medan han fekk behandling så var Bergsøy kun 9 mann. Mot slutten kom Arild Kvalsund og Jarl Åge Wågsholm inn og var med på å trygge ledelsen.

Det var først og fremst en lagsiger, men i tillegg til dei før nemnte så fortjener dei tre leikongarane Dagfinn Vattøy, Stian Skogen og Leif Inge Jøsok ros for en godt gjenomført kamp. Også den faste tribuneslitaren Paul Bøe var positiv i sine uttalar etter kampen. Etter mange års fravær var han no på plass igjen på "ekspert haugen", og dersom karane viste tilsvarande vilje også i dei neste kampane så hadde Paul god tru på at laget ville kjempe i toppen.

Laget; Ronny Reite , Dagfinn Vattøy , Stian Skogen , Tobben Leikanger , Frode Myrhol , Vegard Fiksdal , Nils Roger Paulsen , Lars Ove Almestad , Geir Sandnes Geir Tjervåg , Leif Inge Jøsok , .
Innbytte; Arild og Flis inn

Bergsøy snytt for straffe

Vrf - Bergsøy 1-0 (1-0)

: Ingen
: Njål Rønning

Bergsøy gjekk på sitt andre bortetap på rad da laget kom heim frå Velledalen med 0-1 i kofferten. Men trass i tapet var det på mange måter en positiv kamp for Bergsøy, som hadde fortjent å få med seg minst ett peong heim. Særlig i 2.omgang pressa dei heimelaget over på defansiven, og vart blant anna snytt for et klart straffespark. Eit kvarter før full tid runda Leif-Inge Jøsok VRF sin veterankeeper Leif Alnes som felte BIL angriparen, men utrulig nok markerte ikkje pipeblåsar Njål Rønning straffespark. Til og med VRF-supporterane rista på hovudet over denne avgjerdsla.

Det var imidlertid VRF som hadde et overtak gjennom heile første omgang, utan at laget spelte seg fram til dei heilt store sjansane. Kampens einaste mål kom rett før pausen da Karl Inge Hole fekk stå umarkert inne i BIL-feltet og sette ballen beherska forbi BIL-keeper Ronny Reite. I denne omgangen var det liten kreativitet i Bergsøylaget, som knapt skapte en sjanse. I tillegg såg det ut til at spelarane ville gjere det på eigen hånd, istaden for å drage lasset sammen. Tor Meinseth fekk ordna på dette etter pausen, og det blei ein heilt annan sprut i laget i den andre omgangen. Det vart bedre bevegelse i laget, og VRF spelarane blei tidvis utspelt.

Bergsøy hadde et jamnt press på VRF gjennom heile omgangen, men hadde likevel problemer med å skape dei heilt store sjansane. Nest siste trekket blei upresist, og den største sjansen var den omtalte "straffespark situasjonen". På Bergsøy får kaptein Stian Skogen bestemannsprisen som ofra seg i alle duellar og rydda opp i stor stil. Pluss også til Frode Myrhol som spelte fornuftig som høgreback. Frammover på bana var det få som utmerka seg. Bergsøy sakna midtbanedynamo Lars Ove Almestad som sto over med karantene. Også Dagfinn vattøy, Arild Kvalsund og Endre Tjervåg måtte stå over på grunn av skade.

Laget; Ronny Reite , Frode Myrhol , Tobben Leikanger , Stian Skogen , Lasse Myrhol , Vegard Fiksdal , Geir Sandnes , Nils Roger Paulsen , Kristian Berge , Jarl Åge Wågsholm , Leif Inge Jøsok .
Innbytte; Endre tjervåg

Miserabel forestilling

Bergsøy - Ellingsøy 1-2 (1-0)
: Lasse Myrhol (str)

Bergsøy har kome skeivt ut i årets serie etter at laget tapte sist serierunde med 1-2 mot et svært middelmådig Ellingsøylag. Dermed står Bergsøy med berre en siger og tre tap på sine fire første kampar, og står planta med begge beina i botnstriden. Dersom ikkje spelarane tek seg sammen så kan sesongen raskt handle om å overleve i divisjonen.

Kva er så grunnen til at Bergsøy er i feil ende av tabellen? Årsakene er nok fleire, men slik laget fremstår så er prestasjonsnivået for ustabilt. Periodevis går laget i oppløysing. Når halve laget "parkerer" samtidig så må det berre gå gale. Spelarane må starte å slost i samtlige 90 minutter om en skal starte å ta poeng. Bergsøy dominerte rett nok stor i første delen av kampen mot Ellingsøy. Heile 5 til 6 100% sjansar blei spolerte, og frustrasjonen breidde seg i laget. Bergsøy greidde likevel å gå til pause med 1-0, for i det siste speleminuttet av omgangen blei Vegard Fiksdal felt inne i straffefeltet. Lasse Myrhol satte straffesparket i mål via stolpen. En fortjent leielse som burde vore etpar mål større.

Etter sidebyttet forventa vi at BIL-presset skulle fortsette, men desverre såg det ut til at BIL-spelarane var ferdige med kampen. Ellingsøy tok fullstendig kommando. Tafatte Bergsøy-spelarar blei pressa over på defansiven. Bergsøy klarte likevel å hindre baklengs heilt til kaptein Stian Skogen måtte forlate bana 15 minutter før full tid på grunn av skade. Trenar Tor Meinseth valgte å sette inn Endre Tjervåg som midtstoppar, og dette viste seg å være et uheldig trekk. I løpet av fem minutt punkterte bortelaget kampen med to kjappe mål, derav det siste var et realt sjølvmål av Endre. Tydeligvis ikkje hans dag. Kun Stian Skogen og keeper Ronny Reite kan få godkjent i denne kampen, en kamp Bergsøy med normal innsats burde vunnet.

Det kan sjå ut som at trenar Tor Meinseth ikkje har funnet den rette balansen i laget. Defansivt blir det for usikkert. Vi savnar også meir kreativitet og "smartness" i angrepsfasen. Publikum har sålangt i sesongen knapt sett tegn til veggspel.

Laget; Ronny Reite , Frode Myrhol , Stian Skogen Tobben Leikanger , Lasse Myrhol , Nils Roger Paulsen , Vegard Fiksdal , Geir Sandnes , Lars Ove Almestad , Kristian Berge , Endre tjervåg .
Innbytte; Arild Kvalsund for Kristian Berge, Flisa for Stian Skogen.

Nær full pott mot Herd

Herd - Bergsøy 1-1 (0-0).
: Arild Kvalsund


Les pravda


Bergsøy sikra seg et viktig bortepoeng i torsdagens kamp mot Herd som endte 1-1. Kampen sett under ett var nok Bergsøy nærmast sigeren, og hadde to kjempesjansar til å avgjære kampen i sluttminutta. Med dette resultatet ligg Bergsøy på 9.plass på tabellen med 4 poeng, og har per dags dato Ha/No, Herd og Fjørtovt bak seg på tabellen.

Torsdagens kamp var i siste liten flytta til ei hard og tørr grusbane, og i full sandstorm var det svært vanskelige speleforhold. Heimelaget Herd hadde vinden i ryggen i første omgang og pressa gjestane over på defansiven. Herd sine største sjansar oppsto somregel etter lange innkast, men BIL-forsvaret rydda godt opp i det meste. Det vil seie bortsett frå midt i den første omgangen, for da var Herd sin høyvokste Vebjørn Solvåg høgast i lufta og stussa ballen inn i vinkelen. På grunn av forholda så greidde Bergsøy berre å spele seg fram til etpar halvsjansar.

I 2.omgang fekk Bergsøy vinden i ryggen, og kampen endra fullstendig karakter. Bergsøy tok kommando på midtbanen, og pressa bylaget bakover. Det var desverre problemer med å utnytte målsjansane, men etter halvtimen ut i omgangen så fekk Arild Kvalsund fulltreff på et skot frå 17 meters hald, og ballen fauk i nettmaskene. Etter dette så pressa Bergsøy konstant, og siste kvarteret hadde laget ei tre fire 100% sjansar som vart missbrukte. Mellom anna skaut Jarl Åge Wågsholm over for ope mål frå 5-6meters hald, og i sluttminutta hadde Geir Sandnes et susande skudd som small i stanga. Det er tydelig at Bergsøy ikkje har marginane på si side om dagen. Det positive er at laget skapar sjansar.

På Bergsøy spelte keeper Ronny reite nok en god kamp. Rune Frantsen var tilbae på backplass etter et langvarig skadeavbrekk, og med meir kamptrening så vil han klart styrke laget frammover. Trenar Tor Meinset hadde trekt Vegard Fiksdal ned som midtstoppar ilag med Stian Skogen, og dei rydda godt opp ilag. På midtbana gjorde Tobben Leikanger og Lars Ove Almestad mest av seg. Geir Sandnes var i utgangspunktet spiss, men kom langt bedre med i kampen som sentral midtbanespelar i den 2.omgangen. Arild Kvalsund glimta til tidvis, og skal ha honnør for flott scåring. Elles jobba Jarl Åge Wågsholm godt, men har et lite problem med effektiviteten.

Laget; Ronny Reite , Rune Frantsen , Vegard Fiksdal , Stian Skogen , Frode Myrhol , Arild Kvalsund , Torbjørn Leikanger , Lars Ove Almestad , Lasse Myrhol , Jarl Åge Wågsholm , Geir Sandnes .
Innbytte; Leif Inge Jøsok , Kristian Berge.

Festspel i andre omgang

Bergsøy- Hovdebygda 4-1 (1-1)

: Arild Kvalsund 2, Leif Inge Jøsok, Kristian Berge.
: Arild Kvalsund, Vegard Fiksdal
: Sindre Eikrem, Langevåg.


Les pravda


Søndag var det igjen triveleg å vere tilskodar på Bergsøy stadion. Etter mange trøysteslause kampar, slo heimelaget til med festspel, og sende Hovdebygda heim med 4-1 tap i kofferten. Etter ein tam og kjedelig første omgang då det sto 1-1, slo Bergsøy til med stor innsats og friske angrepstakter i 2.omgang, og utspelte til tider et meir og meir frustrert Hovdebygdalag. Bergsøy-spelarane viste ei heilt anna speleglede, agressivitet, og bevegelse enn kva som har vore vist på lange tider. Dei vann dei fleste duellane, slo drivande og effektive pasningar på kantane, og særlig Arild Kvalsund var i storslag og bukte Hovdebygda sine backar som rundingsbøyer. I tilegg til mange fine forseringar og innlegg scora Arild to mål, og fekk vist litt av det store potensialet som bur i han. Publikum storkosa seg, og sjølv dei største skeptikarane fekk igjen trua på laget og fekk ei gledelig stadfesting på at det bur meir i laget enn det som har vorte vist så langt i sesongen.

Etter denne overbevisande sigeren tok BIL eit langt steg bort frå nedrykksposisjonen. Avstandane er framleis små, og laget har en viss kontakt med laga i tetstriden. Dersom laget greier å stabilisere seg på dette nivået, bør ein ha kapasitet til å ta mange poeng i kampane frammover. Men problemet til Bergsøy har vore manglande stabilitet, og særlig på utebane har laget hatt store problem. Difor var det gledelig at laget fylgte opp med uavgjort 1-1 i den vanskelige kampen mot Harøy.


(Bildet; En sterk firkløver i kampen mot Hovdebygda. Vegard Fiksdal, Geir Sandnes og Rune Frantsen, med Arild Kvalsund i forkant.)


I kampen mot Hovdebygda gjekk laget offansivt til verks heilt frå avspark, og fekk en pangstart. Allereie etter 5 minutt kom Jarl Åge Wågsholm seg fri på kanten. Innlegget gjekk via ein HIL-forsvarar, og fekk en merkelig sskru som keeper feilberegna. Ballen nærmast fall ned på foten til Leif Inge Jøsok og trilla i nettet. Etter dette jamna kampen seg ut, og Hovdebygda kom lengre fram på bana, utan å skape dei heilt store sjansane. Etter en halvtimes spel var det imidlertid klart for utligning. Hovdebygda vann ein duell heilt ute med cornerflagget, og innlegget mista BIL-keeper Ronny Reite. HIL-spissen Alf Ose hadde ei enkel oppgave med å sette ballen i mål med hovudet. Også mot slutten av omgangen hadde Hovdebygda eit lite overtak, men omgangen ebba ut med 1-1.

Kva trenar Tor Meinseth hadde fortalt sine disiplar i pausen kjenner vi ikkje til, men det var ihvertfall eit "nytt" Bergsøylag som kom på bana etter sidebytte. Aggresivitet og innsatsvilje stod i høgsetet. Laget tok kommando fra start, og pressa Hovdebygda bakover på bana. BIL-spelarane vann alle duellar mann mot mann, hovedduellar, og andre ballar, og i staden for 3 meters puslespel på midtbanen slik laget har hatt en tendens til tidligare iår, satsa dei på drivande ballar på kantane. Dette opna HIL-forsvaret gong på gong. Særlig Arild Kvalsund på høgre flanke var i praktslag, og fossa til dølinja fleire gongar. I tillegg til innlegg fekk han demonstrert sin imponerande skuddfot. Etter 11 minutt av omgangen møtte Arild et presist innlegg frå Geir Sandnes, og frå bakerste stolpe sette han ballen beherska i mål. Berre ti minutt seinare var det klart for 3-1. Igjen kjempa Arild til seg en ball i feltet, og frå 15 meters hald sende han ballen inn ved nærmaste stolpe ved et kjappt skot. 4-1 kom så like etter ved dagens flottaste angrep. Arild slo en perfekt crossball på motsatt stolpe der Geir Sandnes møtte ballen perfekt på direkten og la ballen tilbake til Kristian Berge som small ballen i nettet. Den scoringa var det VM-klasse over! Laget fekk fortjent trampeklapp etter kampen.

Bestemannsprisen må delast mellom tomålscorer Arild Kvalsund og sweeper Vegard Fiksdal. Vegard rydda opp i stor stil, og var elles konstruktiv frammover. Elles er Rune Frantsen i ferd med å finne tilbake til fjorårstaktene på høgre back. Defansivt hadde han små problem, og i tillegg er han skapande offansivt. Også Geir Sandnes kom sterkt i 2.omgang, og med sine mange løp skapte han mange og store opningar til sine lagkamerater. Pluss også for to målgjivande pasningar.

Laget; Ronny Reite , Rune Frantsen , Vegard Fiksdal , Nils Roger Paulsen , Lasse Myrhol , Jarl Åge Wågsholm , Torbjørn Leikanger , Geir Sandnes , Lars Ove Almestad , Arild Kvalsund , Leif Inge Jøsok .
Innbytte; Kristian Berge for Jøsok, Stian Skogen for Leikanger.

Ny sterk kamp av Bergsøy

Harøy - Bergsøy 1-1 (0-0)
: Arild Kvalsund
: Ukjent


Les pravda


Bergsøy var nære på å ta sin andre siger på tre dagar då laget i søndagens vanskelige bortekamp mot Harøy leie 1-0 då klokka tikka mot 90.minutt. Men dommaren la til 2-3 minutt og i kampens siste angrep utlikna Harøy på ei scoring som burde blitt annulert for angrep på keeper. Etter en cornersituasjon blei både Bergsøy-keeper Ronny reite og ballen nærast måka inn i mål av aggresive Harøy-angriparar. Men trass i sterke protestar frå Bergsøy vart scoringa godkjent, og Harøy stal to poeng frå herøyværingane.

Trass i den sure avsluttninga var dette nok en svært godt gjennomført kamp av BIL, der laget fylgte opp dei gode taktene frå kampen mot Hovdebygda. Harøy låg før denne kampen på en 2.plass på tabellen, og er en vrien motstander på heimebane. Men det har den seinare tid kome ein heilt anna tæl og aggresitivitet i Bergsøy-laget, og med tilsvarande "fighting-spirit" skal det bli intressant å fylgje laget vidare. Allereie torsdag skal Bergsøy ut i ein vanskelig bortekamp, mot overraskningslaget Hundeidvik som også kjempar i teten. Men med den samme spelegleda og innsatsviljen så bør nye poeng være innanfor rekkevidde.

Både Harøy og Bergsøy gjekk knallhardt ut i søndagens kamp. Heimelaget satsa på lange ballar fram til sin raske og tekniske gode midtspiss, og ved to-tre høve var dei nære på å ta leiinga. Men våkent keeperspel av Ronny Reite hindra scoring. Etter kvart kom Bergsøy meir og meir med i kampen og skapte fleire sjansar. Jarl Åge Wågsholm misbrukte to overlegg frå sida, og Lars Ove Almestad hadde to skot som gjekk over. Leif Inge Jøsok hadde omgangens klaraste sjanse, då han kom aleine med keeper, men traff ureint på ballen.

Også i 2.omgang var det tett og jamnt, med sjansar til begge lag. Men uttelling blei det ikkje før et kvarter før slutt. Lasse Myrhol fossa til dølinja, og det presise inlegget headda Arild Kvalsund hardt og kontant i nota frå bakerste stolpe. Like etter var samme Arild nær ved å punktere kampen da han brått fekk ballen i ypperlig posisjon 6-7 meter frå mål. Istaden for å styre ballen i det opne målet brukte Arild kraft, og ballen slo i tverleggaren før den gjekk ned på streken og deretter måka bort av en forsvarar. Her burde kampen vore avgjort. Etter dette sette heimelaget inn en voldsom sluttspurt, og to minutt på overtid kom så utligninga som aldri burde blitt godkjent.

Bergsøy ser no ut til å ha fått skikk på forsvaret. Vegard Fiksdal har funne storforma som bakerste mann. Han sprudlar no av sjølvtillit, og hadde mellom anna eit imponerande dribleraid frå eigen 16-meter og over heile bana, men misslukkast i det siste avgjerande trekket. Også Stian Skogen var som vanlig solid som stoppar. Lasse Myrhol viste framgong i sin venstreback posisjon, medan Rune Frantsen ikkje var heilt i slag denne gongen. Bergsøy sin midtbanetrio Lars Ove Almestad, Geir Sandnes, og Tobben Leikanger kjempa hardt gjennom heile kampen, og særlig Tobben heva seg etter en heller svak kamp mot Hovdebygda. Flankespelarane kom ikkje til på samme måte som mot Hovdebygda sist, men Arild Kvalsund skal ha honnør for nok ei viktig scoring - og ser ut til å utvikle seg til lagets nye storscorar.

Laget; Ronny Reite , Rune Frantsen , Stian Skogen , Vegard Fiksdal , Lasse Myrhol , Jarl Åge Wågsholm , Tobben Leikanger , Geir Sandnes , Lars Ove Almestad , Arild Kvalsund , Leif Inge Jøsok .
Innbytte; Berge for Wågsholm, Frode for Jøsok.

Syltynt Bergsøy!

Hundeidvik - Bergsøy 4-1 (3-0)
: Kristian "Tittan" Berge.
: Roger Wollan.


Meinseth slutter


Bergsøy kom fort ned på jorda igjen etter dei oppløftande kampane mot Hovdebygda og Harøy. I siste serierunde blei Bergsøy rundspelt etter alle kunstens reglar av eit hardt kjempande Hundeidvik-lag. Herøylaget måtte reise heim med et 1-4 tap i kofferten. Utan en dyktig Roger Wollan i mål, som presterte fleire kvalifiserte redningar, kunne resultatet lett sett enda styggare ut.

I motsetning til kampane mot Hovdebygda og Harøy, kunne det sjå ut som at heile BIL-laget hadde parkert. Aggresiviteten var heilt borte, og spelarane tapte stort sett ale duellar fordi dei var på etterskot. Etter å ha tapt duellane var det også liten interesse for å kome tilbake på rett side av ballen. For syns skyld jogger en bare etter. Då må det gå gale. Særlig er innsatsviljen avslørande ved utspel og lange framspel. Hundeidvik tok hand om 90% av desse.

No bør spelarane og trenaren ta ei alvorlig oppgjer med seg sjølve, og drøfte kva som skjer. Er ein så mykje svakare enn motstandarane, eller er det rett og slett giddaløyse? Ein bør kome til botn i kva som er årsaka til at prestasjonane svingar så voldsomt. Det er ei kjennsgjerning at skal en ta poeng i denne divisjonen så må spelarane være vilige til å krige. Brette opp armane og vinne duellane. Dersom spelarane ikkjer er villige til dette, fryktar vi at det kan gå mot en nitrist sesong.

I kapen mot Hundeidvik tok heimelaget fullstendig kommandoen frå første spark på ballen. BIL vart pressa bakover på bana av løpsvillige Hundeidvik-spelarar. Ein følte det berre var eit tidsspørsmål før heimelaget tok føringa, og etter 20 minutt låg den første ballen bak Bergsøy-keeper Roger Wollan. Det blei en vanskelig debut for Wollan. 8.minutt seinare sto det 3-0 til heimelaget som fylge av personlige feil av hardt pressa BIL-spelarar. Bergsøy hadde kun en kvalifisert sjanse i første omgang, men skotet frå Lars Ove Almestad vart redda av keeper. Det sto fortjent 3-0 til pause.

Også i 2.omgang styrte Hundeidvik det meste, og vi frykta det verste då dei gjekk opp til 4-0 like etter sidebytte. Like etter blei også heimelaget snytt for ei klar straffe, og vi registrerte også andre store sjansar. Kun godt spel av keeper Roger Wollan hindra fleire baklengs. Istaden greidde Bergsøy å kvittere like før slutt då innbyttar Kristian Berge flukta et presist innlegg frå Arild Kvalsund i nettet. Dette var stort sett det einaste Bergsøy hadde å glede seg over. Dei fleste var under par.

Laget; Roger Vollan , Rune Frantsen , Stian Skogen , Vegard Fiksdal , Lasse Myrhol , Jarl Åge Vågsholm , Geir Sandnes , Lars Ove Almestad , Tobben Leikanger , Arild Kvalsund , Leif Inge Jøsok .
Innbytte; Kristian Berge , Bjørnar Bendal .

Målrikt og spennande i Huldalen

Bergsøy - Vigra 5-4 (4-2)
: Lars Ove Almestad 2, Torbjørn Leikanger, Stian Skogen, Arild Kvalsund.


Les Pravda


Det vart nokre ulidelig spennande sluttminutt for Bergsøyspelarane i torsdagens kamp mot Vigra. Laget berga med et nødskrik alle poenga. Bergsøy kontrollerte store delar av kampen, og såg ut til å kunne gå mot en lett siger, inntill laget kollapsa fullstendig i siste halvdel av andre omgang. Då reduserte Vigra BIL si tilsynelatande sikre 5-2 leiing til 5-4, og i sluttminutta låg utligninga i lufta. Sikkert og godt spel av Roger Wollan forhindra vigringane å ta poeng heim. Dermed fekk laget full pott i sin første kamp etter trenerbyttet.

Dei ansvarlige for BIL-laget, Tom Beddari og Rolf Bakke, hadde gjort ein del endringar i lagoppstillinga i forhold til den siste kampen. Dette viste seg å slå positivt ut. Laget kjøyrde en 4-4-2 forsmasjon med Wollan imål, Rune Frantsen, Vegard Fiksdal, Nils Roger Paulsen og Lasse Myrhol i forsvar, Lars Ove Almestad, Stian Skogen, Endre Tjervåg og Tobben Leikanger på midtbane, og Arild Kvalsund ilag med Geir Sandnes på topp.

Det var et topp tent Bergsøylag som tok initiativet frå første stund. Første store sjanse hadde kaptein Stian Skogen etter 8 minutt på en lang gjennombruddspasning fra keeper Wollan. Stian blei desverre litt for lite følsom i mottaket, og keeper redda lett. Like etter hadde Stian et nyt forsøk frå spiss vinkel som keper fista over tverrleggaren. Det kom derfor ein kalddusj då Vigra gjekk opp i ledelsen 1-0 etter et kvarters spel etter dårlig markering i Bergsøy sitt forsvar. Roger Wollan fekk en for på skotet frå kort avstand, men ballen gjekk i en boge og trilla inn i nettet. Bergsøy nekta likevel å gi seg, og kun to-tre minutt seianre var det klart for 1-1. Geir Sandnes sende av gårde et skot frå 16-meter som Vigra keeperen måtte gi retur på, og Tobben Leikanger var fint framme og satte ballen inn i det opne målet. Etter dette fekk vi ei sterk Bergsøyperiode med god kjemping og drivande pasningar. Midtbanespelarane Endre Tjervåg, Stian Skogen og Lars Ove Almestad vann dei fleste duellane på midtfeltet, og gjestane vart pressa bakover på bana.

Etter 23.minutt var det klart for 2-1 til heimelaget. Eit frispark frå Lasse Myrhol vart slått inn i feltet, og en miss av Vigra-keeperen førte til at Lars Ove Almestad enkelt kunne styre ballen imål med hovudet. Like etter var det også klart for 3-1, også denne gangen etter frispark. Rune Frantsen slo et presist innlegg, og Stian Skogen kasta seg fram og fekk headda ballen imål. Men Vigra kom tilbake. Etter en halvtime fekk Vigra-spissen Gunnar "Maradona" Engeseth fritt spelerom inne i BIL-feltet, og reduserte lett til 3-2. Men det var ikkje slutt med det. Like før pause gjekk Bergsøy opp i en 4-2 ledelse da Arild Kvalsund fekk stå umarkert i feltet etter et langt innkast. Arild dempa innlegget, og løfta ballen over Vigra-keeperen og i nettet. Ikkje lenge etter måtte Arild forlate bana med en strekk bak venstre lår. Bergsøy gjekk til pausen med trampeklapp etter en morosam og målrik omgang.

Også i 2.omgang var det Bergsøy som tok initiativet, og laget burde punktert kampen på to kjempesjansar like etter sidebytte. Først var Tobben Leikanger fint frispela av Kristian Berge, men aleine med keeper satte han ballen på utsida av stolpen. Etterpå var det Kristian Berge som kom aleine med keeper, men heller ikkje han traff målet. Etter dette jamna det seg ut, og dei fleste trudde nok at den endelige avgjerdsla kom da Bergsøy gjekk opp til 5-2 midtveis i omgangen. Lasse Myrhol førte fint fram på venstresida, og det presise innlegget plasserte Lars Ove Almestad fint i hjørnet. Men så kom Bergsøy-kollapsen. Ei medvirkande årsak til at laget kollapsa var nok at veteran Endre Tjervåg måtte forlate bana med krampe. Endre hadde kjempa godt og balansert midtbana på en effektiv måte gjennom heile kampen. Vigra tok fullstendig kommandoen, og vi fekk sjå et konstant trykk mot Bergsøy sitt mål. 28 minutt ut i omgangen sto det 5-3, og 35 minutt ut i omgangen sto det 5-4. I denne perioda spredde det seg en fullstendig panikk i BIL-laget. Utligninga låg i lufta. Heldigvis storspelte Roger Wollan dei siste minutta av kampen, og tok fram ei rekke med fine redningar for å forhindre baklengs. Det gjekk et lettelsens sukk både på tribuna og blant Bergsøyspelarane da dommaren endelig blåste av kampen.

Heile BIL-laget skal ha honnør for ein vel gjennomført kamp, sjølv om det framleis er ein del å jobbe med når det gjeld den defansive organiseringa. 4 baklengs er for mykje. Keper Roger Wollan var kanskje litt passiv ved enkelte situasjonar, men mot slutten fekk han vist sin klasse. I forsvarsfiraren var det alt i alt Nils Roger Paulsen som kom best ifrå det. På midtbana var det Endre Tjervåg og Stian Skoegen. Lars Ove Almestad skal ha honnør for 2 fine mål. Av spissane var det Geir Sandnes som skapte mest bry for gjestane, med mange fine løp.

Laget; Roger Vollan , Rune Frantsen , Nils Roger Paulsen , Vegard Fiksdal , Lasse Myrhol , torbjørn Leikanger , Endre Tjervåg , Stian Skogen , Lars Ove Almestad , Arild Kvalsund , Geir Sandnes .
Innbytte; Kristian Berge , Jarl Åge Wågsholm .

Burde tatt full pott

Fjørtovt - Bergsøy 3-3 (2-3)

: Kristian Berge, Lars O Almestad og Endre Tjervåg
: Jan Spjelkavik, Spjelkavik.
: Henning Karlsen


Les Pravda


Sjå tabellen


-"Dette var en kamp vi burde tatt full pott i. Men etter ein godt gjennomført første omgang, der vi ei stund leia 3-1, fall laget tilbake til gamle synder etter sydebytte. Fjørtovt greidde å utlikne til 3-3 på eit heller billeg idømt straffespark".
(Kort oppsummert av Tom Beddari)

I og med at dei andre toplaga i divisjonen avga poeng så korta likevel Bergsøy avstanden oppover. Bergsøy ligg no 8 poeng bak lag nummer to på tabellen. Med full pott i dei neste kampane så kan Bergsøy fort ha kontakt med tetlaga framfor haustsesongen.

Det var heimelaget Fjørtovt som kom best igangn i laurdagens kamp, og allereie etter fem minutt leia heimelaget 1-0. Eit skot frå spiss vinkel endra retning i en BIL-forsvarar og utmanøvrerte Roger Wollan. Men Bergsøy kom sterkt tilbake. Berre fem minutt seinare var det klart for utlikning. Kristian Berge møtte et innlegg ved bakerste stolpe og sette ballen kontant i nota. Etter dette tok Bergsøy fullstendig kommandoen, og pressa heimelaget over på defansiven. Midtveis i omgangen var det klart for 2-0 til Bergsøy. Lasse Myrhol la en presis corner som Endre Tjervåg var høgt oppe og headda i nettet. Då Lars Ove Almestad ordna 3-1 på ei gjennomløpning kort tid etter såg det ut til at Bergsøy skulle få sin første bortesiger for sesongen. I denne perioda spelte BIL sjanseskapande fotball og hadde fin angrepsfotball. Men istaden for å auke leiinga reduserte Fjørtoft like før pausen etter tafatt forsvarsspel av BIL.

I andre omgang kunne det sjå ut som at Bergsøy gav frå seg initiativet. Bevegelsen frå første omgang var borte, og Fjørtoft tok meir og meir over. Denne perioda minte litt om siste kvarteret mot Vigra i siste runde, der spelarane sto med lua i handa. Men sjølv om Fjørtoft hadde et overtak så greidde Bergsøy å spele seg fram til 3-4 gode scoringsmuligheter. Lars Ove Almestad, Tobben Leikanger og Geir Sandnes misbrukte hvert sitt tilbud. Derimot kom Fjørtoft og utlikna til 3-3 heilt på slutten på ei billeg straffe. Dermed gav Bergsøy slipp på 2 poeng.

Trass dei tre baklengsmåla greidde keeper Roger Wollan seg godt i mål. Forsvarsspelet er imidlertid under ein kvar kritikk, og 11 baklengsmål dei tre siste kampane er for mykje. Den som kom best frå oppgåva denne gangen var debutanten Henning Karlsen som markeringsstoppar. Frammover på bana var det igjen Lars Ove Almestad og Geir Sandnes som markerte seg sterkast.

Laget; Roger Vollan, Vegard Fiksdal, Henning Karlsen, Rune Frantsen, Lasse Myrhol, Lars Ove Almestad, Endre Tjervåg, Torbjørn Leikanger, Stian Skogen, Kristian Berge, Geir Sandnes.
Innbytte; Jarl Åge Wågsholm og Leif Inge Jøsok kom inn.

Siger i Huldalen

Bergsøy - Ha/No 2-0 (1-0)
: Torbjørn Leikanger og Lars Ove Almestad
: Svein Ivar Aarskog, vartdal.


Les Pravda


Sjå tabellen


Det ble hjemmelaget som rodde i land sigeren på grusen i Huldalen på Bergsøy, da de hadde besøk av Ha/No. Bergsøy klarte å halde et jemnt press gjennom hele kampen, og ser også ut til å ha fått bukt med usikkerheten i eget forsvar, som har gjordt seg gjeldende tidligre i sesongen. Det var nok av sjanser til Bergsøy, og de burde vunnet mer enn to mål. Det første målet kom etter 30.minutt ved Torbjørn Leikanger, og 2-0 kom midtvegs i 2.omgang ved Lars Ove Almestad.

Laget; Roger Vollan , Rune Frantsen , Vegard Fiksdal , Nils Roger Paulsen , Lasse Myrhol , Torbjørn Leikanger , Stian Skogen , Endre Tjervåg , Lars Ove Almestad , Geir Sandnes , Arild Kvalsund .
Innbytte; Leif inge Jøsok og Kristian Berge kom inn.

Tredje siger på dei fire siste

Bergsøy - Vartdal 2-1 (2-0)
: Arild Kvalsund og Lars Ove Almestad
: Ernst Trulssen, Spjelkavik


Sjå tabellen


Vartdal gjekk på et nytt bortetap mot et forbedret Bergsøylag, som tok sin tredje siger på de siste fire kampene. Bergsøy akter nå å utfordre tetlaga når høstsesongen tar til. Kampen gikk på Huldal grus, og her pleier Bergsøy å vinne.

Bergsøy dominerte 1.omgang, og to av de seks store mulighetene endte i scoring. Arild Kvalsund og Lars Ove Almestad lobbet inn hvert sitt mål i de ti siste minuttene av omgangen. Begge måla kom etter fine gjennomspel. I 2.omgang ble det jevnere, med det gikk 36 minutter før Vidar Vartdal reduserte. For øvrig etter et angrep der Elling Woldsund sto for alt, unntatt å dytte ballen imål. gifartdal hadde et visst overtak mot slutten, men fekk ingen klare sjansar. Pluss til Vegard Fiksdal, Geir Sandnes og Arild Kvalsund på vinnerlaget.

Laget; Roger Vollan , Vegard Fiksdal , Rune Frantsen , Nils Roger Paulsen , Lasse Myrhol , Torbjørn Leikanger , Endre Tjervåg , Stian Skogen , Lars Ove Almestad , Arild Kvalsund , Geir Sandnes .


Sommerpause

Bergsøy var på treningsleir i Danmark i Blokhus.
En plass beskrevet som fin med strand, disco, baner og butikker. Nydelig vær var der også. Bergsøy spelte 2 kamper, det endte med to tap. Men utbyttet blir beskrevet som bra, ettersom Bergsøy hadde to treninger per dag. Tom Beddari og Gudmund Hopen var trenere. Sigurd Sævik var bussjåfør. Leif Inge Jøsok og Jarl Åge Vågsholm blei skada i danmark. Jarl Åge er ute for resten av sesongen med brot i ankelen.

Juniorlaget på DanaCup 25-30.juli
Bergsøy - Buøy 1-0 (Lasse Myrhol på straffe).
Bergsøy - Lyma (Brazil) 5-0. (Steinar H 2, Arild, Geir, Flisa).
Bergsøy - Flekkefjor 3-1 (Arild 2, Vegard Fiksdal).
Bergsøy - Loddefjor 3-1. (Rune, Lasse, Arild).
16.delsfinale; Bergsøy - Joinville (Frankrike) 0-6.
Juniorlaget var fornøgde med innsatsen.

Bergsøy i fin haustform

Hasundgot - Bergsøy 1-3 (0-1)
: Arild Kvalsund og Lars Ove Almestad 2


Sjå tabellen


Bergsøy fekk en pangstart på haustsesongen då dei sist laurdag vann 3-1 i den vanskelige bortekampen mot Hasundgot. Dermed ser det ut til at laget fortsetter vinnerstimen fra før ferien - og på dei fem siste kampane har Bergsøy tatt 13 av 15 poeng. Denne imponerande rekka har ført laget til flott kontakt med teten, og med samme taktene utover i sesongen kan det bli svært trivelig for både spelarar og supporterar. Det gjeld å halde føtene godt planta i jorda, og fortsette med å konsentrere seg om en kamp om gongen.

Kva er så årsakene til denne flotte oppsvingen. Årsakene er sikkert fleire, men først og frems fungerer laget bedre defansivt enn tidligare. Dette gjev motstandarane lite rom å jobbe i, samtidig som Bergsøy kan sette igang raske kontra-angrep. Og med dei mange løpssterke og gjennombruddshissige spelarane laget rår over, skaper dei mange scoringssjansar. Det kan nesten sjå ut til at trenarduoen Beddari og Myklebust er inspirert av fotballfilosofien til Drillo?

I laurdagens kamp mot Hasundgot tok Bergsøy initiativet heilt frå start. BIL-spelarane var over Hasundgot som kleggar. Heimelaget skapte knapt en farlig sjanse foran Roger Wollan i første omgang, medan gjestane BIL var på fleire farlige visittar framfor heimelaget sin keeper. Det skulle gå 23 minutt før Bergsøy fekk uttelling. Geir Sandnes var arkitekten bak scoringa då han sende en presis pasning til Lars Ove Almestad som kom på løp bakfrå, og frå skrå vinkel satte Lars Ove ballen sikkert i hjørnet. Flott scåring. Like etter hadde Stian Skogen ei fin headding som strauk like over tverrleggaren. Bergsøy gjekk velfortjent til pause med 1-0 ledelse.

Også etter sidebytte var det Bergsøy som tok kommandoen, og allereie etter et kvarters spel var det klart for 2-0 på en flott enkeltmannsprestasjon av Arild Kvalsund. Han brukte fysikken og farta si, og nærmast rista av seg tre Hasundgotforsvararar, og aleine med keeper sette han ballen rolig i hjørnet. Like etter var Lars Ove Almestad nær ved å auke til 3-0 da han kom aleine med keeper etter et nytt flott gjennomløp, men denne gangen gjekk skuddet i kroppen på keeper. Vidar Gjerde gav heimelaget et nytt håp da han midtvegs i omgangen reduserte på et frispark like utanfor 16-meteren. Heimelaget var også nære utligning like etter som følge av en stygg miss i Bergsøy forsvaret, men Øyvind Sundgot greidde å sette ballen utanfor for ope mål. Istaden punkterte Lars Ove Almestad kampen like etter da han kom på et nytt giftig løp, og omsette Rune Frantsen si perfekte pasning til scoring. Etter dette kontrollerte BIL kampen inn, og sigeren var aldri truga.

Dette var først og fremst en lagsiger, men vi vil likevel gje et ekstra pluss til den nyoppnemte lagkapteinen Vegard Fiksdal som rydda opp i stor stil i sin sweeper rolle. Frammover var det igjen Geir Sandnes og Lars Ove Almestad som skapte størst vanskar for motstandarane. Også Arild Kvalsund viste sitt store potensiale når han glimta til, men kan med fordel bli enda meir aktiv foran mål. Allereie torsdag er det duka for toppoppgjer i Fosnavåg når BIL får besøk av topplaget VRF. Om Bergsøy klarer å jobbe like hardt, ser vi ikkje bort ifrå at laget vil kutte inn ytterligare på forspranget til topplaget - som per dags dato er på 5 poeng.

Laget; Roger Vollan , Vegard Fiksdal , Nils Roger Paulsen , Rune Frantsen , Lasse Myrhol , Lars Ove Almestad , Stian Skogen , Endre Tjervåg , Tobben Leikanger , Geir Sandes , Arild Kvalsund .
Innbytte; Frode Myrhol og Andre Wolsund .

Sterk avsluttning og 2-1 over topplaget

Bergsøy - VRF 2-1 (0-1)
: Torbjørn Leikanger og Dagfinn Vattøy
: Øyvind Kringstad, Valder.
: Rune Frantsen

Bergsøy held fram si imponerande sigersrekke, og torsdag var det topplaget VRF som måtte gi tapt for dei framstormande øyaværingane. På en heller svak dag sikra likevel Bergsøy seg en velfortjent 2-1 siger over velledølane, og nr også dei andre topplava avga poeng, er forspranget nede i 3 poeng. Dermed har Bergsøy tatt 16 poeng av 18 mulige dei siste 6 kampane. I midten av Juni sleit laget i botnstriden, så det har heilt klart vore en flott snuoperasjon for laget. Seinare i haust skal Bergsøy feire 50-års jubileum, og det hadde vore flott om det også kunne bli et sportslig jubelår.

Bergsøy måtte i torsdagens kamp stille uten to av sine beste angrepsvåpen. Lars Ove Almestad hadde tre gule kort, og Arild Kvalsund fekk seg en strekk i siste juniorkamp. Angrepssepelet vart dermed litt meir stasjonært og passivt, og vi sakna løpa bakanfrå som har vore lagets store kjennetegn dei siste kampane. Likevel var det Bergsøy som splte seg fram til dei største sjansane i første omgang. Etter 5 minutt sende Kristian Berge et frispark i stolperota, og litt seinare hadde Berge ei headding som blei redda på streken.

Det var likevel gjestane som tok leiinga på sin første skikkelige sjanse før pause. Etter en halv times spel vart en VRF-angripar noko unødvendig klippt ned inne i Bergsøy sitt målfelt. Karl Inge Hole satte straffesparket sikkert i mål. Ein kalddusj for Bergsøy. 10 minutt seinare låg utligninga i lufta, då Stian Skogen fekk ballen på fem meters hald etter et frispark. Men i staden for å styre ballen imål, brukte han kraft og ballen small i tverrleggaren. Gjestane kunne dermed gå til pause med ei 1-0 leiing.

Heller ikkje i starten av den 2.omgangen fekk Bergsøy sving på angrepsspelet. Det var noko tamt og interesselaust over spelet. Vi sakna initiativ, og i løpet av den første halvdelen av omgangen skapte ikkje Bergsøy ein sjanse foran VRF målet. Derimot var gjestane nære ved å auke til 2-0 då banens klart beste spelar Ole Jostein fet snappa ballen frå Vegard Fiksdal som prøvde å drible som sistemann. Men før Fet fekk skyte så var Vegard tilbake og fekk rydda opp. Så i det 35.minuttet kom endelig utligninga, og den gav ekspertane som hadde starta å bli frustrerte, nytt håp. Geir Sandnes fann Tobben Leikanger med ei lang pasning, og fra nesten dø vinkel greidde Tobben å lure ballen mellom stanga og keeper. Etter dette friskna kampen til litt, og vi fekk ei dramatisk avsluttning. Fem minutt før slutt kom sigersmålet. Det var kampens flottaste angrep og ressigert av dei to leikongarane Stian Skogen og Dagfinn Vattøy. Dei kombinerte fint frammover på bana, før Dagfinn spelte vegg med Kristian Berge, og aleine med keeper satte Dagfinn ballen beherska i hjørnet. Praktscoring.

Men dramatikken var ikkje slutt med dette. I siste speleminutt fekk VRF tildelt frispark frå 7-8 meters hald etter en situasjon som dommar Øyvind Kringstad tolka som tilbakespel. Heile BIL-laget stillte seg på streken, og greidde å blokkere skotet frå VRF-spelaren. Akkurat då var pulsen høg hos BIL-patriotane. På overtid var Stian Skogen nære ved å auke Bergsøy sin ledelse, men skotet gjekk i kroppen på keeper Alnes. Lykkelige Bergsøyspelarar kunne rette hendene i være då dommaren blåste av kampen. Bestemannsprisen går til høgre back Rune Frantsen som spelte fornuftig både defansivt og offansivt. Rune med sine kreative evner bør frigjerast til oppgåver lengre frammover på bana. Elles pluss til midtbanespelarane Stian Skogen og Endre Tjervåg. Dei fleste andre var litt under par.

Laget; Roger Vollan, Vegard Fiksdal, Nils Roger Paulsen, Rune Frantsen, Lasse Myrhol, Tobben Leikanger, Andre Wolsund, Stian Skogen, Endre Tjervåg, Geir Sandnes, Kristian Berge.
Innbytte; Dagfinn Vattøy og Frode Myrhol.

Bergsøy på 3.plass

Ellingsøy - Bergsøy 0-2 (0-1)
: Torbjørn Leikanger og Arild Kvalsund
: Magne Tøsse.
: Arild Kvalsund sin A-kamp nr 50

Bergsøy si imponerande sigersrekke ser ikkje ut til å ta nokon ende. Torsdag vann Bergsøy nok en sterk siger da dei slo Ellingsøy 2-0 borte. Dermed har Bergsøy klatra til 3.plassen på tabellen, og har teke 19 av 21 mulige poeng dei siste sju kampane. LAget har i denne perioda avansert frå botnstriden til toppstriden. No er det opp til spelarane å halde fram i same spor og jobbe like hardt dei attståande kampane, då kan det bli mykje morro utover hasten.

-"Men forebels snakkar vi ikkje om opprykk i det heile. Vi tek en kamp om gongen og prøver å gjere det beste ut av det. Det er som kjent minimale marginar i fotball, men dersom karane er innstillt på å jobbe like hardt frammover hausten, så har dei bevist at dei har kapasitet til å slå dei fleste motstandarane i divisjonen."
(Tom Beddari etter kampen.)

Til kampen mot Ellingsøy hadde trenar-duoen Beddari/Myklebust lagt om systemet frå 4-4-2 til 4-5-1, for å kunne matche heimelaget på midtfeltet. Dette trekket viste seg å vere fornuftig. Ellingsøy opna rett nok best, men etter å ha foretatt en del justeringar i markeringane og formasjonane så tok Bergsøy meir og meir over initiativet. Allereie etter 10 minutter var det klart for Bergsøy-leiing. Tobben Leikanger møtte fint en retur i feltet, og frå skrå vinkel sende han ballen i nota med fynd og klem. Etter dette kontrollerte BIL det meste, og hadde fleire sjansar til å auke leiinga. Mellom anna var Lars Ove Almestad aleine med keeper etter ei typisk Lars Ove gjennomløpning. Han lukkast desverre ikkje med avsluttninga. Bergsøy gjekk til pause med en fortjent 1-0 ledelse.

Også i byrjinga av den andre omgangen yppa heimelaget seg. Men Bergsøy tok over kommandoen etterkvart. Etter et kvarter var det klart for 2-0 for gjestane. Arild Kvalsund mottok et flott framspill frå midtstreken, brukte farta si, og etter å ha runda keeperen hadde han berre å trille ballen inn i det opne målet. Nok en fin prestasjon av Arild, som no er toppscorar saman med Lars Ove Almestad. Bergsøy kontrollerte det meste, og Tobben Leikanger var nære ved å auke ytterligare. Skotet small i tverrleggaren. Siste 12 minutta pressa imidlertid heimelaget Bergsøy over på defansiven, men Bergsøy spelte fornuftig i forsvar og hadde små problem med å trygge sigeren.

Bergsøy keeper Roger Wollan spelte nok en gong overbevisande i mål, og det gav det svært unge Bergsøy-forsvaret den nødvendige støtte og ro. Etter at Vegard Fiksdal måtte stå over med tre gule, vikarierte junioren Lasse Myrhol som sweeper, ei oppgave han løyste på overbevisande måte. Også dei to juniorane på backplass Rune Frantsen og Ronny Pål Kvalsvik imponerte. Elles er det gledelig at Tobben Leikanger no ser ut til å finne haustforma. Han har no fått en meir sentral plass på bana, og ser ut til å trivast bedre her enn som kantspelar. Elles la Geir Sandnes ned et imponerande arbeid som enslig spiss, og batt til tider 3 forsvarere med si aktive forsjekking.

Laget;
Roger Wollan , Lasse Myrhol , Nils Roger Paulsen , Rune Frantsen , Rony Pål Kvalsvik , Kristian Berge , Endre Tjervåg , Lars Ove Almestad , Tobben Leikanger , Arild Kvalsund (A-kamp nr 50) , Geir Sandnes .
Innbytte; Hening Karlesn og Jan T Teige kom inn.

Sjansesløseri de luxe

Bergsøy - Herd 1-1 (0-0)
: Vegard Fiksdal
: Bossen Finsæter


Les pravda


Dei reiv seg i håret i fortviling, Bergsøy-spelarane, da dommaren bles av for fulltid i torsdagens heimekamp mot Herd som utrulig nok endte uavgjort. Og vi forstår så godt laget sin frustrasjon i en kamp som dei dominerte fullstendig frå start til slutt. Aldri før har vel Bergsøy-publikumet opplevd maken til sjansesløseri som denne kvelden. BIL-spelarane med Geir Sandnes og Vegard Fiksdal i spissen brukte trege Herd-forsvarere som rundingsbøyer og rundspelte til tider ålesundarane. Utrulig nok klarte Bergsøy berre å score en gang på sine 20-talls 100% sjansar. Bergsøyspelarane sprang gjestane i senk, og til tider var det reine kanonaden mot Herd-målet. Derimot sora Herd på sin einaste sjanse i kampen då veteranen Jan Krogen utlikna til 1-1 like før slutt etter at Bergsøy-forsvaret alt for lett blei utspelt på høgresida.

Slik kan altså fotball være, men det er dette som er så facinerande med spelet. Bergsøy bør gløyme kampen så raskt som råd, og heller konsentrere seg om å jobbe hardt vidare. Sjølv om det var stang ut, så viste Bergsøy til tider sprudlande spel med godt kombinasjonsspel der ålesundarane blei gjort til statistar. Det å skape over 20 100%-sjanser er i seg sjølv overbevisande, og med litt mer is i magen så vil scoringane kome. Det var mange situasjonar der spelarane med fordel kunne brukt ei skotfinte for å få keeperen ut av balanse. Det blei mange skot i håp på det beste.


(Bildet; Endelig scåring!. Vegard Fiksdal gir Bergsøy 1-0)

Først et kvarter før full tid fekk laget endelig hol på byllen, og det var kapteinen Vegard Fiksdal som fekk æra av å score målet. Han møtte et fint framspel frå Lars Ove Almestad og sette ballen beherska til side for keeper og inn i målet. Akkurat då hørde vi et lettelsens sukk frå neglebitande BIL-patriotar. Endelig kom scoringa som skulle sikre Bergsøy 3 poeng. Derfor vart det knystande stillt då Herd 7 minutter før full tid var frekke nok til å utligne på sin einaste sjanse i kampen, og røva med seg et poeng tilbake til Ålesund. Herd fortjener imidlertid ros for å aldri gi opp.

Ser en bort ifrå sjansesløsinga, så leverte Bergsøy en god kamp. Det meste var bra heilt til det siste trekket. Sjølv om avsluttningane etterkvart fekk et tragikomisk preg over seg, så klarte guttane likevel å halde oppe moralen. Det burde imidlertid vore vist en litt større agressivitet inne i målfeltet. Forsvaret til Bergsøy hadde full kontroll heile kampen, med unntak av baklengsmålet. Ronny Pål Kvalsvik leverte nok en god kamp som høgre back, og var konstruktiv frammover. Lengre framme spelte til tider Geir Sandnes og Vegard Fiksdal glitrande, og dei to lettbeinte teknikarane brukte Herd-forsvaret som rundingsbøyer. Bere synd det ikkje gav større uttelling.

Laget;
Roger Wollan , Lasse Myrhol , Nils Roger Paulsen , Ronny Pål Kvalsvik , Rune Frantsen , Vegard Fiksdal , Endre Tjervåg , Tobben Leikanger , Lars Ove Almestad , Geir Sandnes , Arild Kvalsund .
Innbytte; Kristian Berge og Arild Heggedus kom inn.

Tafatt Bergsøy-lag

Hovdebygda - Bergsøy 2-1 (1-1)
: Endre Tjervåg
: Oddgeir Sandø, Hessa


Sjå tabell


Hovdebygda ville meir. Dei var meir aggresive og dei vann dei fleste duellane. Derfor vann dei også fortjent 2-1. Sjølv om vi hadde ballen mest i laget og kanskje hadde dei fleste sjansane, er vi for feige framfor kassa. Derfor vil vi i tida frammover prioritere agressivitet i angrepsfasen. Begge dei to siste kampane viser at vi er for lite besluttsome i avsluttningsfasa. Men sjølv om vi har hatt en liten nedtur dei siste dagane, er eg overbevist om at med full skjerping i dei fem siste kampane så kan vi være bland dei to laga som rykk opp. Men då må innstillinga og haldningane skjerpast. Og for å få meir konkurranse om plassane vil vi også ta heim dei to innsatsbuntane Stian Skogen og Dagfinn Vattøy som begge går skipperskule i Tønsberg.

Slik oppsummerte Tom Beddari Bergsøy sin situasjon etter at BIL sist søndag gjekk på sitt første tap på 8 kampar. Med berre ett poeng på dei to siste kampane er laget brått nede på en 5.plass på tabellen. Men med fem kampar igjen, og 3 av desse på heimebane, er opprykkskampen ennå ikkje avgjort. Søndagens kamp opna med mykje angrepsspel, der ingen av laga greidde å tilrive seg et særlig overtak. Med det var likevel Hovdebygda som var meir aggresive og tok leiinga etter et kvarters spel. Børge Hovde utnytta ein markeringssvikt i BIL-forsvaret, og frå 16-meters hald sette han ballen velplassert i nota. Etter dette kom gjestane sterkare, og spelte seg fram til nokre store sjansar. Lars Ove Almestad hadde to-tre klare sjansar som han ikkje greidde å omsette i mål. Lars Ove har tydeligvis ikkje marginane på si side for tida. Etter en halvtime var det likevel klart for utligning. Endre Tjervåg fekk tuppa ballen imål etter en corner og mykje klabb og babb i feltet.

Også etter pausen hadde Bergsøy ballen mest, utan å skape dei store sjansane. Det var langt meir vilje i heimelaget sine angrep, og det var derfor ikkje ei stor overrasking då Børge Hovde scora sitt andre mål for dagen etter en headding frå corner. Og sjølv om det sto att en halvtime, og heimelaget fekk utvist Sindre Skurtveit, så klarte Bergsøy aldri å kome tilbake i kampen. På Bergsøy var det kun Roger Wollan, Ronny Pål Kvalsvik, og Endre Tjervåg som kan få godkjent karakter.

Laget; Roger Wollan , Lasse Myrhol , Nils Roger Paulsen , Ronny Pål Kvalsvik , Rune Frantsen , Endre Tjervåg , Vegard Fiksdal , Tobben Leikanger , Lars Ove Almestad , Geir Sandnes , Arild Kvalsund .
Innbytte; Arild Heggedus og Kristian Berge kom inn.

Ny BIL-siger til slutt

Bergsøy - Harøy 3-1 (1-0)
; Vegard Fiksdal, Geir Sandnes, Arild Kvalsund.
; Alf Furland, SIF


Les pravda


Situasjonen i toppen er uendra og like ulidelig spennande etter at alle dei fire topplaga vann sine kampar i denne runda. Sjølv om Bergsøy har det svakaste utgansgspunktet av dei fire laga, er det langt ifrå umogelig å ta full pott i dei fire siste kampane. Laget har bevist at dei har kvalitetar og kapasitet til å slå alle laga i divisjonen.

Laurdagens kamp mot Harøy var langt mer spennande en Bergsøy-tillhengarane sette pris på. Då et svakt Harøy-lag utlikna til 1-1 på ei kontring ut i den andre omgangen, samtidig som Bergsøy spolerte den eine store sjansen etter den andre, frykta vi ei ny Herd-blemme. Men to raske scoringar i dei siste åtte minutta av kampen avgjorde i Bergsøy sin favør. Bergsøy tok fort kommandoen mot et svakt Harøy-lag, men på grunn av svak pasningskvalitet og liten kreativitet hadde Bergsøy problemer med å spele seg igjennom forsvaret til Harøy. Farligast vart det då Vegard Fiksdal kom seg rundt på kanten, men det var for liten vilje og aggresivitet inne i feltet. Dermed hadde Harøy-forsvaret en enkel jobb med å klarere. Særlig sakna vi folk på fremste stolpe på dei mange innlegga.

I det 20.minuttet var det imidlertid klart for 1-0. Arild Kvalsund og Geir Sandnes kombinerte fint på høgresida. Geir avslutta med ein mellomting mellom skot og pasning, som vegard Fiksdal var påpasselig frammpå og sette imål frå 7 meters hald. Også seinare i omgangen hadde BIL en del sjansar, ofte etter lange presise pasningar frå sweeper Lasse Myrhol. Sjølv om Bergsøy styrte kampen hadde Harøy to raske og farlige spissar på topp i Morten Håheim og Bjørn Håheim, som var en stadig trussel mot forsvaret. Harøy var nære på å utlikne rett før pausen, men Nils Roger Paulsen fekk feia ballen til corner.

Også i 2-omgang hadde Bergsøy et klart spelesmessig overtak og spelte småpent på midtbana, men det vart for lite tyngde og aggresivitet framover. Derimot var harøy giftige på sine kontringar, og etter 8 minutt venta vi på utlikninga. Bjørn Håheim kom aleine med keeper Roger Wollan, men Roger kasta seg i føtene på spissen og fekk avverga scoring. Midtveis i omgangen skulle likevel utligninga kome. Samme Håheim fekk stå umarkert, og frå 16-meters hold small han ballen i vinkelen. Bergsøy keeperen rakk ikkje å løfte en finger. Etter dette kjørde Bergsøy hardt på for å på nytt skaffe seg leiing i kampen. Endre Tjervåg headda en ball i mål, men denne blei avblåst feilaktig for angrep på keeper. I denne situasjonen var det ein medspelar som hindra keeperen. Så i det 38.minuttat var det klart for nytt mål. Vegard Fiksdal forserte fint til dølinja, og etter litt rot lykkast det for Geir Sandnes å headde ballen inn i mål. Og det stoppa ikkje med det. Like etter gjekk Geir på et nytt flott Leo-løp, finta ut en motspelar, og la presist tilbake til Arild Kvalsund. Arild sende ballen i mål frå 16-meters hald. I angrepet etter var det Rune Frantsen sin tur å få annulert et mål, denne gangen tvilsomt for offside.

Hos heimelaget gjorde nok en gang keeper Roger Wollan en solid kamp. Lasse Myrhol ser ut til å trivast i rolla som sweeper. Han skal også ha ros for sine mange fine langpasningar. Også Rune Frantsen imponerte, sikker defansivt og med effektive raid frammover. Geir Sandnes gjorde mest ut av seg av dei lengre frammover på bana.

Laget;
Roger Wollan , Lasse Myrhol , Nils Roger Paulsen , Ronny Pål Kvalsvik , Rune Frantsen , Vegard Fiksdal , Tobben Leikanger , Endre Tjervåg , Lars Ove Almestad , Arild Kvalsund , Geir Sandnes .
Innbytte; Kristian Berge og Arild Heggedus kom inn.

Bergsøy rundspelte topplaget

Bergsøy - Hundeidvik 3-0
: Arild Kvalsund 2, Tobben Leikanger
: Geir Sandnes


Les pravda


Sjå tabellen


Bergsøy rundspelte topplaget og vann fortjent 3-0 i lørdagens toppoppgjer i Fosnavåg. Resultatet var faktisk nærmare 6-0 enn bortelaget var å få ei redusering. Hundeidvik skapte knapt nok en farlig sjanse gjennom heile kampen. Det skulle seie det meste om styrkeforholdet, og med tillsvarande tæl og vilje i dei tre siste kampane bør Bergsøy være med i kampen om opprykk heilt til siste slutt.

I laurdagens kamp mot Hundeidvik tok Bergsøy kommandoen heilt frå start, og pressa gjestane over på defansiven. Men trass i sitt store spelesmessige overtak hadde Bergsøy problemer med å utnytte sjansane. Den siste avgjerande pasninga ble ofte for unøyaktig, og aggresiviteten litt for dårlig. Etter halvtimen vart Tobben Leikanger nydelig frispela av Geir Sandnes, men bomma for ope mål. Like etter hadde Tobben en tillsvarande sjanse, men nok en gong blei det bom. Også Arild Kvalsund var aleine med keeper etter ei nydelig frispeling av Geir Sandnes, men lobben gjekk over. Fem minutt før pausen brukte dribleglade Vegard Fiksdal ein Hundeidvikforsvarar som rundingsbøye, men keeper var kjappt nede og redda det velplasserte skotet. Trass overtaket såg omgangen ut til å ende mållaus, men Arild Kvalsund synte sine kvaliteter. På overtid mottok han ei pasning frå Tobben Leikanger, og drog seg fri frå to forsvararar og sette ballen sikkert i hjørnet frå 16-meteren. Flott enkeltmannsprestasjon.


(Bildet; God keeper Roger Vollan flankert av målscorere Arild Kvalsund og Tobben Leikanger)


Også i 2-omgang var det et ensidig press mot gjestane sitt mål, og de var en svært så rolig dag for den solide Bersøy keeperen Roger Vollan. Bergsøy kombinerte fint, men trass i mange store sjansat tok det en halvtime før laget punkterte kampen. Igjen var det Arild Kvalsund som mottok en pasning frå Tobben Leikanger, og runda keeperen. En forsvarar fekk avklarert i første omgang, men Arild fekk tak i returen igjen og gjorde sitt til at ballen trilla over streken til 2-0. Like etter var det klart for 3-0. Geir Sandnes finta en Hundeidvik-forsvarar over dølinja, og det presise overlegget sette Tobben Leikanger kontant i netter frå bakerste stolpe. Bergsøy hadde også andre store tilbud, men kampen ebba ut med 3-0. Sigeren kunne lett vore det dobbelte.

Nok en flott gjennomført kamp av det unge BIL-laget, der forsvaret var konsentrert og påpasselig gjennom heile kampen. Elles leverte dei sentrale midtbanespelarane Endre Tjervåg og Tobben Leikanger ein flott kamp. Tobben var denne gang en nøkkelmann med ett mål og to målgjivande pasningar. Også Arild Kvalsund glimta til med to flotte scoringar, men kunne med fordel vore meir aktiv. Banens klart beste spelar var imidlertid Geir Sandnes. Geir har en enorm løpskapasitet, teknikk og overblikk, og han skapte kjempe problem for Hundeidvik sitt forsvar. Hos Hundeidvik var det ikkje uventa at det var den tidligare Brann-spelaren Einar Arne Roth som gjorde mest ut av seg.

Laget;
Roger Wollan , Lasse Myrhol , Nils Roger Paulsen , Ronny Pål Kvalsvik , Rune Frantsen , Vegard Fiksdal , Endre Tjervåg , Tobben Leikanger , Lars Ove Almestad , Arild Kvalsund , Geir Sandnes .
Innbytte; Arild Heggedus og Stian Skogen kom inn.

Vigra - Bergsøy 4-0 (2-0)

: Ingen

Laget;
Roger Wollan, Lasse Myrhol, Nils Roger Paulsen, Ronny Pål Kvalsvik, Rune Frantsen, Arild Kvalsund, Lars Ove Almestad, Tobben Leikanger, Endre Tjervåg, Vegard Fiksdal, Geir Sandnes.
Innbytte; Stian Skogen og Dagfinn Vattøy kom inn.

Bergsøy - Fjørtoft 0-1 (0-1)

: Ingen

Laget;
Roger Wollan, Lasse Myrhol, Nils Roger Paulsen, Ronny Pål Kvalsvik, Rune Frantsen, Lars Ove Almestad, Tobben Leikanger, Endre Tjervåg, Vegard Fiksdal, Geir Sandnes, Kristian Berge.
Innbytte; Frank Sverre Kopperstad, Jan T Teige.

Ha/No - Bergsøy 6-2 (1-1)

: Fred Frantsen, Tobben Leikanger
: Oddgeir Sandø, Hessa.

Ha/No avslutta sesongen med en sterk 6-2 seier over Bergsøy, men måttet vunnet en dobbelt så stor seier skulle plassen i divisjonen vore redda. Gjestane hadde problemer med å stille et slagkraftig lag, men gode gamle Fred Frantzen feilet ikke da han ble frispelt fem minutter før pausen. Ledelsen holdt bare i ett minutt. Kenneth Ulla headdet en corner i mål til 1-1. Og samme Ulla skulle vise seg å bli kampens store spiller. I det syvende minuttet etter sidebyttet ordne han straffespark som Asgeir Nogva scoret på. Minuttet etter gjorde Ulla 3-1. Torbjørn Leikanger reduserte for Bergsøy, før den godaste Ulla noterte seg for tre nye scoringar.

Laget;
Roger Wollan, Lasse Myrhol, Nils Roger Paulsen, Ronny Pål Kvalsvik, Tobben Leikanger, Geir Sandnes, Dagfinn Vattøy, Lars Ove Almestad, Stian Skogen, Fred Frantsen
(Ikkje full oversikt)
Innbytte;







Kampreferat































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::