Kampreferat 2007:

Slitesiger mot Gursken/Larsnes

Bergsøy - Gursken/Larsnes 1-0 (0-0)


Steffen Helsem Kvalsund

Torsdag den 9.august 2007
Bergsøy kunstgrasbane

Geir Sandnes, Harald Haugen

: Joakim Bendal, Thomas Voldsund.
: Dag Gøran Brandal. Første klubbmøte i fosnavåg.
: 3: Gustav Pettersen, 2: Arve Kvalsvik 1; Harald Haugen


Kampen

Pre-match omtale.

Så var sommaren over, og spelarane skulle være klare for del to av den spennande 4.divisjons-serien. Bergsøy "redda seg inn" i tetstriden mot slutten ved hjelp av to heimesigrar på rad, og ved halvspelt serie var Bergsøy 6 poeng fra den andre opprykksplassen. For å henge med i toppsjiktet må Bergsøy forbedre innsatsen, spessielt på bortebane, i haustsesongen. Heime mot Larsnes/Gursken kunne det ikkje være rom for anna enn seier. Dette var den tredje heimekampen på rad, og på Bergsøy si kunstgrasbane har laget ennå til gode å tape. Berre Ørskog har klart å frata Bergsøy poeng på denne bana.

Larsnes/Gursken slo Bergsøy 3-0 i ei heller pinlig affære i vårsesongen. Det var ein jamn kamp på 0-0, men det endte ganske så ujamnt etter at heimelaget først fekk hull på byllen. Totalt sett kan vi seie at Bergsøy blei på ein måte ydmyka av sin "mindre" nabo den kampen, idet som var laga sitt første møte mot kvarandre i seriesammenheng. Returoppgjæret var såleis laga sitt første møte i Fosnavåg, og Bergsøy hadde et resultat å hevne. Rivaliseringa mellom klubbane er vennligsinna, men også av en ærerik art. En kan seie at mange nok fekk litt kaffe i halsen da en kunne lese i avisa at Gursken/Larsnes hadde tatt over storebror-rolla i Herøy/sande. Dette sto skrevet som bakgrunn av at Bergsøy den gang var bak Larsnes/Gursken på tabellen. Foran dette oppgjøret var Bergsøy fire poeng foran, og med siger kunne det bli ei luke ned.

Når det gjeld Bergsøy-troppa så hadde laget alle mann tilgjengelige til denne kampen, det vil seie så mange at ikkje alle kunne bli tatt med i kamptroppa. Laget hadde lagt bak seg ein vellykka treningsleir i Lillehammer der dei spelte to kampar og vann begge. Toni Sandanger (comeback) og Dag Gøran Brandal (ny-signering) blei speleklare, mens einaste avgangen gjennom sommaren var Daniel Hatløy som reiste til Bergen (studier).

(Bildet: Trenarane var optimistiske foran kampstarten. )


Kampen: Første omgang.

Arve Kvalsvik starta imål, og fekk dermed fornya tillit i posisjonen han hadde storspelt i gjennom vårsesongen. Thomas Voldsund starta på høgrebacken, Magne Havnen var midtstoppar ilag med Vegard Sævik, og Harald Haugen var tilbake på venstrebacken. På midtbanen hadde trenar Tom Beddari fleire valgmuligheter, og formspelaren Joakim Bendal starta kampen på høgrekanten. Geir Sandnes og Bjørnar Gundersen var indreløparar, mens Gustav Pettersen var ankeret sentralt, og Anders Per Vågsholm var på venstrekanten. På spissplassen spelte Frank Sverre Skorpen.

Det var mange oppmøtte tillskuerar, og været var fint sjølv om det var noko kald vind. Hos Gursken/Larsnes merka vi at profilane Steffen Moltu og Johnny Moltubakk var klare til spel mot gamleklubben sin. I starten trudde vi likevel ikkje at nokon kunne stoppe det framadstormande heimelaget. Dei første opningsminutta var ei lita bølge mot borteforsvaret som såg ut til å vakle idet Bergsøys raske angriparar gjekk på løp. Fartsfantomet Joakim Bendal var nærme ei scoring i starten, men blei desverre for både han og Bergsøy skada istadenfor. Farta til Joakim var det som såg ut til å mangle dei neste 40 minutta av omgangen idet Bergsøy gang på gang kjørte seg noko fast sentralt på bana. I ankerrolla på midtbana fanga Gustav Pettersen opp mange av ballane som kom "inn i sekken" av Bergsøyspelarar.

(Bildet: Kampen skulle brått være over for Joakim. Han meinte å høre at det braut i foten, og brudd blei da også seinare konstantert.. )


Det var fortsatt endel feriepreg over fotballen som blei prestert, og dei aller fleste var noko under pari. Samtidig var nok Larsnes/Gursken godt forberedt, og spelte både godt og fornuftig. Bortelaget hadde ei blanding med både sterke og tekniske spelarar, og kampen skulle nok bli meir jamn enn det heimelaget hadde håpa på. Steffen Moltu var ein kjempe i forsvaret kampen gjennom, og er vår kandidat til banens beste spelar. Frank Sverre Skorpen hadde ein vanskelig jobb aleine mot Moltu. Noko dårlig samhaldning i Bergsøylaget gjorde at spelarane tidvis var for langt ifra kvarandre. Dette førte til at forsvaret trilla ballen lenge uten å finne midtbanen, på samme måte som midtbanen ikkje heilt klarte å finne ut korleis ballen skulle sendast vidare frammover.

(Bildet: Harald Haugen er alltid villige til å prøve seg frammover, en egenskap som Bergsøy proffiterar på. )


Gustav Pettersen fungerte som et oppspelspunkt og fekk sende vidare nokre ballar, men det vart ofte vanskelig for Bergsøy å kome med gode andrep mot Gursken/LArsnes sin 16-meter. Anders Per Vågsholm gjorde nokre fine ting på kanten, og var flink til å halde på ballen, men totalt sett skuffa midtbanen denne kampen når en kjenner til potensialet som ligg i spelarane. Bjørnar Gundersen var mindre involvert i spelet enn vi huskar frå vårsesongen, sjølv om han hadde et skuddforsøk før pausen. Også Geir Sandnes hadde noko rusk og balltap, men viste også fram sine drivande tofotsdriblingar, teknikken og balansen. Håvard Remøy kom heller ikkje han så altfor ofte rundt på kant, det var samstemminga mellom løp og pasning som ikkje alltid var på plass.

(Bildet: En av dei einaste gode sjansane til Bergsøy før pausen, men Frank Sverre greidde ikkje å føre ballen på rett side av stolpen.. )


-"Det mest positive med kampen i går var publikumsframmøte og at vi fekk 3 poeng. Sjølve kampen var langt under pari fra vår side, og med litt uflaks kunne vi ha tapt. All honør til Gursken/Larsnes som kjempa hardt i 90 min..". (Frank Sverre Skorpen)

Vi kan sjølvsagt fortsette med å påpeike alt som ikkje fungerte, feilpasningar osv. Men det er alltid mest hyggelig å skrive om det som var bra, og Arve Kvalsvik hadde igjen en sterk dag i målet. Uredd i feltet, og gjorde ingen feil som vi kunne sjå. Han blei heller ikkje sett på dei mange prøvene, for dei skudda Gursken/Larsnes hadde som gjekk på mål - dei var fra veldig lang avstand. Bergsøy hadde ganske god kontroll bakover lenge i kampen, egentlig på lik linje som Gursken/Larsnes hadde det. Problemet var at bortelaget skulle kome til gode sjansar når dei først kom til sjansen, for det var dei gangane spissen klarte å lure offsidefella. Det lukta mål ein gang da han kom springande frå venstre og inn mot Arve Kvalsvik, men avsluttninga endte, heldigvis for Bergsøy, over. Hittil i kampen hadde Bergsøy vore nermast scoring, og Frank Sverre Skorpen var ikkje langt unna etter godt press. Det viste seg også at høge stussande ballar kunne være verdt å presse på, men mål blei det ikkje.

(Bildet: Gursken/Larsnes sin største sjanse i første omgang, men ballen går over.. )


Laga gjekk til pause med 0-0, og det var ingen stor omgang som blei prestert. Steffen Moltu var omgangens dominerande skikkelse, og rydda opp i stor stil bak i forsvaret til bortelaget. Omgangen var i det heile prega av svært få spennande hendelsar. Lite sjansar, men desto fleire frispark og stopp i spelet. Gursken/Larsnes var også flinke i å variere med dei kyniske avklareringane og å vise fram sine tekniske ferdigheter. Johnny Moltubakk var lite med i spelet, medan broren fekk visst noko meir av sitt repertoar denne gangen.

(Bildet: Dag Gøran Brandal fekk sin Bergsøydebut, og gjorde en god jobb på høgrebacken.. )


Thomas Voldsund måtte ut med skade i løpet av den første omgangen, og det opna opp for debuten til Bergsøys nyervervelse Dag Gøran Brandal. Dag Gøran er ein anveldelig spelar med tekniske ferdigheter som Bergsøy vil få god nytte av.

Kampen: Andre omgang.

Sola kom litt meir utover omgangen, men det var fortsatt ikkje alt som stemde for Bergsøy. Det var lett å forstår at frustrasjon kunne bre seg i laget etterkvart som tida gjekk og ingen mål kom. Gursken/Larsnes låg fortsatt ganske smart i sine formasjonar, og satsa på at laget ville få den avgjærande kontringa. Så kom den første store sjansen, og ei Gurskenspelar fekk spurte aleine mot mål. Dag Gøran Brandal kom spurtande etter og ofra seg i ei reddande tackling for å hindre baklengs. Gursken/Larsnes ropte på straffe, og enkelte på tribuna meinte også at dette lukta straffe lang vei, men dommaren vinka spelet vidare.

(Bildet: Vegard Sævik hadde sjefsrolla i forsvaret, og laget holdt nullen bakover.. )


Hos Bergsøy gjekk ballen litt for seint, og det blei for mykje føring i sakte tempo. Likevel såg en etterkvart at sjansar skulle kome, og Anders-Per Vågsholm fekk to gode sjansar frå kanten. Idet desse forsøka ikkje endte i scoring, den eine sjansen som følge av et fint innlegg av Geir Sandnes, så kunne en frykte at dette var ein slik dag der ingenting skulle gå lagets veg. I satsinga frammover såg en også at Bergsøy til tider var litt opne bakover, men forsvaret rydda opp i det meste. Etterkvart som tida gjekk så blei det på tide for å støtte meir opp rundt Frank Sverre Skorpen på topp for å sette meir press på bortelaget. Inn kom Steffen Kvalsund for ein skada Håvard Remøy, og Frantz Frantzen kom også inn like etter for Bjørnar Gundersen.

(Bildet: Johnny Moltubakk hadde seg nokre forsøk frammover for Gursken/Larsnes.. )


Og målet skulle kome. Frank Sverre Skorpen bydde på veggspel da han fann Steffen Kvalsund fri inne i Gursken/Larsnes sin 16.meter, men Steffen la heller ballen til rette for eit raskt skudd. Ballen gjekk inn imål ved motsatt stolpe, og endelig kunne laget ha noko å juble for. Ikkje lenge etterpå skulle Kvalsund få ein lignande sjanse, denne gangen etter en flott flikk i bakrommet av Frantz Frantzen. Istadenfor å smelle til prøvde Kvalsund å finne det lengste hjørnet en gang til, men keeperen var med på notane denne gangen.

(Bildet: Frank Sverre Skorpen blei godt pakka inn av dei robuste forsvararane til Gursken/Larsnes. )


Målet gjorde at det blei et opnare spel dei siste minutta. Gursken/Larsnes pressa på, og kom ganske så nærme etter en corner. Ballen gjekk fram og tilbake i feltet, og et skudd gjekk også i undersida av tverrleggaren før forsvaret greidde å klarere. På ei kontring den andre vegen var Frank Sverre nærme scoring på det som blei en mellomting av et skudd og ei pasning mot den bakerste stolpen. Men det kom aldri fleire mål, og Bergsøy vann 1-0 i ein skikkelig slitekamp.

(Bildet: Geir Sandnes får gult kort etter ei for hard tackling på Johnny Moltubakk.. )


Det er nok forskjellig vi ikkje har nemnt. Harald Haugen fekk gult kort for protestar, noko han også fekk sist kamp han spelte. Knut Peter kom også inn mot slutten av kampen på høgrekanten for Anders Per Vågsholm. Ved kampens ende kunne Bergsøyspelarane og trenarane være glade for dei tre poenga, mens Gursken/Larsnes hadde all grunn til å deppe. Det er alltid surt å tape mot slutten av ein kamp, særlig når en med meir marginar sjølv kunne vunne. Gursken/Larsnes tok ikkje vare på dei sjansane som kom, og på 0-0 blei det brend ein stor sjanse for bortelaget som blei "måka" over mål. Kanskje fortjente ingen av laga å vinne, men Bergsøy gjorde det.

Måla
Det blei berre ett, - viktig et.
Spenninga
Det var litt første målet vinner
Underholdning
Slett ingen stor kamp av heimelaget..
Totalt
Svak kamp, viktig siger.

Kampen: Oppsummering.

Bergsøy vann med knappast mulig margin. Det var ei dårlig kamp offansivt, men det er gledelig at en ikkje slepp inn mål. Gursken/Larsnes var ikkje alltid like fornøgd med dommarens avgjerdslar, og meinte Bergsøy sine spelarar slapp billeg unna. Vi kan være einige i at nokre avgjerdslar var på kanten, og at også Gustav Pettersen var heldig i å sleppe det gule kortet ved ett tilfelle.

-"Er det ikkje gult kort begge veiar?..". (Ironisk utspel høyrt frå tribunen)

Det var ingen kamp som blir huska i lange tider, men det vi håpar på er at denne sigeren skal bli en av mange viktige - og som fører Bergsøy tilbake til 3.divisjon. Dit er det en lang vei å gå, men det verkar ikkje umulig. Resten av sesongen har Bergsøy mange av bunnlaga på bortebane og skal spele mot dei fleste av topplaga heme i Fosnavåg. Mange poeng skal spelast om ennå, og det er seks poeng opp til opprykk.



Det var ikkje lett å velge kven som skulle få bestemannsprisane denne gangen. Arve Kvalsvik får to poeng av oss for sin feilfrie dag, men blei heller ikkje satt på så mange prøvene. Harald Haugen får ett poeng for at han aldri gir opp med å hjelpe laget med sine offansive bidrag, og Gustav Pettersen går av med 3 poeng fordi han stjal mange ballar sentralt på midten. Gustav var også ofte meir spelbar enn dei andre spelarane, og skapte seg sjølv rom med ballen.

 Spillere
 Spiller  Posisjon  Terning  Mål
  Arve Kvalsvik    Keeper        -
  Thomas Voldsund    Høgre Back        -
  Magne Havnen    Midtstopper        -
  Vegard Sævik    Midtstopper        -
  Harald Haugen    Venstre Back        -
  Joakim Bendal    Høgre Ving        -
  Geir Sandnes    Sentral Midtbane        -
  Gustav Pettersen    Sentral Midtbane        -
  Bjørnar Gundersen    Sentral Midtbane        -
  Anders Per Vågsholm    venstre midtbane        -
  Frank Sverre Skorpen    Spiss        -
 Bytter
 Spiller  Av banen  Spiller  På banen
  Joakim Bendal  (10 min)     Håvard Remøy    (10 min)
  Thomas Voldsund  (uti 1.omg)     Dag Gøran Brandal    (uti 1.omg)
  Håvard Remøy  (uti 2.omg)     Steffen Kvalsund    (uti 2.omg)
  Bjørnar Gundersen  (uti 2.omg)     Frantz Frantzen    (uti 2.omg)
  Anders Per Vågsholm  (uti 2.omg)     Knut Peter Sævik    (uti 2.omg)






758 Kampreferat

















Kampreferat info


Veldig fyldig kampreferat


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat





:: HISTORIKK.com ::