Kampreferat 2007:

Kunstgrasdebut med siger

Bergsøy - Ha/No 3-1 (2-0)


Frank Sverre Skorpen 3

Laurdag den 12.Mai 2007
Bergsøy kunstgrasbane

Lars Ove Sletta,

Lars Henrik Hasund

: Mads Sævik
: 3. Frank Skorpen 2. Harald Haugen 1. Bjørnar Gundersen


Kampen


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Tabellen

Pre-match omtale.

Etter den litt småpinlige kampen mot Gursken/Larsnes i sist runde så måtte Bergsøy heve seg på heimebane mot Ha/No. Det skulle også være duka for den første A-kampen på den nye kunstgrasbana, ei begivenhet spelarane såg fram til. Med siger over Ha/No ville Bergsøy kapre sin tredje siger av fire mulige, noko som må kunne kallast en god seriestart. Ha/No hadde berre ett poeng å vise til hittil i sesongen, etter en uavgjort på heimebane mot Rollon.


(Bildet: Ny bane betyr ny publikumskultur, og dei var plasserte heile veien rundt bana.)


Foran kampen fekk vi vite litt om Ha/No gjennom våre "spionkilder", og spelarane blei oppfordra til å teste bortelagets keeper når sjansen baud seg. Samtidig blei det sagt av Ha/No ikkje skulle klare å halde vårt tempo i 90 minutt, med den forutsetning at Bergsøy skrudde opp tempoet slik en veit laget kan.

Laget mot Ha/No skulle bli endel forandra fra forge kamp. Arve Kvalsvik fortsatte i mål, mens forsvaret denne gang var Paul Kåre Remøy, Terje Teige, Vegard Sævik og Harald Haugen. Vegard Sævik var tilbake i sjefsrolla i forsvar etter lyskesmertene som holdt han ute fra sist kamp. Jørn Kvalsvik måtte denne gangen melde pass på grunn av sjukdom, mens Harald Haugen flytta over frå høgre til venstre back idet Paul Kåre Remøy gjekk frå å være midtstoppar til å ikle rolla som høgreback. På midtbana tok Håvard Remøy høgrekantrolla ettersom Daniel Hatløy måtte melde pass på grunn av konfirmasjon. Sentralt på midtbana var Bjørnar Gundersen og Anders Hoff, mens Steffen Kvalsund var på venstre. På topp var Frank Sverre Skorpen og Gustav Pettersen. Lars Henrik Hasund var ute på grunn av suspansjon etter sitt røde kort mot Gursken/Larsnes. Lars Ove Sletta dømte kampen, og assistentdommere var Magne Krumsvik og Oddmund Kaldhussæter.

Kampen: Første omgang.

Bergsøy starta kampen ganske bra i det flotte solværet, og spelet foregikk for det meste på Ha/No sin banehalvdel den første omgangen. Ballen blei trilla fram og tilbake, og forsvaret til Bergsøy var høgt oppe i bana og hindra at bortelagets spelarar fekk ro til å kome på særlige overgangar. Anders Hoff fann si rolle sentralt på midtbana ganske godt, og fekk være den viktige ballfordelaren som han kan være. Håvard Remøy skulle også markere seg svært så positivt, og gang på gang klarte han å lykkast i sine utfordringar av Ha/No sin venstreback ved hjelp av fart og teknikk. Bergsøy var egentlig ganske uheldige som ikkje skulle klare å få ballen imål etter fleire gode initiativ og innlegg av Håvard frå høgrekanten, men laget fortsatte å styre spelet vel vitande om at fleire sjansar skulle bli skapt.


(Bildet: Anders Helsem Hoff fekk tid og rom til å tre fine stikkarar.)


Skudd blei forsøkt av fleire i den første omgangen. Steffen Kvalsund hadde et plasseringsskudd som gjekk like over tverrleggaren, og Ha/No sin keeper måtte virkelig strekke seg for å halde Harald Haugen sitt lave og harde skudd vekke frå nettmaskene. Harald Haugen hadde i tillegg en kjempesjanse etter nok et flott angrep av Bergsøy, der Frank Sverre Skorpen headda ut til Harald som kom springande med volleybeinet sitt. Desverre for Bergsøy så endte avsluttninga over. Bjørnar Gundersen og Gustav Pettersen hadde også sine forsøk, men dagens høgste skudd hadde Steffen Kvalsund da hans frisparkskudd trulig endte på den andre sida av Myklebustvatnet. Ha/No var ikkje heilt ufarlige sjølv om det var sjeldent mellom kvar gong dei var i Bergsøy sitt målområde, men Arve Kvalsvik virka å ha kontroll på skudda som kom. Det var igrunnen en ganske ufarlig situasjon som skulle føre til kampens første mål, men all ære til Frank Sverre Skorpen som gjekk opp i duell mot keeper på den høge dalande ballen inne i feltet. Frank er ikkje lett å slå i hodeduellar, sjølv ikkje når keeper har lov til å bruke hendene, og jubelen braut laus idet ballen trippa sakte men sikkert mot nettmaskene til 1-0.


(Bildet: Her ser vi situasjonen som førte fram til 2-0 målet, Frank Sverre Skorpen jobbar seg til målsjansen.)


-"Monge so sto fram idag. Harald er konge som offansiv back, Bjørnar var tilbake i kanonslag, Håvard viste kva so bur i dei longe beina, Anders hadde knapt ei feilpasning, og resten meir enn godkjent.". (Frank Sverre Skorpen)

Frank Sverre sitt andre mål skulle kome rett før dommaren blåste i fløyta til pause, og også dette målet kom ganske raskt og uventa på Ha/No. Frank Sverre gjekk på et løp i bakrommet og krangla seg til et skudd som keeper måtte gi retur på, og returen satte Frank heilt borte ved den borterste stolpen til 2-0. Ha/No ville ha offside ved denne situasjonen, men fekk ikkje dommaren med på dette. Bortelaget fekk heller ikkje lov til å røre ballen meir enn berre avsparket etter målet før dommarfløyta gjekk til pause. Det var en artig omgang av Bergsøy, og en fortjent 2-0 ledelse ut ifra både sjansar og spel. Mykje ros for dette skal det offansive forsvaret ha, med Harald Haugen i spissen, som gjorde at Bergsøy fekk med fleire mann i angrep. Samtidig var midtbana flinke til å være spelbare, der Anders Hoff spessielt fekk dirigere og trille ballen vidare med lav feilprosent. Håvard Remøy sine friske takter og Frank Sverre Skorpen sin effektivitet er to andre gode stikkord.

Kampen: Andre omgang.

Den andre omgangen blei ikkje så velspelt som den første, men Bergsøy hadde likevel gode sjansar til å punktere kampen tidlig. Frank Sverre Skorpen kom aleine mot keeper, men Ha/No sin sisteskanse blei ikkje lurt av Skorpen sitt lobbforsøk. Frank skulle få en ny sjanse til å revansjere seg noe seinare i omgangen, mykje på grunn av Harald Haugen sitt flotte offansive bidrag. Harald suste på løp frammover og blei offeret for ei sein tackling inne i Ha/No sin sekstenmeter, og dommaren dømte straffe etter et par sekunders omtenkningstid. Den normalt så sikre straffeeksekutøren Frank Sverre satte ballen et stykke over mål. Forklaringa fekk vi vite seinare; han hadde tatt straffesparket med feil fot.


(Bildet: Thomas Voldsund kom inn i løpet av den 2.omgangen.)


Det blir ofte slik at det er farlig å bomme på mange sjansar, og dermed ikkje punktere kampen slik en kunne ha gjort. Det blei straks litt meir uryddig spel idet Ha/No ganske så heldig fekk redusere til 2-1. Ingen Ha/No-spelarar var nemlig involvert i situasjonen, og det var en liten kommunikasjonssvikt mellom Harald Haugen og Arve Kvalsvik som førte til at Harald sitt tilbakespel trilla inn i mål.


(Bildet: Harald Haugen og Arve Kvalsvik måtte diskutere baklengsmålet etter kampslutt.)


Gale kunne blitt til verre idet Vegard Sævik hadde ei klarering inne i feltet som blei ei pasning på sølvfat til en Ha/No-spelar som kunne skyte på mål frå kloss hold, men Bergsøy slapp unna med skrekken. Det blei mindre trilling av ball, og meir hektiske tilstandar - noko som også førte til fleire ballmist og offsidar utover i omgangen. André Lima hadde to skuddsjansar, men klarte ikkje å sette bortelagets keeper på store prøver. Det var nok engang Harald Haugen si offansive kraft som skulle være avgjærande for kampen, og Harald sitt framspel til Frank Sverre Skorpen kunne ikkje ha vore bedre. Denne gangen avslutta Frank Sverre på en rask og kontant måte, og Bergsøy var oppe i tomålsledelse igjen.


(Bildet: Tremålsscorar Frank Sverre Skorpen jublar etter kampslutt.)


-"Tre minutt før slutt kunne det fort stått fire til heimelaget, då Steffen Kvalsund fekk ballen etter ein corner, men skotet gjekk like til sides for mål. Innkomne Mads Sævik kunne også auka leiinga på overtid, men langskotet tok keeper seg av." (Herøynytt)

Kampen: Oppsummering.

I løpet av den andre omgangen blei det høyrd frå ivrige tillskodarar på sidelinja at laget måtte skjerpe seg. Bergsøy satte nok en god standard i løpet av den første omgangen, en standard som desverre ikkje blei holdt oppe i samtlige 90 minutt. Arbeidsinnsatsen var allikevel alltid på topp, og Bjørnar Gundersen var en av dei som var på stadige løp. Håvard Remøy kom ikkje like godt med etter pausen som han gjorde i den første omgangen, men jobbinga var svært god - noko en også kunne legge merke til da han spurta tilbake i eige forsvar for å rydde opp. Totalt sett så viste Bergsøy fram at dei var et bedre lag enn Ha/No, og noko anna enn en heimesiger som sluttresultat hadde vore urettferdig. Likevel ser en at Bergsøy vinn med små marginar, sjølv kampar som en burde avgjort tidligare. Så lenge laget bikkar resultata i sin favør så skal en likevel ikkje klage på det. En kan heller ikkje unngå å legge merke til at Bergsøy sine fire motstandarar hittil er dei fire som no ligg nederst på tabellen.


(Bildet: Håvard Remøy, Frank Sverre Skorpen og Paul Kåre Remøy jublar for tre nye poeng.)


Det har blitt spelt aldersbestemt på bana tidligare, men dette var altså den første obligatoriske A-kampen på Bergsøy si nye kunstgrasbane. Ha/No fekk æra av å være den historiske motstandaren, mens Frank Sverre Skorpen ikkje berre blei den første til å score mål - men også den første som klarte å score hattrick på det flotte underlaget. Det skulle vise seg at Bergsøy ønskte å spele fin fotball, og på dette underlaget er det virkelig mulig å få det til. Det er mange morsomme fotballtimar å legge merke til på denne bana dei komande åra. Til siste oppsummering kan vi no legge merke til at sigeren førte Bergsøy opp på en 3.plass på tabellen, berre poenget bak Stranda. Ha/No på si side blei tabelljumbo som følge av resultatet. Det er likevel en lang vei å gå, og mange fleire kampar som skal spelast. Divisjonen ser ut til å ha mange jamngode lag.


(Bildet: Den solide midtbaneduoen Bjørnar Gundersen og Anders Hoff jublar for dagens siger.)


Måla
Tre gode mål av Frank.
Spenninga
Litt meir spenning på 2-1
Underholdning
Spelet var ganske bra i perioder.
Totalt
God siger av Bergsøy.

 Spillere
 Spiller  Posisjon  Terning  Mål
  Arve Kvalsvik    Keeper        -
  Paul Kåre Remøy    Høgre Back        -
  Terje Teige    Midtstopper        -
  Vegard Sævik    Midtstopper        -
  Harald Haugen    Venstre Back        -
  Håvard Remøy    Høgre Ving        -
  Anders Hoff    Sentral Midtbane        -
  Bjørnar Gundersen    Sentral Midtbane        -
  Steffen Kvalsund    Sentral Midtbane        -
  Gustav Pettersen    Spiss        -
  Frank Sverre Skorpen    Spiss        -
 Bytter
 Spiller  Av banen  Spiller  På banen
  Gustav Pettersen  (70)    Andre´ Lima    (70)
  Paul Kåre Remøy  (75)    Thomas Voldsund    (75)
  Håvard Remøy  (80)    Gustav Pettersen    (80)
  Steffen Kvalsund  (87)    Mads Sævik    (87)






758 Kampreferat

















Kampreferat info


Veldig fyldig kampreferat


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat





:: HISTORIKK.com ::