Unødvendig poengtap

Måla
Ett flott mål av Bergsøy.
Spenninga
Skulle Bergsøy avgjære kampen?
Underholdning
God første omgang, som sist heimekamp.
Totalt
Bergsøy gjorde mykje rett, men blei straffa.
Bergsøy - Ørskog 1-1 (1-0)

: Gustav Pettersen
:
: Frank Sverre Skorpen
xx tilskuarar
: Øyvind Kringstad,
:
:
:

Torsdag den 24.Mai 2007 på Bergsøy kunstgrasbane.

Pre-match omtale.

Då skulle det være duka for den andre kampen til Bergsøy A-lag på den nye og flotte kunstgrasbana. Motstandar denne gangen var Ørskog, et lag som hadde kjempa seg til gode resultat tidligare i sesongen. Blant anna hadde dei slått Åram/vankam med 1-0 og spelt 3-3 borte mot Herd, laget Bergsøy tapte 4-0 for i sist serierunde. Bergsøy hadde et naturlig ønske om å revansjere seg etter stortapet mot Herd, men måtte gjere dette uten dei to stødige midtstopperane Terje Teige og Vegard Sævik som begge var uaktuelle denne dagen. Rune Frantsen var heller ikkje speleklar slik kanskje mange hadde trudd før kampen, men elles hadde Bergsøy et stort oppmøte i garderoben før kampstart.

I garderoba forut kampen fekk vi vite at Ørskog slett ikkje hadde nokon svakhetspunkter, og dermed var det duka for følgande spelarar å "gi jernet": Arve Kvalsvik starta kampen imål, med forsvararane Thomas Voldsund, Paul Kåre Remøy, Mons Arne Kvalsvik og Harald Haugen foran seg. Dette var nok Thomas sin start-debut på Bergsøy sitt A-lag. På midtbanen denne gangen var Daniel Hatløy tilbake på sin høgrekant, medan Steffen Kvalsund besette venstrekanten. Sentralt på midtbanen var Anders Hoff og Bjørnar Gundersen. På spissplassane var Frank Sverre Skorpen og Gustav Pettersen, to målfarlige spissar med god målscoringsteft på trening bak seg. Dommar denne gangen var Øyvind Kringstad, og han hadde med seg Oddmund Kaldhussæter og Kenneth vestnes på sidelinjene.

Kampen: Første omgang.

Det var en nærvøs start på kampen fra Bergsøy si side, og dei første 5 minutta var prega av usikkerhet. Det var ikkje langt ifrå at Ørskog skulle få seg ein stor sjanse til å gå i ledelsen, men angriparen klarte ikkje å få kontroll på ballen som kom i bakrommet. Etterkvart kom Bergsøy meir inn i rytma, og tok over meir av banespelet. Steffen Kvalsund skulle få heimelagets første gode målsjanse etter å ha blitt frispela av Gustav Pettersen på hjørnet av 16-meteren, men skuddet gjekk i den borterste stolpen og ut. Utover i omgangen var det faktisk venstreback Harald Haugen som kanskje hadde dei fleste avsluttningane, både etter cornerar og fritt spel var han nærme på å score. Målet som imidlertid skulle kome var som tatt ut ifra læreboka idet Thomas Voldsund starta angrepet med et veggspel på høgrekanten. Innlegget flikka Frank Sverre Skorpen vidare til Gustav Pettersen, og Gustav si kalde avsluttning gjekk over bortelagets keeper og inn i nettet. Et flott mål etter raske og gode trekk av heimelaget. Dette var Gustav Pettersen sitt første mål for sesongen, og vi håpar no at ketchupflaska har opna seg for fjorårets toppscorar i klubben.


(Bildet: Bergsøy hadde ballen klart mest i den første omgangen)


Bergsøy hadde gode sjansar til å øke ledelsen, og var nærme på dei allereie nemnte cornerane. Gustav Pettersen skulle få seg ein ny sjanse etter framspel av Frank Sverre Skorpen, men denne gangen gjekk plasseringsskotet frå 15 meter ovanfor det høgre krysset. Langskot blei prøvd av fleire spelarar, og nærmast var Bjørnar Gundersen sitt susande skot som gjekk like utanfor den venstre stolpen samtidig som ein hørte publikums høge sukk. Hadde ballen gått på innsida av stolpen så hadde bana fått oppleve sitt flottaste mål hittil. Ørskog var ikkje på lange visitt inne på Bergsøy sin halvdel, men hadde si styrke i dei raske angrepa. Det var ikkje heilt ufarlig idet Ørskog kom eller hadde corner, men Bergsøy rydda godt opp. Bortelaget hadde også en tendens til å gå i offside, men som vi har erfart tidligare så er det ikkje alltid så ufarlig å satse på at linjedommarane vinkar kvar gong. Rutinerte Kaldhussæter gjorde det meste riktig den første omgangen.


(Bildet: Bjørnar Gundersen er sjelden redd for duellar)


Før vi gløymer den første omgangen heilt så kan vi ta med ein annan omdiskutert situasjon frå dei første 45 minutta. Bortelagets keeper slengte seg klart utanfor 16-meteren for å fange ballen med keeperhanskane, men klarte å krype tilbake til lovlig område før dommar eller linjemann rakk å registrere kva som skjedde. En tydelig glipp som burde ført til et Bergsøyfrispark, men likevel ikkje noko meir å henge seg oppi.

Kampen: Andre omgang.

Det skjedde mindre den første halvdelen av den andre omgangen, og sakte men sikkert fekk Ørskog meir håp om poeng etterkvart som Bergsøy ikkje fekk sitt mål nummer to. Igjen hadde Bergsøy farligheter etter corner, men Ørskog-keeperen fekk fista over til ny corner ved ett tilfelle. Daniel Hatløy var ganske nærme på å utvide ledelsen etter et dribleraid frå høgrekanten, men rakk ikkje å avslutte tidsnok før ballen blei avklarert. Elles var det meir eller mindre halvsjansar som blei prestert. Spissduo Frank Sverre og Gustav kombinerte seg fram til mål, men det resulterte sjeldent til noko som keeperen blei utfordra på.


(Bildet: Ørskog kjempa seg meir inn i kampen i 2.omgang)


-" Gratulerer med en kjempe fin bane, og en vanvittig fin aktivitetspark! Bergsøy best første 60, Ørskog best siste 30.". (Skrevet av "ørskog" i gjesteboka)

Et lite tegn på at Bergsøy levde farlig kom idet Mons Arne Kvalsvik måtte klarere ballen vekk ifrå streken, og det kan hende at Bergsøy utover i omgangen blei prega av frykta for å sleppe inn mål. Det blei oftare at Ørskog kom seg frammover, men Bergsøy såg ut til å avklarere situasjonane før avsluttningane kom. Keeper Arve Kvalsvik skulle også få seg ein "trøkkar" idet han slengte seg inn i en duell for å få tak i ballen. Arve spelte resten av kampen tiltross for svimmelhet, men når sant skal seiast så var reservekeeper Øyvind Humberset berre sekunder ifrå å bli bytta inn før dommaren blåste av kampen. Men før vi rundar av kampen og seier at Bergsøy vann 1-0 så må vi få med oss dei siste viktige hendelsane, og Ørskog fekk det målet dei jakta på. En ball blei lempa in i feltet, og Ørskog sin angripar Jon Egil Sollied fekk snudd seg rundt og sendt ballen inn i nettmaskene. Dette var et slag i ansiktet på Bergsøyspelarane som såg fram til å vinne kampen 1-0 eller meir.


(Bildet: En må ha spenst for å spele i norsk 4.divisjon)


-"Synst vi er klart best og burde vunne med minst et par mål idag. Desverre er vi litt for upresise i siste fase. Når d gjelde utvisninga so meina ej det er feil..". (Frank Sverre Skorpen)

Med tanke på korleis Bergsøy har opptrådd tidligare kampar idet baklengsmåla kjem, så var fokuset denne gangen at en ikkje skulle få panikk. Tidligare i uka har en tenkt og fokusert endel på å få opp bunnivået til laget, et bunnivå som til tider kan være ganske skremande. I rettferdighetens namn synes vi ikkje at bunnivået blei nådd denne gangen, men toppnivået blei heller ikkje nådd i den andre omgangen. Jakta på det avgjærande målet mot slutten av kampen utvikla seg til et hektig rotterace, men det blei desverre ikkje mange sjansane. Innbyttar Håvard Remøy sendte avgårde ei kanonkule, men dette skuddet gjekk over tverrleggaren.

-"I dag er vi brukbart fornøyd med kampen, 1.omg begynner bra, men vi sliter litt etter hvert med å komme med nok folk etter, både på løp og for å vinne andreballer, Bergsøy ledet fortjent til pause hvor vi hadde mye å gå på. 2.omg syns jeg at vi spiller bra til tider, vi kommer nærmere og nærmere scoring, og får betalt 10.min før slutt, med en fortjent utlikning. Vi jobber bra, har gode innlegg, farlig på dødball og legger ned en solid innsats, for dette får vi betalt med 1 poeng, som gjør godt for selvtilliten videre. ". (Ørskog sin trenar Stig JOhansen sin kommentar til Ørskog si heimeside Murerane.com)


(Bildet: Frank Sverre Skorpen fortvilar over det raude kortet)


Heilt mot slutten av kampen oppsto situasjonen som nok blei mest omtalt etter kampslutt. Frank Sverre Skorpen gjekk overende inne i Ørskog sitt målområde og ropte etter straffe. I sprellet på vei opp frå bakken trefte den eine arma til Frank Sverre magen til den eine midtstopparen til Ørskog. Dommaren vurderte situasjonen til slag og raudt kort, noko ikkje alle var like einige i. Enkelte hevda også at dommaren ikkje såg situasjonen, men dømte utifrå reaksjonane i etterkant. Uansett snudde dagen raskt for Bergsøy, frå alle poenga i lomma til poengdeling og raudt kort. Bergsøy har nok berre seg sjølv å skylde på, ettersom en ikkje klarte å "drepe" kampen på dei sjansane en hadde tidligare.

-"Vi fikk ikke det resultatet vi ønsket, men vi for ta med oss det positive, og jobbe knallhardt videre! Vi er på rett vei formasjonsmessig, og flere står fram og viser framgang i taktiske valg, for seg sjøl, og ikke minst for laget ". (Bergsøytrenar Tom Beddari)




(Bildet: Håvard Remøy sendte av gårde det siste farlige skuddet i kampen, men dette gjekk over.)




Kampen: Oppsummering.

Bergsøy gjennomførte ingen dårlig kamp, sjølv om resultatet vil få fleire til å utvise sin skuffelse over at Bergsøy ikkje klarte å slå et nyopprykka 4.divisjonslag. Ørskog er slett ikkje noko 5.divisjonslag, på samme måte som Bergsøy slett ikkje er et 3.divisjonslag for øyeblikket. Bergsøy var best i denne kampen, og hadde mest av både ballbesittelse og sjansar. Desverre for Bergsøy blei det med det eine målet, mens Ørskog fekk sitt utligningsmål på et gunstig tidspunkt. Bergsøy prøvde, men hadde for lite tid på seg til å svare på Ørskog sitt mål.

På Bergsøy hadde keeper Arve Kvalsvik nok ein god kamp, mens Harald Haugen fortsatte med sine gode offansive bidrag. Thomas Voldsund gjorde ei god kamp og var delaktig i målet, men var også noko uheldig med førstetøtchet ved enkelte tilfeller. Paul Kåre Remøy og Mons Arne Kvalsvik vann dei fleste duellane som kom i deira vei, og var solide med unntak av startperioden av kampen der mangel på sikring skapte halvfarlige situasjonar. Daniel hatløy på høgrekanten kom mindre med denne gangen, men var nærme på å sette 2-0 spikeren i kista et stykke uti den andre omgangen. Anders Hoff hadde ein kamp på det jamne og var nok engang flink med praten på midtbana, medan Bjørnar Gundersen blei observert i susande tacklingar som det lukta svidd av. Ikkje noko uvanlig syn med andre ord. På venstrekanten har Steffen Kvalsund skifta spelestil og ligg meir sentralt i bana, og kom ikkje nærmare mål enn avsluttninga tidlig i kampen som gjekk i stanga. På topp var det mykje bra samarbeid mellom Frank Sverre Skorpen og Gustav Pettersen, noko også 1-0 viste, men desverre blei det ikkje fleire enn det eine målet denne gangen.


(Bildet: Enkelte innbyttarar kom aldri på bana, men Øyvind Humberset var ganske nærme denne gangen. Faktisk så nerme at han hadde innbytterlappen som bevis på det.)


Laget frå Fosnavåg ligg no på ein 5.plass på tabellen, ett poeng bak Rollon og to poeng bak Stranda. På topp er Godøy og Herd. Neste motstandar er Åram/Vankam på bortebane, ein vanskelig motstandar som Bergsøy har tapt mot i treningskamp tidligare iår. kaptein Frank Sverre må nok stå over denne kampen på bakgrunn av det raude kortet.

 Spillere
 Spiller  Posisjon  Terning  Mål
  Arve Kvalsvik    Keeper        -
  Thomas Voldsund    Høgre Back        -
  Paul Kåre Remøy    Midtstopper        -
  Mons Arne Kvalsvik    Midtstopper        -
  Harald Haugen    Venstre Back        -
  Daniel Hatløy    Høgre Ving        -
  Anders Hoff    Sentral Midtbane        -
  Bjørnar Gundersen    Sentral Midtbane        -
  Steffen Kvalsund    venstre Midtbane        -
  Gustav Pettersen    Spiss        -
  Frank Sverre Skorpen    Spiss        -
 Bytter
 Spiller  Av banen  Spiller  På banen
  Anders Hoff  (uti 2.omg)    Andre´ Lima    (uti 2.omg)
  Thomas Voldsund  (uti 2.omg)    Andreas Konningen    (uti 2.omg)
  Daniel Hatløy  (uti 2.omg)     Håvard Remøy    (uti 2.omg)
  Steffen Kvalsund  (uti 2.omg)    Lars Henrik Hasund    (uti 2.omg)




Kampreferat

































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::