Tapte borte mot Rollon

Måla
Frank med bra mål.
Spenninga
Jamn kamp til slutten
Underholdning
Lite godt spel, endel uspel..
Totalt
Ingen stor kamp av nokon av laga.
Rollon - Bergsøy 4-1 (1-1)

: Frank Sverre Skorpen
:
:
xx tilskuarar
: Christer jensen,
: Thomas Voldsund (oppvarminga).
: Joakim Bendal (debut fra start) og Fredrik Muren (BIL-debut).
: 3: Vegard Sævik, 2: Fredrik Muren, 1; Frank Sverre Skorpen

Torsdag den 14.juni 2007 på Rollon grasbane.

Pre-match omtale.

Både Bergsøy og Rollon hadde spelt en "toppkamp" i runden før. Bergsøy slo Godøy mens Rollon spelte 3-3 mot Stranda. Matematikken skulle tilseie at det var to gode lag som skulle møtast til kamp, to lag som forøvrig begge kom fra 3.divisjon året før. I 2006 endte denne kampen med Bergsøysiger, men Rollon som hadde sendt ut "spion" til kampen Bergsøy - Godøy virka ikkje å være alt for redde for motstandaren. I Rollon sin pre-match omtale av kampen var det mykje spennande å lese, men den finner vi ikkje tilbake til. I hovedsak var denne preget av at Rollon hadde lite å frykte, annet enn muligens Frank Sverre Skorpens målegenskaper, Steffen Kvalsund på venstrekanten, og Vegard Sævik sine sterke egenskaper på døball. Med andre ord dei tre eldste på laget som blei nemnt, og vi tolka det som ei undervurdering av Bergsøys yngre garde.

(Bildet: Bana var ganske fin å sjå til denne dagen)


Det var et flott vær idet A-laget reiste frå Statoil i 1530-tida. Men det var ikkje fullt mannskap som blei med bussen denne gangen heller. Anders Hoff og Terje Teige var ute med skade, mens Bjørnar Gundersen var en av dei som var venta å kome et stykke ut i kampen på bakgrunn av munntlig eksamen. Grasbana til Rollon var et flott syn, og spelarane skulle ikkje ha noko å klage over hverken av speleforhold eller værforhold. Thomas Voldsund måtte derimot melde forfall allereie på oppvarminga på bakgrunn av en lyskestrekk. Formasjonsmessig var det ingen forandringar frå Godøy-kampen, men igjen ser en at det laget ikkje har den luksusen med å stille samme mannskap to kampar på rad.

I mål var Arve Kvalsvik, og forsvaret blei danna av Magne Havnen (tilbake frå skade, sesongdebut), Vegard Sævik, Paul Kåre Remøy, og Fredrik Muren (Bergsøydebut). På midtbanen var Joakim Bendal (debut fra start), Daniel Hatløy (trulig debut som indreløper), Gustav Pettersen (A-debut som defansiv midtbanespelar), Frantz Frantzen og Steffen Kvalsund. På topp var Frank Sverre Skorpen.

(Bildet: Trond Myklebust var med laget for å heie på gjengen, og for å spre sitt gode humør)


Kampen: Første omgang.

Kampen starta greit sett frå ein Bergsøyvinkel, og det var ingen grunn til å overvurdere Rollonlaget etterkvart som en såg kva rom som var tilgjengelige til å utnytte. Det som var spørsmålet var om Bergsøy var i stand til å utnytte dei store romma, og spessielt bakrommet, som Rollon gav Bergsøy. Joakim Bendal satte ned ein stor innsats i starten og var i spurtmodus både frammover og bakover, og var også delaktig i at Bergsøy kom seg høgre opp i bana ved å skaffe laget hjørnespark og kast. Joakim fyrte av kampens første skudd, men ballen gjekk utanfor mål. Rollon var ikkje farlige i spel gjennom midten, men var kvassare idet innlegga kom frå kantane om det så var frå frispark eller fritt spel. Bergsøy skulle imidlertid få det første målet, og på dette tidspunktet så var det ingenting å seie på at Bergsøy var i føringa. Rollon virka tamme, og oppførte seg slett ikkje som et topplag.

(Bildet: Joakim Bendal spelte sin første A-kamp frå start denne kampen)


Målet til Bergsøy var et fint mål, og skjedde hurtigt på en overgang. Ballen endte opp hos Frank Sverre Skorpen som fra høgresida vendte seg forbi ein mann og gjekk innover bana. Frå ei 18-19 meter gjekk skuddet med venstreslegga i en fin bue over keeper og imål. Og offansivt så var dette kampens høgdepunkt for Bergsøy, det skulle ikkje bli så fryktelig mange avsluttningar på mål etter dette.

-"På det jevne, litt høye skuldrer i starten, men Rollon kom mer og mer opp på banen. Som varslet lå Bergsøy lavt, noe som åpnet for kontringsspill. Bergsøy scoret først i en situasjon der de kom i overtall fire mot to. 0-1. 100% innsats og Rollon spilte høyere og høyere. Johan Strand utlignet til 1-1. Vi var ajour og fortsatte kjøret..". (Rollon.info om kampens 1.omgang)

Med unntak av at Rollon hadde et farlig frispark som sneia seg forbi fleire spelarar, så hadde Bergsøy god kontroll bakover. Rollons 1-1 mål kom egentlig ut av ingenting, og var kort sagt for enkelt å sleppe inn. Rollonspelaren på venstrekanten fekk legge et lavt innlegg inn i feltet, og Johan Strand sendte ballen vidare inn i nota. Målet var sjølvsagt ikkje gunstig for Bergsøy, som ville proffitert meir og meir utover i kampen om en hadde klart å beholdt på ledelsen. Etter utligninga var det lite av sjansar å notere seg, og avsluttningane som kom var sjeldent farlige.

-"Totalt sett er jeg veldig godt fornøyd. 1. omgangen var ikke bra, men i 2. omgangen er vi mye bedre. Nok en gang produserer motstanderen lite mot oss, mens vi har god uttelling på sjansene våre. .". (Stig Monsen ifølge Rollon.info)

(Bildet: Frantz Frantzen var indreløpar denne kampen)


Kampen: Andre omgang.

Fotball handlar om å kome til sjansar og å utnytte dei. Om Bergsøy hadde klart å utnytta sine sjansar til å gå opp i 2-1, så kunne det nok blitt ein anna kamp. Det er to sjansar vi spessielt tenker på, der den første kom til Daniel Hatløy som frå kort hald skulle prøve å styre ballen imål etter innlegg frå Frank Sverre Skorpen. Skuffelsa var stor da ballen sklei av hodet og gjekk utanfor stolpen. Utanfor stolpen gjekk også den neste store sjansen til Bergsøy idet Frank Sverre Skorpen stussa igjennom til Steffen Kvalsund. Steffen prøvde seg på en lobb over keeper frå skrått hold, men ballen gjekk utanfor den bortre stolpen. Det var dermed en real nedtur at Rollon skulle få score kort tid etter, på det som egentlig var lagets første sjanse etter pausen. Og sjansen som kom må Bergsøy ta skylda for, med et stygt ballmist midt på bana kom kontringa ganske raskt. Frederik Ytterlid satte inn 2-1 målet, og Bergsøy hadde sluppe inn to enkle mål.

(Bildet: Midtstopparane Vegard Sævik og Paul Kåre Remøy var på plass.)


Oppskrifta for Bergsøy skulle bli meir og meir enkel ut over i kampen, og mot slutten stilte laget med noko tilnærma 4 reine spissar. Det var desverre tydelig at laget ikkje hadde erfaring med denne spelemåten, og Rollon fekk enkel matching mot et Bergsøylag uten rytme offansivt. Ballane som skulle kome mot hodesterke Frantz eller Frank gjekk ofte inn til keeper. no skal vi ikkje skryte så alt for mykje av Rollon heller, for det var ikkje verdas mest velspelande lag Bergsøy møtte. Den store irritasjonen etter kampen var at Bergsøy tapte mot et dårlig lag, i en kamp som etterkvart blei prega av panikkspel og rot. Det vi kan gi skryt til Rollon for var at dei mestra situasjonen best.

(Bildet: Det var så lite å finne på, at en gjerne kunne ta nokre øvelsar i tverrleggaren for å få tida til å gå..)


Rollon har hatt et rykte på seg til å ha et engasjert publikum, og at det har vore tendensar til usympatisk stemning under kampane. Personlig meinar eg publikum oppførte seg flott, og heia på sitt eige lag. På bana var det heller aldri noko grisespel å sette fingeren på, men det var nokre situasjonar som gjorde at spelet fekk seg nokre stopp. Frank Sverre Skorpen var på høgde i situasjonane, og var blant anna svært ueinig i dommarens avgjerdsle om at Rollon-keeperen ikkje hadde tatt ballen med armane utanfor 16-meteren. Dei siste minutta var det imidlertid ingenting igjen å klage på, Bergsøy slapp inn 2 raske mål.

(Bildet: Spelarane på benken var nok ikkje så veldig overbevist over kva som blei prestert ute på bana)


Trond Hamre økte til 3-1. Ei fin scoring av Hamre som kjørde karusell med Bergsøyforsvaret før han satte ballen nede i det nermaste hjørnet. Kampen blei punktert idet Hamre hamra inn 3-1 målet, men Kristian Tafjord skulle sette en siste ydmykande spiker i Bergsøykista idet han lobba over Arve Kvalsvik som i den situasjonen hadde kome på mellomdistanse. Bergsøy klarte ikkje å svare, og dermed hadde Rollon passert Bergsøy på tabellen.

(Bildet: Bergsøyspelarane gløymte til tider å ta med seg ballen på løpa frammover)


Kampen: Oppsummering.

Arve Kvalsvik kan ikkje lastast for dei tre første måla. På det fjerde var han uheldig i avstandsberegninga, men blei også for aleine i den situasjonen. Vegard Sævik fekk bestemannsprisen av Vestlandsnytt, og vi skal på ingen måte utfordre den påstanden. Vegard er ein viktig og samlande kjempe i forsvaret. Fredrik Muren skal få skryt for sin opptreden i forsvar, og han hadde en svært god kamp på venstrebacken. Gustav Pettersen hadde en oppofrande innsats som defansiv midtbanespelar, men var desverre mindre heldig med avleveringane. Den uvante posisjonen har sitt å seie. Frank Sverre Skorpen hadde ett flott mål, og var effektiv på den sjansen han fekk. Joakim Bendal var også positiv så lenge kondisjonen holdt.

(Bildet: Gullik Kjelstadli observerar)




 Spillere
 Spiller  Posisjon  Terning  Mål
  Arve Kvalsvik    Keeper        -
  Magne Havnen    Høgre Back        -
  Vegard Remøy    Midtstopper        -
  Paul Kåre Teige    Midtstopper        -
  Fredrik Muren    Venstre Back        -
  Joakim Bendal    Høgre Ving        -
  Daniel Hatløy    Sentral Midtbane        -
  Gustev Pettersen    Sentral Midtbane        -
  Frantz Frantzen    Sentral Midtbane        -
  Steffen Kvalsund    venstre midtbane        -
  Frank Sverre Skorpen    Spiss        -
 Bytter
 Spiller  Av banen  Spiller  På banen
  Joakim Bendal  (uti 2.omg)     Bjørnar Gundersen    (uti 2.omg)
  Frantz Frantzen  (uti 2.omg)     André Lima    (uti 2.omg)
  Fredrik Muren  (uti 2.omg)    Frantz Frantzen    (uti 2.omg)




Kampreferat

































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::