Kampreferat 2008:

3-3 i livlig kamp

Bergsøy - Ørskog 3-3 (1-2)


Thomas Sætre Hauge, Anders Per Vaagsholm, Rune Frantsen

17.September 2007
Bergsøy kunstgrasbane

Rolf Jarle Eldevik

: Thomas Sætre Hauge, Daniel Kvalsvik Jøsok


Kampen

Pre-match omtale.

Bergsøy mangla Gustav Pettersen og Dag Gøran Brandal som følge av suspansjon. Elles var Harald Haugen lyskeskada, Steffen Ulbæk skada, og Karl Bjarte Vike var heller ikkje på plass. Breidda i laget er likevel så bra at BIL skulle starte kampen med et godt lag, og egentlig forsterka med Lars Conradi Andersen sidan 13-0 sigeren over Åram/vankam. Målet til Bergsøy skulle sjølvsagt være å få en god start på sesongen, alvoret tek no til, og forhåpentlig kan lage være med i opprykkskampen også iår.


(Bildet: Tabell etter 1.serierunde 2008.)


Ørskog på si side hadde varsla gjennom si supporterheimeside at laget hadde nokre småskadar, og at laget trulig ville starte i 5-4-1 formasjon. Vi huskar godt møte mot Ørskog ifjor, der Bergsøy spelte 1-1 heime og tapte 3-2 borte. Rapportane frå Ørskog sine treningskampar hittil iår har vore at laget har beholdt spelarar og kanskje også utvikla seg vidare frå fjoråret. Fortsatt er rutine, kynisme og agressivitet samt døballar nokre stikkeord som godt kan nemnast.


(Bildet: Seriestart er nærme, er gutta klare?.)


Kampen: Første omgang.

Det var strålande sol, iallfall før pause, og endel publikummarar hadde møtt opp for å heie fram Bergsøy. Det starta nok litt daft, og startfasa var jamn. Kaptein Frank Sverre måtte tidlig piske litt på lagkameratar for å få opp dampen. En såg også tidlig at Ørskog sin venstreving var ein farlig type, slik som vi hadde snakka om på forhånd i garderoba. Den første sjansen i kampen var det debutant Daniel Jøsok Kvalsvik som skulle få. Han fekk en trillar frå venstre og skuddet gjekk såvidt utanfor stolpen. Det skulle snart likevel bli Bergsøy som kom best igang i målprotokollen. Steffen Kvalsund vendte vekk ein spelar på midtbanen og starta å forsere mot Ørskog sin sekstenmeter. Passerte nokre spelarar før han så tuppa ballen igjennom til løpsvillige Thomas Sætre Hauge som på utmerka vis førte ballen rundt keeper og tuppa ballen inn i mål. Ein flott start for Bergsøy, og en flott start av Thomas Sætre Hauge som scora i sin seriedebut med Bergsøy.


(Bildet: Tom Beddari er klart til å lede sin første A-kamp sesongen 2008.)


Bergsøy tok litt meir over etter scoringa og hadde nokre gode forsøk. Det blei endel cornerar til Bergsøy, men desverre for heimelaget klarte dei ikkje å utnytte desse døballane tross god terping på akkurat dette i treningsfeltet. Steffen Kvalsund var nærme på å kome aleine med keeper på et dribleforsøk, og Frank Sverre Skorpen hadde en skuddsjanse med venstrefoten som det ikkje blei reint treff på. Det var ingen sjanseorgie, til det var Ørskog for gode i å forsvare seg. Og Ørskog blir slett ingen kasteball i årets 4.divisjon, utover i omgangen blei det tydelig at Ørskog ville være med i leiken.


(Bildet: Benken denne gangen hadde ei blanding av unge håpefulle og unge rutinerte.)


Ørskog skulle være ganske effektive mot Bergsøy denne kampen, og vi talte egentlig ingen sjansar til bortelaget før dei beit seg fast i et angrep som tilslutt resulterte i 1-1. En ball for over feltet for så å bli lagt tilbake mot bakerste stolpe, der blei det en hodeduell som Ørskog sin spelar kom sigrande ut av. Toni Sandanger hadde ingen sjanse på å avverge målet, og dermed var laga like langt. Surare skulle det bli for Bergsøy litt seinare i omgangen, etter at et langt innkast/corner trippa gjennom ei mølje av spelarar og heilt inn i mål. Et rotette og ganske unødvendig baklengsmål sett frå Bergsøy si side. 1-2 skulle også være pauseresultatet, tross for at både Thomas Sætre Hauge og Anders Per Vaagsholm hadde nokre skuddforsøk.


(Bildet: Her regnar eg med at Thomas Sætre Hauge jublar for 1-0 til Bergsøy.)


-"Vi må vise i 90 minutt at vi vil spele, at vi tør og vil spele attraktiv fotball. Prøva vi så er det lov å feile!"
(Tom Beddari i garderoba.)


(Bildet: Frank Sverre Skorpen blei passa på og fekk ikkje mange avsluttningsforsøk.)


Kampen: Andre omgang.

Bergsøy kom på bana etter pause med håp om å snu kampen til sin fordel, men det starta ganske brutalt med at Ørskog fekk tildelt straffespark etter at dommaren meinte Paul Kåre Remøy var litt for hardtskjermande inne i feltet. Ein Ørskogspelar prøvde å filme seg til straffespark før pause uten hell, men dommaren gjennomskua den. Denne situasjonen var nok litt meir diskutabel. Nokon meinte det var straffe, andre ikkje. Uansett så slapp Toni Sandanger å hente nok en ball ut av nettet, ettersom straffesparket gjekk utanfor. Dette piffa kanskje Bergsøy opp enda et gir?


(Bildet: Her en situasjon før pause der Bergsøy var nærme på scoring..)


Og Bergsøy tok meir og meir over etterkvart som omgangen gjekk, og fekk meir trykk mot Ørskog sitt målfelt. Ørskog på si side spelte svært kynisk og fekk dunka ballen langt ved første annledning. Et fint samarbeid mellom Anders Per Vaagsholm og Frank Sverre Skorpen skulle imidlertid ordne balanse i regnskapet. Anders Per kombinerte med Frank Sverre og skar fint innover i feltet, det endte med et flott skudd som gjekk inn ved lengste stolpe til 2-2. No skulle Bergsøy ta over kampen og vinne mot et stadig meir utkjørt Ørskog?

-"Jammen det er så mange av dei!"
(En Ørskogspelar til Benken, etter å ha fått beskjed om å ikkje bli så defansiv.)

Bergsøy skulle gå på nok en smell, denne gangen etter et innlegg frå Ørskog si venstreside. Fredrik Muren var den uheldige som brøsta ballen inn i eige mål til ny Ørskogleiing. Fredrik var nærme to gangar på å hevne seg ved å score også den andre veien, då keeper måtte slå to frisparkvariantar over til corner. Cornerane etter pause var variable, da nokre gjekk bak mål. Andre cornercvariantar var meir farlige, men mål skulle ikkje Bergsøy få på døball denne gangen.


(Bildet: Daniel Jøsok Kvalsvik fekk sin debut for Bergsøy i en obligatorisk kamp, og imponerar med løpsvilje og teknikk.)


Frank Sverre Skorpen var nærme etter et lavt innlegg frå venstre, men skuddet klarte keeper å blokkere. Bergsøy skulle stadig oftare rulle opp angrep, og inn hadde også Rune Frantsen kome sentralt på midtbana for å lede laget mot poeng. Det var et nytt flott angrep Bergsøy tilslutt skulle få uttelling på. Steffen Kvalsund gjekk på et løp på venstresida, og Frank Sverre Skorpen si stikkpasning i bakrommet var millimeterpresis. Steffen kunne kanskje skutt sjølv, men såg ein bedre plassert Rune Frantsen inne i feltet, og Rune dunka ballen kontant i mål til 3-3 og god jubel. Vi noterar oss at Rune tok eit langt og krafig løp for å kome i skuddposisjonen, og sannelig trur vi også at dette var Rune Frantsen sitt første mål sidan Bergsøy slo Skarbøvik 5-3 i 2004.


(Bildet: Rune Frantsen kom inn for å redde Bergsøy, og klarte det.)


Tilslutt var Bergsøy nærmast sigeren, og det var ein annan innbyttar som skulle være nærmast. Terje Teige kom inn som ein offansiv spelar mot slutten i håp om tre poeng, og blei i sluttminutta spelt nesten aleine med keeper. Terje stoppa opp for å ta ei god skuddfinte på den eine forsvararen for så å skyte med venstrefoten, men skuddet gjekk desverre i beina på keeper ved nærmaste stolpe. Så nærme var Bergsøy alle poenga, men Ørskog fortjente nok det eine poenget sitt for den innsatsen dei la ned denne dagen.

Kampen: Oppsummering.

Måla
Bergsøy sine mål var alle fine.
Spenninga
Dette kunne gått begge veiar.
Underholdning
Seks mål og uvisst kven som skulle vinne.
Totalt
Bergsøy tapte to poeng kan vi nok seie.
Bergsøy kom kanskje ikkje opp på sitt høgste gir denne kampen, og det gjaldt heile laget. Trenar Tom Beddari ville likevel ikkje refse nokon i pausa ettersom ingen hadde spelt dårlig. Ørskog var rett og slett ganske effektive, og Bergsøy blei hardt straffa. Ørskog fekk poeng grunna si vilje og si sterke kynisme i forsvar, samtidig var venstrekanten farlig og rask. Toni Sandanger skal ikkje lastast for måla. Det første var han utspelt på, det andre skal ryddast vekk i god tid før ballen nærmar seg mål, og det tredje var eit uheldig sjølvmål. Vegard Sævik og Lars Conradi Andersen rydda godt opp og brukte si rutine til å også styre sine beckar. Fredrik var bra med offansivt etter pause, og hadde også farlige frispark som var nære på å gi uttelling.


(Bildet: Det blei mange cornerar til Bergsøy, men BIl klarte ikkje å utnytte dei..)


Bjørnar Gundersen og Daniel Jøsok meinte sjølv dei sleit litt med plasseringa før pause, det bedra seg utover og Bergsøy har god nytte av krigarvilja og løpsstyrka til sine to unge talent. Spessielt Daniel skal ha godt med skryt for en godt gjennomført debutkamp for Bergsøy. På høgrekanten scora Anders Per Vaagsholm et flott mål, og var utfordringsvillig gjennom heile kampen. Steffen Kvalsund hadde to målgivande, og kunne raskt hatt fleire. På topp hadde Frank Sverre Skorpen ein målgivande og var nærme mål for Bergsøy, mens Thomas Sætre Hauge scora i sin debutkamp og viste at han også ønsker å score fleire mål. Gode innhopp også av innbyttarane.






758 Kampreferat

















Kampreferat info


Veldig fyldig kampreferat


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat





:: HISTORIKK.com ::