Kampreferat 1982:

Første tap sidan 5.juni

Ørsta - Bergsøy 2-0


1-0 Vidar Olsen (40), 2-0 Erik Brautaset (90 straffe)

18.09.1982
Ørsta grusbane

Rogne


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Det var eit striregn på Ørsta si grusbane da Bergsøy tapte sin første kamp sidan 5.juni. Sigeren var fortjent. Med lange ballar på ei smal bane inn mot agressive løparar fekk Bergsøy problem. Bergsøy brukte på si side for lang tid til å bygge opp angrep, og heimelaget klarte å tette godt bakover.

Sigeren var rett nok ikkje trygg ør heimelaget fekk ei noko billig straffe heilt på slutten av kampen, i det siste speleminuttet. Bergsøy pressa nemlig på utover i den andre omgangen, og Trond Paulsen som kom inn på bana etter pause skal ha sin del av æra for at laget kom sterkare med. Bergsøy klarte likevel aldri å komme seg gjennom Ørsta sitt tettpakka forsvar.

Midtstopperane Erik Brautaset og Vidar Olsen vart matchvinnarar i dobbel forstand og holdt reint foran keeper Dag Mork. Det var stopparduoen som satte inn måla. 1-0 kom etter 40 minutt da Vidar Olsen var høgast på ein corner og headda direkte i mål. Scoringa kom like etter at Jack Pettersen sitt mål blei annulert for hårfin offside.

Knut Igesund måtte gi seg halvveis ut i den første omgangen da eit muskelfeste rauk, og det er desverre mykje som tyder på at han må takke for seg for i år. Ivan Myklebust fylte opp plassen til Knut.

Paul Kurt Nerland hadde Bergsøy sin største sjanse før pause da han fekk eit tilbakespel rett i føtene, men han blei for ivrig og vinkelen blei for spiss. Utover i den andre omgangen hadde Bergsøy fleire forsøk, og 10 minutt ut i omgangen skaut trond paulsen over frå kort hald. Jack Pettersen fekk også to sjansar etter møljespel foran Ørsta-målet. Nærmast utlikning var Rolf Bakke da han headda i tverrleggaren.

Kampen blei avgjort da Håskjold gikk over ende i Bergsøyfeltet og dommer Rogne dømte straffespark. Sweeper Erik Brautaset sette ballen kontant i krysset uten sjanse for Martin Pettersen.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat