Kampreferat 1982:

Sikra kontrakta med uavgjort

Eid - Bergsøy 0-0


09.10.1982
Nordfjoreid Stadion

Arild Ødegård

380 tilskuerar


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Det var 11 slitne spelarar som var glade da dei sikra seg ettpoeng og fortsatt seriespel i divisjonen etter kampen mot Eid. Det såg ut til å sprekke heilt på slutten, men 3.divisjonskontrakta blei heldigvis berga. Clausenenga, Eid og Træff må derimot ned til 4.divisjon. I den andre enden av tabellen gikk Skarbøvik overraskande på tap mot Tornado, og dermed var det Stjørdals/blink som gikk til 2.divisjon.

Eid var uansett klare for nedrykk før denne kampen og hadde berre æra å spele for, og det viste seg på tilskuertallet. Faktisk var det minst like mange Herøyværingar som nordfjordingar blant dei 380 oppmøtte. Det var ikkje så mykje å juble for sjølve spelet som blei prestert.

Bergsøy var totalt sett nærast sigeren om en ser vekk ifrå at Eid pressa siste kvarteret. Det var rein uflaks at Bergsøy tidligare i kampen ikkje hadde klart å score mål. Som i det 12 minuttet da Fred Frantzen sitt skot frå 14 meter small i stolpen og trilla på målstreken forbi motsatt stolpe forbi ein framstormande Trond Paulsen. 10 minutt seinare fekk Frode Wilhelmsen eit stolpeskudd etter ein ball fra Jack Pettersen.

Seinare i omgangen var det også nære på, da Jack Pettersen suste til fra lengre hold, og returen satte Henning Moltubakk rett i fanget på ein liggande keeper. Eid kom ikkje til særlige sjansar, til det hadde Kjetil Goksøyr og Gullik Kjelstadli for god kontroll mens Martin Pettersen i buret også spelte godt.

Eid starta den andre omgangen bra, men igjen var Bergsøy nærast då Paul Kurt Nerland bråsnudde og sende ein ball i retning vinkelen som keeper Svein Næss fekk avverga. Jack Pettersen var også nærme noko seinare. Men så tok da Eid over på slutten, før kampen enda mållalaust.

Bergsøyforsvaret mangla Knut Igesund, men hadde god kontroll. Jack Pettersen var nok den spelaren som gjorde mest frammover, men blei meir anonym i den andre omgangen.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat