Kampreferat 1984:

Bergsøy mot nedrykk

Bergsøy - Os 1-2 (0-0)


0-1 Kjell Ove Lunde, 0-2 Odd Jarle Hjelle, 1-2 Kjetil Goksøyr

30.09.1984
Moltu Gras

Gullik Kjelstadli

Ragnar Åmot

300 tilskuere


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Denne søndagen forlot Bergsøy Motubana med bøgde hovud etter at dei no ligg heilt nederst på tabellen. Sjølv med siger i den aller siste kampen borte mot Jotun, så må veldig mykje klaffe om det ikkje skal bli nedrykk.

Det var flotte speleforhold på bana, men desverre blei nokre dommaravgjerdsler også avgjerande for resultatet. Heller ikkje linjemennene hadde nokon god dag. Os fekk tvilsomt annulert ei flott scoring i den første omgangen, men til gjengjeld godkjente dommaren OS sitt sigersmål som burde blitt dømt offside.

Det verste tilfelle var likevel da Marvin Arnesen sende av gårde eit susande longskudd som small under tverrleggaren og i nettaket, før ballen spratt ut på bana igjen. Nettet bøgde seg bak ballen, og scoringa var klinkande klar. Utrulig nok dømte hverken linjemann Robert Iversen eller dommar Åmot scoring, tross at vi med 100% sikkerhet kan slå fast at ballen var klart over streken. 300 tillskuerar gav virkelig lyd frå seg ved dette tilfelle, men til ingen nytte. Denne dommertabba kan være det siste nådestøtet for Bergsøy denne sesongen. Dommardebutanten delte også ut gult kort til Gullik Kjelstadli i denne kampen.

Os kom best igang med kampen, og allereie i åpningsminutta var Kjell Ove Lunde farlig foran Martin Pettersen i Bergsøyburet. I denne fasa av kampen var Bergsøy sjeldant farlige frammover, og nærmast var Marvin Arnesen som sende av gårde eit langskot som strauk like over Os-målet.

Etter halvtimen får Os mål etter ein corner der midtstopper Rolf Matre umarkert får headde ballen i mål. Linjemann Iversen er dog oppe med flagget og dømmer offside, noko svært få forsto noko av. Dermed blei det 0-0 til pause.

Som det har skjedd nokre gongar før denne sesongen, så slapp Bergsøy inn mål like etter pausen. Etter 47 minutt fekk Kjell Ove Lunde eit innlegg fra venstre og satte umarkert inn 0-1. Rundt 55 minutters spel var det klart for 2-0 idet eit skot går i stanga, og Odd Jarle Hjelle var frampå for å sette inn returen. Dette virka tydelig å være offside, og irriterte Bergsøy såpass at dei tok over initiativet i kampen.

Bergsøy starta å kjempe som løver, og sjansane skulle kome. Marvin Arnesen sitt skot frå 17-18 meter barberer tverrleggaren på undersida og er i kontakt med nettet før han slår ut att. Klar scoring, men hverken dommer eller linjemann dømmer mål.

Like etterpå ser vi nesten ballen imål igjen. Marvin Arnesen kjem aleine med Os keeperen, men i staden for skot prøver han å drible keeper uten å lykkast. Etter halvspelt omgang skulle det imidlertid bli klart for redusering. Bergsøy får eit frispark frå utanfor 16 meteren, og Kjetil Goksøyr sender avgårde eit skot sheilt inne ved stolpen som keeper Bahus kun makter å slå vidare inn i nettet.

Bergsøy kjempa febrilsk for ny scoring, og var nær like før slutt idet ein corner stryk hovudet til Trond Paulsen. Det blei eit nytt tap, og det skorta litt på pasningskvaliteten i dei avgjerande trekka.

Bergsøy sin beste spelar var Marvin Arnesen som skapte det meste av Bergsøy sine sjansar, men han fekk desverre for lite støtte av dei andre angriparane. Elles pluss til Tony Pettersen for ein fin kamp på midtbana, Kjetil Goksøyr som sweeper og Martin Pettersen i målet.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat