Kampreferat 1985:

Fortjent 2-0 til Bergsøy

Hovdebygda - Bergsøy 0-2 (0-1)


Tony Pettersen, Jarle Gunnarstein


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt
Kampreferat

Kampreferat

Bergsøy held fortsatt 2.plassen på tabellen etter å ha sikra seg ein 2-0 siger mot eit tafatt Hovdebygda. Bergsøy åpna nervøst, men tok meir over meir tak i kampen. Etter 18 minutt var det Fred Frantzen som stakk seg fri på venstrekanten og la en stikkball til Tony Pettersen. Tony storma igjennom og scora kontant frå 7-8 meters avstand.
(Bildet: Vestlandsnytt. Frode Wilhelmsen og Rolv Bakke blei ikkje einige om kven som skulle skyte)


Bergsøy hadde ei god periode etter målet men uten å omsette fleire av sjansane. Eit kjempeskot av Trond Paulsen frå 30 meter gjekk blant anna i tverrleggaren. Det var mindre innsatsfyllt etter pausen, men allereie etter 3 minutt kunne Bergsøy fått straffe om ikkje Trond Paulsen gadde forsøkt å stå på beina etter å blitt tackla.

To gode skot av Fred Frantzen og Tony Pettersen var nærme på mål, men avgjerdsla kom ikkje før Jarle Gunnarstein storma fram på venstresida og skaut eit skudd via ein Hovdebygda forsvarar og i mål. Bergsøy var seinare nærmare 3-0 enn Hovdebygda var redusering.

Frode Wilhelmsen og Trond Vike kom inn mot slutten av den andre omgangen, og Frode viste at han fortsatt kan skape trøbbel i motstandernes forsvar. Totalt sett var Trond Paulsen den beste på Bergsøy, men Tony Pettersen og heile forsvaret skal få god karakter.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat