Kampreferat 1985:

Bergsøy glemte å avslutte sommerferien

Brattvåg - Bergsøy 6-1 (3-1)


Frode Wilhelmsen


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt
Kampreferat

Kampreferat

Bergsøy var favorittar mot Brattvåg etter ei sterk avsluttning på vårsesongen, men det var heimelaget som ville mest denne dagen. Heile seks gangar måtte Bergsøy sin målvakt plukke ballar ut av eige nett. Det var eit tamt og tannlaust Bergsøylag som var i aksjon denne gang, og dårlig sammanheng mellom lagdelane. Tydeligvis var det fleire som ikkje ennå var ferdig med ferien.

Heimelaget vann dei fleste duellane heilt ifrå starten av kampen, og allereie etter eitt minutt var det klart for 1-0 ved Runar Løndal. Fem minutter seinare skulle Frode Wilhelmsen utlikne etter eit presist innlegg fra Trond Paulsen. Fleire trudde kanskje då at serieleiaren Bergsøy skulle ta over kampen, men det skjedde ikkje. Det tok ikkje mange sekunda før heimelaget var på nytt i ledelsen etter uhyre svakt forsvarssspel. Omtrent rett ifrå avspark etter utlikninga var det klart for 2-1.

Etter 2-1 målet ved Bjarte Steinsbu var det heimelaget som tok fullstendig over kampen. Hos Bergsøy florerte feilpasningane. Men det var ikkje før midtveis ut i omgangen at det blei klart for 3-1 ved Thor Grønmyr. Fred Frantzen var like etter nær på å utlikne, men skaut rett på keeper etter å ha blitt frispela.

Dei som håpte Bergsøy skulle ta over etter pause blei nok skuffa. Sjansane var der, men mål til Bergsøy blei det ikkje. Istadenfor blei keeper Frank Otto Frøystadvåg skada, og ettersom innbytterkvota hadde blitt oppbrukt måtte Gullik Kjellstadli trekke på seg keeperdrakta. Dette utnytta sjølvsagt Brattvåg utover i kampen, og scåra to mål til mot slutten som følge av dette. Totalt 6 mål blei det.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat