Kampreferat 1985:

Bergsøy måtte avgi poeng på heimebane

Bergsøy - Sykkylven 1-1 (0-0)


Nils Roger Paulsen


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt
Kampreferat

Kampreferat

Bergsøy heng fortsatt med i teten i 4.divisjon tiltsoss for at det berre blei uavgjort 1-1 heime mot Sykkylven. Bortelaget spelte godt i forsvar og klarte å hindre at Bergsøy fekk dei aller største mulighetene. Særlig Steinar Bakke ruva godt. Den største sjansen i den første omgangen var det faktisk Sykkylven som fekk, men Bergsøy klarte å redde ballen på streken.

Om den første omgangen var svak så blei det faktisk ikkje bedre etter pause. Ballen var meir i lufta enn langs bakken, og det blei mykje kriging og kjemping. Ein del av det dårlige banespelet må nok bana ta på seg skulda for, tiltross for at banemannskap hadde gjort eit imponerande arbeid med å dynke bana med vatn.

Sykkylven tok ledelsen like etter pause idet Terje Petter Runnestø kunne headde inn 0-1. Men Bergsøy og Nils Roger Paulsen klarte ganske snart å skape balanse i reknskapet. Nils Roger forserte fram på høgresida og avslutta med eit hardt og velplassert skot i hjørnet, og dermed noterte han seg for sitt fjerde heimemål imår på to kampar. Kampen sett under eitt var Nils Roger Paulsen også Bergsøys klart bestemann.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat