Kampreferat 2012:

Vann 4-3 i lokaloppgjøret

L/G - Bergsøy 3-4 (2-2)


1-0 Anders Vaagen (17), 2-0 Preben Sætre (21), 2-1 Daniel Kvalsvik (24), 2-2 Frank Skorpen (29), 3-2 Thomas Sætre Hauge (56), 3-3 Frank Skorpen (71), 3-4 Aleksander Dahle (90)

13.10.2012
Gursken River Plate

Christoffer Rekdal (L/G)

Even Myrheim

250 tillskuerar

Kampreferat nr 1000 på Historikk.com, laga 05.06.2020


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt
Ole Ottar Høgstavoll

Kampreferat

Det blei eit dramatisk lokaloppgjer mellom Larsnes/Gursken og Bergsøy som ikkje blei avgjort før i aller siste minutta.

To offansive lag starta i høgt tempo denne kampen, og det var Larsnes/Gursken som kunne starte jublinga førrst. Spelande trenar Anders vvagen klemte til frå skrått hold etter 17 minutt og sende heimelaget opp i ledelsen. Og berre tre minutt etterpå var det klart for dobbling av ledelsen idag Preben Alexander Sætre fekk tak i ballen og styrte den inn i mål med hælen. Med 2-0 etter 19 minutter var Bergsøy bokstavelig talt på hælane.

-"-Dette var eit typisk lokaloppgjør. Mange tøffe duellar og nærvepirrande situasjonar framfor måla. Eg synest sjølv vi var klart best."

(Frank Sverre Skorpen)



Bergsøy skulle imidlertid starte ei opphenting, og Daniel Kvalsvik sprang ifrå heile forsvaret da han satte inn reduseringa til 2-1 etter 24 minutt. Og snart var laga like langt etter at Frank Sverre Skorpen headda inn eit innlegg til 2-2. Dette vart også pauseresultatet.

(Bildet: Jublande Bergsøykaptein Kjetil Paulsen. Tatt av Thomas Sporsheim.)

-"- Vi rota det til bakover i den fyrste omgangen og fekk to baklengs på kort tid. Vi henta opp leiinga og spelte godt etter dette. Totalt sett meinar eg vi fortjente å vinne."

(Bergsøy-trenar Per Rune Tødenes)



Den andre omgangen blei slett ikkje mindre spennande, og igjen var det heimelaget som starta målscåringa. Thomas Sætre Hauge var framme på ein retur etter 59 spelte minutt, og dermed var stillinga 3-2 til Larsnes/Gursken. Men Bergsøy gav seg ikkje. Ti minutt seinare var det klart for 3-3 idet Frank Sverre Skorpen snappa tak i ballen og fyrte den forbi Kjell Fure i heimeburet. Og no trudde nok dei fleste at kampen kanskje skulle ende 3-3, men tre minutt på overtid var det Aleksander Dahle som klinte ballen imål i n i det nærmaste hjørnet via ein uheldig heimespelar. Surt for heimelaget, men desto meir glede for Bergsøy.
(Bildet: Aleksander Dahle jublar etter sigersmålet. Tatt av Thomas Sporsheim)

-"-Vi burde dratt iland sigeren. Istaden slepp vi dei inn igjen i kampen. Vi kjenner kvarandre på og utanfor bana og det er ekstra surt å vite at det er dei som kan feire for 3 poeng."

(Andreas Rekdal)



Bergsøy kunne med sigeren gå opp til ein 6.plass på tabellen.

Bergsøy laget:

1 Nerijus Marcinkevicius
3 Darius Zutautas
6 Ulrik Wingsternes
7 Andreas Johann Kurseth
8 Martin Falkanger
10 Frank Sverre Kopperstad Skorpen
16 Daniel Jøsok Kvalsvik
17 Daniel Christian Sandvik
18 Aleksander Dahle
22 Kjetil Steinsvik Paulsen KAPTEIN
24 Raymond Badr Rachid

Innbyttere:

2 Andreas Torgersen Nærø
4 Stian Toft Zahl
9 Ole Magne Rotevatn
12 Arve Kvalsvik
19 Sivert Elias Sande
20 Sami Zemichael Feshaye
25 Joakim Bakke Muren

Bekrefta bytter:

85 minutt: Ole Rotevatn inn for Martin Falkanger






1317 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat





:: HISTORIKK.com ::