Bergsøy Historikken

Hei og velkommen til Historikken vår om Bergsøy. Bildet over er tatt frå fotballrommet, der det er inneramma ei signert Bergsøydrakt - og det kan stå som et lite symbol på at dette er klubben i vårt hjerte. På vår heimeside vil du finne mykje historikk om Bergsøy - på denne siden har vi en liten intro om klubben i tidlig fase.

Klubben ble opprettet;

Bergsøy Turn og Atletforening. Året 1944 den 4.oktober ble det på "Bergshall" holdt skipingsmøte for dannelse av en idrettsforening på Bergsøya. Det synte seg å være stor interesse, og dermed blei Bergsøy Turn og Atletklubb stifta. Møtet var sammankalt av Andreas Sævik og Andreas Lied.

Dessuten var følgende tilstede:
Ole Karlsen, Sverre Leine, Helge Pettersen, Arne Hjelmeseth, Peder Worren, Kristoffer Kvalsvik, Kåre Velsvik, Peder Hopen, Gudmund Leikanger, Mads Kleiven, Erling Stenersen, John Kopperstad, Novvald Vågsholm, Knut Nilsen, Olav Djupvik, Mathias Leine, Petter V Pettersen, Alf Vinge, Håkon Pettersen, Gerh. Pedersen, Astor Pettersen, Håkon Hansen, Mindor Reite, Per Pedersen, Noris Pettersen, Steinar Stenersen, Oleander Brekke.

Alle tegnet seg som medlemmer og det ble valgt følgende styre:
Andreas Sævik,Formann. Andreas Lied, Nestformann. Peder P Worren, Sekretær. Kåre Welsvik, Kasserer. Noris Pettersen, Materialforvalter.

Laget hadde gymnastikk, turn og boksing som sitt første interessefelt.
Sævik som hadde vore nord-norgesmester i boksing i si klasse i fleire år, fekk etter kvart mange med seg på treningane. En del av karane blei litt for sterke, og ville vise styrka til dei andre. Dette skapte misnøye, og en gjekk vekk ifra denne idrettsgreina og gikk over til gymnastikk. Samme vinteren arrangerte Bergsøy Turn-og atletklubb sitt første og siste skirenn med løype rundt Myklebustvatnet. Dei fleste av deltakarane tok det for hardt, og fleire fekk fullstendig kallops ved mål. Hopprennet som skulle være samme dagen regna mest bort.


Fosnavåg Idrettsforening

På styresmøte den 24.mai 1945 vart det vedteke at laget skulle skifte namn, og det vart samrøystes vedteke at namnet skulle være "Fosnavåg Idrettsforening". Men berre seks dager etter vart det vedteke å melde laget inn i Norges Idrettsforbund med namnet Bergsøy Idrettslag.

Det står også;
Utpå sommaren 1945 vakna interessa for fotball. Tilhaldsstaden var skoleplassen på Myklebust. Interessa var så stor for fotball at naboane fann å måtte klage til skolestyret om treningane strekte seg lenge utover dei små timar. Det hende ofte at det ikkje vart slutt før i 02-03 tida om natta. På det første årsmøtet i 1945 vart det for alvor drøfta om en skulle bygge fotballbane. Ei namnendring blei også aktuell. Og frå dette årsmøtet har namnet vore Bergsøy Idrettslag.


10.juni vart det folkemøte på Bergshall, og mange møtte opp. Stemninga var å kjøpe grunn til idrettsanlegg ved Bergshall. Men då det skulle røystast, og her siterer vi frå møteboka; "Alle frå Berge stakk av". Grunnen veit vi ikkje, men rykta var at de ville lage bane for seg sjølv. Sidan kom huldalsprosjektet inn i bilete, og når idrettslaget "Heid" vart ein røyndom, bestemte ein seg for å lage bane i huldalen.


Huldalen grusbane blei en realitet

Så blei det kjøpt grunn i huldalen. Og laget arbeidde tungt økonomisk. Støtte frå Kommuna var lik null, men innsatsen frå medlemmane var enorm. Det vart skipa til såkalla marknad med skytebane og tombola fredag og laurdag, mens det var revyprogram søndagar. Dette var en årviss tradisjon. Nedanfor har du nokre bilder av Huldalen, trykk på dei for å sjå dei i større format.


Huldalen sett ovanfrå


Huldalen på nært hold


Huldalen idag


Det står;
"Banespørsmålet blei løyst ved at et prosjekt som på reguleringskartet i Huldal var avsett til idretsføremål blei kjøpt. Hausten 1946 vart det der teke veiter på kryss og tvers under heile anlegget. Dette blei gjort på dugnad og med kun manuell arbeidskraft. Samstundes frista ein på alle måtar å f¨å inn pengar til finansieringa. Slagg til fyllamasse fekk ein ifrå Voldnes og grus og leire frå Torvik. Dei første måla var 45 x 90 meter og bana sto klar i 1951".


Dei første kampane


(Bildet; Den første tida var det fotballkampar ved skulen på Myklebust. Her et bilde frå 1949..)

Fotballen rulla på skuleplassen ved Myklebust skule. Her vart det spela mange "store" kampar, og laget reiste dessutan til ulike bygder på Sunnmøre, og gjorde det slett ikkje så verst. Ola Goksøyr fortel at eit lag samansett av spelarar frå Runde og Goksøyra spelte en kamp mot Fosnavåg på skuleplassen ved Myklebust skule. Bergsøy vann kampen 12-2. Ola Goksøyr var også med på å spele mot Heid idrettlag. Her var det sterke kjenslar inne i bildet både før, under og etter kampane. Men det var alltid god stemning og mykje dramatikk i desse lokaloppgjøra endten det var i Huldalen eller på Heid kampen gjekk. Der var ei knallhard Heidkjerne i Straumenområdet som gjorde at temperaturen kunne verte svært høg under desse kampane. Det var aldri uvennskap mellom klubbane, men det rådde ei steinhard patriotisme i begge leirar.


(Bildet; Bildet er fra 1958. Framme fra venstre; Asmund "Assi" Myklebust, Edmund Notøy, Edmund Wiik, Frank Frantzen, Ingvald Stenersen. Bak; Petter Homlong, Sigmund Paulsen, Jon Ertesvåg, Egil Myrene, Sverre Botn og Jon Frøystad.)

Bergsøy heldt seg for å være bedre fotballspelarar enn heidarane, og det blei da sårt dei gongane det blei tap. Seinare var Heid slått sammen med Bergsøy, og det var et klokt trekk. Spelarane på Heid og Bergsøy gjekk godt ilag, og det blei et rikare miljø for alle partar. Mange av karane på Heid var fargerike typar som det var trivelig å være sammen med. Litt etter litt tok dei ivrigaste Heid-tillhengarane til å heie på Bergsøy. Dei såg sine egne gjere det godt på Bergsøy, og det var det som skulle til.

Etterkvart som en del av Huldalen blei grusa kom også den første fotballkampen i Huldalen. Sundgot var motstandar, og bana var så lita at dei ikkje kunne spele 11 mot 11, men visstnokk var det 8-mannslag.


Serievinnar

Manipulert bilde Den 7.mai 1951 melde laget seg inn i Sunnmøre fotballkrins og fekk drakter. Desse første Bergsøydraktene var grøne med kvit krage, og buksene var blå. (Sjå manipulert bilde) I 1952 kom lagets første store fotballsesong. Då var Huldalen så stor at den blei godkjent for kamper.

Her står det: " Fotballaget har spilt sine første kamper i 3.div, og med gode resultater. Av 8 kamper har BIL vunnet 6 og står på topp ved siden av Vartdal. Det mest benyttede lag denne perioden har vært følgende:
Finn Voldnes, Nils V Pettersen, Leif Pettersen, Sigmund Paulsen, John Ertesvåg, Peder P Worren, Petter J Petteresn, Erik Løfoll, Knut Nilsen, Ola Goksøyr og Sverre Botn.


Sigmund Paulsen var på laget i 1952 og også på laget i 1969 som vinn serien. God Prestasjon!

I 1953 spelte laget seg heilt til topps og blei serievinnar.


Grasbanen kom i 1972

I 1970 sesongens 3.divisjon var overraskelsen Bergsøy. Laget hadde aldri vært så høgt oppe før. I seks år hadde laget kosa seg i 4.divisjon, inntill de i sesongen de feiret 25 års jubileum også rykket opp. Det dumme var at Bergsøy ikke hadde grasbane. Nedanfor ser du bilder av grasbana, trykk på bilda for å sjå dei i større format.


Stadion sett ovanfrå


Stadion på nært hold


Stadion idag


"De er sannsynligvis det eneste laget i 3.div uten grasbane, men de har da fått dispensasjon for å spille på grus"

Men det kan vel ikke gå i lengden, formann Knut Reite?


- "Nei det er klart. Derfor gleder vi oss stort over det nye sentralanlegget som er under bygging her i Fosnavåg. Da får vi fin-fin grasbane som vil vere klar til våren. Dermed burde dette vere siste sesong med seriekamper på grus."

På bildet under er det Formann i banenemnda Peder Worren som overleverer det nye sentralbaneanlegget til Herøy kommune ved ordførar Knut Nærø.




Endelig Vimpel

I 1975 kom endelig vimpelen på plass. Så endelig kunne vi også gi vekk, og ikkje berre ta imot vimplar på kampdagen. Mannen bak tegninga var Nils H Lied i fosnavåg.


(Bildet: Peder Worren med vimpel)



Klubbhuset i Huldalen


(Bildet; 1988: Kåre Botn og Asbjørn Myklebust har vore dugnadsleiarar for det nye fine klubbhuset så langt)

1988: Bergsøy IL har i mange år lide av mangel på et tidsmessigt garderobehus i Huldanen. Draumen om eit nytt og romsligare hus har stadig vorte skyvd i tid grunna den økonomiske situasjonen i fotballgruppa. I fjor vart draumen omgjort til røyndom, klarsignal blei gjeve, arbeidet sett igong. Tilsagn om tippemiddel låg føre, og kostnadsoverslag og finansieringsplan blei vedteke av hovedstyret i Bergsøy IL. No har arbeidet kome så langt at stendarane til delingsvegane i fyrste etasje er oppsett, og det er klart for den vida innreiinga. Primus motorar for dette dugnadsarbeidet har vore Asbjørn Almestad og Kåre Botn. Begge med mange år i aktiv tjeneste for Bergsøy IL.


Klubbhuset idag


Pokaler i klubbhuset


Pokaler i klubbhuset


Knut Igesund, Oskar Waage og Ronald Moen


Les reportasje om klubbhuset fra 1988


Namn som nemnast

I en artikkel som tek opp Bergsøy sine 25 første år så står det:

Takk til Andreas Sævik som gjorde opptaket til laget og var svært aktiv som formann og instruktør (...)
Peder P Worren som gjennom de siste 25 år er den som har gjordt mest for Bergsøy idrettslag på det administrerende plan og som aktiv fotballspiller.
Eystein Botn har hatt ei lang formannsperiode, og lagt ned mykje arbeid (..)
Brødrene Kåre og Sverre Botn, Kåre som formann i mange år og Sverre som Fotballspiller og engasjert medlem.
Andreas Lied og Kåre Velsvik som var sterkt engasjert og la ned stort arbeid.
Finn Voldsnes som kom senere med som formann, ved siden av å vere keeper.
Norvald Vågsholm var formann ved siden av å vere aktiv fotbalspiller.
Sigmund Paulsen har vi nemt, den suverene veteran mellom de aktive.



Petter K Pettersen


(Bildet; Petter K Pettersen (til venstre, Bjørn Prytz til høgre) alias "Pit" var hovedperson på Liedhjørnet.)

Etter kamp hadde Petter kritikk å rette mot spelarar og trenar, uansett resultat. Fotballmann og "Bergsøy-fan". Trenar Prytz fekk gjennomgå. Og de han diskuterte med på Lied hjørnet. Men alle ville diskutere, for Petter hadde greie på fotball. Alltid endel småkrangling med smil. 

Kampreferat































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::