Årets sesong:
Sesongen 2005
#



Sesongen 2005;

Bergsøy sikra seg i siste runde.
Bergsøy hadde en lang og hard sesong i 3.divisjon, og var lenge jumbolag på bunnen av tabellen. Det blei tap for Hareid både heime og borte. Det blei også nokre storsmellar mot Ålesund2 og Volda. Mot slutten av sesongen ordna det seg heldigvis, og i dei to siste kampane blei det 6 poeng og fornying av kontrakta. Den nest siste kampen ordna laget sin einaste bortesiger, og den kom mot Spjelkavik. Preben Hestad blei toppscårar med 12 mål denne sesongen. Laget var lenge prega av mange forandringar og ny stall iforhold til året før. Det viktigaste var å berge plassen.



Leiaren si tale

Årets fotballsesong er no vel igong. Vi står nok en gong overfor sportslige utfordringar, både på seniornivå og blant dei aldersbestemte. Vi har idag 24 "reine" Bergsøylag, og i tillegg et samarbeidslag mellom Hødd og Bergsøy. Bergsøy fotball har idag ca 340 aktive. Med dette aktivitetsnivået må vi kunne betrakte oss som en rimelig stor klubb på Sunnmøre. Vi har ganske så store årskull fram til 14års alderen, men frå 14-18 år har vi et alt for stort fråfall. Dette må vi prøve å gjere noko med.

Bergsøy IL Fotball har skrevet under på en 3års kontrakt med Sunnmøre Fotballkrets der vi saman med Volda skal være en ressursklubb på Søre Sunnmøre. Dette prosjektet går på spelar og klubbutvikling. Til dette arbeidetvil vi også få en del faglig hjelp frå SFK. Dette innebærer ein heil del forpliktelser for klubben, noko alle fotballintersserte må være med å støtte opp om.

Vi må rette blikket meir ned på dei aldersbestemte. Det er dei som er Bergsøy si framtid. Heldigvis har vi foreldre som støtter opp både på trenarsida og som lagledarar. Vi må i større grad legge til rette forholda til rette for dei, slik at både dei aktive og støtteapperatet skal trivast i Bergsøy. Vi har en sunn økonomi i klubben. Eg vil rette ein takk til sponsorane våre. Lokale bedrifter, kommune, enkeltpersoner som gir støtte til klubben er vi avhengige av. Vi trenger fortsatt pengestøtte, da vi har mange uavslutta og nye prosjekt på gang.

Det største prosjektet er kunstgrasbana. Framdriftsplanen er blitt en del forsinka av ulike årsaker, men no vil ting begynne å skje etterkvart. Prosjektet vil no bli lagt ut til anbud, og håpet er at gravearbeidet kan starte på ettersommaren. Forhåpentligvis kan første ballen trille over kunstgraset våren 2006. Til oppfølginga av dette arbeidet har Bergsøy eit dyktig team med Bjørn Otterlei i spissen. Vi vil alle sjå fram til den dagen alt står ferdig, da det vil være en stor dag for både kommuna og idrettslaget.

Vi har hatt i gong ei kronerulling til kunstgraset, og ein del pengar har kome inn, men vi må fortsatt jobbe aktivt for å styrke denne kontoen. Grasmatta på Bergsøy Stadion blei også oppgradert ifjor sommar. Iår har grasmatta framstått som ei av dei beste i distriktet. Mykje av æren for dette har banemeisteren vår, Arvid Kvalsund, som har pleia bana på ein utmerka måte.

Anlegga i Huldalen og Heid vil også få litt oppmerksomheit iår. Til dette treng vi dugnadsstøtte frå både aktive og hjelpeapperat.

Eg vil ynskje A-laget med Tom Beddari i spissen lykke til med sesongen. Bergsøy A-lag stiller iår med mange unge og nye spelarar. Eg vil ynskje dei nye spelarane frå naboklubbane velkommen, og håpe at dei trivst i sin nye klubb både sportslig og sosialt. Eg er sikker på at laget vil gjere en god figur i serien, slik at Bergsøy fortsatt har eit lag i 3.divisjon.

Vi har også eit damelag i 3.divisjon, samarbeidslaget Hødd/Bergsøy. Det er andre året dette laget fungerer, noko som viser kor viktig det er med samarbeid mellom klubber.

Juniorlaget og guttelaget har også iår kvalifisert seg for 1.divisjon, noko som viser at nivået på dei aldersbestemte laga i Bergsøy er blant dei beste på Sunnmøre. Vi treng også å styrke dommargruppa vår, og vil oppmode om at fleire tek dommarutdanning. Dette må vi gjere både for å styrke klubben, og for å holde forpliktelsane overfor kretsen.

Bergsøy er ein breiddeklubb der vi skal ta oss av alle. Men det viser seg at frå årskull til årskull dukker det opp naturtalent i tidlig alder. Det må være lovlig å være god i fotball. Derfor må vi være flinke til å ta oss av jenter og gutar som utmerker seg i sone og kretssammenheng. Lat oss prøve å behalde desse så lenge vi kan, før større utfordringar kjem i andre klubbar.

Til slutt vil eg få takke trenarar, leiarar og foreldre som gjer ein stor innsats for klubben. Lykke til med fotballsesongen 2005.

Terje Lima - leiar Bergsøy IL Fotball

Oppsummeringa 2005;

Bergsøy A-lag har en lang sesong bak seg, og har hatt sin dose med motgang. Kun 6 gongar har gutta kunne reist armane i været og jubla for en seier, tek vi med treningskampane så blir det litt meir. Bergsøy sigra nemlig med 4-3 borte mot Åram/Vankam, og slo også Larsnes samt juniorlaget til Bergsøy i Huldalen. For dei som vil analysere den siste setninga så er det berre å trå igong, alle lyspunkt som kan bli tatt med er tatt med.

Skal en analysere sesongen så er det rette punktet å starte etter fjorårets sesong. Bergsøy hadde ei knallrekke med kampar i slutten av 2004 sesongen. 8 seirar på 10 kampar, deriblant 5 strake bortesigrar. Det er tydelig ett eller anna som har gått tapt i løpet av tida frå sist sesong til starten av 2005 sesongen. Svaret er nok enkelt, og som vi var inne på med reportasjen Overgongen til 2005, at laget har hatt så mange utskiftningar siste året at det ville være dumt å i det heile tatt sammenligne det. Anders Vaagen (Hødd), Johnny Moltubakk (Træff), Karl Bjarte Vike & Vegard Sævik (utbrente ;) ), Martin Molnberg forsvann i løpet av 2004-sesongen, og Anders Per Vågsholm tok veien til Oslo ilag med Tommy Remøy. Utenom dette så har 2005 vore omtrent som 2004 for mange av spelarane. Roy Igesund har vore ut og inn laget, spelte 5 kampar i 2004 mot dei 4 kampane han spelte i årets sesong. Mons Arne Kvalsvik spelte 9 i 2004, mot 6 i 2005. Christoffer Nilsen hadde 11 kampar i 2004, mot 10 i 2005.

Tapa av Anders Vaagen (toppscårar med 16 mål), Johnny Moltubakk (årets spelar), og Karl Bjarte Vike + Vegard Sævik har ikkje vore lett å erstatte. En finn ikkje tak i dei samme spelartypane, men det skal være sagt at Bergsøy gjorde ei sterk leiting. Bergsøy var "linka" til mange spelarar sist vinter, og gjorde mange forsøk på å hente inn spelarar. Faktisk så mange at mange spurte seg sjølv kva som skjer i klubben. Ved romjulsturneringa fekk Bergsøy-publikumet stifte bekjentskap med Halvor Viken, Steffen Moltu og Toni Sandanger på Bergsøy1. Halvor Viken skulle seinare forsvinne.



Det var merka forskjellige meiningar om den "transfer-politikken" som var i klubben. Sjølv følte jeg at publikum håpte Bergsøy2 skulle vinne i finala. Sann er det også til vanlig, at en heiar på underdogen, men her heia publikum faktisk på dei spelarane dei kjente til. Det var ikkje mange Bergsøy-innfødde på Bergsøy1. Bergsøy2 var Bergsøy, mens Bergsøy1 var ei Chelsea utgave. Det var slik eg tolka mange følte, kanskje tek eg litt feil - kanskje tek eg veldig feil.

Det er imidlertid svært få som kan seie noko på at Bergsøy trengte nytt blod etter å ha blitt tappa for fleire liter. Vi såg også Jan Rune Teigen på Bergsøytreningane. Han dominerte utvilsomt dei treningane eg var med på, en klassespelar. Det var få som hadde tru på at han skulle kome til Bergsøy, og han endte tilslutt tilbake i Volda. På denne tida hadde Vegard og Karl Bjarte gitt seg, Anders og Johnny var ikkje langt ifra å forlate oss dei heller. Bergsøy fekk sårt trengte erstatningar frå lokalområdet. Steffen var den første som imponerte meg i Huldalen. Stor, sterk og kraftig og gikk til i duellane. Så fekk eg augene opp for Curt Åge, som imponerte stadig meir og meir med ei utrettelig vilje. Skepsisen til Preben Hestad må innrømmast. Det såg stilleståande ut i Romjulsturneringa, det gjekk litt seint. Men han ville virkelig jobbe seg inn i form og inn i laget. Han forbedra seg stadig, og 12 mål iår er meir enn godkjent for en spiss aleine på topp for et botnlag. Toni Sandanger var også med frå og med Romjulsturneringa, og Alexander Tarberg kom til klubben - og spelte på Bergsøy JR.

Det var uunngåelig at erstatningane ville bli sammenligna med forgjengarane, kanskje det var uheldig. Preben er ingen Vaagen, Steffen ingen Vegard og Toni ingen Kim Vågeskar. Det betyr ikkje at dei er dårligare, men at spelemåten nok vil bli forandra. Bergsøy sleit med å kome inn i ei ny rytme, når sesongen nærma seg hadde Bergsøy fortsatt ikkje fått en seier i treningskampane. Det er klart at nedrykksstempelet ville kome. Om en ikkje vinn kampar så kan en ikkje forvente anna. Trur også at fleire innanfor Bergsøy-kretsen frykta det verste. Det var nok helst på sentral midtbane spørsmålet skulle dukke opp. Kven skulle erstatte Rune Frantsen? Curt Åge spelte samtlige treningskampar, samt cupkampen, i den posisjonen. Mats Inge Teige spelte der mot Åram og scåra i den hittil einaste sigeren mot akseptabel motstand i 2005. Det førte til nye omrokkeringar. Når Frank Sverre og Christoffer, som ikkje var med på cupkampen, kom til seriestarten - blei det fleire omrokkeringar. Jeg har nesten ikkje nemnt Alexander Tarberg, og har ennå ikkje nemnt Dag Steinsvik. Grunnen til det er nok at begge endte med 1 kamp i 2005. Alexander var stort sett å sjå på juniorlaget, og Steinsvik spelte nokre gode kampar på B-laget. Det blei ikkje stort meir enn det i 2005. Daniel Hatløy kom også til klubben, og skulle få meir speletid enn dei to førstnemnte.

Sesongen tek til

Bergsøy rauk raskt ut av cuppen med et 3-0 tap borte mot Valder. Det er ei av dei virkelig få banene det ser ut til at vi kan ha grunn til å frykte. Kampen var jamnare enn resultatet, på samme måte som 2-0 tapet seinare ut i serien på samme bane. Men cupkampen skulle bare være som en generalprøve for seriestarten. Det viser kanskje litt av den nervøsiteten som var i klubben anngåande forma og styrka på laget. Sjølvsagt skulle vi gå ut på bana og vinne kampen, men det aller viktigaste var å sjå korleis det låg ann fram mot seriestart. Laget var rett og slett ikkje klart for sesongen enda. Stemninga var mer "vi får gjære det beste ut av det" istadenfor "no skal vi til cupfinale og Ullevåll". At Frank Sverre ikkje var med i troppen understreker denne følelsen. Kampen vart en treningskamp ekstra, der kvar posisjon måtte vurderast. Børge og Kjetil spelte på sidebackane, Curt Åge spelte no ilag med både Mats Inge og Jarl Åge på sentral midtbane. Frantz og Per Ståle var på kantane. Det var fortsatt den samme 3-5-2 formasjonen fra suksessane året før.

Det skulle vise seg at Bergsøy etterkvart har måttet benytte seg av dei beste spelarane tilgjengelig til enkvar tid. Som Henning Berg sier, så gjer en trenar ikkje jobben sin om han ikkje tek ut dei han meinar er best til jobben. Derfor blei det også nye forandringar til seriestart som var med på å styrke laget. Christoffer og Frank Sverre gjekk inn på laget, og Bergsøy var uheldige som ikkje slo Hareid. Nokre doser "heime-debut-nærvar" av keeper Toni Sandanger var nok til at Hareid skulle få en god start på sesongen. Bergsøy fekk ikkje den pangstarten en hadde håpa på. Så gjekk det slag i slag. 1-5 tap mot Sykkylven. 3-4 tap mot Langevåg. 1-6 tap mot Ålesund. 2-4 tap mot Blindheim. 3-5 tap mot Valder. 0-9 tap mot Volda. Bergsøy starta 2005-sesongen med 7 strake serietap, og mange av dei med utklassingssiffer og uendelig mange baklengsmål - både heime og borte. Det var sportslig krise i klubben.


(3-2 tap borte mot Ørsta)


En 1-0 seier heime mot Skarbøvik skulle gi klubben et lite pusterom en tirsdagskamp, men fredagen var det klart for et nytt surt tap. Ørsta slo Bergøy 3-2. Bergsøy hadde hatt ledelsen 2-0 og full kontroll før alt blei rota bort. Kanskje var det rettferdig alt i alt. At Bergsøy vann mot Skarbøvik var en stor dose flaks og en stor dose gode redningar av Toni Sandanger. Men kampen viste at det var mulig, og det var viktig. Det var en ny spelar som ordna poenga, Ove Kvalsvik. Han skulle også score mot Ørsta. Så kom Jarl Åge tilbake fra skade og inn på laget, og Ove forsvann ut av laget - på samme måte som Curt Åge gjorde tidligare i sesongen da Christoffer kom til Hareidskampen. Det kan være mange meiningar inne i bildet, men en trenar må som sagt ta ut dei spelarane han meinar er best. Ingen hadde noko å seie på at Jarl Åge måtte inn i førsteelvaren, han var også kaptein tidlig i sesongen. På samme måte var det med Curt Åge. En godt trent Christoffer vil alltid være med på å styrke et Bergsøylag. Bergsøy trengte den rutinen og styrka dei kunne få. Men surt var det nok både for Ove og Curt Åge. Ingen av dei spelte seg ut av laget, det var andre som kom inn. Bergsøy gjekk på nye tap, men fekk heldigvis en seier over Sykkylven før sommaren.

Sommar og treningsleir

Det skulle bli godt med ei pause frå tapsrekka. Sommaren måtte nyttast godt for å kome sterkare tilbake og klatre oppover på tabellen. Det var som alltid et bra sportslig utbytte av treningsleiren. Mange treningar, to kampar og endel morro. Kampane endte rett nok i tap, men det var mykje positivt å hente. Det var også godt å få en treningsleir for å få gjengen tettare sammen. Tidligare i sesongen hadde laget hatt ei weekend i Stryn ilag, og det er slike utflukter en treng for å bli bedre kjent med kvarandre. Desverre må en seie, så var boforholda ikkje heilt optimalt. I Grimstad var gutta plassert i leiligheter hulter til bulter, og hotellet var også midt imellom både bane og sentrum. Til banene brukte en buss, og til sentrum brukte en taxi. På den måten nådde det ikkje opp til Danmark's Blokhus, med sandstranda bak hotellet - med bowlingen og boblebadet som samleplass for alle, og med sentrum rett utanfor døra. I det heile er det få ting som kan sammenlignast med Blokhus. Det er et reisemål jeg alltid vil ha store problemer med å takke nei til.



Turen var likevel en suksess. Det var også positivt at Magne Havnen, Alexander Teige og Kjell Alfred Otterlei var med. Bussjåføren var også veldig aktiv og hyggelig. I tillegg var Knut Peter Sævik og Alexander Tarberg med på turen, men dei kom aldri med på laget når sesongen starta igjen. Anders Hoff var en av dei som var med og spelte seg inn til en fast midtstopparplass, han måtte forsvare posisjonen som han fekk i sigeren heime mot Sykkylven i den siste kampen før ferien. Og han gjorde det godt.

Press på trenaren

Med den lange tapsrekka i starten av sesongen så kom det fleire meldingar i gjesteboka på heimesida som meir enn anntyda at trenaren hadde gjort sitt. Det har vore en tøff sesong for Tom Beddari, og det har ikkje vore lett å vore i hans posisjon iår. For det første har han hatt mangel på fast oppmann. Dette har meir å seie enn kanskje mange trur. Tom Beddari har dermed ofte befunne seg i en posisjon heilt aleine. Heldigvis kom Kjetil Goksøyr inn i bildet og har trådd til enkelte gangar. Også tidligare oppmann Arvid Kvalsund har måtte steppe inn som oppmann ved enkelte situasjonar, ettersom ny fast oppmann ikkje har vore å oppdrive. Mange har blitt spurt, ingen har takka ja etter det vi kjenner til.

Det som kanskje ikkje blir nemnt så ofte er at Lars Ove Almestad gav seg etter 2004 sesongen, og dette var også et tomrom som en ikkje har klart å fylle opp. Lars Ove var hjelpetrener og godt likt motivator, og det blei et stort tap at han gav seg. Det har i større grad gjort at Tom Beddari har måttet stå aleine i stormen, og det er ingen enkel plass å stå. Et lag bør aldri ha kun en trenar. En trenar aleine kan ikkje observere og trene 20 mann på treningsbana samtidig. Svein Haukås har steppa inn endel treningar, og Trond Paulsen har vore innom for å hjelpe. Jeg trur det er spelarane si oppfatning at en bør få en fast hjelpetrenar på alle treningane, og ikkje berre på turnusbasis. Iallfall er det mi meining.



Om nokon trudde eg skulle skrive mot Tom Beddari, så tek dei alvorlig feil. Tom Beddari er en av dei som i sesongen 2005 har ytt maksimalt av seg sjøl. Han har gjort sin jobb, og meir - og stått på for laget. Tap har gått sterkt innpå han, og seirar har gleda stort - på den måten følelsar går innpå sterkt engasjerte personar. Det er ikkje alle som kan seie at dei har gjort den samme jobben. Tom har stått rakrygga, han trakk seg ikkje når tapa kom. En feig trenar hadde gitt seg allereie før sesongen vel vitande om at Bergsøy ville kjempe mot nedrykk, men Tom er ikkje feig.

Siste del av sesongen

Det starta borte mot Langevåg. Ove var no tilbake i startoppstillinga, men blei utvist etter 30 minutt, og Bergsøy låg under 1-0. Moralen i laget og vilja som blei vist var upåklagelig. Med en mann mindre gjekk Bergsøy opp i ledelsen 2-1. Kun uflaks på slutten hindra poeng. Men det er vel det som kjennetegnar et botnlag. En ball skiftar retning, og vips så taper vi kampen. Den neste kampen var mot Ålesund2 på Color Line stadion. Bergsøy satsa offansivt, og i etterkant kan en nok seie at det var overmodig. 8-0 tap var ikkje et mål for mykje tilslutt, men så var også dette et lag som ville slått dei fleste 2.divisjonslag. Etter denne kampen blei det satsa meir defansivt. Dei offansive vingane Steffen og Daniel gjekk ut, og Bergsøy måtte ha poeng mot Blindheim heime. Det blei en 6-4 thriller. Fortsatt mange baklengs, men en veldig viktig seier. Desverre blei det 2-0 tap for Valder den komande kampen, men det blei 3 nye poeng mot Volda.


(Bildet; Viktig mål mot Volda)

En må nok slå fast at det har vore endel ujamne prestasjonar når en ser at Bergsøy har slått lag som Volda, Skarbøvik, og Spjelkavik, men tapt mot dei fleste andre laga lavare plassert på tabellen. Det viktige tilslutt blei uansett kampen mot Stranda. Bergsøy måtte vinne, og gjorde det. Til pause var Bergsøy i 4.divisjon, ved kampslutt var Bergsøy sikra fortsatt 3.divisjonsspel. Heile sesongen endte med det avgjerande oppgjeret mot Stranda. Og tilslutt kunne Bergsøy juble. Sjølvsagt var det hardt arbeid som måtte til for å redde klubben, og stor vilje i dei siste kampane. Fortjent, vil mange seie - at Bergsøy holdt seg oppe. Det var mykje uflaks i mange kampar. Samtidig må en innrømme at Bergsøy raskt kunne rykkt ned iår. Bergsøy slapp inn mest mål av samtlige lag i divisjonen, 75 baklengs er ny klubbrekord. Kampane Spjelkavik borte eller Skarbøvik heime er kampar som BIL raskt taper 3 av fem gangar, dei kampane hadde vi marginane.

Det blei nemnt i gjesteboka nokre grunnar til at Bergsøy unngikk nedrykk. Jeg er einig i at en del av grunnane har vore viktig. Arve Leine sin inntreden på slutten av sesongen betydde mykje i sluttspurten. Rune Frantsen si evne til å piske opp nivået når det blir for sløvt, er det få andre i Bergsøy som kan matche. Begge har stor porsjon rutine og respekt. Samtidig har Bergsøy i 2005 hatt mange gode juniorspelarar. Steffen Moltu og Kjetil Paulsen har begge hatt gode sesongar, og dei var også dei to einaste som har spelt alle Bergsøys obligatoriske kampar iår. Vi ser også at ungkalvar som Gustav Pettersen, Magne Havnen og Kjell Alfred Otterlei ønsker å være med på å bidra. Med samme innsatsen frammover så vil dei garantert være med på å bidra i større grad enn det som har vore tilfelle hittil. Potensialet er stort i mange juniorspelarar.

Men når det er sagt, så vil jeg kommentere et forum-innlegg som før sesongen sa at juniorlaget ville bli meir intressant å følge med enn A-laget i 2005-sesongen. På enkelte områder kan jeg sikkert være enig. Det er spennende å sjå juniorane og om dei klarer å hamle opp med dei beste laga i juniorserien. Det er også artig å sjå utviklinga til spelarane og om dei klarer å spele seg inn i A-diskusjonen. Men jeg vil kaste ut et lite varsko. Når jeg var junior så var jeg ikkje så intressert i å spele for A-laget, men angrer i ettertid. A-laget bør være ei målsettning for alle som spelar og vil satse på fotball. Derfor stiller jeg meg negativt til det at A-laget skal kome i andre rekke. Jeg ønsker et større fokus på å bygge opp en positiv ramme rundt A-laget og A-kampane, så vi kan få med fleire publikummarar. Få til litt show på kampane, litt morro pauseunderholdning. La et skulekorps få spele litt musikk eller la Bjørn Prytz få synge ei Bergsøystrofe. La et småknøttelag få spele en 10 minutters kamp. Ett eller anna. Jeg synes A-laget er for lite promotert. Ikkje missforstå, vi bør støtte juniorlaget. Men det kan da være mulig å klare to ting på en gang?

Lærdom

En lærer mer i motgang enn i medgang. Ting går ikkje av seg sjølv når laget starta å tape fotballkampar. No når sesongen er over så må en sjå tilbake på kva som har skjedd, og finne ut om det er endel en kan lære av det. Kva kunne blitt gjort annaleis? Kva kan vi forbedre til neste år? Det har dei siste fire åra våre ei berg og dalbane. 2002; Seriemester, 2003; Unngikk nedrykk, 2004; 3.plass, 2005; Unngikk nedrykk.

Bergsøy vil alltid variere i prestasjonane. Antallet spelarar brukt dei to siste åra, understreker det. Men det betyr ikkje at vi skal slå oss til ro med at vi trulig ikkje er gode nok for 2.divisjon. Vi bør fortsatt ha det som mål å satse høgt. Som Stabæk sier, høge målsettningar e også så mykje artigare å ha. Det første jeg mener som må rettes opp er å få vekk det fakta at oppmannsjobben og hjelpetrenerjobben på A-laget er en dugnadsstilling. Det er ikkje lett å skaffe folk, men en bør ikke slutte å forsøke.

Treningsleiren i Grimstad

Bergsøy har dei siste åra benytta seg av sjansen til å ta seg ei ukes treningsleir i slutten av juli månad. Ifjor gjekk turen til Blokhus i Danmark, samme plass som for tre år sidan. Og for to år sidan var A-laget i Sverige ei uke for å toppe forma. Iår blei det en innanlandstur, og valget endte på Grimstad. Grimstad er kjent for sine mange soldagar i året, og ligg ikkje langt ifrå Kristiansand.


Lagbilde


Det tok 16 timar med buss for å kome ned til Grimstad og Norlandia Hotell, og enda litt tid før alle fekk kome på plass i leilighetene. Dei fleste budde på 4 mannsrom, mens enkelte var på 2manns boliger. Spelarane var elles også splitta opp i to blokker.


(Bildet; På eine 4-mannsrommet låg Frank Sverre Kopperstad Skorpen, Steffen Helsem Kvalsund, leiar Kristian "Tittan" Berge, og Anders Helsem Hoff.)

På grunn av litt geografisk spredning av rom både etasjevis og blokkvis så blei det mindre kontakt mellom spelarane enn til dømes slik leilighetene har vore i Danmark og i Sverige, men det sosiale var likevel bra, og spelarane hang ihop både mellom treningane og etter. Bowling, soling på strand, beachvolley og andre aktivitetar holdt gjengen på tå heile uka. Viktigast var sjølvsagt å være på tå i treningssituasjonane, og det vart opprettholdt et bra treningsnivå gjennom heile uka. To kampar blei også gjennomført på gode grasmatter, og sjølv om det blei to tap så viste Bergsøy seg fram med tidvis godt spel.


(Bildet; Onsdagsmorgenen blei det trent litt teknisk trening på et lite grasfelt nær Norlandia Hotell etter en morgenjogg.)

Tirsdag var det klart for den første kampen, og motstander var Gneist. Det skulle vise seg at dette laget var ganske kvikke i beina, og til pause låg Bergsøy under med 4-0. Et raskt mål, ei straffe, en corner og et gjennomspel. Bergsøy hadde nokre målsjansar i den 1.omgangen, men heva seg ytterligare i den andre omgangen. Gneist som var veldig effektive før pausen hadde også nokre sjansar etter pause, men klarte ikkje å scåre fleire. Derimot var det Frank Sverre Skorpen som kunne redusere til 1-4 etter målgivande frå Steffen Kvalsund. Daniel Hatløy hadde tidligare en identisk sjanse som keeperen såvidt fekk redda via stolpen. Alt i alt ei god gjennomkjøring der alle spelarane fekk prøvd seg.


(Bildet; Fredag var det kamp mot Jerv, og den blei spelt på denne flotte grasmatta.)

Fredag var det klart for en ny kamp, denne mot et av dei lokale topplaga. Bergsøy viste ingen respekt dei første 20 minutta av kampen og hadde nokre flotte raske angrep som burde ført til mål, men tiltross for sjansane sto det 0-0 i starten. Det skulle imidlertid kome et mål etterkvart, og det kom som følge av hardt press på keeper av Frank Sverre Skorpen. Frank snappa op keeperens dårlige pasning og sende i vei et skudd som gikk i stolpen, på returen satte Preben Hestad ballen imål. Sjølv om heimelaget hadde ballen endel så var Bergsøy lenge det farligaste laget, men to raske innlegg skulle snu kampen til deira fordel før pausen. Det siste av dei to måla var et heldig mål der ballen gjekk ping-pong både gjennom og via forskjellige bein i perfekt bane for heimelagets spelarar.

Med store treningsmengder i beina var det heimelaget som hadde mest krefter utover i kampen, men den andre omgangen endte likevel 1-1. Bergsøy sitt mål blei kriga inn av Knut Petter Sævik, en fin prestasjon. Frank Sverre Skorpen som fekk gult kort i kampen på tirsdagen fekk to gule kort i denne kampen. Sjølv om heimelaget tilslutt vann fortjent så kunne det fort endt annaleis om Bergsøy hadde klart å utnytta sjansane dei hadde tidlig i kampen.


(Bildet; Det vart delt ut prisar, og keeperane Toni Sandanger og Arve Kvalsvik fekk kvar sin kule caps.)

På treningane under treningsleirane dei siste åra så har det blitt en tradisjon å ha en 3lagsmodell med cup for å få opp konkurranseinstinktet og vinnarvilja. Vinnande lag får også en premie, samt at toppscåraren og turneringas beste også blir premiert. Vinnande lag iår vart lag nummer 1 med Frank Sverre som kaptein, lag nummer 3 med Preben Hestad kom på en andre plass mens lag nummer 2 med Jarl Åge Wågsholm som kaptein kom på en 3.plass. Preben blei turneringas toppscårar med 19 mål, 8 av dei i den siste kampen som turneringas svakaste iogmed at den ikkje gjorde utslag på tabellen. Bak seg hadde Preben scårarane Knut Petter Sævik og Daniel Hatløy som begge endte på 11 mål, Frank Sverre Skorpen endte på 10 og Steffen Kvalsund endte med 9 mål. Kvar spelar leverte inn en lapp med et namn på, og resultatet av turneringas beste spelar blei uavgjort mellom Frank Sverre Skorpen og Preben Hestad som begge viste gode takter.


(Bildet; Vinnarlaget på 3lagsmodellen. Magne Havnen, Frank Skorpen, Anders Hoff, Alexander Tarberg, Daniel Hatløy og Kjetil Paulsen.)

Laget slapp unna dei største skadene iår, men Kjell Alfred Otterlei og Arve Kvalsvik måtte stå over fredagens kamp med skader. Preben Hestad sto over tirsdagens kamp.

Reknar med dei fleste hadde det artig iår. Litt startproblem var det med treningstider og avstand til bane og sentrum, men det ordna seg raskt. Skryt skal også bussjåføren ha, som ikkje bærre var tolmodig med gjengen på vei nedover - men som også stillte opp som keeper på trening og ivrig ballhentar. Trond Paulsen tok også en tur innom for å hjelpe til på treningsfeltet, der trenar Tom Beddari i tillegg hadde hjelp av Tage Beddari og Kristian Berge.

Statistikken 2005

Robert Sogge blei årets spelar i 3.divisjon for tredje gang. Han har tidligare fått prisen i 1998 og 2001. Prisen blir som kjent utdelt ti lden spelaren som får flest stjerner i sumpens spelarbørs totalt gjennom en sesong. Et poengsystem som til tider kan bli diskutert hvorvidt det er rettferdig, men likevel er det en utvilsom sak at Robert Sogge er blant divisjonens aller beste fotballspelarar.

Robert Sogge frå FK Sykkylven fekk 19 poeng. Bak var det tre spelarar med 18 poeng, og det var Hans Jørgen Brandal (Langevåg), Steffen Oksnes Elde (Valder, og Roar Rørvik (Valder). Vidare viser det seg at det iår har vore veldig jamnt, ettersom heile fire spelarar opptjente seg 17 poeng. Desse var Per Espen lade (Sykkylven), Peter Stivang (Spjelkavik), Tore Sørheim (Volda og Thomas Pedersen (Aafk2).

Fire spelarar fekk 16 poeng, og ytterligare 4 spelarar fekk 15 poeng. Øverst på lista av Bergsøyspelarane finner vi Frank Sverre Kopperstad Skorpen med 13 poeng. Det var like mye poeng som Nils Petter Dyrkorn (Spjelkavik), Asgeir Aarseth (Sykkylven, og Frank Gjerde (Ørsta). Neste Bergsøyspelar på lista blei Tony Sandanger med 9 poeng, mens Preben Hestad (Årets Bergsøyspelar) fekk 6 poeng på spelarbørsen. Steffen Moltu og Kjetil Paulsen fekk begge 5 poeng. Totalt i årets divisjon var det 61 spelarar med minst 5 poeng. 11 spelararr fekk 4 poeng. 22 spelarar fekk 3 poeng. 14 spelarar fekk 2 poeng. 24 spelarar fekk 1 poeng. Totalt altså 132 spelarar fekk poeng i 2005.

Tidligere vinnere av Sumpens spelarbørs:
1998; Robert Sogge, 1999; Rune Frantsen, 2000; Frank Sverre KS, 2001; Robert Sogge, 2002; Frank Sverre KS, 2003; Eivind Fet, 2004; Sindre Uggedal (valder).

Mål i 2005

Tom Gøran Jønsson blei toppscårar i årets 3.divisjon Sunnmøre for andre år på rad. Han scåra 18 mål for sin klubb Valder, 4 mindre enn i 2004. Nestemann på lista km Bergsøyspissen Preben Hestad med 13 mål. Deretter kom Per Espen Lade (Sykkylven) og Knut Arve Nærø (Volda) med 12 mål kvar. 3 spelarar scåra 11 mål, de var Frank Gjerde (Ørsta), Frode Fagermo (Aafk2) og Thomas Pedersen (Aafk2). Spelarar med 10 mål i årets serie var Even Hansrud (Hareid), Peter Stivang (Spjelkavik), Jan Rune Teigen (volda), og Abdolaye M'baye (Aafk2). Seks spelarar scåra 9 mål, og 3 spelarar scåra 8 mål.

Sesongen 2005 frå A til Å

A: Alderen på A-laget holdt nok en gang en svært lav gjennomsnitt. Fleire juniorar fekk prøve seg i løpet av sesongen, og var med på å halde snittet nede. Enkelte var dog med på å bidra til at snittet blei dratt litt opp, som foreksempel Arve Leine's inntreden på laget ut i sesongen.

B: Bortekampane skulle vise seg å være et mareritt for A-laget i 2005. Ganske merkelig igrunnen ettersom laget var ganske suverene borte i siste halvdelen av sesongen 2004. I den aller siste bortekampen blei inntrykket redda med en bortesiger over Spjelkavik, og dermed klarte Bergsøy å klore seg til 4 bortepoeng i årets sesong.

C: Cupdeltakelsen blei ikkje den store opplevelsa dette året heller. Kampen borte mot Valder var jamn, men endte tilslutt i et 0-3 tap. Nokre store missar i den første omgangen blir huska som avgjærande, men utover i den andre omgangen hadde heimelaget bra kontroll på Bergsøy.

D: Døballspesialisten på laget var Kjetil Paulsen. Han har i løpet av sesongen fått vise fram godfoten på frispark og cornerar i tillegg til sine førsteforsvarsegenskaper i god aggressiv Doffen-stil. Borte mot Ørsta huskes det et frispark som gjekk i tverleggaren, og Preben Hestad scora på returen.

E: Elendige treningskampresultat må vi nesten kunne kalle det når laget aldri klarte å vinne en kamp mot 3.divisjonsmotstand før serien starta. Det blei nokre hederlige forsøk og enkelte uavgjorte kampar, men totalt sett blir den lange rekka uten sigrar huska best. Det blei et lite lyspunkt borte mot Åram/Vankam, men sigeren sat langt inne. Kun et stjernetreff fra Mats Inge Teige redda oss i den kampen.

F: Fredagskampane var lenge et mareritt for laget. Etter ti kampar hadde laget hatt en siger, og det var på en tirsdagskamp. Per Ståle Nykrem uttrykte det rett som det var, at det enda ikkje hadde vore ei helg med sigerfølelse til då i sesongen. Det var ikkje før den 13.serierunda at laget skulle klare å vinne på en fredag.

G: Grasbana må seiast å ha hatt et bra år bak seg. Iallfall om vi tek i betraktning at værforholda har vore veldig ugunstige. Store mengdar med sand og mold har blitt lassa opp på bana, og banemester Arvid Kvalsund har stått på for å legge forholda godt til rette for spelarane.



H: Huldal festning har bana i Huldalen blitt kalla, og iår blei det spelt 2 seriekampar på denne bana. Det endte med 4 poeng på 2 kampar mot slutten av sesongen. Kanskje var det Huldal festning som tilslutt bidro med å redde 3.divisjonskontrakta til klubben? Det som iallfall er sikkert er at Bergsøy er vanskelige å slå i Huldalen, og det viste vi iår igjen.

I: Irriterande nært nedrykk. Det er andre gongen på 3 år at Bergsøy reddar 3.divisjonskontrakta i den aller siste runda. Iår som for to år sidan så var det siger i Huldalen den siste runda som gjorde at spelarane kunne juble for fornya kontrakt. Begge gangane hadde laget en dårlig 1.omgang, men klarte å avgjære det ut i 2.omgangen.

J: Juniorane som har fått prøve seg på A-laget iår har vist seg tilliten værdig. Ikkje minst var det imponerande at juniorane Kjetil Paulsen og Steffen Moltu var dei to einaste som spelte samtlige A-kampar i årets sesong. Fleire andre juniorar har også fått prøve seg, og har vist at dei vil bli å rekne med også til neste år med samme innsats og innstilling.

K: Kunstgrasbana ser ikkje ut til å ha kome stort lengre iår enn det den var ifjor. Iallfall ikkje når en tenker på synlige forandringar i myrfeltet ved sidan av Kulturhuset. Vi ventar fortsatt i spenning på at et synlig arbeid skal bli iverksatt.

L: Lagmoral har vore et viktig stikkord iår. Det er ikkje lett å prestere maksimalt i motgang, og det er viktig å ha trua på egne ferdigheter. Tilslutt var det lagmoralen som berga laget igjen. Borte mot Langevåg var lagmoralen ganske tydelig då BIL snudde 0-1 til 2-1 med en mann mindre på bana. Seinare i sesongen var lagmoralen igjen viktig då laget snudde kampane mot Spelkavik, Ørsta og Stranda.

M: Midtstopparrollene var lenge på rullering. Steffen Moltu var fast på den eine posisjonen, men ved sidan av seg hadde han fleire underveis i sesongen. Lars Conradi Andersen, Per Ståle Nykrem, Anders Hoff og Arve Leine var alle 4 meir eller mindre faste som midstoppar nummer 2 en eller annan gong i sesongen.

N: Ny tribune i Huldalen har endelig kome på plass. No kan publikum både site og stå godt plasserte nær kiosken, og det gjer det straks mykje meir trivelig å gå på kamp. Borte er det stygge ugraset og plantene. Heilt klart ei flott forbedring.



O: O2-opptaket i Bergsøy er kanskje ikkje blant landets beste, men A-laget har nokre virkelig sterke langdistanseløparar innad i laget. Det er ikkje kondisjonen som hadde skyld i lagets plassering på tabellen.

P: Pausen frå seriefotballen var fin å ta med seg også i sommar. Turen denne gang var Grimstad, der laget hadde et fint opphold med 2 treningskampar. Baneforholda var gode, hotellet var passelig, været var topp, og Grimstad er en fin liten by.

Q: Qunstgras har ikkje vore så heldig for Bergsøy iår. Borte mot Volda blei det 0-9 tap, og borte mot Åfk2 blei det 0-8 tap. Til neste år må vi sikkert regne med at bortekampen mot Ørsta også vil bli spelt på kunstgras, så Bergsøy må ikkje vente for lenge med å få til gode treningsmuligheter på lignande dekke. Gang på gang har vi sett at laget ikkje har klart å venne seg til tempoet godt nok i slike bortekampar.

R: Røde kort skulle det bli også iår. Ove Kvalsvik blei utvist i den første omgangen borte mot Langevåg etter to tacklingar, og Jarl Åge Wågsholm blei utvist i heimekampen mot Stranda etter å ha kalla dommaren for humlepung. Jarl Åge sitt røde blei etter kampen omgjort til gult etter at dommaren innrømte feil. Bergsøy har igrunnen vore en snill gjeng også iår, kanskje for snille?

S: Strynhelga foran sesongen var bra for samholdet til gjengen. Hyttene i Stryn var fine, og turen var vellykka. Litt minus var det at det blei berre ein kamp istaden for to slik det var planlagt, men store snømengder hindra søndagskamp. Det gjorde egentlig lite. Festlig og artig var det likevel, og turen kan gjerne repeterast sjølv om Stryn slo oss 6-2.



T: Trenarstillinga til Tom Beddari var under hard vær store delar av sesongen. Ei lang rekke uten sigrar medrekna treningskampane, i kombinasjon med mange baklengsmål, gjorde at han blei satt tidlig under press. Han beit imidlertid tennene sammen og førte laget til fornya 3.divisjonskontrakt. Og det står det respekt av.

U: Underholdningsverdien på A-laget kan sjølvsagt vurderast, men nok av mål har iallfall publikum fått sett når Bergsøy har vore i aksjon. Det har vore et flusst av målrike kampar, og sann sett er det nok ikkje rart at Bergsøy iår har tatt ny baklengsrekord med heile 75 ballar inn i feil nett.

V: Vikingar. Det var det Tom Beddari etterlyste etter at Bergsøy blei slått 0-8 på Color Line Stadion av Ålesund2. Ålesund2 slo oss både heime og borte i 2005, og stillte gode lag i begge kampane. Karl Oskar Fjørtovt var blant anna med og spelte på Bergsøy Stadion. Ålesund2 virka sikre på å rykke opp til 2.divisjon. Det blei det imidlertid ikkje noko av ettersom førstelaget rykka ned til 1.divisjon igjen, slik dei har hatt for vane til å gjære siste åra.

W: Websatsinga www.bergsoy.com. Nok et år har heimesida klart å holdt seg levande og oppdatert gjennom en heil sesong. Ikkje berre det, men nivået ser ut til å stige for kvart år. Det blir stadig og meir fyldige kampreferat, og fleir og fleire bilder og reportasjer. Vi håper at utviklinga vil fortsette i 2006-sesongen.

X: Xtra mange Bergsøyspelarar forsvann foran 2005-sesongen, men også mange nye kom til klubben. Slikt kan sjølvsagt ikkje skje kvart år om en skal få til godt samspel og bygge opp et lag. Håpet er at det blir færre som forsvinn til neste år, og at laget vil bli enda meir sammenspleisa til 2006 sesongen.

Z: Zalo. Det var det en skulle tru Toni Sandanger hadde på hanskane sine under serieopninga mot Hareid. Den uheldige seriedebutanten for Bergsøy fekk ikkje godt tak på ballen og var sterkt delaktiv i et surt heimetap. Han skulle imidlertid rette opp inntrykket, og var totalt sett en av Bergsøys aller beste spelarar sesongen 2005.

Æ: Ærgrelse over den dårlige seriestarten. Heile vår-sesongen var skuffende, og ikkje minst dei mange heimetapa. Bergsøy er nesten alltid bedre i haust-sesongen, og slik var det iår igjen. Til neste år må en få maskineriet til å fungere tidligare.

Ø: Øvrige spelarar som ennå ikkje har blitt nemnt i denne reportasjen må ikkje bli skuffa. Det er ingen som har gjort en dårlig jobb iår. Prestasjonsnivået har vore ganske jamnt over heile rekka, og derfor er det heller ingen syndebukkar. Likevel er det lov å håpe at samtlige kan forbedre prestasjonane neste sesong.

Å: Årets spelar blei Preben Hestad. Han blei valgt fordi han i tillegg til å være toppscorar for klubben har opptrått på en positiv måte ilag med sine lagkameratar. Han var en motivator for lagkameratane sine i motgangen, og han har ikkje minst vore flink til å støtte opp om juniorspelarane som har fått prøve seg på A-laget.



Kampreferat































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::