Den grundigaste gjennomgangen:
Historikken - År for år
#

På denne siden vil du få den grundigste gjennomgangen år for år. Ikkje berre kampreferat, men også meir om kva som skjedde underveis i året. Statistikk, og anna info er tilgjengelig via menyen under.

Sesongen 2006;

Bergsøy med nedrykk.
Det gjekk ikkje helt som Bergsøy hadde håpa på idet laget etter endt serie var klare for neste års 4.divisjon. Tiltross for en god sistekamp og 7-2 over Hareid, så måtte laget ned en divisjon ettersom Rollon klarte å snu 0-3 til 4-3 mot Hødd2 borte. Bergsøy hadde tilslutt berre seg sjølv å takke med for lite poengplukking og for mange tapte poeng i slutten av kampane.



Vel møtt til fotballsesongen 2006

Årets fotballsesong er no vel igang. Vi står ovanfor sportslige utfordringar både på seniornivå og blant dei aldersbestemte laga. Vi har idag 26 lag. Dei siste åra har vi i tillegg hatt et samarbeidslag med Hødd (damelag). Dette samarbeidet er no over, og det er gledelig at Bergsøydamene iår stiller eige 7'ar lag i serien. Bergsøy IL har idag ca 340 aktive. Med dette aktivitetsnivået må vi kunne betrakte oss som en ganske stor klubb på Sunnmøre.

Bergsøy IL Fotball er ein breiddeklubb og ein MOT klubb der alle skal takast vare på. Samtidig skal vi kunne ta vare på talenta våre, og gi dei best mulig oppfølging. Vi er også en av seks ressursklubbar i Sunnmøre Fotballkrets. Dette går på spelarutvikling og klubbutvikling.

Heldigivs har vi foreldre som støtter opp både på trenarsida og som lagleiarar. Vi må i større grad legge forholda til rette for dei slik at både dei aktive og støtteapparatet skal trivast i Bergsøy.

Vi har ein sunn økonomi i klubben. Eg vil rette ein takk til sponsorane våre. Lokale bedrifter, kommune, enkeltpersonar som gir støtte til klubben er vi avhengige av. Vi treng fortsatt økonomisk støtte for vi har mange uavslutta og nye prosjekt på gang.

Endelig er kunstgrasprosjektet vel igong. En del hinder vart støtt på underveis, men no ser det ut til å gå rette vegen. Etter planen skal bana stå ferdig en av dei fyrste dagane i september. Dettte vil bli en stor dag både for kommune og idrettslaget. I løpet av sommaren vil vi også få igang kronerullinga til kunstgrasbana, til ein sårt trengande konto.

Eg vil ønskje A-laget lykke til med sesongen. Bergsøy A-lag stiller iår med mange unge og nye spelarar. Eg vil ynskje dei nye spelarane frå naboklubbane velkommen, og håper at dei trivst i sin nye klubb både sportslig og sosialt. Dei sportslige prestasjonane vil nok svinge ein del med det unge laget, men vi håper allikevel at vi vil ha et 3.divisjonslag ved serieslutt.

Juniorlaget har også iår kvalifisert seg for 1.div, noko som viser at nivået på dei aldersbestemte laga i Bergsøy er blant dei beste på Sunnmøre.

Vi treng også å styrke dommargruppa vår. Eg vil oppmode om at fleire tek dommarutdanning, både aktive og andre intresserte. Dette må vi gjere for både å styrke klubben, og for å halde forpliktelsane ovanfor kretsen.

Til slutt vil eg få takke trenarar, leiarar og foreldre som gjer en stor innsats for klubben.

Lykke til med fotballsesongen 2006.

Terje Lima
Leiar Bergsøy Fotball


Den kommande sesongen 2006

Den komande sesongen

Den beste måten å legge en sesong bak seg på, er kanskje å sjå frammover mot den som kjem. Det betyr at vi må gløyme Blindheim og Stranda, dei to laga som tok veien ned til 4.divisjon. Det betyr også at vi må ønske velkommen Hødd2 og Rollon, dei to suverene vinnarane i fjorårets 4.divisjon som vann med grei margin på gode lag som Godøy, Brattvåg og Ha/No. No er vi tidlig ute, og mykje vil skje før serien startar, men likevel kan det være ei fin gjennomkjøring. For oversikta si skyld så tek vi det i alfabetisk rekkefølge, og sjølvsagt ligg Bergsøy fremst i rekka også her. Vi dropper bilda, og går rett på sak. Dei som vil skaffe seg ei lita oversikt over laga kan sikkert ha grei nytte av informasjonen.

Bergsøy
Det er sjølvsagt vår eigen klubb som burde være den som er lettast å ha kontroll over, og vi startar nok smått å sjå konturane av neste sesongs A-lag. Et spelarmøte idag kl 1300 vil kanskje avsløre meir, og i tilfelle så vil denne reportasja oppdaterast ytterligare. Det vi allereie veit er at to profilar har forlatt klubben og allereie starta å trene med andre klubbar. Frank Sverre Skorpen hadde spelt for Bergsøy sidan 1994, men valgte å gå til Spjelkavik. Lars Conradi Andersen kom foran 2002 sesongen til Bergsøy, men vil no prøve utfordringa i Skarbøvik. Dermed blir det fleire kampar iår med gjennsyn av tidligare Bergsøy-spelarar.

Frank Sverre var tidvis kaptein ifjor, og en annan som tidvis var kaptein var Jarl Åge Wågsholm. Det kan virke som at han også ønsker å prøve nye utfordringar. Curt Åge Hauge fekk lite speletid ifjor, og blir sikkert ikkje å finne i klubben til den komande sesongen. Dermed står laget tilbake med en kraftig rutine og pondus-svekkelse. Anvar Dulic er klar for klubben og vil bli ei fin forsterkelse. Vidare er det nok håpa å få med seg fleire før sesongen startar. Det har sett mørkare ut før, men opprykk er ikkje årets målsettning for Bergsøy.

Hareid
Hareid har et veldig spennande lag på gong, og ser ut til å berre forsterke laget frå fjorårets sesong. Ifjor endte laget på 4.plass, og ei fin topplassering kan være innanfor rekkevidde også i 2006 sesongen. Om det stemmer slik Norborg melder - at Georg Aursnes snart kan melde overgong frå Hødd til Hareid - så kan laget få ei virkelig god forsterkning. Det hardtkjempande laget har mykje talent, og med ingen særlige avgongar så skal ingen bli overraska om Hareid er med på å kjempe blant dei 3 beste.

Hareid viser seg å ha ambisjonar, og er inne i ei god periode. Klubben satsar på å få kunstgras på plass i løpet av året, og ny overtrekksdrakt har dei også fått seg. Den nye drakta er meir prega av fargen svart enn det vi tidligare er vandt med. Dei siste åra har vi blitt vandt med at Hareid er et sterkt lag, og den gode utviklinga for laget ser ut til å fortsette.

Hødd2
Lag som rykk opp kan være farlige, elles kan dei kanskje rykke rett ned. No er det slik at Hødd2 har vore i divisjonen tidligare, og ambisjonane er å ikkje gå på samme blemmene som tidligare. Som sist da laget kom opp ifrå 4.divisjon så skjedde det på en overbevisande måte, laget vann avdelinga. Foran sesongen blei det spådd tvil om dei skulle greie å rykke opp igjen, den tvilen blei avfeia etterkvart. Om vi no skal spå tvil om styrka til Hødd2 i neste års 3.divisjon, så spørs det om dei klarer å avfeie det også.

Talent har klubben bra av, men det er aldri lett å vite kven som kjem til å spele på andrelaget til enkvar tid. No er det slik at A-troppa til Hødd pr dags dato ikkje er så mykje å skryte av (antallmessig), så det skal bli spennande å sjå kven som endar i troppa til slutt. Vil Eivind Mikael Myklebust spele på andrelaget? Får vi et gjennsyn av Anders Vaagen på Bergsøy Stadion? Vi trur uansett at Hødd2 vil kunne bli ustabile. Sjølv om ambisjonane til klubben er store, så er mannskapet for lite, men Jan Rune Teigen som kom frå Volda vil nok rule i forsvaret.

Langevåg
Om du tek et blankt ark og snur det litt rundt så har du fortsatt et blankt ark. Sjølv om en kan leite lenge etter informasjon om Langevåg på Internet, så vil en sikkert ikkje finne dei store nyhetene. Derfor er det veldig vanskelig å vite kva som har skjedd med den klubben. Vi har rett og slett ikkje nok informasjon på dette tidspunktet.

Det vi derimot har klart å snuska fram om Langevåg er at dei, i likhet med Hareid og Bergsøy, håpar å få på plass kunstgras i løpet av året. Sulaposten.no opplyser at Langevåg satsar på ei bane til en kostnad på omtrent 6 750 000 kroner. På trenarfronten takka Erling Ytterland nei til jobben, men Andre Fylling og Svein Arne Sunde takka ja. Oppmann blir Bjørn Erik Mork. Desse nyhetene i kombinasjon virkar som å være ganske positive nyheter for klubben, og sulaposten.no håper at klubben blir å kjempe i toppen av divisjonen. Laget har også trent på Color Line Stadion.

Rollon
Rollon overraska positivt med opprykk frå 4.divisjon. Og det viser seg at dei ikkje tek den komande sesongen som en ferietur oppe i divisjonane. Og kvifor skulle dei egentlig det? Rollon gjennomførte ifjor sitt tredje opprykk på fire år, noko som vitnar om et ganske sterkt lag. Sterke lag i medgong kan være vanskelig å møte. Laget ser ut til å ha gjort et trekk for å fortsette framgongen, og tidligare Valdertrenar Stig Johansen takka igår ja til jobben med å trene laget. Johansen har en bra cv å vise til som trenar, og blir vurdert til å være et fint scoop for klubben.

18 mann var på den siste treninga til laget, og det er håpa at fleire mann stiller etterkvart. Rollon virkar heilt klart å være i medvind, spørsmålet er om det er nok. Det er iallfall et lag en ikkje bør undervurdere, både med tanke på kva spelarar dei kan skaffe i regionen - men også med tanke på styrken på laga dei slo i fjorårets 4.divisjon.

Skarbøvik
Skarbøvik har fått tak i Lars Conradi Andersen, og satsar nok sterkt på å forsterke fjorårets litt tamme 5.plass. En ny trenar er på plass for å prøve å gjære nettopp det, og hans namn er Jan Erik Sørnes. En av hans kommentarer på SIF si heimesida var:

-"Vi har mistet Christian Simonsen, og nå ser det også ut til at Hans Furnes må gi seg på grunn av hardt arbeidspress. De to var to av veteranene i troppen vår. Vi skulle gjerne hatt én eller to rutinerte rever i midtbaneleddet".

I tillegg til Lars Conradi har SIF signert kontrakt med en 22åring frå Sykkylven; Asgeir Aarseth. Så mykje meir veit vi ikkje utifrå den surfinga på nett vi har foretatt oss ikveld.

Spjelkavik
Frank Sverre Skorpen har rapportert om gode treningar med bra nivå og gode speleforhold. Han meinar nok at han har gått til en bedre klubb, og tida får vise om han har rett. Spjelkavik har iallfall prøvd å forsterka seg, og blant anna fått inn Jon Braaten frå Ålesund. Laget har likevel mista litt rutine frå ifjor - og har trulig et ungt lag, men vil nok uansett være ganske godt rusta. Om kilda på internet stemmer så kan det sjå ut til at spelarar i avgong frå fjoråret er Stivang, Block, Steffensen, Pettersen, og Dalseth.

Kunstgrasbane blei tidligare sagt skulle stå klar i mai, og det er ikkje meldt om forandringar i den planen. Elles er vi litt sjalu, ettersom laget satsar på å filme alle kampane - noko som er utrulig artig å ha i ettertid.

Sykkylven
Det er langt til Sykkylven, men vi må nok belage oss på at det blir en tur iår også. Og kva vil møte oss der? Det er uvisst egentlig, men også Sykkylven har kome med informasjon som tyder på at dei ønsker å kjempe i toppen. Erling "Yttis" Ytterland blir hovudtrenar og får med seg Roger Furnes og Robert Sogge i trenarteamet, noko som styret i fotballgruppa er godt fornøgde med. "Neste år skal dei leie FK Sykkylven mot tabelltoppen i 3. divisjon".

Årets spelar i 3.divisjon ifjor, Robert Sogge, vil dermed trulig bli å sjå i den samme drakta også den komande sesongen. Det er aldri lett å få poeng borte mot Sykkylven, og det er lite som tyder på at det skal bli enklare iår.

Valder
Et litt ustabilt lag, men med en veldig stabil målscårar ifjor. Fjorårets toppscårar i 3.divisjon, Tom Gøran Jønsson, herja på topp for Valder, og laget er nok avhengige av at han prestarar godt også den komande sesongen. Klubben har vist sin tillit til den viktige spelaren ved å gi han plass inn i trenarteamet, noko som kan minne litt om den samme situasjonen Bergsøy og Preben Hestad endte opp med. Scårer en mange mål i 3.divisjon så kan en altså få seg en fin trenerjobb folkens. Ilag med seg i trenarteamet finner vi Roar Blindheim.

En avgong som klubben sikkert vil merke er at Steffen Oksnes Elde har gått til Hødd. Elde har spelt på midtbana, og står notert med 59 kampar for Valder. Vi merkar oss også at Valder har 50 års jubileum, og ønsker sikkert ikkje å feire det med nedrykk.

Volda
Volda blir alltid omtalt som en toppklubb, kanskje ikkje så rart ettersom dei stadig er å finne i toppen. Ifjor fekk dei sjansen til å ta steget opp til 2.divisjon, men tapte på målstreken. Kva så med den komande sesongen? Det kan sjå ut til at det blir ei vane for Voldingane å prøve lykka si på Høddvoll, og spørsmålet er kven som får sjansen iår. En som er bekrefta å ha tatt veien til Hødd er Jan Rune Teigen, som blir å finne både i trenarteam og på bana for Hødd2.

Det blir elles meldt at Helge Edinsen kjem tilbake til Volda etter et opphold for Åsane. Volda vil nok uansett ha et bra lag, og kan sikkert hamstre inn studentar når dei skulle ha behov for det. Det er en fryktelig tøff divisjon Bergsøy er i, det er sikkert.

Ørsta
Ørsta var et lag å rekne med i toppen før, men Volda har tatt over den trona ser det ut som. Ørsta har mer eller mindre våre litt i dvale på den nederste halvdelen dei siste åra, og berre gjort nok til å halde seg. Iår stiller dei rett nok litt nytt, ettersom kunstgras er på plass. Spørsmålet er kva det har å bety, om det gir laget en liten fordel. I inne-KM mot slutten av 2005 så gjorde Ørsta en grei innsats, og slo blant anna Bergsøy med 8-2. Tekniske er dei altså, og vil kunstgraset gjere at laget vil blomstre meir?

Det er en del lag med ny trenar iår, og Ørsta har også fått ny trenar. Kenneth Nydal heiter han, og oppskrifta til neste sesong lyder slik: "Springe meir og springe rett". Om han klarer å få gjengen til å lystre den ordren så kan det hende Ørsta tek turen opp til midten på tabellen. Noko bedre trur vi faktisk ikkje på, ettersom divisjonen held et bra nivå.

Aafk2
Kva kan vi seie om et lag som skiftar stall mer enn hestane gjer? Nei, det er vanskelig - men vi må ikkje ta vekk det fakta at Aafk2 faktisk vann fjorårets 3.divisjon med grei margin på Volda. Det er med andre ord et ganske sterkt lag vi snakkar om. På ei anna side, fjorårets lag finnes ikkje lenger. Den "store stjerna" på Aafk2 dei siste åra har vore Frode Fagermo, men han har forlatt klubben. Berre for å ramse opp litt A-spelarar så har også Morten Moldskred (Haugesund) og Paulo dos Santos (Haugesund) forlatt klubben - i tillegg til Eamon Zayed, Abdoulaye MBaye og Herman Ekeberg.

Laget vil være sterkt, men varierande. Enkelte gongar vil dei kjøre over motstandarane (ofte på heimebane), mens dei andre gongar vil stille et juniorlag. Totalt sett skulle det være nok til å kjempe blant dei 4 øverste laga også iår, men med en ny trenar på plass på A-laget så er det alltid vanskelig å vite korleis prioriteringane blir.

Svein Haukås blei ny A-trenar

Tidligare juniortrenar Svein Haukås har takka ja til jobben som hovudtrenar for A-laget til Bergsøy komande sesong.

Med seg får harn Preben Hestad som spelande hjelpetrenar. I tillegg er tidligare Hødd-spelar, Cato Eiksund Rogne, også aktuell som spelande hjelpetrenar, men har etter det Vestlandsnytt kjenner til ikkje signert for Bergsøy ennå. Oppmann for A-laget vert Mathias Pettersen.

På juniorlaget held "Odden" Seljeseth fram som trenar, med Kjartan Paulsen som hjelpetrenar. Oppmann for juniorane vert Terje Lima. I tillegg er fysioterapeuten Roger Kvalsvik førespurd om å bidra med tilrettelegginga av fysiske treningsopplegg framover mot seriestart, fortel sportslig leiar Kjetil Goksøyr.

-"På spelarsida ligg det ikkje an til dei store endringane, men vi jobbar kontinuerlig med å få henta inn nokre av dei gamle Bergsøy-spelarane. [...] Mellom tinga en vil ta fatt på er å få stabla på beina et sterkare forsvar for A-laget. Forsvarsspelet har vore svakheita til laget gjennom heile sesongen, og det vil vi freiste å få retta på fram mot neste sesong. I tillegg vil vi legge til rette for å få utarbeidd ein felles strategi for både A-lag, junio og helst også guttelaget," seier Goksøyr.

"Nye Bergsøy" på plass igjen
#
Mange nye fjes den komande sesongen

På bildet ovanfor ser vi kven som kom inn i A-stallen ifjor. Iår er det dobbelt så mange nye ansikt som skal inn.

Å seie at Bergsøy er inne i et generasjonsskifte er ikkje feil, sjølv om mannskapsskiftet i A-lagstroppa ikkje kjem på grunn av fråværande spelarar frå diverse aldersgrupper. Det er rett og slett mange som har valgt annaleis til denne sesongen i forhold til tidligare, med tanke på skule, familie, jobb og satsing i andre klubbar. Det gjer at ungdommen får prøve seg, og at gjennomsnittsalderen på A-laget snart har samme tallet som en gjennomsnittstemperatur en Sunnmørs-sommar.

"Nye Bergsøy" er derimot ikkje noko nytt. Også i 2001 var laget kalla "Nye Bergsøy", året då Jørn Magnussen tok over trenarjobben etter Per Rune Tødenes. Ambisjonen til 2001-laget var ståplass, noko dei fleste tvilte på laget skulle greie - men det blei en fin sesong på øvre halvdel. Det var snakk om "nye Bergsøy" også ifjor, og mange undra seg over dei mange spelarane som kom til klubben den gong. Skulle Bergsøy ikkje være en klubb der dei lokale skulle få sjansen? Vel no har sjansen kome. Dei lokale juniorane får ta steget opp for å vise at dei er gode nok. Og det er ikkje lang tid en har på å bli klar for dei nye utfordringane ettersom seriestarten nærmar seg.

Som A-spelar så er det spennande og skremande på ei og samme tid. Det er namn som dukka opp i dagens A-stall som eg ikkje hadde hørt om, sjølv om det kanskje kan skrivast opp på ei distre-kvote? Det er ikkje mange som ligg inne på telefonlista på mobiltelefonen, og hadde det ikkje vore for siste helgs tur til Gjerdsvika så hadde eg ikkje vore heime hos nokon av spelarane i dagens A-tropp (nedanfor). 24 år hørest pluttselig skremande gammalt ut i Bergsøy-garderoba.

Det er likevel alltid spelarar som ikkje er tatt ut i den første troppa som vil være med på å bidra i seriekampane. Det er andre rutinerte 24 åringar som kan gjære en god jobb om dei ønsker å satse i Bergsøy, som Christoffer Nilsen, Roy Igesund og Per Ståle Nykrem. Rutinerte 22-23åringen Mats Inge Teige, gode gamle Børge Remøy, evigunge Arve Leine, Marvin Kopperstad og Rune Frantsen, samt Frantz Frantzen og veteran Mons Arne Kvalsvik. Vegard Sævik også sjølvsagt. Alle er hjertlig velkomne for å prøve å spele seg inn på en plass på laget.

Imårgon (søndag 12.mars) får vi sjå kvar laget ligg ann i løypa nok en gong.

A-stallen:
Andre Lima, Andreas Konningen, Anvar Dulic, Arve Kvalsvik, Bjørnar Gundersen, Daniel Hatløy, Egzon Abazi, Fillip Thorseth, Gustav Pettersen, Jonny Leikanger, Jostein Gotten, Jørn Kvalsvik, Kjell Alfred Otterlei, Kjetil Paulsen, Lars Henrik Hasund, Magne Havnen, Preben Hestad, Steffen Kvalsund, Steffen Moltu, Terje Teige, Tomas Voldsund, Toni Sandanger og Øyvind Paulsen.

Vi blir tippa rett ned
#
Hareid si heimeside har ikkje særlig tru på Bergsøy iår

Det er alltid like gøy å sjå kva andre lag tippar er våre styrker og svakheter, og ikkje minst er det spennande å sjå kvar dei tippar vi endar på tabellen. Einar Orten Trovåg har gjort en flott og grundig jobb med å analysere Bergsøy sitt A-lag, men om han vil få rett med sine konklusjonar det er vi mindre sikre på.

Istadenfor å kommentere på ting Einar Orten har kome med så klipp vi saken inn her så andre kan gjære opp sine meiningar. For all del, det kan jo hende at Einar Orten har rett i alt han skriv? Vil du gå til Hareid si heimeside for å lese saka så kan du Trykke her.

Teksta i si heilhet:

Norborg si heimeside er allereie godt i gong med å vurdere årets 4. divisjon på Sunnmøre. I dag begynner Hareid IL Fotball si heimeside, men vi vil ta for oss årets 3. divisjon. Vi begynner med laget som vi trur tar jumboplassen. Laget sleit langt nede på tabellen i fjor, og redda ikkje plassen før i siste serierunde. Framfor årets sesong har dei gått gjennom eit generasjonsskifte, og laget set sin lit til nokre sjøfolk som skal kome heim for å redde laget.

Vurdering av 3. divisjon 2006:

1. ??????????
---------------
2. ??????????
3. ??????????
4. ??????????
5. ??????????
6. ??????????
7. ??????????
8. ??????????
9. ??????????
10. ?????????
11. ?????????
12. Bergsøy

10. mars vart a-lagsstallen til Bergsøy offentleggjort. Den bestod av 23 mann, og heile 13 av dei held junioralder. Berre to av dei 13 er siste års juniorar. Bergsøy har eit godt juniorlag. Sjølv om det vart tap for Hareid i Sunnmørshallen i vinter, vann Bergsøy sine beste under 19 år pulja. Men skal det halde i 3. divisjon? Situasjonen minner om Hareid anno 2003. Du var ein sjeldan blome på laget dersom du ikkje heldt junioralder. Etter fem strake tap fekk Hareid flyten, og spelte fem kampar på rad utan tap. Det vart ikkje nedrykk på Hareid den gongen, men det at så mange unge slapp til bar frukter. Ser du lagbiletet frå 2003-sesongen, er spelarane så og seie dei same som i år. Og i år vil nok ikkje Hareid vere nøgde med å berre unngå nedrykk. Men over til Bergsøy igjen. Skal det bli ståplass i år, må dei få flyten. Då kan dei forsåvidt slå kven som helst og få ei god plassering. Men skal det vere mogeleg å få flyten med det laget Bergsøy har per dags dato? Grunnen til at vi set opp fosnavågarane på jumboplassen, er at vi tvilar. For all del: Skulle gjerne sett at Bergsøy stod i divisjonen. Dei bør absolutt ha eit seniorlag på dette nivået, men når eit slikt tabellforslag skal settast opp gjeld det å vere realistisk.

Det er så mange meiningar om korleis ein bør tolke treningskampresultat. Kor mykje har desse kampane, som ikkje står om poeng, å seie? Bergsøy spelte uavgjort 3-3 mot Hareid på Høddvoll KGB. Det som fyrst og fremst slår meg når eg tenker på den kampen, er at Hareid underpresterte, men at Bergsøy sitt multiunge mannskap stod bra på. På Herdbana har Bergsøy tapt heile 4-0 mot 4. divisjonslaget Stranda, og tapt 2-0 mot nyopprykka Rollon. Dei har også tapt 5-2 mot Skavøypoll. Bergsøy har derimot slått det nybakte 3. divisjonslaget i Sogn og Fjordane Selje 4-2, og 4. divisjonslaget Åram/VanKam 5-3, sjølv om den sistnemnte sigeren skal ha vore knepen. Summerer vi opp dette, blir vi vel ikkje veldig imponerte. Kor nivået i Sogn og Fjordane er, veit underteikna for lite om, men det å tape klart mot lag som Stranda, og det å slå Åram/VanKam 5-3, er ikkje imponerande, same kor tung grusen var i Vannylven forrige fredag.

Preben Hestad, som er inne i sin andre sesong på Bergsøy etter overgangen frå Tjørvåg, er laget sin goalgettar. Han var Bergsøy sin toppscorar i fjor, og har i vinter til dømes scora to mål mot Hareid og fire (!) mot Selje. Skulle Hestad bli skada, kan Bergsøy fort få problem med å score nok mål. På topp vil nok Hestad få med seg Daniel Hatløy eller bergsoy.com sin webmaster Steffen Kvalsund. Begge har sine styrkar, men dei overraskar stort dersom dei toppar Sunnmørsposten sin stjernestatistikk i år. På sidene kan fort Steffen Moltu og Kjell Alfred Otterlei hamne. Begge er fyrsteårs seniorar. Moltu var midstoppar for Bergsøy i fjor, medan Otterlei så og seie er ubeskriven på nivået. Sentralt finn vi truleg Kjetil Paulsen og Jonny Leikanger. Leikanger kom til klubben framfor denne sesongen. Av ein eller annan grunn har han spelt i 6. divisjon for Gjerdsvika dei siste sesongane. Forstå det dei som kan. Mot Hareid viste Leikanger at han er ein meget god spelar, som på ingen måte står tilbake for nivået. Kjetil Paulsen (f. 1988) er Bergsøy sin unge wonderboy. I fjor spelte han stort sett back, men i år går det altså mot ei "oppgradering". Dersom ikkje Anhvar Dulic eller Arve Leine kjem tilbake, kan Bergsøy kome til å stille med utelukkande juniorspelarar i forsvaret fyrste seriekamp. I det siste har dei brukt Magne Havnen (f. 88) og Terje Teige (f. 89) spelt midtstopparar. Egzon Abazi (f. 87) vil nok kome til å figurere på ein back, medan Gustav Pettersen eller kanskje Kjetil Paulsen sin bror Øyvind vil ta den andre? I mål står anten Tony Sandanger eller Arve Kvalsvik. Sandanger plukka ein del poeng på Sunnmørsposten sin børs i fjor, slik keeperar for lag i nedrykkssjiktet har ein tendens til, sjølv om han kom rett frå spel i 6. divisjon. Kvalsvik (f. 88) er eit stort talent som Hødd har snusa på. På benken blir det nok ein del juniorar. Andre Lima (f. 88) har faktisk kome inn og scora eit par mål i vinter, medan Jørn Kvalsvik (f. 88), Thomas Voldsund, Bjørnar Gundersen (f. 88) og Fillip Juan Thorset (f. 87) kan vere andre aktuelle namn.

Egzon Abazi, Bergsøy sin nyerverving frå Hødd (junior elite), trur Bergsøy tar plassen rett over streken. - Skal det gå må blandinga mellom unge og rutinerte spelarar på laget fungere bra. Og vi må trene hardt, sjølvsagt. Innstilinga må også vere god. Det hjelp ikkje å møte opp på ei trening no og då, og likevel få spele kampane.

Kan dette halde? Det vil nok kome ein del folk å sjå Bergsøy i år også. Bergsøy er som tidlegare nemnt ein fin klubb som ideelt sett bør vere i 3. divisjon. Men sånn det ser ut no kan vi vel heller ikkje tru at Marvin Kopperstad, Franz og Rune Frantzen og co vil kome heim og skyte laget til sikker plass. Vi tippar Bergsøy på sisteplass, så får de heller gjere tipset til skamme. Lykke til i år, Bergsøy!!!!!

Einar Orten Trovåg

Oppsummering A-Å 2006

Vi tok en tilsvarande oppsummering etter sesongen ifjor, så vi får gjere det om til en tradisjon. Det er forskjellig som kan seiast om sesongen som har gått, og litt av det som kan seiast fins i denne oppsummeringa frå A til Å.

Alderen på A-laget gjekk ned i gjennomsnitt også dette året. En stor del av juniorspelarane har spelt A-kampar i 2006, og erstatta med det spelarar som var fleire år eldre enn seg.

Ballbingen ved sidan av Kulturhuset kan nemnast heilt kort. Bingen har blitt brukt flittigt etter at den kom på plass, og vi håpar å sjå at A-laget vil ha nytte av dette på lengre sikt.

Cirka 3 mål (2,68) baklengs pr kamp har Bergsøy sluppet inn i løpet av sesongen 2006. Ikkje en god statistikk å vise til, og laget klarte aldri å halde nullen bakover i nokon kamp.

Debutantar. Ikkje mindre enn 11 nye spelarar har fått debutert for A-laget denne sesongen, og dermed fått sine første obligatoriske minutt på det høgste nivået i klubben.

Elendig bortestatistikk. Nok en sesong har Bergsøy hatt store problem på utebane, og det endte med 9 tap, 1 uavgjort og 1 seier på fremmend gress.

Finalen. Det blei nok en spennande sistekamp i årets serie idet Hareid blei bonka med 7-2. Preben Hestad scora 4 mål og tangerte Gustav Pettersen sine 10 mål, men det blei likevel nedrykk tilslutt.

Gustav Pettersen. Spelaren som gjekk frå backplass tidlig i sesongen, men som endte opp som toppscårar ilag me Preben Hestad. Flott sesong for ungkalven.

Haukås. Bergsøy sin nye trenar kom rett frå juniorlaget og tok på seg ei stor utfordring.

Ingen læring av tidligare år. Både i 2003 og 2005 redda A-laget plassen i divisjonen den aller siste kampen. Med meir spelarflukt enn tilgong så var det ikkje vanskelig å spå at årets utvikling ville gå samme retninga. Denne gangen gikk det imidlertid ikkje Bergsøy sin vei den aller siste kampen.

Jonny Leikanger hadde tidlig i sesongen etpar sterke susarar frå lang distanse. Desse måla, samt nokre av Gustav Pettersen, vil nok stille sterkt i en eventuell årets scoring konkurranse.

Kampane denne sesongen skulle spelast på gras. Uansett forhold. Med kunstgraset på vei så var stemninga at grasbana kan kjørast i grus. Iår blei dermed dei siste kampane spelt på gras, i motsetning til alle tidligare år der siste kampane har gått i Huldalen.

Liten agressivitet. Treningane har vore varierande, og det har en også sett på kva som har blitt prestert under kamp. Intensiteten blei bedra litt meir på slutten av sesongen idet meir rutinerte kom inn på laget og gav klar beskjed.

Midtbanekrigarane. Kjetil Paulsen og Jonny Leikanger er ikkje så ulike, og begge par med bein har sprunge mange kilometer denne sesongen. Kjetil og Jonny har vore den mest brukte sentrale midtbana til Bergsøy i en 4-4-2 formasjon.

Någså tynt støtteapparat. Trenar Svein Haukås var altfor mange gangar for aleine på treningsfeltet med ansvar for alle spelarane. For lite eller for ujamn støtte har prega laget heile sesongen.

Orten Trovåg heiter karen som foran sesongstart tippa av Bergsøy skulle ende på sisteplass i årets serie. Dette tippet finner du under denne linken: Trykk her.

Påsketuren til Selje gjekk fint, og Bergsøy slo Selje med 4-2 i en bra kamp på kunstgraset. Dette var også i den beste perioda til A-laget i 2006, altså før seriekampane starta.

Qunstgraset har vore under planlegging og arbeid heile sesongen, og det blir artig og spennande neste år med ei heilt ny bane.

Rondspelt. Sjelden har Bergsøy møtt et så godt lag som Skarbøvik var på bortebane, og 6-0 til heimelaget i den kampen var fortjent. Seriemesteren hadde inne et anna tempo, og det lukta divisjonsforskjell...

Stabilitet i formasjonen. Bergsøy spelte en 4-4-2 formasjon heile sesongen, uansett kva mannskap som var tilgjengelig eller kva resultat og prestasjonar som har blitt prestert. 15 minutter mot SIF borte blei det dog forsøkt en 4-5-1 formasjon. Stabilisator-rolla, som Vegard Sævik hadde siste to kampane i sesongen, burde nok kome på plass før.

Trua. Laget hadde heile sesongen trua på at plassen i divisjonen kunne bli berga. Sjølv med 1 poeng på dei fem første kampane så var trua der heilt til den siste kampen.

Utmatta? Noko laget sleit voldsomt med denne sesongen var baklengsmåla heilt på tampen av kampane. Om kampane hadde vart i 80 minutter så hadde lage vore høgre oppe på tabellen.

Valder-forbannelsen. Den har pågått i etpar år, og den fortsatte også i 2006. Valder har et godt tak på Bergsøy, og dei 6 poenga laget tok frå Herøylaget var tilslutt også svært avgjærande.

Wingar. Denne sesongen har det vore mange flankespelarar, og alle midtbanespelarane har bytte på å prøve seg på flankane. Kjetil, Jonny, Daniel, Gustav, og begge Steffenane har alle starta på kanten i en eller fleire kampar. Og slik har det rotert.

Xtra svekka blei nok klubben foran sesongstart idet kapteinsemna Frank Sverre og Jarl Åge skifta beite. I tillegg har Per Ståle Nykrem spelt sterkt på Hareid, mens Curt Åge har scåra mange mål for Tjørvåg. Også saknet av Lars Conradi Andersen har nok vore vanskelig å svelgt.

Ytringsfrihet. A-laget har hatt fleire (krise-)møter iår enn på lenge, og spelarane har fleire gongar fått sagt sine meiningar om kva som kunne bli retta på. Ikkje mykje hjalp.

Zorro gav til dei fattige. Bergsøy gjorde ei tabbe tidlig allereie før kampane blei spelt iår, da det blei tatt ut ei A-tropp i vinter. Denne troppa trente aldri ilag, men alle fekk likevel "sponsorgave" på Diadorautstyr sjølv om fleire av spelarane underveis i sesongen ikkje har spelt på A-laget. Enkelte av dei som seinare skulle kome til å spele på A-laget fekk sjå mindre til denne gaven, som kan tolkes som en "takk for at du trente i vinter"-gave av Bergsøy.

Ævighetsmaskinene. Kjetil Paulsen og Steffen Moltu var dei to einaste spelarane som ifjor spelte alle kampane for Bergsøy. Gjett kven som var dei einaste som spelte alle kampene i 2006, jau: Kjetil Paulsen og Steffen Moltu.

Øvelse gjør mester, heiter det. Men Bergsøy kan ikkje bli mesterar så lenge heile laget ikkje trenar ilag. En stor del av laget har vore juniorspelarar, og desse har spelt så å seie alle juniorkampar sesongen gjennom. Fasit: Ribba mannskap på A-treningane, og en viss irritasjon over det en kan kalle skade-risiko - også siste uka foran den avgjerande kampen.

Årets comeback. Martin Molnberg kom seg inn på laget etter studier i Singapore, og spelte så bra siste halvdel av sesongen at han passerte alle andre Bergsøyspelarar på Sumpens spelarbørs tiltross for halvparten så mange kampar som resten av spelarane.

Statistikken 2006


Lagbilde 1


Lagbilde 2


Trenarar

Hovedtrenar: Svein Haukås (ny)
Hjelpetrenere: Preben Hestad, Odden Seljeseth, Kjartan Paulsen.
Oppmann: Mathias Pettersen

Nye spelarar

Jonny Leikanger (Frå Gjerdsvika), Egzon Abazi (Frå Hødd), Anvar Dulic (Frå Flø), Øyvind Paulsen (Frå egen stall), Terje Teige, Magne Havnen, Gustav Pettersen, Bjørnar Gundersen, Andre Lima, Thomas Voldsund, Lars Henrik Hasund, Andreas Konningen, Jostein Gotten, Jørn Kvalsvik, Fillip Thorseth (Alle frå eigen juniorstall).
Martin Molnberg (Tilbake, frå og med 11.juli),

Spelarar ut

Frank Sverre Kopperstad Skorpen (Spjelkavik), Lars Conradi Andersen (Skarbøvik), Per Ståle Nykrem (Hareid), Jarl Åge Wågsholm (Tjørvåg), Curt Åge Hauge (Tjørvåg)

Linkar

Tabellen 3.divisjon | Kampoppsett 3.divisjon |


Årets debutanter:

: Terje Teige (Debut for Bergsøy A-lag mot Spjelkavik 21.april 2006)
: Egzon Abasi (Debut for Bergsøy A-lag mot Spjelkavik 21.april 2006)
: Jonny Leikanger (Debut for Bergsøy A-lag mot Spjelkavik 21.april 2006)
: Bjørnar Gundersen (Debut for Bergsøy A-lag mot Skarbøvik 5.mai 2006)
: Øyvind Paulsen (Debut for Bergsøy A-lag mot Skarbøvik 5.mai 2006)
: Jørn Kvalsvik (Debut for Bergsøy A-lag mot Valder 12.mai 2006)
: Andre Lima (Debut for Bergsøy A-lag mot Valder 12.mai 2006)
: Lars Henrik Hasund (Debut for Bergsøy A-lag mot Hareid 30.juni 2006)
: Thomas Voldsund (Debut for Bergsøy A-lag mot Hareid 30.juni 2006)
: Håvard Remøy (Debut for Bergsøy A-lag mot Valder 25.august 2006)
: Harald Haugen (Debut for Bergsøy A-lag mot Rollon 7.oktober 2006)

Årets måljegere:

: Gustav Pettersen, Preben Hestad
: Kjetil Paulsen
: Steffen Kvalsund, Jonny Leikanger, Daniel Hatløy, Steffen Moltu
: 1 mål: Egzon Abazi, Vegard Sævik

Årets poenggris:

: Martin Molnberg (10 Sump-poeng, 2 BFHs'bb pris)
: Jonny Leikanger (9 Sump-poeng + 2 BFH's bb pris)
: Steffen Moltu (7 Sump-poeng + 2 BFH's bb pris)
: Kjetil Paulsen (6 Sump-poeng + 1 BFHs'bb pris)
: Gustav Pettersen (6 sump-poeng + 2 BFHs'bb pris)
: Terje Teige (3 sump poeng + 2 BFHs'bb pris)
: Egzon Abasi (3 Sump-poeng + 2 BFHs'bb pris)
: Preben Hestad (2 Sump-poeng)
: Mons Arne Kvalsvik (2 Sump-poeng, 1 BFHs'bb pris)




Årets adelsliste:

22 kamper: Kjetil Paulsen, Steffen Moltu,
21 kamper: Preben Hestad, Toni Sandanger
20 kamper: Jonny Leikanger
19 kamper: Gustav Pettersen
18 kamper: Steffen Kvalsund, Daniel Hatløy, Terje Teige
15 kamper: Magne Havnen
13 kamper: Egzon Abazi
12 kamper: Mons Arne Kvalsvik, Jørn Kvalsvik
11 kamper: Kjell Alfred Otterlei,
10 kamper: Martin Molnberg
9 kamper: Bjørnar Gundersen, Vegard Sævik
7 kamper: Arve Leine
6 kamper: Frantz Frantzen, Andre Lima, Håvard Remøy
4 kamper: Mats Inge Teige
3 kamper: Øyvind Paulsen, Thomas Voldsund
2 kamper: Børge Remøy
1 kamp: Arve Kvalsvik, Harald Haugen



Kamp for kamp med A-laget:

Bergsøy - Spjelkavik 2-4

Bergsøy fekk en dårlig start på sesongen. Frank Sverre Skorpen headda inn to mål mot sin gamle klubb. Bergsøy hadde nokre gode målsjansar i den første omgangen, men etter pausen så var bortelaget best. Les kampreferat
21. April 2006

Langevåg - Bergsøy 3-2

Langevåg var ikkje et sterkt lag, men det var heller ikkje Bergsøy denne kampen. Litt spenning blei det, men Langevåg vann tilslutt fortjent. Les kampreferat |
28. April 2006

Bergsøy - Skarbøvik 0-3

Det var enveiskjøring, og tabelledaren hadde full kontroll på Bergsøy frå første til siste spark på ballen. Les kampreferat |
5. Mai 2006

Valder - Bergsøy 4-1

Bergsøy styrte kampen og gikk opp til 1-0, men rakna fullstendig da Valder fekk 1-1 like før pause. Les kampreferat |
12. Mai 2006

Bergsøy - Ørsta 3-3

Bergsøy hadde sigeren til langt på overtid, men et surt baklengsmål gjorde at skuffelsen blei stor. Les kampreferat |
19. Mai 2006

Bergsøy - Volda 3-1

Bergsøy hadde marginane då lagets første siger blei ordna på stadion. Les kampreferat |
25. Mai 2006

Hødd2 - Bergsøy 5-2

Bergsøy blei slakta av serieledaren mot et mer spelande Hødd2-lag. Les kampreferat |
2. Juni 2006

Bergsøy - Sykkylven 2-3 (2-1)

Bergsøy klarte ikkje å halde tempoet i 90 minutt. Les kampreferat |
09. Juni 2006

Aafk2 - Bergsøy 1-0

Poenget forsvann to tre minutt på overtid. Les kampreferat |
16. Juni 2006

Bergsøy - Rollon 1-1 (1-1)

Uavgjort i botnkampen. Les kampreferat |
23. Juni 2006

Hareid - Bergsøy 1-1

Uavgjort i jamn kamp oppe på Hareid. Les kampreferat |
30. Juni 2006

Spjelkavik - Bergsøy 7-2 (4-0)

Bergsøy gjekk på en skikkelig storsmell. Les kampreferat |
04. Juli 2006

Bergsøy - Langevåg 2-1 (1-0)

Viktig krigesiger med 10 mot 10 Les kampreferat |
11. August 2006

SIF - Bergsøy 6-0 (5-0)

Bergsøy gjekk på en skikkelig storsmell igjen. Les kampreferat |
17. August 2006

Bergsøy - Valder 1-2 (1-0)

Bergsøy svikta då det gjaldt mest Les kampreferat |
25. August 2006

Ørsta - Bergsøy 4-1 (0-0)

Bergsøy var gode i 85 minutt før det rakna. Les kampreferat |
01. September 2006

Volda - Bergsøy 3-2 (0-0)

Det luktar nedrykk no... Les kampreferat |
08. September 2006

Bergsøy - Hødd2 3-2 (2-1)

Bergsøy skaffa nytt håp i bunnstriden Les kampreferat |
15. September 2006

Sykkylven - Bergsøy 1-0 (1-0)

Nytt knepent tap på Bergsøy Les kampreferat |
23. September 2006

Bergsøy - Aafk2 1-1 (1-0)

Bergsøy rota vekk to viktige poeng i bunnstriden. Les kampreferat |
30. September 2006

Rollon - Bergsøy 1-2 (1-0)

Nytt håp om ståplass Les kampreferat |
07Oktober 2006

Bergsøy - Hareid 7-2 (1-1)

Bergsøy er klare for 4.divisjon tross siger Les kampreferat |
14. Oktober 2006






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat