Målrike Bergsøykamper

Målrike Bergsøykampar

Vi tek en kikk på tidenes mest målrike Bergsøy A-kampar.

Vi fokuserer på klubbrekorder som største sigrar og største tap, men nemner også nokre andre målrike kampar.

Vi går i kronologisk rekkefølge fra 1950 og til idag.




1950: Bergsøy - Sundgot 3-8 (Ikkje serie)

Klassiker av en kamp:

Kampen mot Sundgot i 1950 var ikkje seriekamp eller obligatorisk Bergsøykamp, men likevel ein historisk kamp for Bergsøy Idrettslag. Huldalen (76x40 meter) var klar til den første testkampen etter iherdig dugnadsinnsats, og begge lag spelte med 9 spelarar.

Sundgot var "Lisje-Hødd", og dette trekte mange tillskuerar. Det blei ein underhaldande kamp, og ikkje noko å seie på at laget frå Ulsteinvik vann 8-3.




1952/53: Bergsøy - Hessa 7-0

Bil-spelarar i etterkrigstida.
Bak fra venstre Peder Worren, Jens Gjerde, Gunnar Roksvåg, Kjell Hånes, Andreas Lied. Framme frå venstre: Per Pettersen, Oddvar Pettersen, Mindor Hestholm, Konrad Gjerde.
Ny Klubbrekord (Serie-seier): 7-0.

I Bergsøy sin første sesong 1952/53 var den største sigeren 7-0 mot Hessa, mens den mest målrike var 5-4 sigeren mot Heid allereie i klubbens første seriekamp på heimebane. Største tapet i ein god sesong som endte i opprykk var 1-3 mot Hessa.



1953/54: Bergsøy - Hareid 9-1

Avatar
Bil-spelarar tidlig på 1950tallet.
Bak fra venstre Petter J Pettersen, Jan Vinge, Erik Løfoll, Sigmund Paulsen, Knut Nilsen, Jon Ertesvåg, Peder Worren, Kristian Østensen, Ola Goksøyr, HArald Djupvik, Sverre Botn og Leiv Tronstad. Framme fra venstre: Nils V Pettersen, Nils P Nilsen og Leif K Pettersen.
Ny Klubbrekord (Serie-seier): 8-0 og 9-1

Bergsøy vann blant anna 8-0 mot Vartdal, og spelte 5-4 i ein målrik kamp mot Sæbø. Den mest målrike nye rekorden til Bergsøy kom imidlertid da laget slo Hareid med 9-1.




1954/1955: Bergsøy - Heid 11-1

Avatar
Lagbilde av Heid fra tidlig 1950 tallet. Bak frå venstre Asmund Myklebust, Henrik Emhjelen, Dhal, Gunnar Monsholm, Knut Stensvik. I midten frå venstre: Nils Grønhaug, Soløy, Arnfinn Berge. Framme frå venstre: Kåre Myklebusthaug, Willy Dalstrøm, Jens Monsholm
Ny Klubbrekord (Serie-Seier): 11-1

Kampane mot Heid er legendariske fordi det representerar ei tidlig epoke med unike lokaloppgjør i Herøy. Heimekampen i Huldalen i 1954 var venta å bli ein jamn og spennande kamp på bakgrunn av at Bergsøy var noko svekka, men så feil kunne ein ta. Bergsøy gav seg ikkje før det sto 11-1 på resultatlista og ny klubbrekord.

Bergsøylaget denne kampen var Egil Leikanger i mål, Edmund Notøy, Kåre Arnesen, Gunnar Johansen, Sigmund Paulsen, Norleif Huldal, Gunnar Roksvåg, Ola Goksøyr, Steinar Stenersen, Petter Sperre og Paul Brekke.



1955/1956: Bergsøy - Guard 9-4

Ny klubbrekord (Serie-tap): 9-1. Rekord antall mål i en kamp: 9-4

Bergsøy kom på 3.plass av 7 lag denne sesongen, og opplevde blant anna eit rekordtap 9-1 mot Skarbøvik på bortebane. Det blei også mange mål i ein kamp mot Sæbø som Bergsøy vann 6-4. I tillegg kan vi nemne at Bergsøy slo Heid på bortebane med 2-7.

Og at sesongen hadde fleire målrike kampar viste seg også da Bergsøy opplevde sin mest målrike kamp hittil i klubbens historie, etter ein 9-4 siger mot Guard.




1957/58: Bergsøy - Sæbø 9-0

Avatar
Bak fra venstre Petter Homlong, Sigmund Paulsen, Jon Ertesvåg, Egil Myrene, Sverre Botn og Jon Frøystad. Framme frå venstre: Asmund Myklebust, Edmund Notøy, Edmund Wiik, Frank Frantzen og Ingvald Stenersen.
Bergsøy med 9 målssiger i opprykkssesong:

I sesongen 1957/58 klarte Bergsøy opprykk etter 9 sigerar av 10 i serien og sammenlagt siger mot Stranda over to kvalifiseringskampar. Den største sigeren kom idet Sæbø blei slått heile 9-0.

Lagbildet er av spelarane som var med på opprykket i 1957/58



1958/59: Spjelkavik - Bergsøy 2-9

Avatar
Lagbilde seint 1950tallet. Bak fra venstre: Paul Brekke, Petter Sperre, Kolbjørn Wickstrøm, Gunnar Kjellstadli, Sverre Botn, Ola Goksøyr. Framme fra venstre: Tormod Hafskjær, Kjell Karlsen, Bjørn Ukkelberg, Frank Stenersen og Kjell Hopen
Kamp med 11 mål:

Bergsøy opplevde nedrykk sesongen 1958/59 og tapte 7-2 mot SIF og 6-3 mot Rollon. Men den største smellen blei 9-2 borte mot Spjelkavik. Ikkje tapsrekord, men med 11 mål totalt er den likevel inne på vår liste av målrike kamper.



1961/62: Sykkylven - Bergsøy 9-0

Avatar
Lagbilde 1963. Bak fra venstre Per Eide, Paul Brekke, Kjell Almestad, Sigmund Paulsen, Geir Frantsen, Kjartan Fagerlund, Harald Arnesen. Framme fra venstre: Jon Helge Kvalsvik, Gunnar Kjellstadli, Kjetil Reite, Egil Leikanger og Oskar Waage.
Ny klubbrekord (Serie-tap): 0-9

Sesongen 1961/62 var ein stor lidelse for Bergsøy. 22 kampar var den lengste sesongen Bergsøy hadde hatt, og det endte med 16 tap og nedrykk. I tillegg til å tangere sin tidligare tapsrekord 1-9 i ein kamp mot VRf så blei det også eit nytt rekordtap, denne gang 0-9 for Sykkylven.

Det var etter dette nye klubbrekord-tapet at Petter "Pit Pettersen fekk tilsendt telegrammet fra Johs Wike og Sverre Botn med teksta: ""Pit, du pit, det går skit. Tett igjen målet med hundtonit."



1966: Bergsøy - Sykkylven 11-0

Lagbilde fra 1960-tallet.
Ny klubbrekord (Serie-Seier): 11-0

I 1966 opplevde Bergsøy svingande resultat fra 9-0 tap (tangering av tapsrekord) mot Skarbøvik og til denne storsigeren 11-0 mot Sykkylven i Huldalen. Kampen betydde ikkje noko for laga, som hadde Stordal trygt nedanfor seg på tabellen når det gjaldt nedrykk. Dette vart klubbrekord hittil. Lagbildet (over) har ikkje sammenheng med kampen.

Bergsøy laget denne kampen besto av Sigleif Karlsen i mål, Knut Igesund, Oskar Waage, Asbjørn Røsås, Gunnar Kjellstadli, Ronald Moen, Asmund Myklebust, Sigmund Paulsen, Asbjørn Myklebust, Sverre Botn og Knut Teige.



1967: Skarbøvik - Bergsøy 10-1

Ny klubbrekord (Serie-tap): 1-10 mot SIF

Som informasjonen fra årsmeldinga 1967 seier så var det ein god sesong totalt sett for Bergsøy, men 10-1 smellen mot Skarbøvik var ny rekordsmell. Aldri før hadde Bergsøy fått tosiffra imot. Skarbøvik var det beste laget i serien, og med 9-0 rekordtapet mot samme lag sesongen før friskt i minnet starta SIF å få ein god statistikk mot Bergsøy.

Gjennomsnittsalderen på A-laget var denne sesongen 21 år, og Knut Igesund og Knut Teige spelte seg inn på kretslaget.




1969: Eid - Bergsøy 1-7 (NM)

Avatar
Lagbilde 1969. Bilde tatt etter at laget sikra seg opprykket i 1969.
Ny klubbrekord (NM-seier): 7-1

I sin aller første kamp i Norgesmesterskapet vann Bergsøy 1-7 borte mot Eid. Asbjørn Myklebust scora 3 mål og Kjartan Fagerlund scora 3 mål. Siste målscårer har vi ikkje klart å finne ut av.

Denne aller første cupkampen står hittil som nr 1 av 67 NM-cupkamper Bergsøy har spelt, og står fortsatt som den største sigeren Bergsøy har hatt i NM.



1985: VRF - Bergsøy 0-13

Ny klubbrekord (Serie-Seier): 13-0

I 1985 tok Bergsøy det som fortsatt står som klubbrekord med 13-0 borte mot VRF. I Vestlandsnytt var det å lese at Bergsøykeeper Martin Pettersen like godt kunne tatt med seg campingstol og paraply, for det var i den andre enden av bana at alt skjedde. Om VRF hadde hatt det tøfft med 5-0 til pause, så fekk dei et mareritt etter pause med ytterligare 8 mål imot.

Frode Wilhelmsen var i storform og scåra dei to første måla, og satte seinare opp til fleire av dei andre. Jarle Gunnarstein scåra 4, Fred Frantzen 3, Tony Pettersen 3 og Nils Roger Paulsen scåra det siste og "avgjerande" målet.

Les meir om kampen i kampreferatet




1987: Volda - Bergsøy 9-0

Avatar
Thor Hasund setter inn eit mål for Volda.
Tangering av klubbrekord (Serietap): 0-9

Bergsøy endte midt på tabellen i 1987, mens Volda blei suveren vinnar av divisjonen. Og nivåforskjellen dette året viste seg i nettopp denne kampen der Volda serverte festfotball i sin jakt på opprykk til 3.divisjon. Ove Krumsvik scåra det første målet etter berre 30 sekunder. Stein Holsvik scåra 4 mål, mens Thor Hasund og Knut Ertesvåg var to andre spelarar på Volda som var med å bidra til eitt av Bergsøy sine største tap gjennom tidene.

I kampreferatet sto det at ei klarering over eige mål av ein Voldaforsvarer var det nærmaste Bergsøy var å scåre denne dagen. Dette 0-9 tapet stilte seg inn i samme kategori som dei største klubbtapa i historia: 0-9 i 1966 og 1-10 i 1967 for SIF.



1989: Molde - Bergsøy 11-0 (NM)

Ny Klubbrekord (NM-Tap): 0-11

Eit 8-0 tap mot Molde i NM 2.runde i 1972 vore Bergsøy sin største cupsmell i klubbens historie hittil. I 1989 skulle Bergsøy på ny spele 2.rundekamp mot Molde i NM, og rekorden skulle bli forverra. Med ein cornerstatistikk på 13-2 er det rart at ingen av måla kom på døballsituasjonar, men skuddstatistikken på 17-1 viser at det raskt kunne blitt fleire mål enn dei 11 som heimelaget tilslutt satte inn.

Molde hadde spelarar som mange idag kjenner namnet til. Petter Belsvik scora 4 av måla, mens Jostein Flo som gav Johs Nørvåg ei lårhøne underveis i kampen sto for 3 av måla. Øyvind Leonhardsen satte inn 1 mål, mens dei siste blei satt inn av Øystein Neerland Geir (2) og Sperre Sperre.

Les meir om kampen i kampreferatet




1999: Skodje - Bergsøy 2-8

10 mål i ein kamp:

Det blei totalt 10 mål idet Bergsøy vann 2-8 borte mot Skodje i 1999. Rune Frantsen blei kåra til banens beste i Sumpens spelarbørs, mens Jarl Åge Vågsholm blei den som scåra flest med 3 mål (ifølge sumpen). Vegard Fiksdal 2, Christoffer Nilsen, Frank Sverre Skorpen og Rune Frantsen satte inn dei andre måla.

Per Rune Tødenes brukte å gi spelarane terningkast og informasjon om prestasjonar, og kåra Jarl Åge Vågsholm til kampens beste spelar.




2000: Ha/No - Bergsøy 6-5

Avatar
Banens beste Geir Sandnes og tremålsscorer Arild Kvalsund måtte innsjå at det blei tap tross fem mål.
Tap tross 5 mål:

Ein tapar normalt sett ikkje når en scårar 5 mål, men det skjedde med Bergsøy i 2000-sesongen borte mot Ha/No. Til pause sto det 2-2 etter mål av Frank Skorpen og Jarl Åge Vågsholm. Arild Kvalsund blei bytta inn til den 2.omgangen, og han noterte seg for 3 mål på dei siste 45 minutta. Idet Arild utlikna til 5-5 etter 79 minutt trudde kanskje mange at målscåringa var ferdig.

Geir Sandnes spelte ein god kamp, men det var eit deprimert Bergsøylag som måtte sjå at heimelagets spelande trenar Kenneth Ulla satte inn kampens siste mål på straffe etter 88 minutter.



2001: Langevåg - Bergsøy 13-0

Avatar
Lagbilde 2001: Bak fra venstre Øyvind Monsen, Frank Skorpen, Pål Andre Nerland, Martin Molnberg, Jan Åge Torgersen, Roy Igesund. Framme fra venstre: Steffen Kvalsund, Tommy Ingebrigtsen, Christoffer Nilsen, Knut Erik Håheim og Børge Remøy
Ny klubbrekord (Serie-tap): 0-13

13-0 er klubbrekord for Bergsøy i negativ forstand, og dette skjedde i 2001. Bergsøy hadde eit ungt lag som hadde ein god sesong totalt sett, men borte mot Langevåg var laget kraftig redusert og mangla 7-8 mann i tillegg til begge sine faste keeperar. Ny keeper fekk sin debut i mål, og han fekk ein travel dag med lite hjelp av sine medspelarar for å hindre stortapet.

-"Hadde dette vært en boksekamp hadde den blitt stoppet lenge før full tid", sa Bergsøy sin oppmann Arvid Kvalsund etter kampen.

Les meir om kampen i kampreferatet




2006: Bergsøy - Hareid 7-2

Avatar
Preben Hestad scåra 4 mål i håp om å berge Bergsøy fra nedrykk i årets siste kamp, men det holdt desverre ikkje.
Storsiger endte i nedrykk:

Bergsøy spelte to kampar 7-2 i 2006. Den første var eit 7-2 tap borte mot Spjelkavik, og er mest minnerik av den grunn at Frank Sverre Skorpen spelte for Spjelkavik og satte inn to mål mot Bergsøy slik han også gjorde i oppgjøret i Huldalen tidligare i sesongen. Den andre 7-2 kampen var mot Hareid i sesongens siste og avgjerande kamp for å hindre nedrykk.

Om Bergsøy skulle unngå nedrykk var en avhengig av å vinne med 6 mål eller meir samtidig som Rollon ikkje måtte vinne sin kamp. Og lenge såg det ut til at underets tid hadde kome. Preben Hestad netta 4 gangar, samt mål av Steffen Moltu, Jonny Leikanger og Daniel Hatløy gjorde at Bergsøy vann 7-2. Rollon hadde lenge problemer, men gjorde sin del av jobben. Dermed blei det ingen gledesscener tiltross for storsiger, og Bergsøy måtte ned til 4.divisjon.

Les meir om kampen i kampreferatet




2009: Blindheim - Bergsøy 1-8

Avatar
Seriemestere 2009 etter storsiger.
Storsiger sikra opprykk:

Det er artigare å vinne storsiger når det endar i opprykk. Det er ikkje alle Bergsøyspelarar som får gleda av å oppleve opprykk, men dei som opplevde det i 2009 gjorde det med glans etter en maktdemonstrasjon borte mot Blindheim. Nokre hundre tilreisande supporterar fekk være med på feiringa av første opprykk sidan 1995.

Frank Sverre Skorpen sikra seg tre mål mens Daniel Sandvik, Kjetil Paulsen, Lars Conradi Andersen, Mats Inge Teige og Joakim Bendal sørga for resten.

Les meir om kampen i kampreferatet




2011: Bergsøy - Surnadal 9-2

Avatar
26 år sidan sist Bergsøy hadde scåra 9 mål i ein kamp.
11 mål i ein kamp:

Idet Bergsøy tok imot Surnadal til seriekamp var det 26 år sidan sist eit Bergsøylag hadde scåra 9 mål eller meir. At det skulle bli så stor siger var nok uventa iogmed begge lag endte omtrent midt på tabellen i 2011 sesongen.

Frank Sverre Skorpen sto for fem av måla, og idet Bergsøy gikk til pause med 3-0 hadde Frank Sverre allereie ordna seg ein ekte hattrick. Daniel Sandvik 2, Kjetil Paulsen og Andreas Kurseth sto for dei resterande måla i sigeren på kunstgrasbana.

Les meir om kampen i kampreferatet




Andre målrike kampar :



Bergsøy har spelt i amange målrike kampar, og her er nokre av dei som ikkje har blitt nemnt:

2017: Bergsøy - Rollon 8-0 og Bergsøy - Norborg 8-0
2008: Bergsøy - Norborg 8-2
2007: Bergsøy - Herd 6-4
2005: Ålesund2 - Bergsøy 8-0
2005: Bergsøy - Blindheim 6-4
2004: Bergsøy - Hødd2 8-1
1997: Ålesund2 - Bergsøy 6-4
1994: Bergsøy - Vigra 5-4
1991: Bergsøy - Langevåg 1-9
1968: Brattvåg - Bergsøy 0-9
1966: Skarbøvik - Bergsøy 9-0
1963: Sykkylven - Bergsøy 8-2
1961/1962: VRF - Bergsøy 9-1

Referanser - Bilder på denne sida:

Lagbilde fra etterkrigstida som vi har plassert på 1952/53:
Ifølge boka "Idrett i Havgapet" kjem bildet fra Ruth Worren.

Lagbilde fra tidlig 1950 tallet som vi har plassert under 1953/54:
Fra Side 82 og 83 i boka "Idrett i Havgapet" av Johs Wike. Fra BIL-arkiv/NH Lied.

Lagbilde fra tidlig 1950 tallet av HEID som vi har plassert under 1954/55:
Finnes side 310 i boka "Idrett i Havgapet" av Johs Wike. Ingen referanse. Også utlagt av Kirsti Myklebusthaug på facebook.

Lagbilde fra 1957/58 som vi har plassert under 1957/58:
Ifølge "IDrett i Havgapet" stammer bildet fra Jon Frøystad.

Lagbilde fra seint 1950 tallet som vi har plassert under 1958/59:
Fra side 106-107 i boka "Idrett i Havgapet" av Johs Wike. Opprinnelig fra Kolbjørn Wickstrøm.

Lagbilde fra 1963 som vi har plassert under 1961/62:
Fra side 122 i boka "Idrett i Havgapet" av Johs Wike. Opprinnelig fra Egil Leikanger.







1317 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat





:: HISTORIKK.com ::