Et gøyalt tilbakeblikk
#
Det har vore endel designskifte for Bergsoy.com dei siste åra, og endel ting har forsvunne på veien.

Det har forsvunne litt av kvart på grunn av våre mange designskifter, og Bergsoy.com mangler pr idag en del av det innholdet som var på sida for berre ett år sidan. Det tek tid å få store mengder med informasjon tilbake på plass, ettersom dette er en jobb som må bli tatt i tillegg til den daglige oppdateringa. Idag har vi lagt tilbake litt av mimrestoffet som vi ikkje ønsker skal gå tapt.

Det artigaste idag var å få på plass vår orginale heimeside slik den såg ut i 2002. Alt er oppe og går slik den gjorde den gang, uten av vi har forandra på noko av innholdet. Kampreferat, spelarprofilar, nyheter og diverse bilder er bevart. Det er også verdt å legge merke til denne teksta: -"Bergsøylogoen er på plass, og dermed kan vi idag stadfeste Bergsøys uoffisielle heimeside for opna, den 1.oktober! (2002)."

(Bildet: trykk på bildet for å gå til Bergsoy.com 1.oktober 2002)

Idag har vi gjort ei forandring på framsida. "Bilder" er gjort på en anna måte, og no rullerer bilda sjølv. Designmessig var dette nok ikkje like lekkert som slik det var, men forandringa gjer at det vil bli en heil del lettare å oppdatere denne plassen med dei siste bilda. Denne måten å vise bilde på er også noko vi har henta tilbake frå et av våre gamle design, og vil ikkje være ukjent for våre mest trofaste tillhengarar med god hukommelse.

Sida Om heimesida har blitt oppdatert. Og der har vi lagt inn endel av mimre-sakene som vi ønskar å bevare. Foreksempel, huskar du at vi hadde en presentasjon av Bergsoy.com slik som dette (?):



Diverse anna som kan være greit å få med seg er sjølvsagt historisk Bergsøy-stoff, noko Bergsoy.com prøvar å prioritere. Vårt reportasje-arkiv må gjennomgå en del oppdatering for å få tilbake alt vi hadde et år bak i tid. Idag fekk vi blant anna på plass PDF-fila om Opprykksfeiringa i 1980. Huskar du kanskje også at vi hadde et hukommelses-spel ei tid tilbake? No kan du spele det igjen, om du trykker Her. Elles har vi sjølvsagt tatt vare på vår gamle Flash-toppmeny, som egentlig var meir praktisk enn dagens topp. Ahh.. Gode gamle dager..

A-laget sitt spelarmøte

A-laget hadde spelarmøte torsdag. Trenar Tom Beddari fekk sitt første møte med gjengen, og gjengen fekk sitt første møte med Tom Beddari. Opplegget frammover blei drøfta, og den "raude tråden" blei omtalt. Etter det vi forsto så vil denne tråden forfølge spelarane frammover. Det vil bli en heil del med springing, og en må ha med seg lapp frå lærar om en skal sleppe unna springinga. No skal det strammast inn.

Treningane vil bli som følger: Mandagar, onsdagar og fredagar kl 1900. Laurdagar kl 1415. En må ha med seg joggesko, grussko, grassko og badeshorts på kvar trening. En må være forberedt på litt av kvart. Alle som kan tenke seg å være en del av A-troppa den komande sesongen er hjertlig velkomne på trening. Hovedfokuset for A-laget den komande sesongen er å danne ei godt fungerande gruppe, sosialt og sportslig, som skal stå for gode og sunne treningsverdiar. Om laget klarar å halde alle dei små delmåla (ikkje hakke på kvarandre, oppmuntre kvarandre, ikkje klage på dårlige ballar, ha fokus på egne arbeidsoppgaver, m.m) så vil det store hovedmålet sjølvsagt være oppykk til 3.divisjon. Opprykk skal imidlertid ikkje gå på bekostnad for trivsel og dei andre verdiane.

Teksta ovanfor er utifrå en heller dårlig hukommelse. Det viktige no er at laget startar sine treningar allereie komande mandag, og målet er å være godt forberedt når den første seriekampen startar i april.


Info

"Det er forbaska at det alltid treng å være så spennande" (Harald Arnesen etter Bergsøy spelte 2-2 mot Bryn i 1969, og sikra opprykk til 3.divisjon.



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::