Januar 2007
#
Vintertreninga er kjent for å være en fotballspelars mareritt. Vi både gler og gruar oss til å finne ut av korleis januar vil bli dette året.

Idag og igår har vi prøvd å få inn fleire av reportasjene som gjekk bort ved siste designskifte. Vår reportasje-side har med andre ord blitt litt meir fyldig siste døgnet.

Inn har vi blant anna fått tilbake reportasjen frå både Bergsøy sitt 25 års jubileum samt reportasjen om Bergsøy sitt 60 års jubileum. Om du intresserar deg for gamle fotballbilder så kan du ta deg en liten titt inne på bildesida om Huldalen Festning. For litt nyare stoff så kan du finne bilder og tekst frå en minneverdig kamp inne på reportasjen om Sande/Herøy sin kamp mot Drillos.


(Bildet: Morten Digernes i bakgrunnen, Geir Sandnes til høgre, og landslagsstjerna Tore Pedersen)


Det er mange fleire "gløymte" reportasjer som vil bli lagt tilbake til Bergsoy.com når tida strekker til. Dei to siste dagane har blitt brukte godt, og reportasjen frå treningsleiren i Grimstad er også på plass. Reportasjen frå 19.april 2005, lagets første grastrening det året, kan du finne her. Vi har også fått på plass en reportasje frå en treningsleir til Danmark, nokre bilde med litt tekst frå kvalifiseringskampen borte mot Averøyskameratane i 2002, kampreferat frå juniorlagets kamp mot Valder i 2005, pluss at vi har fått plotta tilbake kampreferatet mot Spjelkavik (treningskamp og 0-7) frå desember 2004.


(Bildet: Et bilde frå Danmark, som blei tatt under treningsleiren i Blokkhus.)


Som enkelte kanskje har fått med seg så har vi oppdatert meiningsmålinga igjen, og vi har også hatt på plass en bildelink nede i høgremargen som gjer at en kan få rask tilgang til å gå til bergsoy.com slik sida var i 2002.

Treninga i januar

Iår har ikkje snøen kome skikkelig i "drift", så det vil forhåpentligvis opne for lettare treningsforhold. Det er imidlertid ingen tvil om at det uansett (statistisk sett?) er en av dei tyngste månadane for fotballspelarar. For ikkje få dagane sidan hadde Ålesund en PIP-test. Vi har liggande et tilbakeblikk på korleis januarjogginga til Bergsøy A-lag gjekk føre seg tilbake i 2004:





Også Hareid si heimeside mimrar litt frå gamle januartreningar, og har publisert ei lita historie inne på sida si. Spjelkavik si heimeside forberedar seg også til januarkulda, og det er no mulig å bestille seg varme Spjelkavik-luer til vinteren. Det er også verdt å merke seg at vi no er inne i sesongen for transfers, og at det nok vil bli endel spelarflytting imellom klubbane. Dei største varpa hittil er nok Richard Tomren frå Spjelkavik til Skarbøvik, Oddbjørn Lie har gått frå Aafk til Hødd, Bjørnar Aure (18-åring kaptein på laget Skodje) har gått til Stranda, Joakim Relling (21år) har gått frå Stranda til Spjelkavik.

Diverse, og Sportsweb.as kåring

Inne på Damelagets-side finner du damelagets nyttårshilsen og resultata av spelarkåringane i sesongen som har gått. Dei takkar for sesongen som har gått, og skriv blant anna:
-"Vi vil også takke Øyvind ”Tik Takk” Paulsen for at han ville vere trenar for ”kvinneforeininga” som har nytta seg av dekknamnet ”Daminje” i løpet av sesongen".

Vi håpar å få tatt litt bilder frå kunstgrasområdet igjen snart, og håpar også å sjå litt meir framgong der etterkvart. Spenninga er til å ta og føle på når det gjeld å få kome seg til kunstgras, og vi gler oss stadig til dei første sparka på ballen med kunstig gras under beina.

Tilslutt kan vi kjappt nemne at Sportweb.as si kåring av beste fotballheimeside i 2006 er rett rundt svingen. Denne kåringa vil skje på denne sida. 15.januar startar poenggivninga (Bergsoy.com har sendt inn sine stemmer over dei andre sidene i fin Grand-prix stil), mens sportsbladet FireFireTo kjem med si poenggivning 4.februar. Det kan bli spennande å sjå om vi får nokre poeng. Bergsoy.com likar tildels måten kåringa er ordna på, og synest det er kjekt å være med i slike kåringar, men utvalget av sider er likevel en smule merkelig etter vår meining. Det finnast heimesider som er like bra eller bedre enn fleire av dei 20 heimesidene Sportsweb.as har i kåringa.



Info

Første gangen Bergsøy kom til 3.runde i NM-cup var i 1976, etter å ha slått Hødd 2-0 i 2.runde.



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::