Frank tilbake til Bergsøy
#
Vi er ikkje akkurat først ute med nyheta, men det kan være greit å skrive det likevel.

På bildet ser du Frank Sverre i Bergsøydrakta 2005 mot Stranda. Iår får vi sjå det samme igjen, og nettopp Stranda vil være et av laga Bergsøy vil måtte kjempe mot for å kome tilbake til 3.divisjon. Litt meir håp om at Bergsøy kan klare den duellen er det nok no, når det endelig er klart at Bergsøy har fått tilbake Frank Sverre til klubben. En spelar som banka inn mål på mål i fjorårets 3.divisjon.

Frank Sverre Skorpen har trent med Bergsøy lenge i vinter, og også ifjor mens han spelte på Spjelkavik var han å sjå på BIL-treningane. Men iår blir han også å sjå under kampane, og det ser vi fram til. Om du av en eller annan grunn ikkje veit kven denne personen er, så kan du lese profilen til Frank Sverre her. Idag har vi klart å fått han tilbake til vår side for A-spelarar. Spelarprofilar er noko vi ønsker å få godt på plass her på heimesida, men er noko som har tatt tid å fått på plass etter at vi skifta design i mars ifjor. Profilane av A-spelarane skal no være brukbart på plass, men sida over våre ex-aspelarar treng mykje jobbing etterkvart. Preben Hestad og Steffen Moltu sine profilar er no flytta over i den kategorien.


(Bildet: Frank Sverre Skorpen har her nettopp scåra mål og bidratt sterkt til at Spjelkavik slo Bergsøy 7-2 i juli ifjor. Vi håpar Frank vil bidra like sterkt til at Bergsøy iår vil kjempe om opprykk frå 4.divisjon.)

Frank seier til Vestlandsnytt at han håpar å kjempe i toppen av 4.divisjon ved hjelp av svoltne medspelarar, og håpar samtidig at en del av dei meir rutinerte spelarane vil være med på en trivelig sesong. Spekulasjonane foregår no i gjesteboka, slik det gjer foran kvar seosong, over kva rutinerte spelarar som kan kome for å spele for Bergsøy. Spelarar med uviss fotballframtid som Geir Sandnes, Lars C Andersen og Per Ståle Nykrem burde alle være spelarar som Bergsøy bør ha god kontakt med? Martin Molnberg ser seg etter leilighet i distriktet, og vi vil oppfordre dei som kjenner til et godt alternativ om å tipse fra om dette - slik at medspelarane og klubben får behalde spelaren som i siste del av fjoråret var Bergsøys desidert beste spelar.

Dagens Vestlandsytt med nyheter

Odd Arne Seljeseth gir seg som juniortrenar, og dermed står juniorlaget uten trenar til den komande sesongen. Kjartan Paulsen, Terle Lima og Frank Sverre Skorpen vil i tida frammover ha ansvaret for laget til det kjem på plass ein fast trenar. "Odden" benytta annledninga til å takke spelarane og apparatet rundt laget for tre trivlige år som juniortrenar for Bergsøy, og seier til avisa:

-"Det har vore et unikt miljø og en fantastisk gjeng å jobbe med, så eg må vedgå at eg føler et visst vedmod når denne epoken no er over. Eg vil ynskje laget og spelarane all mulig lykke til vidare. Her er mange talent, og sjølv om det vart tap i den første kampen, er eg overbevist om at laget med full skjerping bør ha kapasitet til å vinne dei neste to kampane for å sikre seg 1.divisjonsplassen".


(Bildet: Treningskamp mot Hareid i 2006. Odden (i blått til høgre) hjelper A-trenar Svein Haukås med taktikken. Til venstre på bildet ser du Terje Lima og Kjartan Paulsen som ilag med Frank Sverre Skorpen vil overta trenaransvaret fram til juniorlaget no finn tak i ny trenar))

En annan nyhet i dagens Vestlandsnytt er anngåande handballkampen mellom Bergsøy og Ørsta som vi tidligare har skreve om. Bergsøytrenar Jørn Remøy er skuffa over måten kampen blei omtalt på i media, og han avviser at spelarane bevisst skal ha gått inn for å skade Ørstaspelarar. Slik han ser det så kom dommarane skeivt ut, og at berre to av dei raude korta kan seiast å være reelle. Det eine kortet som følge av munnbruk, og det andre som følge av kasting av ei vannflaske. Når vi først er inne på Handball så kan vi nemne at damelaget slo Træff2 med 36-17, noko som vi med hjelp av kalkulator har kome fram til blir 53 mål. Det tillsvarer 0,8833 mål pr minutt.

Kåringa av fjorårets beste heimeside

Sportsweb.as fortsetter si kåring av fjorårets beste heimeside. For Bergsøy sin del går det ikkje så veldig strålande, men vi følger likevel med på utviklinga. Kåringa har fått sin del av kritikk fra blant anna Hovdebygda si side, og kritikken går ut på at det virkar som at mange poeng blir tilfeldig plassert. Vi kan ikkje være meir einige. Vår heimeside har no sanka 19 poeng av 144 mulige. Det gjer at vi er nede i sumpen blant dei dårligaste av dei 20 som er med i denne kåringa. For våre trofaste som kanskje heiar oss opp og fram i slike kåringar så må vi desverre seie at våre toppdagar i slike kåringar nok er over. Vi tek føre oss design, oppdatering og innhold:

  • Design: Det designskiftet som vi foretok oss i mars, (altså slik sida er oppbygd idag) gjer at vi ikkje vil få like mange poeng som vi gjorde før. Designet lignar meir på ei nettavis blir det sagt, og er visstnok ikkje typisk for ei fotballside. Dermed blir vi trekt i poeng for design. Dette kallar vi for tullball, og vi vil fortsette med vår bruk av gode store bilder i tida frammover. Dagens design blir ståande, og berre småjusteringar vil skje. At vi hadde bedre design før, er vi altså ikkje einige i.

  • Oppdatering: Mindre tid tilgjengelig har gjort at vi ville bruke større plass til kvar enkelt oppdatering. Bruk av store bilder både i nyhetene og på framsida. Vi oppsummerar heller fleire nyheter i en stor nyhet (som idag), enn å skrive mange korte notisar. Tidligare oppdaterte vi etter notis-prinsippet, slik vi ser Hovdebygda og Norborg gjer. Norborg er mest ekstreme på denne slags nyhetsdekning, der vi ser dekninga gjeld alle klubbar i distriktet. Slik oppdatering har vi ikkje lenger kapasitet til å drive, og dermed får vi trekk på oppdateringsbiten. Når det er sagt så er dagens nyhet nummer 106 sidan 5.mars 2006 da vi hadde nyheta om vårt designskifte. Altså 106 nyheter på 320 dager: 0,33 oppdateringar for dag. Ei stor oppdatering kvar tredje dag er nettopp det vi har måttet begrense oss til, og som vi fortsatt vil satse på vidare.

  • Innhold: Før det nemnte designskiftet hadde vi mykje lett tilgjengelig innhold. Vi jobbar med å få alt tilbake. Likevel er det få heimesider som har så mykje innhold som vi har. Kampreferat, bilder, profilar, reportasjer, og tilogmed en Herøy-guide med langt over 200 bilder frå vår kommune. Innholdet på vår heimeside er kanskje hovedgrunnen til at heimesida eksisterar. Og det skal stadig bli jobba med å forbedre innholdet.



    4.divisjon bedre enn 3.divisjon?

    Stranda si heimeside går langt i å påstå at 4.divisjon er minst like bra som 3.divisjon. Det blir trent minst like mykje, en har minst like mange profilerte trenarar og spelarar, og heimesidene til klubbane er også veldig bra i 4.divisjon. Sykkylven si heimeside flirar av Stranda sitt innlegg og kjem med sine motargument. Bergsoy.com held foreløbig en nøytral posisjon, fram til vi får testa nivået i treningskampane.

    Når det gjeld treningskampar så kan vi nemne at Hareid har slått Hødd2 med 3-0, men ifølge Hareid si heimeside så varte kampen berre ein omgang grunna snøkaos.

    Vi skulle egentlig benytta finværet idag til å ta bilder av kunstgrasområdet, men sjukdom gjer at dagen idag blir observert berre innanfrå. Tilslutt kan vi nemne at Einar Orten Trovåg fortsetter si skriving på fotballsida Alltidfotball.no, og artikkelen "2.laga - til nytte og stor irritasjon" kan være verdt lesinga.

    


  • 1415 Kampreferat



















    Kampreferat info


    Kampreferat som inneholder bilder


    Godt kampreferat uten bilder

    (Tom)
    Lite info i kampreferat