Sesongen 2007 på papiret
#
Bergsøy A-lag har fått utdelt planen for den komande sesongen.

Nei, vi skal ikkje gå igjennom lag for lag og tippe korleis vi endar. A-spelarane fekk på treninga mandag utdelt ein treningsplan, og det er denne vi kan nemne i korte trekk.

Det første først. Treningane vil være mandag, onsdag og fredag klokken 1900, mens det vil være laurdagstreningar klokken 1415. Så minnast det også på at spelarane skal ha med joggesko/badeshorts i tillegg til fotballsko. Alle skal møte til felles skift av treningskle, og samtlige skal være ferdigskifta 5 minutt før treningsstart. Vidare går planen meir detaljert inn om kva som vil skje kvar månad. Det er håpa at det vil bli en treningskamp mot slutten av januar.

Komande mandag er det planlagt å bruke hallen til PIP-test og 40-meter test. Det kan bli spennande å måle gjengen for å sjå korleis det ligg ann iår med kondisjonen og hurtigheta. Vidare står det i det utleverte heftet at miljø, humør og ansvar for trivsel er svært viktige delmål. Alle er viktige i ei treningsgruppe. Fleire av delmåla som er notert er ifølge trener Tom Beddari meir viktige enn hovedmålet; Opprykk. Målet er sjølvsagt å rykke opp, men ikkje på bekostnad av holdningar, disiplin, profesjonalitet osv som er blant dei fleire stikkorda i delmåla.

22 spelarar blir tatt ut i A-stallen i slutten av februar. Det står vidare at det vil bli jobba med weekendsamling i palmehelga (30-31.mars 2007), samt at arbeidet med treningsleir i juli snart må kome igang. Elles må spelarane velge seg ut ein tillitsmann. Tilslutt i heftet finnes diverse oppskrifter på egentrening samt et skjema en må fylle ut av det en utfører av denne slags trening.

1969 er vår prioritet frammover

Året 1969 er prioritet frammover. Det betyr at vi ikkje vil oppdatere andre år før vi blir fornøgde med dette året. Arbeidet med skriving av tekst og med å få lagt inn bedre bilder er igang, og du kan sjå forandringane ved å trykke på "69" oppe til høgre på heimesida (toppmenyen), eller ved å trykke på følgande link: Trykk her for å gå til 1969.



(Bildet: Et av fleire bilder frå 1969 som skal kome på plass i historikken snart.)

Sportsweb.as fortsetter si heimesidekåring

Sportsweb.as fortsetter si kåring av fjorårets beste heimeside. For vår del går det ikkje strålande, sjølv om det har gått litt bedre siste dagane i forhold til dei første dagane. Idag gav Hovdebygda si side oss 8 poeng på innhald, men 0 poeng på både oppdatering og design. Igår gjekk det litt bedre da Gjøvik/Lyn gav oss 8 poeng på både design og innhald. Forøvrig einaste klubb som hittil har meint vi har bra design. 12 poeng er makspoeng, og poenga blir gitt i klassisk Grand Prix stil kvar dag heilt til fotballbladet FireFireTo kjem med sine poeng 4.februar.

Andre nyheter

Ei fin unnskyldning for å sleppe å trene i januar kan være dette:

-"Ej kom ikkje på trening i går. Text-TV på TV 1000 hengte sej opp, slik at klokka stoppa opp, og plutseli oppdaga ej at treninga va ferdi for lenge sia."

Fleire slike gode unnskyldningar finner du om du går inn på Hareid si heimeside. Ole Theodor Hovden er klar for Åram, det kan du lese på Åram si heimeside. Stranda forteller på si heimeside at dei føler seg lurte av Eid, ettersom Eid no har vraka den planlagde treningskampen mot Stranda fordi trenarane meinte det ville være bedre å møte Volda istadenfor. Inne på Sykkylven sine heimesider kan vi lese om at undervarmen for deira kunstgrasbane snart er klar. 




★ Kampreferat med bilde
☆ Kampreferat uten bilde


Kampreferat
2010

2009

2008

2007

2006

2005

2004

2003

2002

2001

1999

1996

1995

1994

1993




11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.




:: HISTORIKK.com ::