Hardt kjør for A-laget
#
Vi tek også nok ei runde med både gamle og nye bilder. Bildet over er trulig frå 1969.

Det kan hende det blir litt tid mellom kvar oppdatering i tida frammover, grunnen til det er at vi prøvar å fikse på historikken. Vi har fått fatt i fleire spennande fotballalbumar, og det betyr at det i tida som kjem vil bli mange gode historiske smakbitar som vil dukke opp her på heimesida.

A-laget hadde mandag både 40-meterstest og Pip-test. Dagens sprinter blei overraskande Terje Teige med tida 5,08 sekund. Håvard Remøy kom på 2.plass med 5,14 sekunder. Brødrene Beddari hadde ansvar for blokkstart og den manuelle tidtakinga. Pip-testen er då lettare å få nøyaktig, og dagens andre vinnar blei Paul Kåre Remøy som kom seg opp på level 15,5. Dette tilsvarar et nivå på godt over 60 i o2-opptak. Vi tok sjølvsagt med kamera og laga en liten film. Denne gangen har vi ikkje redigert særlig, så filmen er på ei 7 minutt og viser en del ifrå både 40m-testen og Pip-testen. Sjå filmen under eller på hovedsida.


Meir om A-lagets testdag

Kjetil Paulsen hang lenge med på Paul Kåre Remøy sitt tempo, men blei diska av dommarane for ikkje å rekke strekane tidsnok. Pip-test går ut på å springe mellom to linjer før et pip kjem frå kasettspelaren, et pip som stadig går raskare etterkvart som en held på. Harald Haugen kom opp på level 14,6 mens evigunge Rune Frantsen kom på visitt og slo til med 14,2. Med dette resultatet slo Rune 23 av dei andre, og bekrefta dermed rykta om at han er en lettrent spelar.


Vann PiP-test


7.plass 40m


Frank i farta


Hard test


Dagens mozartkule går dermed til Paul Kåre Remøy, som etter det vi blei fortalt også storspelte som midtstoppar i juniorkampen som blei spelt sist laurdag. Juniorlaget vann ikkje, men det gjorde derimot Guttelaget som slo Hareid med 5-1. Kampreferat og kommentarar frå den kampen kan du lese inne på guttelagets-side.

Guttelagets spelarprofilar, og andre nyheter

Lag i medgang får litt ekstra overskudd (det var tross alt slik Bergsoy.com blei til), og guttelaget er no i støtet. Vi har fått tilsendt bilder av spelarane, og ei eiga side for spelarprofilar til guttespelarane er laga. Foreløbig ligg berre bilda og namna tilgjengelig (sjå under profilar i hovedmenyen), men etterkvart vil vi sikkert få fyllt ut med meir informasjon om kvar spelar. Om det er nokon som ønsker å føye til opplysningar, hint eller tips så er det berre å sende iveg til epostadressa rompestryk@hotmail.com.


(Bildet: Guttelaget har fått seg ei eiga profilside.)

Kåringa av fjorårets beste fotballside fortsetter i regi av Sportsweb.as. Det har gått bedre for Bergsoy.com dei siste rundene, og vi er oppe i 161 poeng totalt. Hovdebygda si side har 174 poeng, Norborg 173, mens ledarlaget Mandalskameratane har så mykje som 404 poeng. Om fire dagar er kåringa over, og vi får endelig vite kva plassering sida vår får. Vi endar nok i midtsjiktet, noko som vi er fornøgde med. Det einaste som har vore litt skuffande er at vi har fått gjennomsnittlig lite poeng på design.

Vær og vind i Fosnavåg

Det har vore endel snø, men no er det igjen regn. Det betyr at det trulig vil bli fine forhold til trening onsdag i Huldalen. Åram/Vankam møter likevel ikkje til kamp denne onsdagen, men kjem onsdag om ei uke. Dette blir då Bergsøy sin første treningskamp for året, og om oppmøtet blir som treninga på mandag så kan Bergsøy raskt stille med 2 lag. Åram er slettes ingen puslete motstand, og laget slo 4.divisjonskollega Ha/No med 4-0 i helga som var. I den andre "viktige" kampen slo Rollon til med 3-1 over Stranda.

Det skiftande været fører til mykje uro blant folket i Fosnavåg. Jordskjelva som har vore har rysta oss. No er det igjen regn, og det er best å være forberedt på det verste. Det er dermed beroligande å vite at Herøy Kommune tek tak i situasjonen og er forberedt. Teknisk etat har fått på plass en påhengsmotor bak på bilen, slik at en kan kome fram til sjølv dei mest utenkelige plassane. Er du ein av dei som fryktar at ballen skal bli skoten frå kunstgrasbana og ut i Myklebustvatnet, så treng du ikkje lenger frykte. Denne bilen tek turen ut i vatnet og hentar ballen på kort tid.


(Bildet: Herøy Kommune utstyrer bilane sine med påhengsmotor.)

Historikken; lagbilder og mimring

Vi prøvar å få til ei god samling med lagbilder, både A-lag og andre lag. Vi har fått på plass endel fleire slike bilder dei to siste dagane, og legg desse sjølvsagt inn på våre sider for lagbilder A-lag og lagbilder anna. Bildet nedanfor er nok kanskje over 20 år gammalt og tatt i Huldalen. Arild Kvalsund er ringa rundt i fremste rekke.



(Bildet: Dette bildet er forminska slik at det skal passe inn på sida, men om du trykker på denne linken så kan du sjå det i litt bedre størrelse.)

Endel av den samme gjengen kan du sjå på dette lagbildet frå 1990. Då har dei blitt endel eldre, og vi kjenner igjen staute karar som Geir Sandnes, Jarl Åge Waagsholm, Lasse Myrhol og Jon Robert Moen for å nemne nokre. Idet vi blar gjennom fotballalbumar frå gamle tider, så er det ingen tvil om at fotballen sto meir i fokus før. Men at Bergsøy også kom med i bladet ViMenn er det kanskje ikkje alle som veit? Om du trykker her kan du sjå framsida til ViMenn nr22 i 1981, og legg merke til teksta "Fotballklubben Bergsøy" som er i venstre marg. ViMenn-bildet har vi lagt inn i vår historikkkategori "minnebilder", mens lagbildet under har vi sjølvsagt lagt inn i kategorien for "lagbilder-andre".



(Bildet: Et lagbilde frå 1964.)


Info

Oskar Waage spelte sin kamp nummer 100 i 1970 mot Langevåg. 600 tilskuere såg at Langevåg var best og vann 1-2.



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::