Juniorane klare for 1.div
#
Juniorane kjempa seg til 1.divisjon ved å slå Stranda fortjent 3-1..

Mål av Jørn Kvalsvik, Gustav Pettersen og Kjetil Paulsen ordna tilslutt en fortjent siger over Stranda. Stillinga til pause var 2-1 til Bergsøy. Idet Volda slo Blindheim med 3-0 så var det ikkje lengre tvil; både Volda og Bergsøy fortjente å gå til 1.divisjon.

Kampen mot Stranda opna litt usikkert, men Bergsøyforsvaret anført av en opplagt Terje Teige rydda elegant opp alt som kom nær den farlige sona. Bergsøy kjempa seg meir og meir inn i kampen før det viktige førstemålet kunne roe ned nervane. Jørn Kvalsvik fekk sjansen på venstrekanten denne kampen blant anna på bakgrunn av si gode evne til å gå på løp inn i boksa. Trekket blei vellykka idet Håvard Remøy sitt innlegg fann Jørn på bakerste stolpe. Headdinga var kirurgisk plassert til 1-0 og god jubel.


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde


Kampbilde



Det såg straks enda lysare ut idet Håvard Remøy fekk levert si andre målgivande pasning for dagen, og stikkaren til Gustav Pettersen blei flott plassert vidare inn bak Volda sin keeper. Stranda skapte lite frammover, men fekk ei redusering etter corner. Etter vårt videoklipp å dømme så var det en Bergsøyspelar som var sist på ballen også ved dette målet. Den andre omgangen var meir prega av forskjellige merkelige situasjonar. To merkelig idømte røde kort, ett til kvart lag, var nok dei mest diskuterte situasjonane. Magne Havnen fekk sitt andre gule for dagen idet et skudd traff arma til rundegutten. En Strandaspelar fekk direkte rødt etter en situasjon der Terje Teige blei liggande nede etter en smell i hoftehøgde. Det var vanskelig å bedømme den situasjonen om spelaren bevisst slo arma etter Teige, men dommar Kaldhussæther var ikkje i tvil.



Bergsøy sin siger blei aldri trua etter at laget gjekk opp til 3-1. Gustav Pettersen blei felt av keeper, og Kjetil Paulsen satte straffesparket kontant i nota. Mot slutten av kampen hadde BIL fleire sjansar til å øke leiinga, men uten å lykkast. Dagens trenar Frank Sverre K Skorpen var godt fornøgd med spelarane etter kampen, og gav ekstra skryt til Jørn, Terje og Gustav etter sin innsats. En liten fugl kvittra også for å seie at Bjørnar Gundersen burde ha ekstra honnør for sin innsats, ettersom han ofra seg for laget tross sjukdommen og "fare for liv og helse". Etter helgas resultat så viser det seg at det nesten blir dei samme laga i 1.divisjon iår som ifjor. Einaste forskjellen er at Volda byttar divisjon med Stranda.

Kåringa hos sportsweb er over

Søndag var det den siste og avgjernade runda i heimesidekåringa hos Sportsweb.as. Denne gangen var det sportsbladet FireFireTo som delte ut poeng til dei aktuelle heimesidene, og Bergsøy fekk denne gang 10 av 12 mulige poeng i kategorien innhald. Vi fekk ikkje poeng for hverken oppdatering eller design, men er likevel fornøgde med kåringa.

-"Det var ikke tvil om hvem som gikk av med seieren fra oss. Men på plassene bak var det jevnere. Vår mening er at det er manga bra hjemmesider rundt om i landet og mange legger ned masse arbeid i dette. Bra er det, og ikke minst når man vet at det mange som gjør dette i fritiden. Veldig bra! Mandalskameratene har en meget innholdsrik hjemmeside med gode oppdateringer og ikke minst et godt og pent design. På vegne av FireFireTo synes jeg alle fortjener poeng, men noen må gå av med seieren. Vi håper at alle klubbene jobber med sin hjemmeside. Den er viktig for klubbene som informasjonskanal og for samholdet i klubben. Lykke til videre alle sammen!" Mvh. Jan-Eirik Vestnes Markedssjef FireFireTo.

Til oppsummering så endte vi da på en 12.plass av dei 20 nominerte om vi summerer alle kategoriane. Om vi berre ser på kategorien innhald så er vi blant dei aller beste, og kjem her på en 3.plass. Vi kom på en 12.plass når det gjaldt oppdatering, men vi endte på en 16.plass når det gjaldt designet. Det kan dermed virke som at vi har størst utviklingspotensiale når det gjelder designet på heimesida. Når det gjelder innhaldet på sida så får vi skryt. Og innhold er også den kategorien vi setter mest vekt på. Kva poeng vi får i design sier foreksempel ingenting om kor bra sida er. Norborg fekk til dømes 7 poeng for designet sitt, mens Mandalskameratane som vann kåringa stakk av med 169 poeng for sitt desing.

Diverse nyheter

  • Herøynytt melder at det er hard kamp om å få tak i Olav-statuen. Det står vidare at Herøy kommune ønsker å plassere statuen ved Herøybrua. Betyr dette at vårt forslag om plasseringa ved den komande kunstgrasbana ikkje slår igjennom?

    (Bildet: Her er ett av våre tidligare forslag til Olav-statua si plassering.)

  • Herøynytt meldar også at Caroline Skar fekk tildelt Ungdommens kulturpris under UKM i helga. Vi grattulerer!

  • -"Det er ein allsidig idrettsutøvar og ein svært talentfull ungdom som i år får prisen. Årets prisvinnar er ikkje bere eit talent som kan profilere ungdommen og miljøet, men også eit forbilde på kor ein skal vere ein lagspelar, og korleis ein skal oppføre seg på bana, anten det gjeld handball eller fotball, sa Arnulf Goksøyr ifølge Herøynytt.

  • Hødd kryp til korset. Dei har funne ut at heimesida www.hodd.no ikkje er bra nok, og søker no etter ein eller fleire personar som kan hjelpe til med å gjære heimesida bedre. Blant anna håper dei å få på plass meir historikk inn på sidene side. Har Andre Nevstad tatt turen inn på Bergsoy.com før han kom fram til denne konklusjonen skal tru?

  • Om det blir fint vær til onsdag så spelar Bergsøy mot Åram i Huldalen. Åram er i form og slo Godøy i helga, les det her. 

  • Kampreferat































    Kampreferat info


    Kampreferat som inneholder bilder


    Godt kampreferat uten bilder





    :: HISTORIKK.com ::