Eusébio til Bergsøy?
#
Nei realistisk er det kanskje ikkje, men vi kan vel leve i håpet?.

Bergsøy har en tøff oppgave foran seg iår. Mange nærmast forventar at laget skal kjempe om opprykk, dette til tross for at det ennå ikkje er spelt treningskampar. Først onsdag kan vi få ein peikepinn på nivået, idet Bergsøy og Åram møtast klokka 2100 oppe på Hødd Kunstgrasbane.

Bergsøy sitt unge lag har mista fleire av dei eldste frå ifjor. Keeper Toni Sandanger og trulig også midtbanespelar Jonny Leikanger blir nok å finne i Gjerdsvika denne sesongen. Kapteinen Preben Hestad forlot skuta ved sesongslutt, og spørsmålstegn er det også rundt Martin Molnberg. Frank Sverre Skorpen kjem inn som ei god forsterkning. Men kva nivå er Bergsøy på iår? Den første peikepinnen kjem på onsdagskvelden. Vidare blir det sikkert fleire onsdagskampar framover, og det er planlagt å spele mot Hødd2 onsdag om ei uke - også det oppe på Hødd KGB.

Eusébio da Silva Ferreira

Den levande Bergsøylegenda Rune Frantsen har vore så heldig å få møte den portugisiske legenda Eusébio. Eusébio var i si tid en frykta målscorar med kallenamnet "den sorte panter" eller "den sorte perle", og blei også årets spelar i Europa i 1965. Etter våre mattekunnskapar er han 65 år iår, men dette er sjølvsagt ingen alder for en topptrent fotballspelar. Vi håpar at Rune kan klare å overtale storspelaren om å få på seg drakta igjen..


(Bildet: Rune Frantsen og Eusebio fann tonen ilag)

Som en ser på bildet øverst på sida så er også Lars Ivar Moldskred på plass ved sidan av Rune og Eusébio. Vi må nok forklare dette med at bilda blei tatt en del år tilbake i tid idet Hødd var på treningsleir til sydligare strøk. Bilda er no lagt inn i vår hellige samling av kjendisbilder, ei samling som stadig blir bedre. Mens vi er inne på Lars Ivar Moldskred så kan vi ikkje unngå å nemne at han kan være på vei vekk ifrå Molde. 2.divisjonslaget Kristiansund håpar på å få i orden ei utleigeavtale, og meir om dette kan du lese på denne sida.

Både juniorane og guttelaget til 1.divisjon

Vi fekk tilsendt et lagbilde av guttelaget, og må i den anledning benytte sjansen til å grattulere laget med plassen i 1.divisjon. Spelarane, som du forøvrig finn meir informasjon om inne på guttelagets spelarprofil-side, var visstnok nærvøse idet bildet blei tatt. Etter 3-2 sigeren over GOVI så blei det tilslutt jubel. Godt å vite at det gror talent i talentklubben Bergsøy. Lagbildet blir arkivert ilag med dei andre inne på sida for aldersbestemte lagbilder.



(Bildet: Bildet blei tatt foran den siste og avgjærande kampen)

Namn på lagbilde

Det har blitt lite tid til oppdatering av historikken siste uka, men vi har fått på plass endel namn på enkelte av dei lagbilda vi la ut på nettet sist. 3 av lagbilda får ei lita ekstra æresrunde, denne gangen med namna på plass. Om du ønsker å ta en nærmare kikk på bilda så kan du trykke på dei for å få dei opp i større størrelse.


(Bildet: Tatt på Norway Cup i 1983.
Bak frå venstre mot høgre: Jon Kenneth Bøe, Asbjørn Prytz, Ingolf Leikanger, Tor Sigmund Garvik, Geir-Jostein Stenersen, Dag Nærø, Harald Huldal, Odd Hodneland, Ronny Hodneland, Arne Dahlstrøm.
Framme fra venstre: Marvin Nerland, Anders Nærø, Odd Arne Dypvik, Børge Hansen, Kurt Leine, Runar Igesund, Tage Beddari, Oddgeir Husøy, Olav Kielstali.
Liggande frå venstre; Ole Johny Hjelmeseth, Øystein Johansen)



(Bildet: Tatt på Sunnmørscup i 1981.
Bak frå venstre mot høgre: Trond Frøystad, Kjetil Moe, Tor Sigmund Garvik, Geir-Jostein Stenersen, Olav Kielstali, Oddgeir Husøy, Jon Ragnar Reite, Øystein Johansen, Frank Arild Hansen, Sverre Matsen, Trenar Robert Hjelmeseth.
Framme frå venstre: Amund Sivertstøl, Steven Rooney, Ingolf Leikanger, Runar Igesund, Kjetil Bjørneseth, Jon Kenneth Bøe, Bjørn Børre Vike, Geir Martin Leinebø og Børge Hansen.)



(Bildet: Ei behjelpelig sjel i gjesteboka meinte dette er det rette:
Bakerst frå venstre; Arthur Almestad, Kjell Rønnestad, Trond Paulsen, Fred Frantzen Gullik Kjellstadli, Knut Teige, Knut Igesund, Paul-Kurt Nerland.
I midten frå venstre; Kjetil Goksøyr, Bjørn Myklebust, Kjartan Paulsen, Henning Solem, Asbjørn Myklebust, Rolv Bakke, Kurt Magne Berge, Lars Ove Almestad.
Fremst frå venstre: Frode Wilhelmsen, Øyvind Møller, Ivan Myklebust, Arnvid Husøy, Martin Pettersen, Raymond "Mass" Leine, Perry Kopperstad og Nils Roger Paulsen.)





★ Kampreferat med bilde
☆ Kampreferat uten bilde


Kampreferat
2010


2009

2008

2007

2006

2005

2004

2003

2002

2001

1999

1996

1995

1994

1993




11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.




:: HISTORIKK.com ::