Siste tids nyheter
#
Det har vore ei lang tid uten internet, og mykje skulle ha vore skreve som ikkje har fått kome på trykk. Litt av det kan vi satse på å få ned på blokka idag.

Det er nøyaktig en månad sidan siste "vanlige" oppdatering. Sidan 15.april har vi kun fått på plass kampreferata frå A-laget sine kampar.

Det som har vore veldig positivt den siste månaden er at aktiviteten på sida har økt, tiltross for mindre oppdatering av webmaster. Det har kome stadig fleire "lagnyhets-sider", altså sider for kvart enkelt lag som blir oppdatert av frivillige sjeler. Dei ferskaste nyhetssidene som er oppretta i venstremargen er Gutter 13 si side, Lillegutt 11 si side, samt ei eiga side for Jenter 12. Om det er fleire lag som savner ei eiga side, så er det berre å kome med en henvendelse - så kan vi opprette brukernamn og passord slik at en enkelt kan oppdatere ei slik side sjølv.



(Bildet: Det har allereie kome på plass et lagbilde av Gutter 13, og Gutte 13 si nyhetsside har hatt ei pangopning med oppdateringar på kort tid.)



Diverse nyheter

  • Bergsoy.com har kampreferat av kampen Bergsøy - Ha/No, og Herøynytt hadde også sitt kampreferat. Men har du lese Ha/No sitt kampreferat? Deira versjon av kampen kan du lese på Ha/No FK si heimeside.

  • 16.mai er en kampdag, og Hareid si heimeside meldar at kampen Hareid - Spjelkavik er kampen som må sjåast iår. Ettersom Hødd ikkje spelar (og Hødd2 spelar borte) så er det Hareid Stadion russen bør møte opp på, meinar dei. Kanskje kan dette være dagen for å sjå Martin Molnberg i aksjon?

  • Rollon si heimeside er det heftig debatt etter at Rollon tapte på heimebane mot Herd. Bergsøy sin komande motstandar i 4.divisjon (Herd) har ennå ikkje tapt iår, men har heller ikkje vunne på heimebane.

  • Visste du at Synste Møre var ei nettavis? På Synste.no finner du lokalavisa for Vanylven og "dei nærmaste bygdene", og her finner du også kampreferat frå Åram sin kamp mot Stranda. En kamp Åram forøvrig vann 4-3.

  • Volda si nettside blir sikkert berre bedre og bedre, for no har dei også halde kurs i korleis en kan oppdatere sida. Når det gjeld vår eiga heimeside så har vi tidligare i månaden blitt intervjua i Sunnmørsposten under tittelen "Historisk sus". Innholdet i artikkelen seier blant anna at heimesida "trulig er mellom dei mest innhaldsrike i fylket". Vi kjem nok tilbake til denne artikkelen ved et seinare tidspunkt.

    Kunstgraset: Kva har skjedd?!

    Vi har skifta meiningsmålinga idag, og spør kva en syns om Bergsøy si nye kunstgrasbane. Bana har endelig kome på plass, og det har allereie blitt spelt endel kampar på den. Den første kampen var det damelaget som hadde da dei spelte en 7'er kamp mot Hasundgot som dei slo med 18-2. Lagoppstillinga den kampen finner du her. Lovise Frøystadvåg var den første spelaren som scora på den nye kunstgrasbana under kamp, og ho slutta heller ikkje å putte mål før ho endte med 8 nettkjenningar.



    (Bildet: Et lite bilde frå damelagets kamp mot Hasundgot.)

    Fleire lag har fått prøvd kunstgrasbana, og det er fotballspeling på bana heile døgnet. Bergsøy G14 fekk æra av å spele den første obligatoriske 11'ar kampen på den nye kunstgrasbana. Laget som har Jørn Magnussen som trenar og Norvald Muren som lagleiar vann heile 8-1 over Hasundgot. Bergsøy gutter 13 spelte sin første 11'ar kampen på kunstgraset mot Spjelkavik, og meir om denne kampen kan du lese på Gutter 13 si side.



    (Bildet: Et lite bilde frå den første 11'arkampen (G14) som blei spelt på kunstgraset.)

    Deretter var det A-laget sin tur, og den historisken første A-kampen på kunstgrasbana blei spelt mot Ha/No. Bergsøy vann 3-1 etter tre mål av Frank Sverre Skorpen.

    Kunstgraset: Utviklinga

    På bildet under kan du sjå litt av korleis kunstgrasbana har utvikla seg dei siste månadane. Bildet skiftar av seg sjølv.




    (Bildet: Bildet skiftar kvart 2,5 sekund, og viser litt av utviklinga av kunstgraset. Bildet er på 1,8 MB så det kan ta noe tid før det kjem fram.)

    Diverse dill og dall

    Dei som har besøkt Bergsoy.com opp gjennom tida veit at vi likar å legge ut endel linkar til både artige eller rare ting. Vi kjem nok aldri til å slutte med det, så her kjem dagens mini-linksamling:

  • Musikkvideo: Gem Sweater - En musikkvideo du aldri vil gløyme |
  • Worst movies ever - Endel filmklipp, det siste er best |
  • God kinoadvarsel - Artig sak, Star Wars og mobilbruk |
  • Mouse mouse - No kan du få ei Pc-mus som ser ut som ei skogsmus |


    (Bildet: En får det ikkje mer morro enn en lager sjølv.)



    


  • 1415 Kampreferat



















    Kampreferat info


    Kampreferat som inneholder bilder


    Godt kampreferat uten bilder

    (Tom)
    Lite info i kampreferat