Pinsenytt
#
Da er det pinsehelg, og vi kan slappe av med litt kos.

Men A-laget må ikkje gløyme at det er trening på mandag klokka 1200, med påfølgande rask dugnad som går ut på å flytte diverse utstyr.

Bergsøy opplevde eit skuffande resultat mot Ørskog sist, og komande torsdag er det Åram/Vankam som skal besøkast. Denne kampen er forventa å gå på grasbana der inne, ei bane som har vore steng ei periode no. Åram/Vankam spelte 1-1 mot Rollon sist, og har slått Bergsøy i treningskamp tidligare iår, så dette blir slett ingen enkel kamp for et BIL-lag som må stille uten kaptein Frnak Sverre Skorpen.

For ei tid tilbake var det en liten artikkel i Sunnmørsposten om vår heimeside Bergsoy.com, og no har vi fått scanna den på plass. Sjølv om det historiske arbeidet vårt går i bølgedaler så heiter artikkelen "Historisk sus", og er nok et lite kapittel i vårt skryte-album.

Hareid spelar kamp mandag klokka fire borte mot Hødd2, og ifølge Hareid si heimeside er dette kampen som ikkje skal tapast iår. Vi tek med eit lite sitat frå Hareidsida:

-"Med Bergsøy trygt plassert i 4. divisjon, er det ingen tvil om kva som er det gjevaste oppgjeret på Ytre Søre Sunnmøre i år. Vi har sagt det før, men kan gjerne repetere det: Det er nesten ingen frå Ulsteinvik på Hødd sitt a-lag, så dette er den enklaste måten å finne ut kva av kommunane på Hareidlandet som har det beste fotballaget."

Alle veit at seriefotballen på Sunnmøre er spennande. Et døme var no at Langevåg fekk sin første siger i 3.divisjon iår, og det med 6-2 borte mot Spjelkavik. I 4.divisjon ser det også ut til at dei fleste kan slå dei fleste, og det er Stordal si heimeside som har oppført den imponerande statistikken. Det er scora 4,58 mål pr kamp i 4.divisjon hittil, og alle målscorerarne kan du sjå på den gode statistikksida. Visste du at Petter Aksel Kirkebøe på Stordal har scora 9 mål hittil iår?


(Bildet: Vår sure katte viser kva vi føler om at ingen Bergsøyspelarar er blant dei mestscorande i divisjonen)



Nokre glimt tilbake i tid

Det går seint med vårt historikkarbeid, altfor seint. Men avogtil blir det litt tid til å få på plass en bit eller to. Ronny Osnes er det kanskje nokre som kjenner til, og bildet nedanfor står han ilag med Kjartan Kleppe etter at begge to prøvespelte for Bergsøy mot et sandelag i 1990.


(Bildet: Bildet blir litt forstrekt iogmed at vi tilpassar det lengda på sida)


Problemet med historikkarbeidet vår no er faktisk ikkje mangel på arbeid, men heller at det er vanskelig å vite kva ende en skal starte i. Det er et luksusproblem, så får en satse på at tida og orka etterkvart blir så bra at Bergsoy.com blir dryssa over av godt historikkstoff. Nedanfor er et av bilda frå tida då Bergsøy møtte Molde og Åge Hareide.



Det var andre tider før, og ei anna kirke i bakgrunnen. Bildet under er frå 1981 om vi ikkje tek heilt feil, og fra samme kamp som det øvste bildet (ikkje bildet ovanfor altså) i dagens "nyhetsartikkel".




Diverse dill og dall

Underholdning, det må en ha. For en ganske artig sportsrelatert videolink å kan du trykke her. Trykk på bildet under for å starte en spesiell Idol-film.




Info

Det er ikkje ofte at spelarar klarer å score 5 mål på A-lags nivå, men Fred Frantsen klarte det i 1975 i en 3-6 siger på bortebane mot Aksla.



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::