Sommaren er over
#
Det har vore en månad med fotballferie, og heimesida har heller ikkje blitt oppdatert i denne perioda.

Fotballens tørketid nærmar seg slutten, men når det er sagt så har A-laget vore på treningsleir i Lillehammer mens fleire lag kjempar på Norway Cup. Ifølge rapportane var A-lagets treningsleir vellykka, der laget spelte to kampar og vann 3-1 mot et topp 4.divisjonslag og 6-0 mot et 5.divisjonslag.

Det er på tide å oppdatere litt igjen, og idag har vi fått på plass ny meiningsmåling samt at kontaktsida har blitt oppdatert med dei aktuelle styremedlemmar, telefonnummer osv. Igår blei det også endelig litt meir fasong over kampreferatet Bergsøy - Norborg. A-lagets neste kamp er forøvrig den tredje heimekampen på rad, og til neste helg er det Larsnes/Gursken som er motstander.


(Bildet: Slik ser tabellen ut før haustsesongen starter. Dei to beste laga rykker opp til 3.divisjon)


Bergsøyspelarar på Hareid

Hareid A-lag spelte treningskamp mot Hødd A-lag sist laurdag, og enkelte Bergsøyspelarar hjalp til idet Hareid var noko underbemanna. Vegard Sævik starta i midtforsvaret til Hareid mens Martin Molnberg var uaktuell på ferie. På benken var Geir Sandnes, Frantz Frantzen og Steffen Kvalsund, som alle tre kom inn og spelte for Hareid i 2.omgang. Frantz Frantzen spelte også på ein uvant venstreback mot Hødd den siste halvtimen.



(Bildet: Frantz Frantzen hadde drakt nummer 7 i kampen mot Hødd A-lag)


Hødd vann tilslutt 4-1 etter mål av Anders Vaagen 2 (Ex-Bil), Andre Nevstad, og Thomas Pedersen. For Hareid scora ein annan gjestespelar, nemlig Vidar Ytre-Hauge (Moltu). Av andre Bergsøyrelaterte spelarar var Kjetil Paulsen og Joachim Magnussen uaktuelle for Hødd denne dagen, mens Per-Ståle Nykrem spelte heile kampen for Hareid. Hareid blei også imponerte over den gode innsatsen til gjestespelar Vegard Sævik, ein spelar som Hareid si heimeside gjerne skulle sett fortsatte i Hareidtrøya. Kommentaren deira var at "han held garantert niået", hvorav vi då lurer på om Hareid trur dei ligg mange divisjonar over Bergsøy?

Nytt bilde av kunstgraset

Vi fekk tilsend et bilde av Bergsøy Stadion og kunstgrasbana tatt ovanfrå. Bildet blei sendt til vår heimeside av Tommy Remøy. Dette må da være det best oppdaterte fly-bildet frå området?



(Bildet: Bilde av aktivitetsområdet tatt ovanfrå)



Andre nyheter

* Grattulerer til Hødd! Idag er klubben 88 år gammal.
* Skarbøvik søker fleire spelarar til sitt A-lag, dette melder klubbens heimeside.
* Volda er godt igang med si kunstgrasbane nummer to. Bilder kan sjåast på deira heimeside.
* Dag Roar Ørsal går frå Aafk til Haugesund, dette melder Ålesund si heimeside idag.

Videosnuttar og bilder

* En litt småartig video der eine trenaren byttar inn ein tanks for å vinne kampen, jau det kan du sjå om du følger denne linken.

* Trykk her for å sjå en video der voldsomme værforhold gjorde at reklameskilt kom flygande mot fotballspelarane.

Avogtil seier et bilde meir enn tusen ord, så her er dagens lille blanding. Om du vil sjå dei i større størrelse så kan du trykke på dei.


Div.bilde


Div.bilde


Div.bilde


Div.bilde


Div.bilde


Div.bilde


Div.bilde


Div.bilde









★ Kampreferat med bilde
☆ Kampreferat uten bilde


Kampreferat
2010


2009

2008

2007

2006

2005

2004

2003

2002

2001

1999

1996

1995

1994

1993




11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.




:: HISTORIKK.com ::