A-laget i 2007
#
Sesongen er ferdig, og Bergsøy endte på en 4.plass på tabellen.

Bergsøy sendte Stordal ned til 5.divisjon, mens Ha/No sin "overlevelse" i 4.divisjon er avhengig av at Skarbøvik slår Træff i kvalifiseringe til 2.divisjon. Om ikkje det skjer så rykk Ha/No ned, og 4.divisjon vil sjå slik ut i 2008: Blindheim, Ørsta, Stranda, Bergsøy, Herd, Ørskog, Norborg, ÅVK, Gursken/Larsnes, Sunnylven, Vartdal og Vigra.

Bergsøy endte på en 4.plass på tabellen, og passerte dermed Herd i siste serierunde. Laget endte tilslutt 9 poeng fra opprykk, og med ti plussmål. Godøy og Rollon gjekk fortjent opp til 3.divisjon. Lagbildet ovanfor blei tatt den siste kampen borte mot Stordal.




Formtabellen - Tabellgrafen forteller historien

Bergsøy lukta på opprykk til tider, men befann seg aldri i opprykksposisjon i løpet av sesongen. Godøy derimot låg i opprykksposisjon gjennom heile sesongen, og kunne fortjent juble for opprykk. Vi meinar også at Godøy er det beste laget vi møtte denne sesongen.


Tabellplassering runde for runde alle lag.

* Svinglaget: Herd (gul graf) var veldig gode før sommaren, men sank ned til 5.plass.
* Bunnlaga: Stordal og Ha/No var jamnt over dei to dårligaste laga, og endte sist.
* Surt? : Stranda var nærme nedrykk heile sesongen, men klarte det ikkje.

Tabellar heime og borte

Norborg.com har ført god statistikk som vi snik oss til å vise fram. Bergsøy var sterke på heimebane iår, og berre Stranda greidde å slå Bergsøy i Fosnavåg. Borte var det derimot ei anna historie, med siger i årets første og siste kamp, samt Ha/No. Altså, dei to botnlaga + Norborg.


Tabellar ifrå Norborg.com.


Sesongen 2007 - Frå A til Å

Arve Kvalsvik hadde en sterk sesong imål og var i mange kampar en av lagets beste spelarar. Det blei sterkare konkurranse om keeperplassen utover sesongen idet Toni Sandanger gjorde et comeback til laget han forlot foran sesongstart til fordel for Gjerdsvika. Toni tok etterkvart over keeperrolla i den siste halvdelen av sesongen, medan Arve tok turen ut på sjø.

Bjørnar Gundersen scora tre mål, og samla også nokre gule kort iløpet av sesongen. Forma svinga, og Bergsøy var nok best i dei periodene Bjørnar også var på sitt beste.

Comeback. Mons Arne Kvalsvik hadde sine comeback i løpet av sesongen, og Karl Bjarte Vike spelte sine tre første A-kampar sidan 2004. Geir Sandnes gjorde comeback seks år ettar at han gjekk frå Bergsøy til Hareid, og Toni Sandanger gjorde comeback berre månadar etter at han gjekk til Gjerdsvika. Frank Sverre Skorpen gjorde også comeback til klubben etter fjoråret i Spjelkavik, mens Anders Per Vågsholm også gjorde comeback i BIL-trøya.

Debutantar. Som alltid så er det mange nye spelarar som får sin første obligatoriske A-kamp kvart år i Bergsøy. Paul Kåre Remøy, Andreas Konningen, Antoni Goksøyr, Mads Sævik, Joakim Bendal, Fredrik Muren, Dag Gøran Brandal og Daniel Scheldrup fekk alle sin debut i den kvite trøya i 2007.

Endelig gode vestar. Treningane har vore artige iår, og en stor del av æra har dei nye vestane som laget brukar. Oransje, gule eller svarte, og reine luktar dei også. Gode vestar må ikkje undervurderast i verdi.

Frank Sverre Skorpen scora 23 mål på 21 kampar, hadde aller mest treningsoppmøte av samtlige i løpet av sesongen, og piska lagkameratane til å yte i kvar kamp. Dette i tillegg til sin innsats med talentsamlingar og innsats innan Bergsøy Fotball gjer at Bergsoy.com reknar Frank Sverre som Årets spelar 2007. Om andre meinar det samme finn vi ut på den offisielle kåringa som skjer laurdag under fotballens dag i Kulturhuset.

Gustav Pettersen fullførte nok en sterk sesong i Bergsøydrakta. Tek vi med fjorårssesongen så held vi en god knapp på Gustav som lagets mest stabile og gode bidragsytar dei siste to åra. I 2006 blei han toppscorar som spiss etter først å ha starta sesongen som forsvarar, mens han i år har vore hardtarbeidande på sentral midtbane og ofra si scoringsvilje til fordel for laget og det defansive arbeidet.

Harald Haugen har fortid som "årets nykommer" i Rollon, og jubla nok litt idet Rollon greidde opprykk på bekostning av Stranda. Han fekk i tillegg jubla fem gongar for scoring i løpet av sesongen, den eine finare enn den andre. Med offansivt beckspel kårer vi han gjerne til årets nykommer i Bergsøy sitt A-lag denne sesongen. En fin spelartype som smitter med sin positive væremåte, og som også arbeidar for Bergsøy Forball utanfor fotballbana. Harald fekk sin debut i den nest siste seriekampen i 2006, borte mot Rollon, men 2007-sesongen blei hans store gjennombrudd.

Ingen resultat. Ha/No greidde aldri å vinne på bortebane, mens Stordal aldri spelte uavgjort på heimebane. Godøy spelte hverken uavgjort eller tapte på heimebane,

Jojo-kampen. Heimekampen mot Herd var Bergsøy i et nøtteskall i 2007. Frå 6-0 ledelse, åresbeste, festfotball og idrettsglede - til 6-4 panikk, frustrasjon, røde kort og dårlig spel. Bergsøy viste fram at laget er veldig gode på sitt beste, og ganske dårlige på sitt verste.

Kunstgrasbana blei opna, og ei ny æra i Bergsøy si idrettshistorie blei starta. A-laget kosa seg på bana både under trening og kamp, og det blei stort sett sigrar på heimebane i 2007. Berre en kamp blei spelt på Bergsøy Stadion (gras), og det i 6-4 sigeren mot Herd.

Lange flate baller. Stranda skrytte av at Bergsøy var det finspelande laget i divisjonen før dei kom til besøk til Fosnavåg. Vi tvilar på at dei hadde den samme oppfatninga idet dei reiste heim, for denne kampen var nok ikkje så veldig finspelt. Men sant nok, Bergsøy spelte mange bra kampar og prøvde å spele mest mulig langs bakken. Borte mot Stranda var ein slik kamp.

Målscåring. Vi meinar at det må bli scora fleire mål frå midtbanen om laget skal klare opprykket neste år. Frank Sverre hadde en stabil avsluttarfot, men laget kunne gjerne hatt fleire notoriske målscorerar. At venstrebacken på laget kom på andreplass på mållista seier sitt.

Nabokampar. Det blei nye lag å spele mot denne sesongen med seriekampar mot Gursken/Larsnes og Åram/Vankam. Bergsøy vann begge heimekampane, men tapte borte mot Gursken og spelte 2-2 borte mot Åram. Gursken/Larsnes fullførte en godkjent sesong i 4.divisjon med ex-BIL spelarane Steffen Moltu og Johnny Moltubakk i sentrale roller på laget.

Opprykk var alltid målet, men sjansen forsvann idet Bergsøy tapte to viktige bortekampar. Først mot Ørskog (2-4) og deretter mot Godøy (3-4). Resten av sesongen blei et lite antiklimaks, der Bergsøy kjempa om ære og håpet om ei god tabellplassering. Motivasjonen virka ikkje sterk nok heime mot Stranda i den siste heimekampen, og dette blei lagets einaste heimetap denne sesongen.

På sidelinja var det stort sett god stemning, iallfall på heimebane. Ingen publikumsrekord blei satt i 2007, men det får tabellposisjonen ta skylda for. Gulikk Kjellstadli, Mathias Pettersen og Oddmund Voldsund har vore til sterk støtte for laget og trenar Tom Beddari på sidelinja gjennom heile sesongen.

Qlassesiger. Sunnylven var laget som fekk flest ballar imot på Bergsøy Stadion. 7-1 siger i Geir Sandnes sitt comeback, og Paul Kåre remøy scora også sitt første A-mål. Bergsøy spelte mykje bra fotball midtveis i sesongen, og var også ubesigra i nokre kampar.

Rutine er et stikkord som ofte kjem opp når en pratar om Bergsøy. Laget har blitt yngre år for år, og en såg også korleis laget løfta seg idet Geir Sandnes kom tilbake til moderklubben for å bidra med sin slepne teknikk. Han gjekk rett inn på laget seks år etter sist spelte Bergsøykamp, og han scora to mål. Vi får berre håpe at han kan bli med i større grad i 2008 sesongen.

Steffen Kvalsund spelte 19 kampar denne sesongen, og er da oppe i 139 A-kampar totalt. Han er dermed oppe i samme antall som Lasse Myrhol, og 3 kampar bak broren Arild Kvalsund.

Tom Beddari tok over skuta etter at den sank ned til 4.divisjon. Tom tok Bergsøy opp frå 4.divisjon til 3.divisjon i 1995, og håpte på å få dette til igjen. Det blei berre nesten, og laget viste seg å være for ustabilt for å rykke opp. Men fjorårets motgang blei viska vekk, og laget fekk oppleve å vinne kampar igjen. Tross alt, treningsmessig og anleggsmessig ein svært god sesong for Bergsøy, det var berre borteforma som svikta for mykje.

Ustabil førsteellver. Hadde alle vore tilgjengelige. Hadde alle vore friske. Om. Hvis. Stallen leid tidvis at at det aldri blei samme lag to kampar på rad, og spessielt gjaldt dette forsvarsrekka. Terje Teige var årets spelar i 2006 men fekk ikkje mange kampane i 2007 grunna skade. Daniel Hatløy reiste til Bergen. Endel spelarar reiste på sjø. Joakim Bendal blei skada idet han kom iform. Magne Havnen var tidvis skadeforfulgt. Og lista er lengre..

Vegard Sævik hadde en god sesong for Bergsøy, og viste seg å være svært viktig som den forsvarsdirigenten han er. Laget med og uten Vegard viste seg å være god forskjell, noko som var merkbart spessielt i endel bortekampar. Med jubel også utanfor bana vil nok Sævik sjå lyst tilbake på 2007.

Werstingane. Harald Haugen, Anders Per Vågsholm, Lars Henrik Hasund, Frank Sverre Skorpen, og Dag Gøran Brandal fekk alle rødt kort i løpet av sesongen. I tillegg til at laget har nokre gode sankarar av gule kort, så kunne en sjå langt etter årets fair-play pris. Ifølge Stordal.nu sanka Bjørnar Gundersen 6 gule kort. Dag Gøran Brandal 1 rødt og to gule, og Anders Per og Harald det samme. Dei har også notert seg at Daniel Hatløy har blitt utvist. Tabellen nedanfor fann vi på Stordal.nu si side.




Xtra motivasjon. Det gjekk til tider "trått" i 3.divisjon i 2006, og en kunne få seg et ekstra motivasjonskick av å møte nye motstandarar og å spele i en ny divisjon. En hadde tildømes aldri før møtt Norborg eller Gursken/Larsnes til seriekamp. Desverre blei det ikkje nok til å rykke opp.

Ytelsestrening. 30-meters testen har blitt brukt heile året, og karane har sprunge så langt som dei greier i 7 minutt. Stort sett har gjengen endt på 24-26 runder.

Ztrafferedningar. Arve Kvalsvik og Toni Sandanger er gode på straffespark begge to. Toni Sandanger redda attpåtil to straffespark på to kampar, det eine mot Rollon heime før han redda mot Sunnylven borte.

Ære. Bergsøy var tippa å være en av opprykkskandidatane, og dette stempelet måtte følgast opp for å behalde lagets ære. Laget var lenge med i opprykkskampen, dog stadig som en outsidar. Tilslutt klarte en å kapre 4.plassen i siste serierunde, noko som i våre auge var viktig for å bevare æra.

Ørskog var ett av to lag som Bergsøy hadde problem mot denne sesongen. Det kan være tilfeldig, det kan være grunna Ørskog sin taktikk med å spele på ei lita grusbane og bruke fysikken sin. Heime blei det berre 1-1, mens borte blei det et tap mot ein mer aggresiv motstandar. Stranda var det andre laget BIL ikkje fekk oppleve å slå i 2007. Stranda hadde et ok lag, men borte lakk skuta og heime vart det ei dårlig forestilling av BIL.

Årets mål. Det er endel kandidatar. Harald Haugen sin fulltreffar mot gamleklubben Rollon gjekk rett i krysset. Et av dei beste angrepa som endte i mål var det Bjørnar Gundersen som satte imål mot Herd på Bergsøy Stadion. Anders Hoff scora det mest bastante "denne ballen skal inn" målet med sitt frispark mot Rollon i seriepremiæra. Frank Sverre har scora fleire fine mål, og har vore iskald i avsluttningane gjennom heile sesongen. En annan sterk kandidat er Harald Haugen sitt 5-0 mål mot Åram/Vankam, et flott mål som var et fint punktum for den kampen.

Spelarstatistikk sesongen 2007

Merk: Denne statistikken mangler innbyttere i bortekampen mot Ha/No, og full oppstilling i bortekampen mot Sunnylven. Dette blir straks lagt til. Foreløbig står det trulige ubekrefta antallet frå Sunnylvenkampen i parantes.

Toni Sandanger - Keeper

Kampar: 6 (+1)
Info: Toni Sandanger sa takk for seg etter sesogen 2006, men kom tilbake til Bergsøy et stykke ut i sesongen. Arve Kvalsvik hadde stått godt i mål til den tid, og det blei hard konkurranse om keeperplassen. Toni fekk sjansen etterkvart, og tok vare på den.

Arve Kvalsvik - Keeper

Kampar: 15 (+0)
Info: Arve var ledande på vår poengbørs tidlig i sesongen, og imponerte med stødige armar. Veldig trygg i feltet, og gjorde fleire nesten feilfrie kampar. En god sesong. Mot slutten av sesongen blei det mindre fotball, og tilslutt blei det sjømann ut av Arve.

Jørn Kvalsvik - Forsvar

Kampar: 7 (+0)
Info: Det blei ikkje så mange kampane for Jørn denne sesongen, men han fekk vist seg fram idet han fekk sjansen som midtstoppar heime mot Rollon mot slutten av sesongen. Banens beste den kampen. Har for det meste blitt vurdert som venstreback, og har hatt sterk konkurranse i Harald Haugen på den posisjonen. Tok seg en tur på sjø også han.

Harald Haugen - Forsvar

Kampar: 16 (+1)
Info: Årets "nykommar" på A-laget er teknisk og målfarlig. Scora nest mest mål (5mål) denne sesongen, og hadde fleire sjansar til å score mål. Scora også endel kandidatar til årets mål. Tom Beddari meinar han har meir å gå på defansivt. Viktig brikke for et lag å ha sidebackar som bidreg frammover.

Fredrik Muren - Forsvar

Kampar: 8 (+0)
Info: Fredrik fekk prøve seg i endel kampar denne sesongen, men klarte ikkje å klore seg fast i startoppstillinga. Profitterer på fin teknikk. Vil nok ha godt utbytta av årets lære-år, og har fått seg en smak på rutinen som han får bruke til neste år. Kan gjerne gå hardare i duellane.

Paul Kåre Remøy - Forsvar

Kampar: 15 (+0)
Info: Paul Kåre Remøy starta sesongen bra og er noko tilnærma ei defansiv potet på laget. Kan spele sideback eller midtstoppar alt etter som. Scåra også ett mål i sesongen, 1-0 målet mot Sunnylven heime, som vi mistenker var et feilsleiva innlegg. Kan som Fredrik bli "råare" i duellane, gi gjerne frå seg en trøkkar iblant.

Magne Havnen - Forsvar

Kampar: 7 (+0)
Info: Det blei en skadeprega sesong for Magne Havnen. Han var skada mange kampar i starten av seosngen, spelte en kamp, og var skada vidare. Er en rolig spelartype som gjerne driblar. På A-laget blir ikkje dette alltid like godt tatt imot. Kan spele back eller midtstoppar.

Vegard Sævik - Forsvar

Kampar: 15
Info: Vegard endte på 15 kampar denne sesongen, og han var den pålitelige defansive murbrikken i forsvaret dei kampane han spelte. Rolig og konstruktiv med ballen, og effektiv i forsvar. Hjelper dei yngre kollega'ane i forsvar med si rutine. Også Hareid fekk augene opp for Vegard idet han spelte treningskamp for Hareid mot Hødd i sommar.

Dag Gøran Brandal - Forsvar

Kampar: 8 (+1)
Info: Dag Gøran har ei fortid i Hødd, og har et godt teknisk register å spele på. Ikkje redd for å trøkke til i duellane, og fysisk i spelestilen. Spelt mest høgreback i 2007, men også prøvd seg som midtstoppar og høgrekant. Fine framspel framover, vi håper å sjå han i drakta også i 2008.

Terje Teige - Forsvar

Kampar: 5
Info: 2007 sesongen må nok seiast å være skuffande for Terje, og det endte med berre fem kampar for den gode midtstopparkjempen. Årets spelar i 2006, men blei tidlig prega av skader i 2007. Vi håper at han kjem tilbake iløpet av vinteren, og blir klar for spel i 2008 sesongen.

Thomas Voldsund - Forsvar

Kampar: 11
Info: Thomas Voldsund er lagets kondisjonskanin. Stor arbeidskapasitet og stor vilje til å arbeide for laget. Det blei 11 kampar i 2007, men det hadde nok blitt fleire om ikkje skade satte han ut på sidelijna mot slutten av sesongen. Spelt mest høgreback, er tidvis offansiv. Positiv.

Andreas Konningen - Forsvar

Kampar: 6
Info: Andreas tok seg en tur inn i millitæret, men kom også tilbake igjen. Mot slutten av sesongen var han borte igjen. Det blei ein av og på sesong for Andreas, med berre nokre få kampar. God teknikk på øvingsfeltet, men fekk vise mindre fram under kamp.

Antoni Goksøyr - Forsvar

Kampar: 1 (+0)
Info: Spelte en kamp ifølge vår statistikk, og det var innhoppet han fekk borte mot Gursken/Larsnes. Noko ujamn sesong, men kom i bedre form mot slutten av sesongen og hadde nokre gode treningar. Må prestere jamnt og godt under trening for å presse andre ut av laget.

Mons Arne Kvalsvik - Forsvar

Kampar: 6
Info: Gjorde ifølge seg sjølv fleire comeback iløpet av sesongen, og la deretter opp etter kvar kamp. Gjorde som alltid en solid laginnsats dei kampane han spelte, og ruvde i midtforsvaret. Det er spelarar som Mons Arne som spriter opp miljøet og som gjer at det kan være ekstra artig å kome på trening.

Anders Per vågsholm - Midtbane

Kampar: 11 (+1)
Info: Anders Per hadde både gode og dårlige dagar i sin comebacksesong. Spelte bra nokre kampar, og var meir ute av det i andre. Opplevde også å få et rødt kort, men blei tilgitt da laget vann kampen. Med Anders-Per stabilt i god form så har Bergsøy en teknisk midtbanespelar med god arbeidskapasitet.

Lars Henrik Hasund - Midtbane

Kampar: 5
Info: Spelte i første halvdel av sesongen men tok deretter turen bort ifrå miljøet i protest. Lars Henrik trådde til i duellane, og opplevde også å bli utvist på grunn av det mot Larsnes/Gursken. Var derimot den beste på laget i den kampen fram til utvisninga. Rask og sterk spelar som spelte venstrekant og indreløpar.

Gustav Pettersen - Midtbane

Kampar: 18 (+1)
Info: Nok en god sesong for arbeidsjernet Gustav, og etter vår meining den beste spelaren sett over dei siste to sesongane i Bergsøy. Jobba godt på defansiv midtbaneposisjon i 2007, rydda opp og fekk nokre gule kort. Også blant dei bedre til å slå lengre pasningar og å vri spelet. Står også på og jobbar hardt på treningsfeltet.

Bjørnar Gundersen - Midtbane

Kampar: 20 (+1)
Info: Bjørnar Gundersen har mykje fotball i seg, og på sitt beste i 2007 var laget i siget. Scora tre mål, og sprang mykje. På lik linje med Gustav så er ikkje Bjørnar redd for å gå i tacklingar eller duellar. Datt meir ut av form mot slutten av sesongen. Har en tendens til å galloppere ut av rytme etter kritikk, på lik linje som fleire av lagkameratane.

Daniel Hatløy - Midtbane

Kampar: 10
Info: Teknisk begava kokk ifrå Ulsteinvik som var så å seie fast på laget før sommarferien. Scora mål og var offansiv. Viste fram også mange dragningar på treningsfeltet som få andre gjer. Reite etterkvart til Bergen, og Bergsøy måtte gjere nye forandringar på laget. Velkommen tilbake når du er klar Daniel.

Steffen Helsem Kvalsund - Midtbane

Kampar: 19
Info: Nok en ustabil sesong, men en opptur iforhold til dei to siste sesongane. Spelte meir og scora litt meir, men har meir å gå på både som kantspelar og som scoringsmaskin. Formperioda var lengre denne sesongen, men spelte nokre dårlige kampar både tidlig og seint i løpet av sesongen. Må jobbe med å både score meir og å lage fleire målgivande.

Geir Sandnes - Midtbane

Kampar: 5
Info: Spelte fem kampar i 2007 og satte sterkt preg på dei kampane. Scora to mål i debutkampen, og var en viktig brikke på midtbanen i dei kampane han spelte. Flink til å halde på ballen, og har et sterkt driv. Vi håper at han kan få seg fleire kampar for laget til neste år.

Knut Peter Sævik - Midtbane

Kampar: 4
Info: Spelte både midtstoppar og høgreving i løpet av sesongen. Er sterk i kroppen, men viste at det var uvant å spele midtstoppar. Har godt tempo i kroppen, men fekk vist det fram lite på A-laget denne sesongen. Spelte berre fire kampar. Er treningsvillig og har god kondisjon, så han kan jobbe seg inn på laget om han ønsker det.

Anders Helsem Hoff - Midtbane

Kampar: 5
Info: Spelte endel kampar tidlig i sesongen, og scora også i seriepremiæra mot Norborg. Har vore plaga med skader, og blei meir eller mindre ute av laget etterkvart som følge av lite treningar. Har rutinen på plass, og er flink til å dirigere. Det endte med fem kampar denne sesongen.

Daniel Scheldrup - Midtbane

Kampar: 1
Info: En av B-lagets stjernespelarar fekk prøve seg borte mot Sunnylven i seriens nest siste kamp. Vi var ikkje tilstades denne kampen, og veit ikkje korleis han klarte seg. Dette var uansett debuten hans på A-laget. En rask spelar som likar å spele gitar på vorspiel. Oftast brukt som høgrekant.

Mats Inge Teige - Midtbane

Kampar: 5 (+1)
Info: Mats Inge har vore mykje til sjøss i løpet av sesongen, men har så mykje fotball i seg at han har mykje å bidra med når han tek turen innom A-treningane. Spelt mest som indreløpar denne sesongen, og endte opp med fem kampar. Ein spelar som vi kunne ønske hadde jobb på land, slik at han kunne trent meir.

Håvard Remøy - Midtbane

Kampar: 14 (+1)
Info: Har i likhet med fleire av midtbanespelarane våre opp og ned i form iløpet av sesongen, og hadde si gode periode tidlig da han var en konstant trussel for dei fleste venstrebackar med si hurtighet. Scora også nokre mål. Kom litt ut av forma mot slutten av sesongen, men spelte 14 kampar, noko som er et godt antall.

Mads Sævik - Midtbane

Kampar: 3 (+0)
Info: Mads Sævik er ein av spelarane som ikkje var tatt ut i A-lags troppa, men som har trent jamnt med laget og fått sine få innhopp under kampane. Har både tempo og teknikk. Blir masa på for å bli tøffare i duellane, og er ein spelar som vi håper får den utviklinga at han blir ei A-stjerne etterkvart.

Karl Bjarte Vike - Midtbane

Kampar: 3
Info: Denne rutinerte reven har holdt seg borte ifrå A-fotballen i tre år, men har såpass mykje fotball i beina at han var høgt oppe på lista idet laget starta å mangle folk. K-B møtte opp, spelte godt, og er ein spelar som gjengen kan tenke seg fortsetter med å spele. God teknisk og rolig spelar på midtbana.

Frantz Frantzen - Midtbane

Kampar: 6
Info: Frantz Frantzen gjorde det godt, jobba hardt, scora mål, og starta kampar. Så kom litt motgang, og Frantzen sin motivasjon forsvann. Det blei berre seks kampar denne sesongen, og det er kanskje ti kampar mindre enn det vi håpte han ville spele. Har bra potensiale i beina sine.

Joakim Bendal - Midtbane

Kampar: 9
Info: Lynvingen Joakim fekk dei fleste av kampane sine som innbyttar, men fekk etterkvart sjansen til å starte kampar. Idet forma såg ut til å være på plass så kom også skaden som satte han ut for resten av sesongen. Rask og god spelar som vi håper vil blomstre ennå meir til neste sesong.

André Lima - Angripar

Kampar: 16
Info: André har spelt mange kampar denne sesongen, men har fått lite speltetid. Har tidvis vore ganske aktiv og jobba hardt på treningsfeltet, men har fått vist mindre på bana under kamp. Har nok vore prega av at laget spelar 4-5-1 formasjon med en spiss, der Frank Sverre har vore sjølvskreven. André er en av få typiske spissar på laget.

Frank Sverre Skorpen - Angripar

Kampar: 21
Info: Scora meir enn han har spelt, har meir treningsoppmøte enn samtlige, og trenar meir egentrening enn andre. Tek fotballen seriøst og blir belønna for innsatsen under kampane. Er ingen luksusspiss og arbeider hardt for laget. Krever minst like mykje innsats frå sine lagkamerater, noko som kan slå både positivt og negativt ut under kampens hete. Årets spelar ifølge Bergsoy.com.

Målscorerane sesongen 2007

Frank Sverre Skorpen blei berre målet ifrå å bli årets toppscorar i 4.divisjon ilag med Godøy sin spiss Svein-Arne Alnes. Lengre nede på lista finn vi Steffen Kvalsund og Harald Haugen med fem mål kvar, mens Bjørnar Gundersen scora tre mål i løpet av sesongen. Også denne statistikken fann vi inne på Norborg.com si flotte heimeside. Vi håper dei ikkje blir for sure for at vi viser statistikken også her.


Alle målscorerar 2007.



Kampreferat































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::