Siste nytt
#
Serien 2007 er ferdig for vår del, men vi får prøve å halde oss gåande på Bergsoy.com ei stund til.

Vi innrømmer det gjerne, nyhetene kjem i bølgedaler. Men det betyr ikkje nødvendigvis at det ikkje blir oppdatert. No som serien er over så er det "historikk-sesong" på Bergsoy.com. Det betyr at gamle kampreferat blir laga, og at vi pusler sammen brikke for brikke på plass når det gjeld Bergsøy si historie.

Vi har fått på plass nokre fleire spelarprofilar i det siste, og oversikta over kva spelarprofilar som er tilgjengelige finn en på denne sida. Det har også blitt laga til ein hurtiglink i høgremargen (framsida) til spelarprofilar, ein link som vil kunne forandre seg for kvar gong ein oppdaterar sida. Ambisjonane våra er store med dette, så på sikt vil vi ha fleire titals gode profilar, håper vi, slik at etterkvart alle som spelar (og har spelt) på A-laget kan finne si eiga side på Bergsoy.com.

Kampreferata frå 1990 er snart i boks, det er pr idag berre dei fire siste som ikkje er ferdigskreve. Godt har det vore å fått på plass enda et årstall med gode kampreferat. Har så smått også starta å få kome igang med nokre kampreferat frå 1980 og 1981, og ser fram til at historikken vil få seg et fint løft frammover. Om en vil lese litt gamle kampreferat så er det på sida Info alle årstall en kan ta seg ei runde.

Elles ser vi ikkje vekk ifrå at det kan kome fleire "rapportasjer" som den vi no la ut for to dager sidan, Flaggskipet Bergsøy. Ikkje alle orkar nødvendigvis å lese ett og ett kampreferat (tross alt er det nok ganske få som gjer det), så det vil nok bli laga diverse oppsummerings-reportasjer som gjer at en kan få nokre glimt av Bergsøyhistoria også på andre måtar.


(Bildet: Arild Kvalsund, Bjørnar Bendal, Geir Sandnes og keeper Per Gunnar Djupvik tilbake i 1991. Også 1991 vil vi nok få på plass nokre kampreferat no etterkvart.


Kort sagt så er Bergsoy.com inne i vedlikeholdssesongen, og forandringar brukar helst å skje i disse tider. Vi brukar tida til å oppdatere heimesida, noko som ironisk no betyr at vi bruker mindre tid på å oppdatere med nyheter. Enkelte har nok allereie merka at forummet er tatt vekk, men vi tviler på at det er mange som savnar det. Internet-spam øydela det meste av forummet, så sålenge vi ikkje får tak i et bedre forum så har vi nok med å ha ei gjestebok på plass.

Diverse andre nyheter

* Kjetil Paulsen pryder forsida til Hodd.no idag.
* Stig Johansen gir seg som trenar for Ørskog etter ein sesong.
* James Bond fra Rollon.info oppsummerer 2007 sesongen med skråblikk på denne sida.
* Vi har ikkje grattulert SIF med opprykk til 2.divisjon enda, så GRATTULERER SKARBØVIK!

* Spjelkavik si heimeside har ei imponerande bildesamling over kle som har blitt lagt igjen i garderoba.

* Følgande lag spelar i neste års 4.divisjon: Ørsta, Stranda, Herd, Norborg, Gursken/Larsnes, Bergsøy, Ørskog, Åram/Vankam, Vigra, Vartdal, Sunnylven, Hano.

* På Hareid si heimeside finn en ei god oversikt over når innesluttspela skal spelast, og kvar. Bergsøy står som arrangør for Senior Menn i Herøyhallen 17.november. De er egentlig alt vi veit om den cuppen pr dags dato. Vi har motatt endel purringar på kampoppsettet, men veit ikkje kva som skjer i den gården.

Årets Topp 100 kåring.

Ja, den er igong igjen. Den tradisjonelle og spennande kåringa der en kvart år finn ut korleis vi blir vurdert opp imot andre heimesider. I årets "NM i fotballweb" har blant anna Ha/No kome på ein 81.plass. Vi har vel satt eit mål på å kome blant dei 50 iår, etter at vi kom på plass nummer 22 ifjor. Tidspunktet kåringa skjer på er på ingen måte passande for vår side. Vi kan håpe på at fotballen.no sett like god pris på våre journalisters oppdatering av "lagnyheter-sidene" som vi gjer. Vi trur ikkje det er mange fotballsider i Norge som har like mange aktive skribentar som det Bergsoy.com har.

--> Få med deg kåringa her. 10 nye heimesider blir rangert kvar dag.

Morro å få med seg.

* Vi har sjeldan sett en så bra fotballvideo som dette. Utrulig flott samling av brilliante frispark. Verdt å sjå!
* Kanskje ikkje mykje morro no for tida, men sida Harryhotspur er ei fin side for oss Spurs-fans.




Info

Asbjørn Myklebust har i tillegg til Bergsøy spelt i VFC Berliner Fuss (tysk 2.div 1972) og Brann.



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::