Den komande sesongen
#
Vi vurderer laga

Bergsøy har tøff motstand i vente.

Den beste måten å legge en sesong bak seg på, er kanskje å sjå frammover mot den som kjem. Det betyr at vi må gløyme Blindheim og Stranda, dei to laga som tok veien ned til 4.divisjon. Det betyr også at vi må ønske velkommen Hødd2 og Rollon, dei to suverene vinnarane i fjorårets 4.divisjon som vann med grei margin på gode lag som Godøy, Brattvåg og Ha/No. No er vi tidlig ute, og mykje vil skje før serien startar, men likevel kan det være ei fin gjennomkjøring. For oversikta si skyld så tek vi det i alfabetisk rekkefølge, og sjølvsagt ligg Bergsøy fremst i rekka også her. Vi dropper bilda, og går rett på sak. Dei som vil skaffe seg ei lita oversikt over laga kan sikkert ha grei nytte av informasjonen.

Bergsøy
Det er sjølvsagt vår eigen klubb som burde være den som er lettast å ha kontroll over, og vi startar nok smått å sjå konturane av neste sesongs A-lag. Et spelarmøte idag kl 1300 vil kanskje avsløre meir, og i tilfelle så vil denne reportasja oppdaterast ytterligare. Det vi allereie veit er at to profilar har forlatt klubben og allereie starta å trene med andre klubbar. Frank Sverre Skorpen hadde spelt for Bergsøy sidan 1994, men valgte å gå til Spjelkavik. Lars Conradi Andersen kom foran 2002 sesongen til Bergsøy, men vil no prøve utfordringa i Skarbøvik. Dermed blir det fleire kampar iår med gjennsyn av tidligare Bergsøy-spelarar.

Frank Sverre var tidvis kaptein ifjor, og en annan som tidvis var kaptein var Jarl Åge Wågsholm. Det kan virke som at han også ønsker å prøve nye utfordringar. Curt Åge Hauge fekk lite speletid ifjor, og blir sikkert ikkje å finne i klubben til den komande sesongen. Dermed står laget tilbake med en kraftig rutine og pondus-svekkelse. Anvar Dulic er klar for klubben og vil bli ei fin forsterkelse. Vidare er det nok håpa å få med seg fleire før sesongen startar. Det har sett mørkare ut før, men opprykk er ikkje årets målsettning for Bergsøy.

Hareid
Hareid har et veldig spennande lag på gong, og ser ut til å berre forsterke laget frå fjorårets sesong. Ifjor endte laget på 4.plass, og ei fin topplassering kan være innanfor rekkevidde også i 2006 sesongen. Om det stemmer slik Norborg melder - at Georg Aursnes snart kan melde overgong frå Hødd til Hareid - så kan laget få ei virkelig god forsterkning. Det hardtkjempande laget har mykje talent, og med ingen særlige avgongar så skal ingen bli overraska om Hareid er med på å kjempe blant dei 3 beste.

Hareid viser seg å ha ambisjonar, og er inne i ei god periode. Klubben satsar på å få kunstgras på plass i løpet av året, og ny overtrekksdrakt har dei også fått seg. Den nye drakta er meir prega av fargen svart enn det vi tidligare er vandt med. Dei siste åra har vi blitt vandt med at Hareid er et sterkt lag, og den gode utviklinga for laget ser ut til å fortsette.

Hødd2
Lag som rykk opp kan være farlige, elles kan dei kanskje rykke rett ned. No er det slik at Hødd2 har vore i divisjonen tidligare, og ambisjonane er å ikkje gå på samme blemmene som tidligare. Som sist da laget kom opp ifrå 4.divisjon så skjedde det på en overbevisande måte, laget vann avdelinga. Foran sesongen blei det spådd tvil om dei skulle greie å rykke opp igjen, den tvilen blei avfeia etterkvart. Om vi no skal spå tvil om styrka til Hødd2 i neste års 3.divisjon, så spørs det om dei klarer å avfeie det også.

Talent har klubben bra av, men det er aldri lett å vite kven som kjem til å spele på andrelaget til enkvar tid. No er det slik at A-troppa til Hødd pr dags dato ikkje er så mykje å skryte av (antallmessig), så det skal bli spennande å sjå kven som endar i troppa til slutt. Vil Eivind Mikael Myklebust spele på andrelaget? Får vi et gjennsyn av Anders Vaagen på Bergsøy Stadion? Vi trur uansett at Hødd2 vil kunne bli ustabile. Sjølv om ambisjonane til klubben er store, så er mannskapet for lite, men Jan Rune Teigen som kom frå Volda vil nok rule i forsvaret.

Langevåg
Om du tek et blankt ark og snur det litt rundt så har du fortsatt et blankt ark. Sjølv om en kan leite lenge etter informasjon om Langevåg på Internet, så vil en sikkert ikkje finne dei store nyhetene. Derfor er det veldig vanskelig å vite kva som har skjedd med den klubben. Vi har rett og slett ikkje nok informasjon på dette tidspunktet.

Det vi derimot har klart å snuska fram om Langevåg er at dei, i likhet med Hareid og Bergsøy, håpar å få på plass kunstgras i løpet av året. Sulaposten.no opplyser at Langevåg satsar på ei bane til en kostnad på omtrent 6 750 000 kroner. På trenarfronten takka Erling Ytterland nei til jobben, men Andre Fylling og Svein Arne Sunde takka ja. Oppmann blir Bjørn Erik Mork. Desse nyhetene i kombinasjon virkar som å være ganske positive nyheter for klubben, og sulaposten.no håper at klubben blir å kjempe i toppen av divisjonen. Laget har også trent på Color Line Stadion.

Rollon
Rollon overraska positivt med opprykk frå 4.divisjon. Og det viser seg at dei ikkje tek den komande sesongen som en ferietur oppe i divisjonane. Og kvifor skulle dei egentlig det? Rollon gjennomførte ifjor sitt tredje opprykk på fire år, noko som vitnar om et ganske sterkt lag. Sterke lag i medgong kan være vanskelig å møte. Laget ser ut til å ha gjort et trekk for å fortsette framgongen, og tidligare Valdertrenar Stig Johansen takka igår ja til jobben med å trene laget. Johansen har en bra cv å vise til som trenar, og blir vurdert til å være et fint scoop for klubben.

18 mann var på den siste treninga til laget, og det er håpa at fleire mann stiller etterkvart. Rollon virkar heilt klart å være i medvind, spørsmålet er om det er nok. Det er iallfall et lag en ikkje bør undervurdere, både med tanke på kva spelarar dei kan skaffe i regionen - men også med tanke på styrken på laga dei slo i fjorårets 4.divisjon.

Skarbøvik
Skarbøvik har fått tak i Lars Conradi Andersen, og satsar nok sterkt på å forsterke fjorårets litt tamme 5.plass. En ny trenar er på plass for å prøve å gjære nettopp det, og hans namn er Jan Erik Sørnes. En av hans kommentarer på SIF si heimesida var:

-"Vi har mistet Christian Simonsen, og nå ser det også ut til at Hans Furnes må gi seg på grunn av hardt arbeidspress. De to var to av veteranene i troppen vår. Vi skulle gjerne hatt én eller to rutinerte rever i midtbaneleddet".

I tillegg til Lars Conradi har SIF signert kontrakt med en 22åring frå Sykkylven; Asgeir Aarseth. Så mykje meir veit vi ikkje utifrå den surfinga på nett vi har foretatt oss ikveld.

Spjelkavik
Frank Sverre Skorpen har rapportert om gode treningar med bra nivå og gode speleforhold. Han meinar nok at han har gått til en bedre klubb, og tida får vise om han har rett. Spjelkavik har iallfall prøvd å forsterka seg, og blant anna fått inn Jon Braaten frå Ålesund. Laget har likevel mista litt rutine frå ifjor - og har trulig et ungt lag, men vil nok uansett være ganske godt rusta. Om kilda på internet stemmer så kan det sjå ut til at spelarar i avgong frå fjoråret er Stivang, Block, Steffensen, Pettersen, og Dalseth.

Kunstgrasbane blei tidligare sagt skulle stå klar i mai, og det er ikkje meldt om forandringar i den planen. Elles er vi litt sjalu, ettersom laget satsar på å filme alle kampane - noko som er utrulig artig å ha i ettertid.

Sykkylven
Det er langt til Sykkylven, men vi må nok belage oss på at det blir en tur iår også. Og kva vil møte oss der? Det er uvisst egentlig, men også Sykkylven har kome med informasjon som tyder på at dei ønsker å kjempe i toppen. Erling "Yttis" Ytterland blir hovudtrenar og får med seg Roger Furnes og Robert Sogge i trenarteamet, noko som styret i fotballgruppa er godt fornøgde med. "Neste år skal dei leie FK Sykkylven mot tabelltoppen i 3. divisjon".

Årets spelar i 3.divisjon ifjor, Robert Sogge, vil dermed trulig bli å sjå i den samme drakta også den komande sesongen. Det er aldri lett å få poeng borte mot Sykkylven, og det er lite som tyder på at det skal bli enklare iår.

Valder
Et litt ustabilt lag, men med en veldig stabil målscårar ifjor. Fjorårets toppscårar i 3.divisjon, Tom Gøran Jønsson, herja på topp for Valder, og laget er nok avhengige av at han prestarar godt også den komande sesongen. Klubben har vist sin tillit til den viktige spelaren ved å gi han plass inn i trenarteamet, noko som kan minne litt om den samme situasjonen Bergsøy og Preben Hestad endte opp med. Scårer en mange mål i 3.divisjon så kan en altså få seg en fin trenerjobb folkens. Ilag med seg i trenarteamet finner vi Roar Blindheim.

En avgong som klubben sikkert vil merke er at Steffen Oksnes Elde har gått til Hødd. Elde har spelt på midtbana, og står notert med 59 kampar for Valder. Vi merkar oss også at Valder har 50 års jubileum, og ønsker sikkert ikkje å feire det med nedrykk.

Volda
Volda blir alltid omtalt som en toppklubb, kanskje ikkje så rart ettersom dei stadig er å finne i toppen. Ifjor fekk dei sjansen til å ta steget opp til 2.divisjon, men tapte på målstreken. Kva så med den komande sesongen? Det kan sjå ut til at det blir ei vane for Voldingane å prøve lykka si på Høddvoll, og spørsmålet er kven som får sjansen iår. En som er bekrefta å ha tatt veien til Hødd er Jan Rune Teigen, som blir å finne både i trenarteam og på bana for Hødd2.

Det blir elles meldt at Helge Edinsen kjem tilbake til Volda etter et opphold for Åsane. Volda vil nok uansett ha et bra lag, og kan sikkert hamstre inn studentar når dei skulle ha behov for det. Det er en fryktelig tøff divisjon Bergsøy er i, det er sikkert.

Ørsta
Ørsta var et lag å rekne med i toppen før, men Volda har tatt over den trona ser det ut som. Ørsta har mer eller mindre våre litt i dvale på den nederste halvdelen dei siste åra, og berre gjort nok til å halde seg. Iår stiller dei rett nok litt nytt, ettersom kunstgras er på plass. Spørsmålet er kva det har å bety, om det gir laget en liten fordel. I inne-KM mot slutten av 2005 så gjorde Ørsta en grei innsats, og slo blant anna Bergsøy med 8-2. Tekniske er dei altså, og vil kunstgraset gjere at laget vil blomstre meir?

Det er en del lag med ny trenar iår, og Ørsta har også fått ny trenar. Kenneth Nydal heiter han, og oppskrifta til neste sesong lyder slik: "Springe meir og springe rett". Om han klarer å få gjengen til å lystre den ordren så kan det hende Ørsta tek turen opp til midten på tabellen. Noko bedre trur vi faktisk ikkje på, ettersom divisjonen held et bra nivå.

Aafk2
Kva kan vi seie om et lag som skiftar stall mer enn hestane gjer? Nei, det er vanskelig - men vi må ikkje ta vekk det fakta at Aafk2 faktisk vann fjorårets 3.divisjon med grei margin på Volda. Det er med andre ord et ganske sterkt lag vi snakkar om. På ei anna side, fjorårets lag finnes ikkje lenger. Den "store stjerna" på Aafk2 dei siste åra har vore Frode Fagermo, men han har forlatt klubben. Berre for å ramse opp litt A-spelarar så har også Morten Moldskred (Haugesund) og Paulo dos Santos (Haugesund) forlatt klubben - i tillegg til Eamon Zayed, Abdoulaye MBaye og Herman Ekeberg.

Laget vil være sterkt, men varierande. Enkelte gongar vil dei kjøre over motstandarane (ofte på heimebane), mens dei andre gongar vil stille et juniorlag. Totalt sett skulle det være nok til å kjempe blant dei 4 øverste laga også iår, men med en ny trenar på plass på A-laget så er det alltid vanskelig å vite korleis prioriteringane blir.




Info

26.oktober 1952 var første gang Bergsøy hadde synfaring for å lage et provisorisk klubbhus.



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::