Godt nytt år!
#
Da er vi inne i 2008!.

Vi gratulerer alle med godt nytt år, og gratulerer også Team Full of Carraghers med seieren i Romjulsturneringa 2007.

Idag skulle vi gjerne oppsummert heile 2007, men for A-laget sin del så gjorde vi det så tidlig som i oktober da vi hadde denne oppsummerings-reportasjen av sesongen 2007 i 4.divisjon. Det vi konsentrerar oss om idag er romjulsturneringa, samt av vi legg ut nokre bilder vi har motatt frå Førdecup 2007.

Førde Cup 2007

Vi har motatt nokre bilder av guttelaget som tok andre plassen i A-finalen under Førdecup 2007.


Førde Cup


FørdeCup


FørdeCup



(Bildet: Trond paulsen var ein av dei som var fornøgde på Førde Cup)



(Bildet: Laget stiller seg opp med medaljer og pokal)


Romjulsturneringa 2007

Det var nok ein gong et ganske bra nivå på laga i Herøyhallens årlige Statoil-Cup. Gursken sitt tekniske lag med Magnus Myklebust, Steffen Moltu og Johnny Moltubakk i spissen var venta å være eitt av laga som ville kjempe om finaleplass, naturlig nok etter at laget hadde vunne dei to foregåande åra.


Romjul 07


Romjul 07


Romjul 07


Romjul 07



Gursken skulle spele fin fotball også dette året, men i kvartfinalen blei det overraskande stopp for dei tekniske spelarane. Ulstein FK gjennomførde ein taktisk plettfri kamp, og ved kampslutt hadde Ulstein vunne ein sterk 3-0 siger.

Bergsøy A-lag hadde tapt mot Gursken i dei innleiande rundene, og skulle dermed møte Bergsøy B i kvartfinalen. Som venta blei det ein hard og jamn kamp for A-laget mot eit aggresivt B-lag. Og B-laget skulle gå opp i både 1-0 og 2-0 etter scoringar av Jan Ove Hansen og "Klinke" Hjelmeseth. Bergsøy sitt A-lag kom derimot tilbake og tok leiinga 3-2, men eit smart frispark-trekk av B-laget ordna turneringa sin einaste uavgjort i sluttspelet. I ekstraomgangane (Golden Goal) trakk A-laget det lengstre strået idet Steffen Kvalsund putta frå kloss hald.


(Bildet: Det blei ein jamn kamp mellom Bergsøy A og B i kvartfinalen)

Oddmund Vaagsholm samla sammen eit sterkt lag for å hente pokalen heim, og TFOC (Team Full Of Carraghers) stilte med spelarar som Lars Ivar Moldskred, Dag Gøran Ørsal, Sindre Eid, Andre Skotheim, Lennart Garnes, samt Rune Frantsen med fleire. Dei spelte alle sine innleiande kampar den første dagen, og slo Sacre Blanc i kvartfinalen.


(Bildet: Sacre Blanc sarta bra mot TFOC, me måtte tilslutt sjå seg slått i kvartfinalen.)

I den siste kvartfinalen var det Myrvåg IL med mange Ex-Bergsøyspelarar som kjempa seg vidare til semifinalen ved å slå Lokomotiv Oslo. Per Ståle Nykrem, Martin Molnberg, Jarl Åge Vaagsholm og Preben Hestad har alle hatt fine perioder i BIL drakta tidligare, og laget skulle vise seg å ha mykje på laget også denne innandørsturneringa. I semifinalen møtte dei Ulstein FK, et lag som såg ut til å brukt opp mange krefter på å slå Gursken i si kvartfinale. Myrvåg IL fekk tilslutt ein enkel kamp, og blei klare til turneringa si finale.


(Bildet: Bergsøy A-lag viste strålande lagorganisering på lagbildet også dette året.)

Det blei ei jamnare semifinale mellom Bergsøy A-lag og TFOC. Laga veksla litt på å gå opp i ledelse, før TFOC beholdt sin enmålsledelse heilt mot slutten av kampen. I kampens siste sekund trudde mange at A-laget klarte å utligne idet sluttsignalet dura gjennom hallen, men målet blei ikkje godkjent. Dermed var A-laget klare til å møte Ulstein i ei bronsjefinale som aldri blei noko fyrverkeri, mens TFOC var klare til finalen mot Myrvåg IL.


(Bildet: Oddmund Vaagsholm blei årets toppscorar i turneringa.)

Bergsøy A-lag hadde ikkje store problemer med å vinne over Ulstein FK i årets bronsjefinale. Ei lita trøst for den tapte finaleplassen og håpet om å vinne tilbake romjulsturneringa som Bergsøy dei siste åra ikkje har makta å vinne. Frank Sverre Skorpen var mestscorande på Bergsøy A-lag.


(Bildet: Preben Hestad og Sindre Eid i dribleduell under finalen.)

Finalekampen mellom Myrvåg IL og TFOC var lenge jamn, men det blei etterkvart både tøffe duellar og situasjonar som skulle gå i favør til TFOC. Myrvåg IL blei frustrerte etter å ikkje ha fått frispark i avgjærande situasjonar, og etterkvart som kampen gjekk blei det meir og meir tydelig av TFOC ville styre inn til ein grei seier.


(Bildet: Kaptein for Myrvåg IL, Per Ståle Nykrem, måtte nøye seg med sølvpokalen..)

Det var mykje god innsats også utanfor banen i årets romjulsturnering, og Svein Gunnar Frantsen skal ha god honnør for sitt arbeid med å få på plass både lag og kampoppsett. I tillegg til Svein Gunnar i resepsjonen gjorde også Oddmund Voldsund ein god jobb, mens både kiosk og bilettsalg nok et år gjekk smertefritt. Det er mange som bidrog til å få turneringa til å gå knirkefritt, og namna på alle veit vi desverre ikkje, men vi grattulerer alle med ein vellykka god arbeidsinnsats.


(Bildet: Vinnarlaget 2007, Team Full Of Carraghers..)





★ Kampreferat med bilde
☆ Kampreferat uten bilde


Kampreferat
2010


2009

2008

2007

2006

2005

2004

2003

2002

2001

1999

1996

1995

1994

1993




11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.




:: HISTORIKK.com ::