Lykke til med sesongen
#
Vi gløymde å legge ut årets hilsen før kampane starta, så no var det på tide..

Leiar i Bergsøy Fotball ønsker alle lag lykke til i årets sesong.


Lykke til i sesongen 2008

Det er no starten på sesongen 2008 og eg vil da ønske alle Bergsøy laga lykke til med kampane. Bergsøy fotball er sponsa/støtta av næringslivet og andre og det er viktig for oss å opptre på bana slik at vi kan representere dei på ein god og positiv måte. Dette gjeld også trenara, støtteapparat og oss som står på sidelinja og heier.

På bana er det dommaren som bestemmer og ha respekt for det og ha fokus på dokka eie spel for da når dokke lengst. Fotball er eit lagspel der alle er like viktige enten du spelar, sit på benken eller er i støtte apparatet.

Det er også viktig at kvart lag enten store eller små tek ansvar for banene slik at det er ryddig og presentabelt til ei kvar tid. Når andre lag kjem til oss skal dei sitte at med eit positivt inntrykk av bane og klubb. Så håper eg på at flest mulig støtter opp om laga og heier dei fram til gode resultat.

Lykke til sesongen 2008

Hilsen Leiar Bergsøy fotball.
Oddmund Voldsund

Et nytt kjendisbilde

Thomas Sporsheim har vore linselus bak Jan Åge Fjørtovt, og dette kvalifiserar sjølvsagt til å kome inn i vår kjendisavdeling. Fleire kjendisbilder kan du finne i vårt kjendisarkiv.


Stor aktivitet i lagnyhetene

Dette blei berre ei kjapp nyhet. Vi ligger bak skjema både med kampreferat og anna. Det gledar at det er ganske god aktivitet på lagnyhetersidene, og vi har no passert totalt over 1500 publiserte nyheter på dei forskjellige lagsidene. Berre den siste månadan har våre mange og gode journalistar skreve over 100 nyheter, og det er VELDIG POSITIVT! Uansett om nyhetene er store eller små så bidreg denne aktiviteten til at Bergsoy.com er en flott samleplass for dei aktive i Bergsøy.

Idag er det ca 50 personar som har fått brukernamn og passord til å kunne skrive nyheter på bergsoy.com. Fleire kan få muligheta om det er ønska, og fleire sider kan opprettast etter ønske. Om handballag eller andre aktive i Bergsøy utanom fotballen også kunne tenke seg å ha ei side å samlast på, så kan det også ordnast. Det vi då må gjære er berre å ikkje kalle oss "Bergsøy Fotball Heimeside" lengre.:D 



1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat