BBI-LLL? Heia heia.
#
Tom Beddari annonserte sist at spelarane får klippe han om laget slår både Stranda og Herd. Og kva skal egentlig spelarane rope under seiersropet?.

Bergsøy slo Herd sist kamp, og før kampen sa trenar Tom Beddari at spelarane kunne klippe han om laget vann over Herd og Stranda. Torsdag spelar laget mot Stranda, og har såleis nok av motivasjon.

Også i 2004 gav Tom Beddari spelarane denne motivasjonsgnisten som førte til at laget slo Skarbøvik. Det blei klipping og latter i garderoba etter kampen, noko som vi har ein liten videosnutt av under. Vi håper på lignande tilstandar etter kampen mot Stranda.



Kva skal en rope i seiersropet?

Det blir den samme forvirringa kvar gong Bergsøy vinn ein kamp. SKal en rope tre gongar Bergsøy? B-b-i-l-l-l? Det finnast mange muligheter, og det blir nok forskjellige rop frå gong til gong. I videoklippet under har vi fått samla to av garderoberopa etter ein Bergsøyseier, og forvirringa foran kvart rop er merkbart.



Manipuleringsbilder

Det er lenge sidan vi har fått laga til nokre manipuleringsbilder, og sjølv om det ikkje blei så mange denne gangen heller så har vi i det minste fått på plass to. Under ser vi Mads Sævik som har rota seg borti ein kampsituasjon mot Sub Zero fra Mortal Kombat.



Bjørnar Gundersen er kjent for å trakke til på fotballbana, men det dei ferraste veit er at han også er litt av ein ræsar på fritida idet han kappkjører mot Mario og Yoghi rundtom i Herøy.




Bergsoy.com Extream Makeover

Vi har planar om å kanskje ha litt forskjellige extream makovers som vi kan presantere fram her på Bergsoy.com, og idag er det "seriepremiære" på vår nye spalte. Denne gangen tok vi føre oss ein busk, som hadde gått over styr. Under ser vi korleis busken såg ut før arbeidet tok til.



Etter knappe to timers hard dugnadsøkt klarte vår designergruppe, gjeng med arkitekter, duskedamer og filosofar å omgjære den stygge grønne tre-buskassen til å bli den flotte steinhaugen som vi så vakkert kan sjå på bildet under. Tredet har fått vekk alle dei grønne blada, og står no stolt med sine avkappa greiner i et dekorativt og flott miljø.



Look-Alike bilder

Vi hadde tenkt å ikkje legge ut desse bilda, men klarer nok ikkje å la være. For å gjære det minst mulig pinlig for dei aktuelle så har vi minska bilda til å bli så små som berre mulig.




Info

Siste kamp i Huldalen før Bergsøy Stadion var klar var 20.august 1972.



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::