Havyard-cup på laurdag.
#
Komande laurdag er det duka for Havyardcup 2008 i fotball. Arrangør er Bergsøy IL – Fotball og alle kampane vert spela på Bergsøy si kunstgrasbane..

Samla så er det påmeldt 43 lag i alderen frå 7 år t.o.m. 12 år, cupen er både for jenter og gutar. I alt 65 kampar kjem til å gå av stabelen denne laurdagen.

Det er fyrste gong Havyardcup vert arrangert og Bergsøy IL – Fotball legg opp til at dette skal verta eit årvist arrangement. Mathias Pettersen i arrangørklubben opplyser at dei er godt nøgde med påmeldingane samla sett, men det skulle gjerne ha sett at det var fleire jentelag som var påmeldt. Dette vil ein arbeide for slik at jentene også vil ha eit langt betre tilbod ved neste års arrangement.

Høddspelarane Kjetil Paulsen og Joakim Magnussen vil i lag med Bergsøy sin Gustav Pettersen legge opp til sportslege aktivitetar utenom kampane. Aafk har varsla at spelarane Alexander Mathisen, Jonathan Parr, Andreas Lie, Peter Orry Larsen og Diego Silva vil vera tilstades, og dei vil stå for premieutdelingane.

Vi ser også inne på dei forskjellige lagnyheter-sidene at mange er klare til årets Havyard-cup. På Guttelagets sider står det også litt om kven som skal dømme kampane.


A-kampen sist laurdag mot Ha/No

Vi har ennå ikkje fått laga skikkelig kampreferat, og ligger på etterskudd. Straks vi får tak i eit Vestlandsnytt så får vi stjele teksta deira og kome med eit godt kampreferat. Det einaste vi hittil har fått på plass i det midlertidige kampreferatet er bildet under, som er det einaste bildet vi har ifrå kampen.



Dette er då sjølvsagt eit godt forklarande bilde (forklart seinare samme laurdag) av ein god Bergsøysjanse. Daniel Kvalsvik (nederst på bildet representert som et halvt nøtteskall) har slått en fin stikkball (chillinøtt) gjennom forsvaret (dei fire potetgullflaka) i retning mot Frank Sverre Skorpen (ei anna chillinøtt). Frank slår så ballen tilbake ut i feltet gjennom ei mølje av chillinøtter, men potetgullflaket i Ha/No-buret mellom chillinøtt-stengrene slepper unna med skrekken. Hverken Thomas Sætre Hauge eller André Lima foran mål får avslutta reint.

Extream-Makeover del 2

Det er ikkje lenge sidan vi introduserte vår makeover-spalte her på Bergsoy.com, sist idet ein busk blei omgjort til et stein-paradis. Denne gangen har våre designere og motespesialistar tatt fatt på eit skikkelig storprosjekt. Resultatet kan sjåast under.


Tak over kunstgras-kiosken

Frisk skuleungdom har blitt utnytta til å hugge i tred og spikre på plass tak på kiosken ved kunstgrasbana. No finnast det ikkje lengre gode unnskyldningar for å ikkje kome på kamp, for no kan "alle" stå under tak når det regnar. Bilda under viser litt av prosessen.






















Alle mann må få med seg EM

Det er mange gode kampar å sjå i EM, og no startar også kvartfinalene og ei ulidande spenning om det blir straffekonkurranse eller ikkje i kvar ein kamp. Det er mange som har hatt det travelt i trafikken på vei til stadion under dette EM, og vi viser endel bilder av dette under.

Bildet under: God prestasjon å få med heile familia til EM-kamp. Merk den gode sikkerhetslina mellom dei to bakerste, som er god å ha i tilfelle krasj.



Bildet under: Det går fort føre seg, og det er lett å kjøre seg vill på vei til Bern stadion.



Bildet under: Når det er mange folk i gata under EM, så er det godt å spenne bilen godt fast om kveldane.



Bildet under: Svimmel svensk fotballspelar på vei bort ifra stadion etter kampen mot Russland.



Bildet under: Ta med hunden på kamp, kvifor skal han være heime å sjå det på tv?



Kampreferat































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::