Jubel på Stadion.
#
90 minutters målfest på Bergsøy Stadion idet heimelaget skåra 8 mål på Norborg.

Gustav Pettersen har dei tre siste kampane spelt midtstoppar, sentral midtbane og denne gangen spiss. Mot Norborg skåra han to mål. Daniel Kvalsvik og Frank Sverre Skorpen skora også to mål kvar, mens Mats Inge Teige og Anders Per Vågsholm netta eitt mål kvar.

Det var ein kamp Bergsøy burde vinne for å halde kontakt med opprykksplassane, og kampen blei i realiteten avgjort lenge før pause. Til pause var stillinga 5-0. Dei to første måla kom med ett minutts mellomrom, det første som følge av fint samarbeid mellom Frank Sverre Skorpen (gjennomspel) og Daniel Kvalsvik (gjennomløp). Deretter var det Gustav Pettersen som benytta seg av farta si for å øke til 2-0.

Endelaust med klapping på tribuna.

Det blei sagt på tribuna at det aldri hadde blitt klappa så mykje før, og grunnen var ein kombinasjon av mange mål og mange småmygg. Et usedvanlig effektivt Bergsøylag hadde endel klikk-klakk spel å vise fram, men 3-0 målet kom på ei headding av Frank Sverre Skorpen som sneik seg umarkert til på framre stolpe. Eit nytt mål av Daniel Kvalsvik innafrå feltet, og ei god målgjærande avsluttning av Mats Inge Teige etter eit gjennomløp førte til at Norborg måtte ta med seg 5 baklengs inn i garderoba.


(Bildet: Det var mykje mygg på tribuna, og her ser vi at myggane har tatt knekken på enkelte spelarar også.)

Etter pause blei det jamnare utover i kampen, men Bergsøy var tidlig oppe i 6-0 likevel. Anders Per Vågsholm var faretruande nærme offside, men banka sikkert inn i nota Frank Sverre Skorpens overlegg. Gustav Pettersen var ikkje ferdig med å finne tak i sine gamle målskårartakter frå 2006-sesongen (toppscårar ilag med Preben Hestad), og med et nytt bakromsløp blei det nok ei sikker scåring. Desverre for Gustav var avsluttninga midt på mål, noko som førte til at han blei bytta ut like etter.

Frank Sverre Skorpen skulle lide samme skjebne et stykke etter. Innbyttar Thomas Sætre Hauge satte på turbogiren på venstrekanten og gav ein ball på sølvfat til Frank Sverre inne foran mål. Ringreven gjorde ingen feil, og blei bytta ut litt seinare. På dette tidspunktet hadde Norborg kome meir inn i kampen og også fått seg nokre mål, og på tribuna hadde knott og mygg for lengst vunne kampen mot stadig meir blodfattige menneske. Vi var sikre på at Norborg skåra tre mål denne kampen, det første en lobb og det andre et mål som nesten blei avverga på streken. Vi klarer ikkje å kome på fleire mål til Norborg, så dermed endte det 8-2 til heimelaget.

Rare fakta frå kampen Bergsøy - Norborg.

* Norborg hadde tre poeng meir enn Bergsøy foran kampen.
* Ingen fra Norborg varma opp i pausen.
* Norborg scåra like etter Bergsøy gjorde sitt første bytte.
* Mats Inge Teige og Frank Sverre skåra i andre kamp på rad.
* Bjørnar Gundersen fekk gult kort for bannskap.
* Norborg sine frispark imot var oftast for høge albuar.
* Linjedommaren var vinkevillig denne kampen.
* Bergsøy sine skudd på mål gikk ofte inn i mål.
* Steffen Ulbæk spelte. Debut? Vi har gløymt å sjekke.
* Sist Bergsoy.com SAT på tribuna og såg kamp vann Bergsøy 7-2 mot Hareid..(2006)

Bilder frå kampen.




(Bildet: Gustav Pettersen setter inn 2-0 scåringa..)




(Bildet: Frank Sverre Skorpen har headda inn sitt første mål for dagen..)


(Bildet: Daniel Kvalsvik setter inn sitt andre for dagen..)


(Bildet: Rocky bokser som aldri før..)


(Bildet: Fornøgd kaptein etter kampslutt..)




(Bildet: Vi sjokkerte målscårar Mats Inge Teige ved å ta dette bildet.)


Info

Første kamp i Huldalen var mot Sundgot, begge lag stilte med 8 mann.



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::