Arne Arnesen

Profil: Arne Arnesen



Arne Arnesen var Fosnavåg sitt stolte Bybod. Han var nesten aldri sjuk, og var alltid til å stole på idet butikkane både ville sende og motta posten sin.

Etter å ha hatt på Remo Elektronikk i 1,5 år, så fekk eg sjå på nært hold korleis Arne Arnesen sto på og jobba. Det kunne regne sideveis med stormfull vind, men Arne var likevel på plass. Nokre gongar var det nesten som at han letta og blei tatt av vinden, men Arne SKULLE fram med posten.








Om Arne Arnesen

Arne var aktiv på fleire område, og mange har nok sett filmen om Arne. Men fotballen var han spessielt intressert i, og såg utallige kampar både heime og borte. Spessielt bortekampane mot Stranda var ein obligatorisk kamp der Arne ville være med spelarbussen slik at han kunne møte broren sin. Til neste helg spelar Bergsøy borte mot nettopp Stranda i en toppkamp om opprykk, men denne gangen blir ikkje Arne med på turen.
(Bildet: Arne Arnesen var ivrig tilskodar på Bergsøykampane.)

Alle visste kven Arne Arnesen var, og Arne sjølv var veldig godt oppdatert om alt som skjedde rundt han. Og så var det fotballen da - kampane måtte vi vinne! Det skulle ikkje være noko "slappestell" - Arne var tydelig på at laget måtte gjære alt for å slå motstandarane. Desverre blei det ikkje opprykk ifjor, men Arne var likevel positiv og sa at laget då måtte prøve å rykke opp neste år (iår). Arne var ikkje typen til å gi opp så lett, han sto på. Født i 1929, og arbeidde for fullt til det siste.

(Bildet: Bergsøy har nokre trofaste sjeler på kampane, og Arne var så definitivt ein av dei.)

Bergsøy tapte mot Vigra for litt sidan, og Bergsøy's Mathias Pettersen slo av ein prat med han. Det siste Arne sa til Mathias var at Bergsøy måtte vinne neste kamp. Det var ofte det siste eg sjølv høyrde frå Arne både på kampdagar og andre dagar. Kampen måtte vi vinne, og han skulle kome å sjå. Bergsøy måtte "oppatt", ikkje ligge nede i 4.divisjon.


(Bildet: Arne Arnesen på Bergsøy Stadion.)

Ei Bergsøylegende, ei Fosnavåglegende - kan no kvile ifred.
Fosnavåg og Bergsøy Stadion blir fattigare uten Arne Arnesen.

(Bildet: Arne Arnesen - Alltid med et smil og godt humør.)









1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat