Diverse nyheter.
#
Sesongpause i fotballen, men ting skjer likevel.

Det er litt tid mellom oppdateringane no, og utsiktene frammover ser ikkje særlig lysare ut på den fronten. Av og til skal vi nok få på plass litt fotballsnacks.

For Bergsøy sin del har det skjedd litt av kvart, faktisk så mykje at vi ikkje har fullt oversikt. Men vi har fått med oss at Lars Petter Rønnestad blir kombinert daglig læiar og trenar.

Bergsøy satsar friskt:

Lars Petter Rønnestad er som første mann i Bergsøy si historie ansatt på heiltidskontrakt. Frå 1.desember iår tek han på seg jobben som daglig leiar (2/3 av stillinga) samt A-trenarjobben (1/3 av stillinga) i Bergsøy dei neste tre åra. Han seier at målet no vil være opprykk til 3.divisjon innen to år, og at Bergsøy er den mest spennende utfordringa i vårt område. Mykje folk, og godt næringsliv skulle tilseie meir enn 4.divisjonsfotball. Lars Petter Rønnestad vil også få i oppdrag å markedsføre og profilere Bergsøy i større grad.



Men kven er så denne Lars Petter Rønnestad? Han er såpass kjent at han har si eiga side på Wikipedia, og har mykje fotballerfaring frå Bergen og Hødd. Han er utdanna lærar, og bedre kjent som "devil rays" på Oddsnet.no der han står fram med sin lidenskap for baseball og russisk ishockey. Han har vore formann i den skandinaviske supporterklubben til Luton Town i godt over 10 år, og har spelt ca 200 kampar i 3.divisjon samt ein reservelagskamp for Mansfield Town. Tidligare iår takka han nei til å trene Hødd sitt 3.divisjonslag, og endte da tilslutt i Bergsøy.

Tatt frå Ronny Osnes sin blogg:
-"Tilnærminga til fotball for Lars er at han er særs hardtarbeidande, han jobbar mykje med logistikk og ulike analyser som har vore verdifullt for oss så [..] Sidan vi no er omlag midt i det nemnte overgongsvindauget i fotballen kan eg også avsløre at Lars har vist seg som ein kjemperessurs for oss i Hødd også her. Han har grunna si store interesse for fotball, og med sin kunnskap og kontakter introdusert oss for marknader vi ikkje har vore i tidlegare. Dette har kulminert i at det har vore særs spanande tider for oss som har kunne fulgt dette spelet frå innsida. Dialogar med spelarar og klubbar på eit nivå vi ikkje har vore inne på tidlegare".

-"Det skal seiast at Lars her ei stund var mellom barken og veden då han ei periode trente Åram/Vankam samstundes som han tok til som Høddassistent. Og i tillegg jobba han i eit lærarvikariat på Stokksund skule i Tjørvåg, og pendla til alt dette frå bustaden i Volda! For ein mann..."

PS: Onsdag 26.november blir det årsmøte, og eit nytt fotballstyre skal velgast. Deretter skal det nye styret ilag med leiar/A-trenar Lars Petter Rønnestad stake ut den nye kursen til fotballgruppa.

Heimesidekåring utført av fotballen.no:

Det har vore den tid på året igjen, men iår sat vi ikkje og venta på resultatet med forventningar. Faktisk tok det etpar dagar etter kåringa før vi fann ut kva plassering vi fekk. Etter 19.plassen ifjor såg vi for oss et godt fall på lista som følge av en skuffande "oppdaterings-sesong", men slik skjedde ikkje. Fotballen.no likar Bergsoy.com, og har plassert heimesida som den 18.beste i Norge.



Moss FK blei kåra til Norges beste fotballside på nett, og heile denne kåringa kan du finne på www.fotballen.no sine sider.

Bilde av A-laget 2008:

Vi har vore på internett og funne et fint bilde frå Treningsleiren 2008, og synes det kan være greitt å legge ut. Daværande (og foreløbig fram til 1.desember) A-trenar Tom Beddari gjorde ein god jobb som A-trenar for klubben dei to siste åra, med eit engasjement som ikkje kan rosast nok. Spørsmålet mange no spør seg er kor mykje forandra vil laget bli til neste år.



Meg sjølv har kanskje sett slutten på A-karriæra i Fosnavåg etter nærmare 150 kampar i trøya. Hus, jobb, dame og komande unge på Hareid vil kunne gjære det vanskelig å kombinere med Fosnavågpendling, og ambisjonsnivået frammover er ikkje fastlagt. Det blir sikkert snart nokre treningar på Hareid, så får en ta det deretter. Heimesida Bergsoy.com vil uansett fortsette i god stil.

Nytt på framsida idag:

* Ei ny og fantastisk meiningsmåling.
* Tidspunkt i høgremargen for når siste nyhet blei lagt inn av våre journalistar. 


Kampreferat































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::