A3 oppstart Tirsdag .
#
Det er nytt utviklingsmøte tirsdag, og vi har samla litt av dei andre nyhetene vi har funne.

Tirsdag 13. januar vert det oppstart av A3 klubbutviklingsprosjektet att. Det heile tek til på kulturhuset kl. 18.00. På dei 2 fyrste møta før jul var tilsaman om lag 45 personar med på desse møta. Oppslutninga må såleis seiast å ha vore god men likevel så ynskjer vi at fleire stiller opp og deltek i dette dugnadsarbeidet for fotballgruppa.

A3 er det tyngste utviklingsprosjekt som NFF satser på inn mot klubbane. Bergsøy er mellom dei klubbane som har vore utplukka i 2008/2009 til å vera med på dette prosjektet. Til no har mykje meiningar om kva som bør gjerast i klubben kome fram og satt på papiret. Arbeidet framover må m.a vera å ta tak i det som har kome fram og konkretisere dette meir. Vi henstiller til foreldre, aktive og klubbtilhengarar om å stille opp på kulturhuset komande tysdag.

Det årlige januar uværet?:

Ifjor på desse tider var det også endel vind, og kunstgrasbana fekk gjennomgå idet stolpana blei bøgde. Vi håper januar iår blir litt roligare, men det kan være lurt å feste måla skikkelig før en forlater bana.


(Bildet: Ifjor på desse tider gjorde været skade på stolpane rundt kunstgrasbana)


Ifjor på desse tider tok vi også et 360 graders bilde frå midten av kunstgrasbana, dette bildet kan du sjå under. Du kan også flytte på bildet ved å drage musa til venstre eller til høgre på bildet.



Ein stor cup-prestasjon:

Vi har fått streng beskjed om at vi skal hylle ex-Bergsøyspelar Per Ståle Nykrem for sin strålande cupprestasjon. Som Bergsøyspelar var han med å vinne Romjulsturneringa i 2004 i Herøyhallen, og året etter var han med på å vinne Castrol-Cup inne i Åheim. Iår kom han også sigrande ut av Grendacuppen på Hareid, og har dermed tre forskjellige cupgull å vise til i distriktet (Pluss KRIK-cup seier i 2003).


(Bildet: Per Ståle Nykrem nede til høgre etter seieren i Castrol-cup 2005.)

Per Ståle er trulig den einaste som kan kalle seg gullherre over Romjulscupp, Castrolcup, KRIK-cup og Grendacup. Er det nokon som kan hamle opp med denne statistikken lurer vi på? Per Ståle sin kommentar til saka er at -"Frank Sverre har iallfall ikkje vunne alle desse turneringane".

Info

Fred Frantsen var første Bergsøyspelar i landslag sammenheng når han var med ungdomslandslaget i 1974



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::