"Nye Bergsøy" på plass igjen
#
Mange nye fjes den komande sesongen

På bildet ovanfor ser vi kven som kom inn i A-stallen ifjor. Iår er det dobbelt så mange nye ansikt som skal inn.

Å seie at Bergsøy er inne i et generasjonsskifte er ikkje feil, sjølv om mannskapsskiftet i A-lagstroppa ikkje kjem på grunn av fråværande spelarar frå diverse aldersgrupper. Det er rett og slett mange som har valgt annaleis til denne sesongen i forhold til tidligare, med tanke på skule, familie, jobb og satsing i andre klubbar. Det gjer at ungdommen får prøve seg, og at gjennomsnittsalderen på A-laget snart har samme tallet som en gjennomsnittstemperatur en Sunnmørs-sommar.

"Nye Bergsøy" er derimot ikkje noko nytt. Også i 2001 var laget kalla "Nye Bergsøy", året då Jørn Magnussen tok over trenarjobben etter Per Rune Tødenes. Ambisjonen til 2001-laget var ståplass, noko dei fleste tvilte på laget skulle greie - men det blei en fin sesong på øvre halvdel. Det var snakk om "nye Bergsøy" også ifjor, og mange undra seg over dei mange spelarane som kom til klubben den gong. Skulle Bergsøy ikkje være en klubb der dei lokale skulle få sjansen? Vel no har sjansen kome. Dei lokale juniorane får ta steget opp for å vise at dei er gode nok. Og det er ikkje lang tid en har på å bli klar for dei nye utfordringane ettersom seriestarten nærmar seg.

Som A-spelar så er det spennande og skremande på ei og samme tid. Det er namn som dukka opp i dagens A-stall som eg ikkje hadde hørt om, sjølv om det kanskje kan skrivast opp på ei distre-kvote? Det er ikkje mange som ligg inne på telefonlista på mobiltelefonen, og hadde det ikkje vore for siste helgs tur til Gjerdsvika så hadde eg ikkje vore heime hos nokon av spelarane i dagens A-tropp (nedanfor). 24 år hørest pluttselig skremande gammalt ut i Bergsøy-garderoba.

Det er likevel alltid spelarar som ikkje er tatt ut i den første troppa som vil være med på å bidra i seriekampane. Det er andre rutinerte 24 åringar som kan gjære en god jobb om dei ønsker å satse i Bergsøy, som Christoffer Nilsen, Roy Igesund og Per Ståle Nykrem. Rutinerte 22-23åringen Mats Inge Teige, gode gamle Børge Remøy, evigunge Arve Leine, Marvin Kopperstad og Rune Frantsen, samt Frantz Frantzen og veteran Mons Arne Kvalsvik. Vegard Sævik også sjølvsagt. Alle er hjertlig velkomne for å prøve å spele seg inn på en plass på laget.

Imårgon (søndag 12.mars) får vi sjå kvar laget ligg ann i løypa nok en gong.

A-stallen:
Andre Lima, Andreas Konningen, Anvar Dulic, Arve Kvalsvik, Bjørnar Gundersen, Daniel Hatløy, Egzon Abazi, Fillip Thorseth, Gustav Pettersen, Jonny Leikanger, Jostein Gotten, Jørn Kvalsvik, Kjell Alfred Otterlei, Kjetil Paulsen, Lars Henrik Hasund, Magne Havnen, Preben Hestad, Steffen Kvalsund, Steffen Moltu, Terje Teige, Tomas Voldsund, Toni Sandanger og Øyvind Paulsen.






Info

10.juni i 1945 var første gang Bergsøy hadde møte om en mulig fotballbane



★ 227 kampreferat
☆ 158 kampreferat

11.10.17: Arbeider med å få på plass mange Pravda.

30.03.17: Arbeider med sida "Info alle årstall". Gjer det mer oversiktlig ved å vise kva kampreferat som har bilder.

27.03.17: Kampreferat fra 2008 til 1980 skal fungere. Har lagt inn kampreferat fra 1988.

26.03.17: Kampreferata fra 2008 tilogmed 1995 passer nå inn i vårt design. Vi har også tatt fatt på årets sesong.

23.03.17: Vi har nå oppdatert bak tilogmed 1999 med det vi hadde før.






:: HISTORIKK.com ::