Toni Sandanger gir som som trener.
#
Gir seg som hovudtrenar for Bergsøy fotball. .

Toni Sandanger gir seg som hovudtrenar for Bergsøy fotball. Belastninga skal ha blitt for stor for Sandanger, som itillegg til trenarjobben i Bergsøy har vore sportsleg leiar i klubben, samt at han har ein siviljobb i Metizisoft AS ved sida av engasjementet i Bergsøy.

Bergsøy takkar Sandanger for jobben han har lagt ned for klubben. Sandanger si tid har vore svært vellykka med gode prestasjonar i både serie og cup. Høgdepunktet er nok sigeren over Aalesunds FK i NM-cupen 2018.

I ei pressemelding skriv Bergsøy:

Bergsøy sitt A-lag har under Toni si leiing hatt meget gode sportslege resultat, og vore svært nær opprykk til 3. divisjon to år på rad. I tillegg leia han Bergsøy A-lag til suksess i årets NM da laget kom seg heilt til 2. runde. Seieren i 1. runde mot AaFK kjem alltid til å bli huska som ein festkveld på Havila Fosnavåg stadion. Han har også fått fram ein ung og motivert spelargruppe, som klubben vil ha stor glede av i åra som kjem. Bergsøy Fotball vil takke Toni for innsatsen rundt A-laget, og er samtidig glad for å framleis kunne nytte seg av hans kompetanse og store engasjement vidare og håper han vil bidra i klubben også i årene som kjem. Slik at ein i felleskap kan løfte klubben vidare.

Bergsøy opplyser også at arbeidet med å finne ny A-lags trenar vil starte umiddelbart. 


Kampreferat

































Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder





:: HISTORIKK.com ::